Forskrift om endring av rettskriving og læreboknormal

Departement
Kultur- og likestillingsdepartementet
Ikrafttredelse av siste endring
1989-12-22

Vis endringshistorikk · Abonner (Atom)

Forskrift om endring av rettskriving og læreboknormal

  1. Dei endringane i rettskriving og læreboknormal for bokmål som det vart gjort framlegg om i tilknytning til St.meld. nr. 100 (1980-81), og dei rettskrivingsendringane for bokmål og nynorsk som Norsk språkråd gjorde vedtak om 29. – 30. januar 1982, blir fastsette som gjeldande for ordlister, norsklærer og andre godkjenningspliktige lærebøker frå 1. juli 1982.
  2. Læreboknormalen for bokmål og nynorsk skal leggjast til grunn for språkbruken i statstenesta seinast frå 1. juli 1982.
  3. I statstenesta er det høve til å leggje til grunn den nye læreboknormalen for bokmål straks.
Nærmare opplysningar om endringane i rettskriving og læreboknormal får ein ved å vende seg til Norsk språkråd, postboks 8107 Dep., Oslo 1.