1. ProduktbeskrivingHardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger er eple dyrka i Hardanger.Hardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger skal ha dei spesielle eigenskapane som er karakteristiske for den enkelte sorten når det gjeld storleik, form, farge og smak, og tilfredsstille minimumskrava til storleik, dekkfarge, refraktometerverdi og trykkfastleik i tabell 1.Hardangereple skalvera feilfrie og ikkje ha skadar etter insektangrep eller skjemmande merke. Hardangereple skal ha stilk.
Tabell 1: Produktkrav (minimumskrav) Hardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger
Eplesort
Diameter (mm)
Dekkfarge (%)
Refraktometerverdi (%)
Trykkfastleik (kg/cm2)
Aroma
62
10–30
10,8
5
Discovery
62
30
10,8
5
Elstar
62
20
10,8
5
Karin Schneider
62
50
10,8
5
Kronprins
62
30
10,5–10,8
5
Raud Aroma
62
30
10,8
5
Raud Gravenstein
62
30
10,8
5
Raud Prins
62
50
10,5–10,8
5
Summerred
62
50
10,5
5
Sunrise
62
40
10,8
5
Vista Bella
62
20–30
10,5–10,8
5
Andre sortar
62
20–30
10,8
5
Gule sortar
62
0
10,8
5
2. Geografisk områdeHardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger. Hardanger er her definert som områda rundt dei indre delane av Hardangerfjorden, rekna frå dei sørlegaste grensene til kommunane Kvam og Ullensvang og inkludert fjordarmane Granvinsfjorden, Osafjorden med Ulvikpollen, Eidfjorden med Simadalsfjorden og Sørfjorden.3. ProduksjonsmetodeHardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger skal dyrkast etter moderne produksjonsmetodar. Epletrea skal plantast og formast på ein måte som sikrar gode lysforhold i alle delar av trea.Epletrea skal plantast på jord som er veldrenert, porøs, kalka og grunngjødsla før utplanting. Trea skal ha støttesystem.Trea skal handtynnast ved behov, eventuelt i kombinasjon med bruk av kjemiske tynningsmiddel. Plantevern skal gjennomførast etter prinsippet om integrert plantevern. Det skal vatnast etter behov og kalkast og gjødslast planmessig.Prognose for første haustedato skal fastsetjast av uavhengige fagfolk i samarbeid med fruktlageret på bakgrunn av analysar av refraktometerverdi og trykkfastleik i 10 eple frå ca. 60 felt i heile Hardanger. Slik haustetidspunktprøve skal gjerast omlag 1–2 veker før normal haustetid.Epla skal handterast så varsamt som mogleg under hausting, transport og lagring. Ved mottak på lager skal kvaliteten på epla kontrollerast ved bruk av anerkjende målemetodar. Epla skal kjølast langsamt til rett temperatur og lagrast ved rett luftråme.Hardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger skal tilfredsstilla produktkrava i tabell 1. Epla skal ha jamn modningsgrad, og fortsatt ha god haldbarheit ved transport frå fruktlageret.4. Merking av produktetHardangereple / Eple frå Hardanger / Hardangerepler / Epler fra Hardanger kan merkjast med figurmerket for beskytta geografisk nemning / beskyttet geografisk betegnelse.Endra ved forskrift 25 juli 2023 nr. 1285.
§ 4. Iverksetjing
Forskrifta blir sett i verk straks.
Vedlegg. Beskriving av produktopphav og tilknyting til det geografiske området
Eple har vore dyrka i Hardanger sidan rundt år 1300, og det har etter den tid vore ein viktig del av produksjonen på gardane i området. Utvalet av sortar har heile tida vore i utvikling.Kunnskapen om epledyrking kom til Hardanger med engelske munkar, som først kom til Lysekloster i 1146, og sidan til Hardanger og garden Opedal i Ullensvang, truleg før år 1300. Dei engelske munkane hadde stor interesse for hagebruk, bl.a. epledyrking og poding. I gamle skiftebrev frå midten av 1300-talet og utover blir ofte epplagard/apalgard nemnd. Dette kan tyde på at det i Hardanger blei dyrka eple for sal så tidleg som i siste halvdel av 1300-talet.Munkane vart drivne bort frå Opedal under reformasjonen i 1536-37. Saman med munkane forsvann også kunsten å pode, og i perioden etter dette vart det berre dyrka små rotekte eple. Først i andre halvdel av 1700-talet og utover på 1800-talet tok epledyrkinga seg opp igjen, da prestar og andre «skolelærde menn» innførte nye eplesortar og lærte bøndene å pode.Den lange tradisjonen Hardanger har som fruktdyrkingsområde, viser seg i ei rekkje forhold, bl.a. at det så tidleg som på slutten av 1800-talet fanst mange planteskolar i Hardanger, at dei i 1899 fikk den første heradsgartnaren, som bl.a. gav råd om epledyrking nokre veker om våren og hausten, og at dei i perioden 1900–1950 vann mange prisar på fruktutstillingar i Oslo. Men det verkelege oppsvinget for epledyrking i Hardanger kom i 1930-åra, med etablering av to fagskolar som skapte stor interesse og entusiasme for fruktdyrkingsfaget.Klima og jordsmonn i Hardanger er godt eigna for epledyrking og gir eple med spesielle eigenskapar. Kalde vintrar sikrar rik blomstring kvart år. Kjølig klima og mykje lys i vekstsesongen gir eple med frisk og syrleg smak på grunn av høgt innhald av smakskarakteristiske fruktsyrer, bl.a. spesielt mykje C-vitamin, samtidig som det varme og solrike klimaet om sommaren gir søt smak på epla. Dei kjøligare nettene om hausten gir også auka syre- og sukkermengd rett før haustinga, i tillegg til at dei gir epla den tiltalande raude fargen. Ein god balanse mellom syre- og sukkerinnhald kjenneteiknar eple dyrka i Hardanger.I Hardanger er det mykje skredjord, som er djup og varm og lett gjennomtrengjeleg for vatn. Dette i kombinasjon med mykje nedbør gir gode vekstvilkår for eple. For å oppnå god kvalitet på epla er det viktig å ha kunnskapar om forholdet mellom eplesort og vekseplass. Epledyrkarane i Hardanger har gjennom den lange tradisjonen med epledyrking opparbeidd seg slike kunnskapar.Eple frå Hardanger har godt omdømme, noko som bl.a. kjem av dei assosiasjonane forbrukarane får når dei tenkjer på Hardanger.