Forskrift om vern av Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger som geografisk nemning
§ 1. Beskytta produktnemning
Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger.Endra ved forskrift 25 juli 2023 nr. 1282.
§ 2. Rettmessig brukar
Hardanger Fruktprodukt.
§ 3. Vilkår for bruk av produktnemninga
1. ProduktbeskrivingHardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger er pærer (Pyrus) dyrka i Hardanger. Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal ha dei spesielle eigenskapane som er karakteristiske for den enkelte sorten når det gjeld storleik, form, farge og smak, og tilfredsstille minimumskrava til storleik, og refraktometerverdi i tabell 1.Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal vera feilfrie og ha stilk.
Tabell 1: Produktkrav (minimumskrav) Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger
Pæresort
Diameter (mm)
Refraktometerverdi (%)
Celina
50–90
10,5–12
Clara Frijs
50–90
10,5–12
Ingeborg
50–95
10,5–12
Andre sorter
50–95
10,5–12
2. Geografisk områdeHardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger. Hardanger definerast som området rundt dei indre delane av Hardangerfjorden, rekna frå dei sørlegaste grensene til kommunane Kvam og Ullensvang og inkludert fjordarmane Granvinsfjorden, Osafjorden med Ulvikpollen, Eidfjorden med Simadalsfjorden og Sørfjorden.3. ProduksjonsmetodeHardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal dyrkast etter moderne produksjonsmetodar. Pæretrea skal plantast og formast på ein måte som sikrar gode lysforhold i alle delar av trea.Pæretrea skal plantast på jord som er veldrenert, porøs, kalka og grunngjødsla før utplanting. Trea skal ha støttesystem.Trea skal handtynnast ved behov, eventuelt i kombinasjon med bruk av kjemiske tynningsmiddel. Plantevern skal gjennomførast etter prinsippet om integrert plantevern. Det skal vatnast etter behov og kalkast og gjødslast planmessig.Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal tilfredsstilla produktkrava i tabell 1. Pærene skal leverast til kjølelager same dag som hausting, og raskt kjølast ned til rett temperatur og optimal luftråme.4. Merking av produktetHardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger kan merkjast med figurmerket for beskytta geografisk nemning / beskyttet geografisk betegnelse.Endra ved forskrift 25 juli 2023 nr. 1282.
§ 4. Iverksetjing
Forskrifta blir sett i verk straks.
Vedlegg. Beskriving av produktopphav og tilknyting til det geografiske området
Dyrking av pærer i Hardanger har tradisjonar heilt tilbake til siste halvdel av 1700-talet. «Skolelærde menn» innførte pæretre frå andre land og spreidde dei vidare til interesserte bønder. Bøndene lærte seg å pode, og nye sortar kom til, bl.a. vart keisarinnepære foredla fram i 1790-åra. Denne sorten var dominerande i Hardanger i over hundre år. Dei pærene som blir dyrka i dag, tilhøyrer alle tradisjonelle sortar, og mange har vore dyrka i Hardanger i over 100 år.Klimaet og jordsmonnet i Hardanger sikrar god kvalitet på pærene. Pærer dyrka i Hardanger er kjenneteikna av god kvalitet, fin smak og tiltalande farge. Dette kan knytast til klimaet og jordsmonnet i området, som gir høgt innhald av og god balanse mellom viktige smakskarakteristiske fruktsyrer og -sukker.For å sikre store avlingar har pærer tradisjonelt vore dyrka på svært store tre i tung og fuktig jord. Nyare undersøkingar utført i Hardanger har vist at pærer godt kan dyrkast på mindre og meir effektive tre på lett grusjord, slik som ein gjer med eple.Skredjorda er mineralrik og gir sunne og produktive tre. Jorda har god evne til både å halde på vatn og å magasinere varme, noko som gir gode vekstvilkår for trea og god fruktvekst.