1. ProduktbeskrivingHardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger er plommer (Prunus) dyrka i Hardanger.Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal ha dei spesielle eigenskapane som er karakteristiske for den enkelte plommesorten når det gjeld storleik, form, farge og smak, og tilfredsstilla minimumskrava til storleik og refraktometerverdi i tabell 1.Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal vera feilfrie og ikkje ha skadar etter insektangrep eller skjemmande merke. Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer skal i størst mogleg grad ha stilk.
2. Geografisk områdeHardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger. Hardanger definerast som området rundt dei indre delane av Hardangerfjorden, rekna frå dei sørlegaste grensene til kommunane Kvam og Ullensvang og inkludert fjordarmane Granvinsfjorden, Osafjorden med Ulvikpollen, Eidfjorden med Simadalsfjorden og Sørfjorden.3. ProduksjonsmetodeHardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal dyrkast etter moderne produksjonsmetodar.Plommetrea skal plantast og formast på ein måte som sikrar gode lysforhold i alle delar av trea. Plommetrea skal plantast på jord som er veldrenert, porøs, kalka og grunngjødsla før utplanting.Trea skal handtynnast, eventuelt i kombinasjon med bruk av kjemiske tynningsmiddel. Plantevern skal gjennomførast etter prinsippet om integrert plantevern. Det skal vatnast etter behov, og kalkast og gjødslast planmessig.Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal tilfredsstilla produktkrava i tabell 1.Plommene skal leverast til kjølelager same dag som hausting, og raskt kjølast ned til rett temperatur.4. Merking av produktetHardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger kan merkjast med figurmerket for beskytta geografisk nemning / beskyttet geografisk betegnelse.Endra ved forskrift 25 juli 2023 nr. 1283.
§ 4. Iverksetjing
Forskrifta blir sett i verk straks.
Vedlegg. Beskriving av produktopphav og tilknyting til det geografiske området
Plommer har vore dyrka i Hardanger sidan rundt år 1300, da engelske munkar kom til Ullensvang. Dei engelske munkane hadde stor interesse for hagebruk, bl.a. plommedyrking. Munkane blei drivne bort frå Opedal under reformasjonen i 1536-37, og med munkane forsvann også kunsten å pode. Fram til bøndene om lag 250 år seinare lærte seg å pode, dyrka dei små rotekte plommer. Kjelder viser at det i hovudsak var «skolelærde menn» som stod for innføringa og spreiinga av nye plommetre, og det var sorenskrivar Koren i Ullensvang som i 1799 planta dei første reineclaudeplommene. Plommedyrkinga skaut deretter fart.Klima og jordsmonn i Hardanger er godt eigna for dyrking av plommer og gir plommene spesielle eigenskapar. Kalde vintrar sikrar rik blomstring kvart år. Kjølig klima og mykje lys i vekstsesongen gir plommer med frisk og syrleg smak på grunn av høgt innhald av smakskarakteristiske fruktsyrer. Det er vist at plommene her har høgt innhald av askorbinsyre (C-vitamin). Det varme og solrike klimaet gjennom sommaren sikrar at plommene blir søte på smak (12-17%). Denne gode balansen mellom syrer og sukker kjenneteiknar plommer dyrka i Hardanger.I Hardanger blir plommene dyrka på skredjord, som er mineralrik og gir sunne og produktive tre. Jorda har god evne til både å halde på vatn og å magasinere varme, noko som gir gode vekstvilkår for trea og god fruktvekst.Den lange tradisjonen med plommedyrking i Hardanger har gitt dyrkarane gode kunnskapar om forholdet mellom sort, vekseplass og kvalitet på plommene.