Forskrift om vern av Hardangermorellar / Morellar frå Hardanger / Hardangermoreller / Moreller fra Hardanger som geografisk nemning

Departement
Landbruks- og matdepartementet
Ikrafttredelse av siste endring
2023-07-25

Vis endringshistorikk · Abonner (Atom)

Forskrift om vern av Hardangermorellar / Morellar frå Hardanger / Hardangermoreller / Moreller fra Hardanger som geografisk nemning

§ 1. Beskytta produktnemning

Hardangermorellar / Morellar frå Hardanger / Hardangermoreller / Moreller fra Hardanger.

§ 2. Rettmessig brukar

Hardanger Fruktprodukt.

§ 3. Vilkår for bruk av produktnemninga

1. Produktbeskriving
Hardangermorellar / Morellar frå Hardanger / Hardangermoreller / Moreller fra Hardanger er morellar (Prunus avium) dyrka i Hardanger.
Hardangermorellar / Morellar frå Hardanger / Hardangermoreller / Moreller fra Hardanger skal ha dei spesielle eigenskapane som er karakteristiske for den enkelte morellsorten når det gjeld storleik, form, farge og smak, og tilfredsstille minimumskrava til storleik, og refraktometerverdi i tabell 1.
Hardangermorellar / Morellar frå Hardanger / Hardangermoreller / Moreller fra Hardanger skal vera feilfrie og ha stilk.
Tabell 1: Produktkrav (minimumskrav) Hardangermorellar
Morellsort Diameter (mm) Farge (Cerice-skala) Refraktometerverdi (%)
Alle sortar > 24 3–7 14,0
2. Geografisk område
Hardangermorellar / Morellar frå Hardanger / Hardangermoreller / Moreller fra Hardanger skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger. Hardanger definerast som området rundt dei indre delane av Hardangerfjorden, rekna frå dei sørlegaste grensene til kommunane Kvam og Ullensvang og inkludert fjordarmane Granvinsfjorden, Osafjorden med Ulvikpollen, Eidfjorden med Simadalsfjorden og Sørfjorden.
3. Produksjonsmetode
Planting og dyrking
Hardangermorellar / Morellar frå Hardanger / Hardangermoreller / Moreller fra Hardanger skal dyrkast etter moderne produksjonsmetodar. Morelltrea skal plantast og formast på ein måte som sikrar gode lysforhold i alle delar av trea.
Morelltrea skal plantast på jord som er veldrenert, porøs, kalka og grunngjødsla før utplanting.
Plantevern skal gjennomførast etter prinsippet om integrert plantevern. Det skal vatnast etter behov, og kalkast og gjødslast planmessig.
Hardangermorellar / Morellar frå Hardanger / Hardangermoreller / Moreller fra Hardanger skal dyrkast i plasttunnelar eller under tilsvarande plastdekkesystem.
Hausting
Hardangermorellar / Morellar frå Hardanger / Hardangermoreller / Moreller fra Hardanger skal haustast og handterast varsamt for å unngå støytflekker og skadar. Rett haustetidpunkt skal fastsetjast med bakgrunn i visuell vurdering av farge (fargeskjema), subjektiv vurdering av fastleik og smak og måling av oppløyst tørrstoff. Om nødvendig skal trea haustast i fleire omgangar for å sikra ein jamn produktkvalitet.
Haustetidpunkt vil vera sortsavhengig.
Inntransport, kvalitetskontroll, lagring, sortering, pakking og uttransport
Hardangermorellar / Morellar frå Hardanger / Hardangermoreller / Moreller fra Hardanger skal vera registrert på pakkeri og sett på kjølerom seinast 6 timar etter hausting.
Alle vareparti skal vurderast visuelt ved mottak. Frå minst 10 % av produsentane skal det takast ut 100 morellar frå kvar sort for visuell kontroll av ytre kvalitet. Frå dei same 100 fruktene skal 15 morellar analyserast for innhald av oppløyst tørrstoff.
Ved pakking/distribusjon skal det takast stikkprøver frå minst 5 vareparti av kvar sort for å sikra samsvar med fastsette krav til produktkvalitet.
Hardangermorellar / Morellar frå Hardanger / Hardangermoreller / Moreller fra Hardanger skal tilfredsstilla produktkrava i tabell 1. Morellane skal leverast til kjølelager same dag som hausting, og raskt kjølast ned til rett temperatur.
4. Merking av produktet
Hardangermoreller / Moreller frå Hardanger / Moreller fra Hardanger kan merkjast med figurmerket forbeskytta geografisk nemning / beskyttet geografisk betegnelse.

§ 4. Iverksetjing

Forskrifta blir sett i verk straks.

Vedlegg. Beskriving av produktopphav og tilknyting til det geografiske området

Morellar har vore dyrka i Hardanger sidan slutten av 1700-talet. Dei første morelltrea i Hardanger vart planta av sokneprest Atche i Ullensvang (1758-1771), men den første som foredla morellar, var bonde Lars Larsson Bleie (f. 1756). Han lærte seg å pode i 1775.
Klima og jordsmonn i Hardanger er godt eigna for morelldyrking. Det kjølige klimaet gir morellar med friskare og meir syrleg smak enn det ein finn andre stader. Dette kjem av høgt innhald av viktige smakskarakteristiske fruktsyrer og sukker og god balanse mellom dei. I Hardanger blir morellar dyrka på skredjord, som er mineralrik og gir sunne og produktive tre. Jorda har god evne til både å halde på vatn og å magasinere varme, og dette gir gode vekstvilkår for trea og god fruktvekst.
Den lange tradisjonen med morelldyrking i Hardanger har gitt dyrkarane gode kunnskapar om forholdet mellom sort, vekseplass og kvalitet. Gjennom dei siste 25 åra har forskingsarbeid utført i Hardanger gitt oss fleire morellsortar av høg kvalitet. Morellar dyrka i Hardanger har godt omdømme.