Forskrift om gjennomføring i norsk rett av vedlegg IV nr. 30 til EØS-avtala (forordning (EF) nr. 106/2008 om eit fellesskapsprogram for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr)

Departement
Energidepartementet
Ikrafttredelse av siste endring
2014-10-10

Vis endringshistorikk · Abonner (Atom)

Forskrift om gjennomføring i norsk rett av vedlegg IV nr. 30 til EØS-avtala (forordning (EF) nr. 106/2008 om eit fellesskapsprogram for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr)

§ 1. Gjennomføring av forordning (EF) nr. 106/2008 og forordning (EU) nr. 174/2013

EØS-avtala vedlegg IV nr. 30 (forordning (EF) nr. 106/2008 om eit fellesskapsprogram for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr), som endra ved EØS-avtala vedlegg IV nr. 30 (forordning (EU) nr. 174/2013 av 5. februar 2013 om endring av forordning (EF) nr. 106/2008 om eit fellesskapsprogram for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr) gjeld som forskrift med dei endringar og tillegg som følgjer av vedlegg IV, protokoll 1 til avtala og avtala elles.

§ 2. Tilsyn

Noregs vassdrags- og energidirektorat fører tilsyn med at forskrifta vert overhalde.

§ 3. Ikraftsetjing

Forskrifta gjeld frå 1. juli 2010. Frå same tidspunkt vert forskrift 23. mai 2005 nr. 458 om gjennomføring i norsk rett av vedlegg IV til EØS-avtala nr. 18 (forordning (EF) nr. 2422/2001) om eit fellesskapsprogram for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr gjeld som forskrift med dei tilpassingar som følgjer av vedlegg IV og protokoll 1 til avtala og avtala elles oppheva.

Forordninger