Forskrift om unntak frå lov om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 10 tredje ledd om tidspunkt for ikrafttredelse av fjellstyrevedtak fatta med heimel i fjellova § 23 tredje ledd

§ 1.
Ved regulering av jakt og fangst med heimel i lov om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 23 tredje ledd, tek fjellstyrevedtak til å gjelde 1 veke etter at det er kunngjort eller det er gjeve melding etter reglane i fjellova § 10 første ledd.