Forskrift om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument
§ 1. Oppgåvene og myndigheita til Nasjonalbiblioteket
Dokument omfatta av pliktavleveringslova skal leverast til Nasjonalbiblioteket.Nasjonalbiblioteket gjer vedtak i spørsmål om pliktavlevering etter forskrifta her.Nasjonalbiblioteket skal gjennom informasjonstiltak, kontroll og purrerutinar syte for at avleveringsplikta vert etterlevd.
§ 2. Dokument omfatta av avleveringsplikta
Avleveringa gjeld fysiske og digitale dokument som er
skriftlege
levande bilete og film
lydfestingar
kombinasjonar av bokstav a, b og c
lyd- og biletprogram
dataspel
nettbaserte.
§ 3. Forma og kvaliteten på eit dokument
Fysiske og digitale dokument skal avleverast i den forma dei vert gjort allment tilgjengelege i, når ikkje noko anna er særskilt fastsett eller det går fram av samanhengen.Avleveringseksemplar skal vere fullstendige og lytefrie og avleverast med omslag, futteral o.l. som følgjer det allment tilgjengelege dokumentet.Nasjonalbiblioteket kan berre krevje dokumenta avlevert i ei form eller ein kvalitet som er naudsynt for å ivareta formåla med lova.
§ 4. Følgjeopplysningar og metadata
Nasjonalbiblioteket kan krevje at følgjeopplysningar og metadata som er naudsynte for å ivareta formålet med lova, blir sendt inn saman med avleveringspliktig eksemplar. Berre følgjeopplysningar og metadata som vert skapte i samband med produksjonen av dokumentet skal avleverast.
§ 5. Pakking og sending
Avleveringseksemplar skal vere forsvarleg pakka ved innsendinga. Dersom eksemplara er skadde, og dette skuldast aktløyse frå den avleveringspliktige si side, skal avsendaren utan opphald sende inn nye eksemplar.Digitale dokument skal sendast inn på ein fysisk berar eller overførast via nettverk.
§ 6. Tidspunkt for innsending
Utgjevar og importør skal sende inn avleveringseksemplar når dokumentet vert gjort tilgjengeleg for allmenta, om ikkje noko anna er særskilt fastsett.Den som har produsert eit dokument skal sende inn avleveringseksemplar seinast ein månad etter at dokumentet er produsert.Nasjonalbiblioteket kan avtale med den avleveringspliktige andre tidspunkt for å sende inn dokumenta.
§ 7. Avgrensingar
Eit dokument er ikkje omfatta av avleveringsplikta når det
er laga i Noreg for ein utanlandsk utgjevar berre for ein utanlandsk marknad
vert gjort tilgjengeleg berre ved utdeling, framsyning eller framføring som del av undervisning, føredrag eller liknande.
Nasjonalbiblioteket kan lempe på eller heilt gjere unnatak frå avleveringsplikta.
§ 8. Fordelinga av avleveringsplikta
Avleveringsplikta skal delast mellom den som har produsert dokumentet og utgjevaren.Er eit dokument produsert i Noreg, skal den som har produsert det levere tre eksemplar og utgjevaren fire.Utgjevaren skal levere alle avleveringseksemplara dersom
dokumentet er digitalt
dokumentet er ei avis
delar av dokumentet vert produsert av fleire produsentar
utgjevaren har produsert dokumentet sjølv eller har fått det laga i utlandet.
Produsenten skal levere alle avleveringseksemplara dersom utgjevaren er utanlandsk.Importøren skal levere alle avleveringseksemplara dersom både produsenten og utgjevaren er utanlandske.Nasjonalbiblioteket kan fastsetje ei anna fordeling eller leggje heile avleveringsplikta på ein av dei leveringspliktige.
§ 9. Fordeling av fysiske eksemplar
Dokument som vert levert inn med inntil sju eksemplar, skal Nasjonalbiblioteket vidaresende til universitetsbiblioteka i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø og til Sametingets bibliotek i Karasjok.Dei mottekne eksemplara skal vidaresendast etter prioriteringa her slik at
det første eksemplaret er tryggingseksemplar i Nasjonalbiblioteket
det andre eksemplaret er brukseksemplar til Nasjonalbiblioteket
det tredje eksemplaret er fjernlånseksemplar til depotbiblioteket ved Nasjonalbiblioteket
det fjerde, femte og sjette eksemplaret vert fordelte til universitetsbiblioteka i Bergen, Trondheim og Tromsø med jamt vekslande prioritering. Dersom ein monaleg del av innhaldet er på samisk språk eller ein monaleg del av innhaldet omhandlar samiske forhold skal det eksemplaret som er meint for Bergen fordelast til Sametingets bibliotek
det sjuande eksemplaret vert fordelt til Universitetsbiblioteket i Oslo.
§ 10. Bevaringsplikta og registreringa
Nasjonalbiblioteket pliktar utan tidsavgrensing å ta vare på eitt eksemplar av alle dokument som tryggingseksemplar.Nasjonalbiblioteket skal snarast råd registrere dei mottekne dokumenta. For dei tilfella der det vil vere særleg arbeidskrevjande eller upraktisk å registrere kvart dokument einskilt, kan Nasjonalbiblioteket avgjere at dokumenta skal ordnast i grupper etter emne og art.Nasjonalbiblioteket har ansvaret for å katalogisere på nasjonalbibliografisk nivå og tilhøyrande katalogprodukt.Inndrege dokument etter pliktavleveringslova § 7 skal oppbevarast av Nasjonalbiblioteket i eit særskilt låst magasin.
§ 11. Skriftlege dokument
Som skriftlege dokument reknast
bøker
nummererte og unummerete seriar av til dømes rapportar, skrift og særtrykk
periodiske skriftstykke som til dømes tidsskrift, vekeblad, aviser, bedriftsaviser, medlemsblad og kyrkjelydsblad
brosjyrar
flygeblad og opprop
rettleiingshefte, katalogar og faldarar som til dømes muséguidar, utstillingskatalogar og turisthandbøker
lover, reglement, statuttar og vedtekter for bedrifter, lag, institusjonar og organisasjonar
prislister og reklameprent
program for til dømes idrettsarrangement, konsertar og teaterframsyningar og politiske parti
rundskriv
tabellar – t.d. lønstariffar
årsmeldingar, kvartalsrapportar o.l. frå bedrifter, lag, institusjonar og organisasjonar
bilet-, kart- og musikkprent, grafiske tabellar og planar, plakatar, postkort, prospekt og plansjar
dokument i blindeskrift når informasjonen berre finst i denne skriftforma
andre allment tilgjengelege skriftlege dokument som ikkje er nemnde i andre ledd.
Desse skriftlege dokumenta skal likevel ikkje avleverast
blankettar, formular, skjema og liknande som skal fyllast ut
etikettar, skrivepapir og konvoluttar med preg, visittkort, adressekort og liknande
emballasjetrykk i varehandelen
dokument i blindeskrift dersom den same informasjonen ligg føre i vanleg skrift
dokument som i all hovudsak inneheld informasjon som er direkte utdrag frå andre allment tilgjengelege dokument
spel, utklippsbilete og kalendrar utan annan tekst enn datoar
innbydingar og menyar
billettar, lodd og andre verdirepresentativ
kunstverk som målarstykke, grafiske blad og liknande.
§ 12. Levande bilete og film
Filmar som er utgjevne på ein fysisk berar, skal leverast i inntil sju fysiske eksemplar.Dokument med levande bilete som er gjorde tilgjengelege via elektroniske kommunikasjonsnett og med kunstnariske, kommersielle eller allmennopplysande formål, skal leverast i eitt digitalt eksemplar.Filmar som er offentleg framførte og ikkje berre tilgjengelege via elektroniske kommunikasjonsnett, skal leverast i minst eitt brukseksemplar og ein masterkopi. Alle versjonar av ein film skal avleverast.
§ 13. Lydfestingar
Lydfestingar av musikk eller tale som er utgjevne på ein fysisk berar, skal leverast i inntil sju eksemplar.Dersom lydopptak vert gjevne ut på fleire medium eller tekniske plattformer, t.d. grammofonplate, kassettband og kompaktplate skal det avleverast inntil sju eksemplar av kvart slag.Lydfestingar som er tilgjengelege via elektroniske kommunikasjonsnett for kunstnarlege, kommersielle eller allmennopplysande formål, skal avleverast i eitt digitalt eksemplar.
§ 14. Kombinasjonar av skriftlege dokument, levande bilete og film og lydfestingar
Dersom dokument i ulike medium og tekniske plattformer utgjer ein heilskap, til dømes som læremiddelpakker, skal utgjevaren avlevere sju komplette eksemplar av det kombinerte dokumentet. Kombinerte dokument som berre er digitale, skal avleverast i eitt digitalt eksemplar. Dersom utgjevaren er utanlandsk, skal importøren avlevere eksemplara.
§ 15. Kringkasting og audiovisuelle tingingstenester
Norsk rikskringkasting AS og andre kringkastarar og tenestetilbydarar etter kringkastingslova § 1-1 bokstav f skal avlevere alle lyd- og biletprogram som er kringkasta eller gjort tilgjengelege i ei audiovisuell tingingsteneste, jf. kringkastingslova § 1-1 bokstav a og d.Dokumenta skal avleverast Nasjonalbiblioteket i eitt digitalt eksemplar seinast sju yrkedagar etter at innhaldet vart publisert første gongen.
§ 16. Dataspel
Dataspel skal avleverast i inntil sju eksemplar når dei er utgjevne på ein fysisk berar, men i eitt eksemplar dersom det berre er gjort tilgjengeleg via elektroniske kommunikasjonsnett.
§ 17. Nettarkivnemnda
Avslag frå Nasjonalbiblioteket på ein søknad om å klausulere eller slette eit dokument etter lov 9. juni 1989 nr. 32 om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument § 4b, kan klagast inn til Nettarkivnemnda.Nemnda skal ha tre medlemmer med personlege varamedlemmer. Kulturdepartementet oppnemner medlemmene. Leiaren skal vere jurist.Nettarkivnemnda kan avgjere at eit dokument skal klausulerast eller slettast i samsvar med pliktavleveringslova § 4b.Kulturdepartementet har ikkje instruksjons- eller omgjeringsrett overfor Nettarkivnemnda i enkeltsaker.Medlemmene skal oppnemnast for ein periode på inntil fire år og kan gjenoppnemnast ein gong. Nettarkivnemnda skal ha eit saksførebuande sekretariat.Nettarkivnemnda kan berre treffe vedtak når nemnda er fulltalig. Nemnda skal avgjere klagene med alminneleg fleirtal.
§ 18. Ikraftsetjing
Forskrifta gjeld frå 1. juli 2018. Frå same tidspunkt vert forskrift 25. mai 1990 nr. 427 om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument oppheva.