Forskrift til arrestordreloven (arrestordreforskrifta)

Departement
Justis- og beredskapsdepartementet

Vis endringshistorikk · Abonner (Atom)

Forskrift til arrestordreloven (arrestordreforskrifta)

§ 1. Utforminga av arrestordrar

Ein nordisk arrestordre skal førast i skjemaet som følgjer som vedlegg I til forskrifta. Ein nordisk–europeisk arrestordre skal førast i skjemaet som følgjer som vedlegg II til forskrifta.

§ 2. Kompetanse til å avgjere om ein nordisk arrestordre skal etterkomast eller ikkje

Statsadvokaten tek avgjerda dersom vedkomande er sikta i Noreg for eit forhold der statsadvokaten eller riksadvokaten har tiltalekompetansen. Har riksadvokaten teke ut tiltale, skal riksadvokaten informerast før avgjerda blir teke. Politijuristar som er tildelt utvida påtalekompetanse tek likevel avgjerda dersom retten har treft rettskraftig ordskurd om at vilkåra for overlevering ikkje er oppfylte, jf. arrestordreloven § 21.
Statsadvokaten tek også avgjerda dersom det ligg føre ein, to eller fleire nordiske arrestordrar frå fleire statar som gjeld same person. Dersom det ligg føre både ein nordisk arrestordre og eit krav om utlevering frå ein stat utanfor Norden, skal saka sendast via statsadvokaten og riksadvokaten til departementet for avgjerd, jf. arrestordreloven § 29.

§ 3. Kompetanse til å utferde ein nordisk arrestordre

Ein nordisk arrestordre kan utferdast av politijuristar som er tildelt utvida påtalekompetanse i medhald av straffeprosessloven § 67 tredje ledd andre punktum.
Dersom det er utferda sikting for ei handling eller forsøk på ei handling som kan medføre fengsel i meir enn 10 år, eller for brot på straffeloven §§ 104, 105, 108, 109, 135, 136 eller føresegner i straffeloven kapittel 17, skal det innhentast samtykke frå statsadvokaten. Samtykket skal normalt vere skriftleg.

§ 4. Kompetanse til å avgjere om ein nordisk–europeisk arrestordre skal etterkomast eller ikkje

Politijuristar som er tildelt utvida påtalekompetanse i medhald av straffeprosessloven § 67 tredje ledd andre punktum, kan avgjere om ein nordisk–europeisk arrestordre skal etterkomast eller ikkje når den ettersøkte har samtykt til overlevering, jf. arrestordreloven § 14 tredje ledd.
Statsadvokaten tek avgjerda når den ettersøkte ikkje har samtykt til overlevering, eller vedkomande er sikta i Noreg for eit forhold der statsadvokaten eller riksadvokaten har tiltalekompetansen. Har riksadvokaten teke ut tiltale, skal riksadvokaten informerast før avgjerda blir teke. Politijuristar som er tildelt utvida påtalekompetanse tek likevel avgjerda dersom retten har treft rettskraftig ordskurd om at vilkåra for overlevering ikkje er oppfylte, jf. arrestordreloven § 14.
Statsadvokaten tek også avgjerda dersom det ligg føre to eller fleire nordisk–europeiske arrestordrar frå ulike statar, eller ein nordisk–europeisk og ein nordisk arrestordre, som gjeld same person. Dersom det ligg føre både ein nordisk–europeisk arrestordre og eit krav om utlevering frå ein stat utanfor EU, skal saka sendast via statsadvokaten og riksadvokaten til departementet for avgjerd, jf. arrestordreloven § 29.

§ 5. Kompetanse til å utferde ein nordisk–europeisk arrestordre

Ein nordisk–europeisk arrestordre utferdast av statsadvokaten.

§ 6. Unntak frå kravet om dobbel strafflegging

Kravet til dobbel strafflegging skal på vilkår som nemnde i arrestordreloven § 7 tredje ledd første punktum ikkje gjelde for desse handlingane:
  1. deltaking i ein kriminell organisasjon
  2. terrorisme
  3. menneskehandel
  4. seksuell utnytting av barn og framstilling av seksuelle overgrep mot barn
  5. ulovleg handel med narkotiske og psykotrope stoff
  6. ulovleg handel med våpen, ammunisjon eller sprengstoff
  7. korrupsjon
  8. bedrageri, medrekna bedrageri som råkar dei økonomiske interessene til Det europeiske fellesskapet etter konvensjonen 26. juli 1995 om beskyttelse av De europeiske fellesskaps økonomiske interesser
  9. kvitvasking av utbyte frå straffbare handlingar
  10. pengefalsk, medrekna av euroen
  11. datarelatert kriminalitet
  12. miljøkriminalitet, medrekna ulovleg handel med trua dyreartar, planteartar og plantevariantar
  13. tilrettelegging for ulovleg innvandring eller ulovleg opphald
  14. drap
  15. grov kroppsskade
  16. ulovleg handel med organ, vev og liknande frå menneske
  17. kidnapping, ulovleg fridomskrenking og gisseltaking
  18. rasisme og framandfrykt
  19. organisert eller væpna ran
  20. ulovleg handel med kulturgjenstandar, medrekna antikvitetar og kunstverk
  21. svindel
  22. innkreving av vernepengar og utpressing
  23. forfalsking og piratomsetnad av produkt
  24. forfalsking av administrative dokument og handel med desse
  25. forfalsking av betalingsmiddel
  26. ulovleg handel med hormonpreparat eller andre vekstfremjande stoff
  27. ulovleg handel med kjernefysisk eller radioaktivt materiale
  28. ulovleg omsetnad av stolne køyretøy
  29. valdtekt
  30. påsetting av brann
  31. brot som fell innunder domsmakta til Den internasjonale straffedomstolen
  32. kapring av fly eller skip
  33. sabotasje.

Vedlegg I til arrestordreforskrifta

Skjema for utferding av nordisk arrestordre (pdf)

Vedlegg II til arrestordreforskrifta

Skjema for utferding av nordisk–europeisk arrestordre (pdf)