Forskrift om vern av Sider frå Sogn / Cider frå Sogn som geografisk nemning

Departement
Landbruks- og matdepartementet

Vis endringshistorikk · Abonner (Atom)

Forskrift om vern av Sider frå Sogn / Cider frå Sogn som geografisk nemning

§ 1. Beskytta produktnemning

Sider frå Sogn / Cider frå Sogn.

§ 2. Rettmessig brukar

Sogn Frukt- og Siderlaug.

§ 3. Vilkår for bruk av produktnemninga

  1. Produktbeskriving
    Sider frå Sogn / Cider frå Sogn er sider produsert i Sogn av eple, bær og anna frukt dyrka i Sogn.
    Sider frå Sogn / Cider frå Sogn skal vere produsert av gjæra most utan tilsetjing av vatn eller ekstern alkohol.
    Sider frå Sogn / Cider frå Sogn har ein farge som kan variera frå lys strågul til mørk ravgul og frå lys til mørk rosa. Den kan være sprudlande eller still og er kjenneteikna av rik aroma, middels til frisk eplesyre og høg smaksintensitet.
    Sider frå Sogn / Cider frå Sogn blir klassifisert i fem undertypar, frå rein eplesider til eplesider tilsett bær, anna frukt eller botaniske plantedelar, i samsvar med kriteria i tabell 1.
    Tabell 1: Ulike typar av Sider frå Sogn / Cider frå Sogn.
    Syrefrisk stil Tanninhaldig stil Sider med bær og frukt Botanisk stil Dessertsider
    Råvarer Eple, hovudsakleg bordeple. Eple, minimum 20 % bitre sidereple. Eple og maksimum 20 % bær eller andre frukter. Eple tilsett botaniske plantedelar (< 0,1 % av samla råvarevekt). Eple, kan vere tilsett bær, frukt eller botaniske plantedelar (< 0,1 % av samla råvarevekt).
    Restsukker/
    syre
    Ekstra tørr til halvsøt med tydeleg syre. Ekstra tørr til halvsøt med middels syre. Ekstra tørr til halvsøt med tydeleg syre. Ekstra tørr til halvsøt med middels syre. Ekstra søt med høg eller balansert syre.
    Restsukker: 0–35 g/l Restsukker: 0–30 g/l Restsukker: 0–35 g/l Restsukker: 0–30 g/l Restsukker: 0–50 g/l
    Alkoholstyrke 2,5–12 % 2,5–12 % 2,5–12 % 2,5–12 % 8–15 %
    Aroma og smak Eplekarakter med frisk syre. Eplekarakter med tanninpreg og mindre tydeleg syre. Eplekarakter med preg av bær eller andre frukter. Eplekarakter med preg av botaniske smakskomponentar. Frå høg syre- og smaksintensitet til balansert smak prega av tørka frukt.
    Sider frå Sogn / Cider frå Sogn skal ha restsukkerverdiar som gitt i tabell 2.
    Tabell 2: Restsukkerverdiar for ulike typar Sider frå Sogn / Cider frå Sogn.
    Ekstra tørr 0–6 g/l
    Tørr 5–12 g/l
    Halvtørr 10–17 g/l
    Halvsøt 15–30 g/l
    Søt 28–52 g/l
    Ekstra søt ≥ 50 g/l
  2. Geografisk område
    Geografisk område for produksjon av råvarene frukt og bær og produksjon av Sider frå Sogn / Cider frå Sogn skal skje i Sogn. Sogn omfattar kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger, Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland.
  3. Produksjonsmetode
    Ved mottak skal all råvare kontrollerast med omsyn til opphav og kvalitet. Råvarene skal vere fullmogne og reine og vere fri for roteskade og mugg. Eple skal ha eit sukkerinnhald på minimum 10 Brix. Etter mottakskontroll skal frukt og bær kjølelagrast. Bær kan eventuelt frysast.
    Kjernefrukt skal vaskast før den blir kverna og pressa. Fruktmassen kan gjennomgå maserasjon før den blir pressa. Type sider avgjer kva for eplegrupper og andre råvarer som skal brukast, mengd restsukker, syre og alkoholstyrke. Sjå tabell 1. Varmekonsentrert eplesirup skal ikkje brukast til framstilling av Sider frå Sogn / Cider frå Sogn.
    Alle typar sider skal gjennomgå kjøleg fermentering ved 5–18 °C. Både kommersiell gjær og naturleg gjær frå epleskal kan brukast. Gjæringsgraden vil variera mellom avbroten gjæring (2 veker) og mogna sider med over 1 års lagring. Sukker kan tilsetjast i mosten før og under gjæring. Honning kan brukast i Botanisk stil og Dessertsider. Honning skal vera produsert i Sogn. Alle typar sider kan fermenterast og/eller mognast på fat.
    Sider frå Sogn / Cider frå Sogn kan tappast med eller utan kolsyre, og kan også tilsetjast sulfitt. Sider som skal gjærast på flaske etter tradisjonell metode skal lukkast med naturkork og agraff. Sideren skal tappast i Sogn. Sider som ikkje er tilsett sulfitt skal pasteuriserast eller gjennomgå andre tiltak som gjer sluttproduktet stabilt.
    Sider frå Sogn / Cider frå Sogn skal vera utan tydelege siderfeil som til dømes eddikstikk, sulfitt, reduktivitet og aceton. Sideren skal analyserast for alkoholprosent, restsukker og syrenivå. Dei kjemiske analysane skal utførast ved akkrediterte laboratorium.
  4. Merking av produktet:
    Sider frå Sogn / Cider frå Sogn kan merkast med teksten og figurmerket for Beskytta geografisk nemning.
    Sluttproduktet skal i tillegg til pålagte opplysingar også merkast med type sider (siderstil) og restsukker (g/l).

§ 4. Iverksetjing

Forskrifta blir sett i verk straks.

Vedlegg. Beskriving av produktet sitt opphav og tilknyting til det geografiske området

Sogn er truleg det eldste fruktområdet i landet. Den første frukthagen som er nemnd i norske kjelder er Aldinhagi i Vik i Sogn, der Sverresoga omtalar ei trefning mellom baglarane og syslemann Jon Stål i 1201. Denne frukthagen, som truleg hadde både eple- og kirsebærtre, låg under Hopperstad-garden og var etablert ein gong på 1100-talet. Hopperstad hadde tidleg handelssamband med m.a. Gotland og Irland.
Frukthagar i Sogn er seinare nemnt i mange skriftlege kjelder som t.d. i Diplomatarium Norvegicum knytt til eit arveskifte på garden Kvåle i Sogndal i 1314, og i Bjǫrgynjar Kálfskinn (jordeboka Bergens Kalvskinn) knytt til eit skattekrav til kyrkja på ein verdifull eplegard på Nes i Sogndal i 1316. Fleire kjelder tyder på at fruktdyrkinga vart profesjonalisert under Håkon Håkonsson og spreidd av kongens menn under den norske stordomstida frå 1200-talet. «Konungs eplagard» like sør for Håkonshallen i Bergen er første gong nemnd i 1259. Dei to lendmennene i Sogn, Jon Stål og Brynjolf Jonsson, som er namngjevne 18 gonger i Håkon Håkonssons saga, hadde handelshuset sitt, Brynjolfsgard, nettopp ved denne eplehagen. Jon Stål hadde handelsbrev på England. På lendmannsgarden deira, Kvåle i Sogn, låg ein av dei tidlegaste eplehagane i landet.
Sogn er ein av dei nordlegaste regionane for kommersiell fruktdyrking. Indre Sogn har likevel eit svakt kontinentalt klima med dei høgaste sommartemperaturane på Vestlandet. Klimatisk kartlegging frå ei rekke målestasjonar i midtre og indre Sogn syner at regionen hevdar seg blant dei aller beste fruktområda i landet. Morenejorda som dominerer i Sogn, er ideell til fruktdyrking. Klimaet og jordsmonnet gir råvarer med optimalt fruktsukker, frisk syre, tydeleg sortsaroma og god fargeutvikling.
I Sogn er det dokumentert ein lang tradisjon med mange ulike typar fruktvin. Den første skriftlege kjelda på at det har blitt laga alkoholhaldig drikke av frukt i Sogn finn ein i Diplomatarium Norvegicum knytt til ein bispevisitas i 1322–23. Prestane ved dei ulike kyrkjene i Sogn skulle stilla med til saman 52 tønner mungåt (øl), 31 tønner bjór (frukt- og honningbasert vin) og 3 ½ tønner importert druevin som skatt til biskopen i Bergen.
Frå 1300-talet og fram til midten av 1800-talet var Æblemost, Moos, Must, Most-Viin e.l. vanlege namn på eplevin i Norden. I ein bryllaupssong frå Bergen i 1784 er «Æple-Moos» frå Sogn og Hardanger nemnt som eit alternativ til vin. Frå denne tida kan vi rekna med at heimeproduksjon av frukt- og bærvin var blitt vanleg i bygdene i Sogn. I første del av 1900-talet var det fleire verksemder som produserte ulike typar fruktvin kommersielt, m.a. Hallvard Drægni, Lerum Saftfabrikk og Balestrands Saftpresseri. Fruktvinprodusenten Fuhr i Grimstad kom også frå Sogn. I kokeboka til Marie Landmark, som hadde slekta si i indre Sogn, er det også oppskrift på sprudlande «Æblevin» med flaskegjæring.
Moderne eplesiderproduksjon starta opp med Henjatunet og Balholm rundt 1995, og siderprodusentar frå Sogn har sidan fått mange nasjonale og internasjonale utmerkingar.
Eit særtrekk med Sogn har vore det mangearta utvalet av frukt- og bærsortar. Berre etter 1922 har det vore prøvt ut fleire tusen sortar innanfor frukt og bær. Denne tradisjonen speglar seg av i ein stor variasjon av frukt- og bærbaserte drikker. I tråd med dette historiske særpreget har Sider frå Sogn / Cider frå Sogn ei differensiert typeinndeling.