Denne lova gjeld framsyning og omsetning av film og videogram i næring. Lova gjeld ikkje kringkasting slik dette er definert i kringkastingsloven.Film er etter denne lova fotografiske eller teikna bilete som er sette saman på ein slik måte at dei lagar ei levande rørsle.Videogram er etter denne lova eit elektronisk signal for lagring og attgiving av levande bilete som er skrive inn på eit medium eller ein informasjonsberar.Departementet kan avgjere at denne lova skal gjelde på Svalbard, Jan Mayen og på anlegg og innretningar på den norske delen av kontinentalsokkelen. Departementet kan fastsetje dei særskilde reglane dette krev.Endra med lover 6 jan 1995 nr. 3 (ikr. 1 feb 1995), 14 des 2012 nr. 91 (ikr. 1 jan 2013 iflg. res. 14 des 2012 nr. 1245).
Kapittel II. Løyveplikt og avgifter
§ 2. Kommunal løyveordning
Framsyning av film eller videogram i næring må ikkje skje utan løyve frå kommunestyret eller den kommunestyret har gitt fullmakt.Løyvet kan givast for ein periode på opptil fem år. Løyvet kan nektast eller trekkjast attende dersom løyvehavaren bryt reglar i denne lova eller i forskrifter til denne lova, straffelova §§ 236, 311 eller 317 eller bryt vilkår som er sette ved tildeling av løyvet.Kommunen og Medietilsynet har rett til å gjennomføre naudsynt kontroll med at den løyvepliktige verksemda blir driven i samsvar med dei reglane som gjeld.Kommunane kan fastsetje vilkår for løyve til framsyning av film og videogram. Det kan ikkje fastsetjast vilkår som inneber totalforbod mot framsyning av film eller videogram i ein kommune.Departementet kan i forskrift gjere unntak frå kravet om løyve.Endra med lover 28 mai 1998 nr. 33 (ikr. 1 jan 2000 iflg. res. 17 des 1999 nr. 1343), 11 aug 2000 nr. 76, 2 juli 2004 nr. 68 (ikr. 1 jan 2005 iflg. res. 2 juli 2004 nr. 1099), 22 des 2006 nr. 104 (ikr. 1 jan 2007 iflg. res. 22 des 2006 nr. 1537), 3 sep 2010 nr. 55 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1240), 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
§ 3. Avgift til staten
Den som driv framsyning av film og videogram i næring, skal betale ei avgift til staten på 2,5 % av bruttoomsetninga. Dei avgiftspliktige skal føre særskild rekneskap for slik framsyning.Den som driv omsetning av film og videogram i næring, skal betale ei avgift til staten per videogram. Stortinget fastset satsane.Departementet fastset i forskrift nærmare retningsliner om avgiftsgrunnlag, utrekning og innkrevjing av avgifter, bruken av midlane og kan gjere unntak frå kravet om avgift.Endra med lover 28 mai 1998 nr. 33 (ikr. 1 jan 2000 iflg. res. 17 des 1999 nr. 1343), 18 des 2015 nr. 129 (ikr. 1 jan 2016), 22 des 2021 nr. 168 (ikr. 1 jan 2022). Vert endra ved lov 28 feb 2025 nr. 2 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).
Den som ved vilje eller aktlaust bryt denne lova eller forskrifter givne med heimel i lova, kan straffast med bot eller fengsel i opptil tre månader eller med begge delar. Medverknad blir ikkje straffa.Endra med lover 20 juli 1991 nr. 66, 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).