Lov om gjennomføring av Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar

Departement
Utenriksdepartementet
Ikrafttredelse av siste endring
2015-10-01
Rettsområde
Internasjonal rett > Konvensjoner. Overenskomster

Vis endringshistorikk · Abonner (Atom)

Lov om gjennomføring av Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar

§ 2.

Dei personane som etter traktaten skal ha immunitet og privilegier, får utan hinder av norsk lov immunitet og privilegier i samsvar med føresegnene i denne traktaten.
Kongen kan gje nærare reglar for korleis føresegnene om immunitet og privilegier skal gjennomførast.

§ 3.

Det kan setjast i verk inspeksjonar ovafor private, i samsvar med føresegnene i traktaten, herunder gjennomførast boring i grunnen.
Kongen kan leggje på grunneigaren eller andre rettshavarar slike plikter som trengst for at ein inspeksjon skal kunne gjennomførast.

§ 4.

Denne lova gjeld også for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda.

§ 5.

Den som bryt denne lova eller føresegner eller påbod som er gjeve med heimel i lova, vert straffa med bøter eller fengsel i opptil fem år. Aktlause handlingar vert straffa med bøter eller fengsel i opptil to år.

§ 6.

Lova trer i kraft på det tidspunkt som traktaten trer i kraft.1
1 Traktaten trer i kraft når 44 av dei statene som er særskilt nemnde i traktaten («nøkkellanda») har ratifisert. I oktober 2018 hadde i alt 167 stater ratifisert, av desse høyrer 36 til «nøkkellanda».

§ 7.

Frå den tid denne lova tek til å gjelde, vert det gjort følgjande endringar i Almindelig borgerlig Straffelov av 22. mai 1902 nr. 10:1
§ 12 fyrste ledd nr. 3 bokstav f, g og i skal lyde:
  1. skal være straffbar i henhold til FNs Havrettskonvensjon 10. desember 1982 artikkel 113 (skade på undersjøiske kabler og rørledninger),
  2. er straffbar etter lov 17. juli 1998 nr. 54 om gjennomføring av Konvensjonen om forbud mot bruk, lagring og produksjon og overføring av antipersonellminer og om ødeleggelse av slike miner § 5, eller