Forskrift om kontroll med retten til supplerande stønad.
§ 1. Plikt til å møte personleg
Ein person som får supplerande stønad etter lov 29. april 2005 nr. 21 kan bli innkalla til personleg frammøte på det felles lokale kontoret i arbeids- og velferdsforvaltninga opptil to gonger i året. Det same gjeld ektemake, sambuar eller registrert partnar som ikkje har fylt 67 år. Frammøte etter første eller andre punktumet kjem i tillegg til personleg frammøte ved søknad om stønad eller forlenga stønad.Endret ved forskrift 30 juni 2006 nr. 790 (i kraft 1 juli 2006, se endringsforskriften for overgangsregel).
§ 2. Plikt til å gi opplysningar som verkar inn på stønadsretten
Personar som vert pålagte frammøte på det felles lokale kontoret etter § 1, skal ved frammøtet vise pass eller anna reisedokument for kontroll av opphald i utlandet i stønadsperioden. Ved frammøtet skal dei òg gi opplysningar om eventuelle endringar i inntekt, formue, sivilstand, personar dei forsørgjer og andre tilhøve som verkar inn på retten til supplerande stønad.Endret ved forskrift 30 juni 2006 nr. 790 (i kraft 1 juli 2006, se endringsforskriften for overgangsregel).
§ 3. Stans av stønad ved manglande svar eller frammøte
Dersom ein person ikkje følgjer opp eit pålegg om personleg frammøte etter § 1, kan utbetalinga av supplerande stønad bli stansa frå og med den neste kalendermånaden. Dette gjeld dersom personen ikkje tar kontakt med det felles lokale kontoret seinast tre veker etter at innkallinga til kontrollsamtale vart sendt ut eller ikkje møter til avtalt tid. Dersom det manglande frammøtet berre gjeld ektemake, sambuar eller registrert partnar under 67 år, skal stans av stønaden vere avgrensa til auken i stønad på grunn av forsørging av person som nemnd.Endret ved forskrift 30 juni 2006 nr. 790 (i kraft 1 juli 2006, se endringsforskriften for overgangsregel).