Forskrift om berekraftig skogbruk

Departement
Landbruks- og matdepartementet
Ikrafttredelse av siste endring
2024-01-01

Vis endringshistorikk · Abonner (Atom)

Forskrift om berekraftig skogbruk

Kapittel 1. Innleiande føresegner

§ 1. Formål

Formålet med denne forskrifta er å fremme eit berekraftig skogbruk som sikrar miljøverdiane i skogen, aktiv forynging og oppbygging av ny skog, og god helsetilstand i skogen, jf. § 1 i skogbrukslova.

Kapittel 2. Miljøomsyn

§ 3. Plikta til å ta miljøomsyn

Ved gjennomføring av skogbrukstiltak skal skogeigaren sjå til at det blir teke nødvendige omsyn til biologisk mangfald, friluftsliv, landskap og kulturverdiar i samsvar med føresegnene i skogbrukslova.
Skogeigar skal sjå til at også dei som gjer arbeid i skogen tek slike omsyn.

§ 4. Miljødokumentasjon og miljøregistreringar

§ 5. Miljøomsyn ved skogbrukstiltak

Ved gjennomføring av skogbrukstiltak skal skogeigaren sørgje for at verdiane i viktige livsmiljø og nøkkelbiotopar blir tekne vare på i samsvar med retningslinene i Norsk PEFC Skogstandard.
Etter hogst skal kvist og hogstavfall ryddast bort frå bekkar, elver og vatn, og frå vanleg brukte stiger, løyper og andre ferdselsårer der det er til unødig hindring for ferdsel.
Køyreskadar etter skogbrukstiltak må utbetrast snarast råd etter avslutta drift, slik at det ikkje oppstår unødig hindring for ferdsel i vanleg brukte stigar, løyper og andre ferdselsårer, eller oppstår nye bekkeløp.
Ved hogst skal det setjast igjen minst 5 stormsterke tre pr. hektar som livsløpstre, helst i grupper. Livsløpstrea skal primært veljast blant dei eldste trea.
Hogstar skal tilpassast landskapet. Der forholda biologisk, økonomisk og teknisk ligg til rette for det skal det brukast lukka hogstar, dersom ein kan oppnå god stabilitet for gjenståande tre og tilfredsstillande forynging på veksestaden.
Ved hogst i kantsoner mot vatn og vassdrag og mellom skog og anna mark skal kantsona sin økologiske funksjon takast vare på.
I forynging av barskog skal ein tilstreve eit minimum på 10% lauvtre.
I skog der volumet av bartre utgjer meir enn halvparten av det totale volumet i bestanden før hogst, kan skifte av treslag frå bar til lauv berre skje etter godkjenning frå kommunen. Skifte av treslag i edellauvskog kan berre skje etter godkjenning frå kommunen, med unntak av skifte av treslag i eikeskog på låg og middels bonitet. Skogeigar må søke om slik godkjenning innan 6 månader etter at hogsten har skjedd.
Nygrøfting av myr og sumpskog med sikte på skogproduksjon er forbode. Det er heller ikkje tillate å reinske grøfter i myr og sumpskog der det ikkje er etablert produktiv skog.
Skogreising på snaumark og skifte av treslag på samanhengande areal over 100 dekar krev melding til kommunen. Har kommunen ikkje gitt svar på meldinga innan 3 veker frå da meldinga kom fram til kommunen, kan det meldte tiltaket setjast i verk. Om kommunen treng meir tid for å ta stilling til tiltaket, kan fristen forlengjast med inntil 14 dagar. Krav om melding til kommunen gjeld ikkje for skifte av treslag etter åttande ledd.
Bruk av utanlandske treslag til skogproduksjon kan berre skje etter godkjenning frå kommunen. Ved avgjerda skal kommunen leggje vekt på å unngå ukontrollert spreiing av slike treslag ved naturleg forynging.

Kapittel 3. Forynging etter hogst

§ 6. Plikta til å forynge

Skogeigaren skal sørgje for tilfredsstillande forynging etter hogst, jf. skogbrukslova § 6. Med tilfredsstillande forynging meinast både planting, såing og naturforynging som skal sikre framtidig skogproduksjon og som er i tråd med krava i § 7.

§ 7. Krav til tilfredsstillande forynging

Forynging etter hogst skal leggje til grunn plantetala i tabellen nedanfor. Ved vurdering av minste lovlege plantetal reknast berre som teljande treslag dei treslaga som utnyttar veksttilhøva på veksestaden best, og som kan gi ein tilfredsstillande produksjon av virke, både når det gjeld volum og kvalitet.
Gran- og/eller lauvdominert skog Furudominert skog
G26–G20 G17–G14 G11–G6 F20–F17 F14–F11 F8–F6
Tilrådd plantetal pr. dekar 300–180 230–130 140–60 340–190 240–120 130–80
Minste lovlege plantetal pr. dekar 150 100 50 150 100 50
Minste lovlege plantetal gjeld berre bartre der bartre utgjer meir enn halvparten av det totale volumet i bestanden før hogst. Lauvtre tel med i andre høve og der det er gitt godkjenning frå kommunen etter § 5 åttande ledd. Det skal takast omsyn til at det i perioden fram til forynginga er etablert, kan skje både avgang og oppslag av nye planter. Forynginga er etablert når konkurransen frå anna vegetasjon minkar og konkurransen mellom planter av teljande treslag gjer seg gjeldande.

§ 8. Pålegg om forynging

Dersom kommunen finn at forynginga ikkje er tilfredsstillande, og godkjenning etter § 5 åttande ledd ikkje er gitt, avgjer kommunen om skogeigar skal påleggjast å setje i verk tiltak for å sikre at arealet blir forynga, jf. skogbrukslova § 6 tredje ledd.
Pålegg skal varslast i tråd med forvaltningslova § 16. Kommunen kan berre gi pålegg om å forynge med treslag som har sitt nåverande eller historiske naturlege utbreiingsområde i Noreg. Pålegget må stå i rimeleg forhold til lønnsemda.

Kapittel 4. Tiltak mot skadar på skog

§ 9. Hovudprinsipp

Skogeigar er ansvarleg for at hogst, framdrift, behandling av hogstavfall, ungskogpleie og andre tiltak blir gjennomførte på ein slik måte at det ikkje oppstår fare for insektskadar eller andre skadar på skog.
Føresegnene i dette kapittel gjeld også for skog og tre i område som er utanfor virkefeltet i § 2 i skogbrukslova, og for plassar og terminalar der virke blir samla eller lagra.

§ 10. Overvaking av skogens helsetilstand

Kommunen skal overvake skogen av omsyn til fare for ulike skogskadar. I denne samanheng kan departementet påleggje kommunen å utarbeide oversikter og rapportar om skogen sin helsetilstand, og om resultata av dei tiltaka som blir sette i verk i medhald av denne forskrifta.
Departementet eller den det gir fullmakt kan gi nærare regler for spesielle oppgåver knytt til overvaking av skog.

§ 11. Førebyggjande tiltak

Når ein skogeigar har fått varsel om at det er risiko for sverming av skadeinsekt i eit område, skal ungskogpleie og tynningshogster gjennomførast etter at svermeperioden er avslutta. I ein slik situasjon skal også ferskt bartrevirke som bult, stammer og grove toppar transporterast ut av skogen eller gjerast uegna som ynglemateriale for insekt som kan skade skog.
Når skog er skada som følgje av storm, tørke, skogbrann, snøbrekk o.l. og det er gitt varsel om at det er risiko for insektsverming eller soppangrep, skal skogeigarar i vedkommande område sørgje for at nødvendige hogstar og oppryddingstiltak mv. blir gjennomførte så raskt som mogleg.
Terminalar med tømmer kan bli kravd overvaka med tanke på risiko for spreiing av skadegjerarar. Eigaren av tømmeret er ansvarleg for slik overvaking.
Statsforvaltaren kan fastsetje fristar og nærare reglar for det som er nemnd i 1.-3. ledd.

§ 12. Transport og behandling av virke

Bartrevirke som skal transporterast bort frå skogen og staden for levering av virke (jf. § 11, 2. og 3. ledd), må transporterast ut før insekt som kan gjere skade på skog klekkjast. Gran hogd før 1. juli skal være transportert bort frå staden for levering innan 15. juli, og furu hogd før 1. juni skal være transportert bort innan 1. juli. Gran som blir hogd i juli og furu som blir hogd i juni, skal transporterast bort innan 4 veker.
Statsforvaltaren kan gi nærare reglar med m.a. konkrete fristar for uttransport av virke innafor heile eller delar av fylket.

§ 13. Førebyggjande behandling av virke

Virke som blir behandla eller lagra slik at det blir uegna som ynglemateriale for insekt som kan gjere skade på skog, er unnteke frå § 12, dersom eitt eller fleire av følgjande tiltak er sett i verk:
  1. Barking.
  2. Lagring i vatn. Ved bunting må den delen av virket som ligg over vatn overrislast.
  3. Overrisling.
  4. Tildekking av velter. Granvirke kan lagrast såframt dei 3 øvste virkeslaga er dekt med f.eks. plastduk før insektsverming.
  5. Veltesskrelling. Granvirke kan lagrast såframt dei 3 øvste virkeslaga blir kjørt bort eller barka etter insektsverming, men før 15. juli.
  6. Behandling med godkjende preparat (insekticider). Godkjende preparat skal berre brukast i unntakstilfelle, og må ikkje påførast virke som skal fløytast, overrislast, lagrast i vatn eller trommelbarkast. Virke hogd før 1. mai må vere behandla innan denne dato. Seinare hogd virke må behandlast innan ei veke.

§ 14. Pålegg om tiltak

Kommunen kan påleggje skogeigar eller eigar av tømmer å gjennomføre hogst, utdrift, behandling av virke eller andre tiltak for å hindre omfattande skogskadar. Når det er nødvendig for samordninga av tiltak i fleire kommunar eller fylke kan departementet eller den det gir fullmakt gi pålegg etter denne føresegna.
Omsynet til biologisk mangfald, landskap og friluftsliv skal vurderast før eventuelle pålegg blir gitt, og ved gjennomføring av tiltak mot skogskadar.
Kjøparar av det virket som skogbruksstyresmakta har pålagt hogd, skal sørgje for at dette blir prioritert ved transport inn til industri og virkesterminal dersom behandling av virke etter § 13, ikkje er utført.

Kapittel 5. Avsluttande føresegner

§ 15. Tilsyn og opprettande tiltak

Kommunen skal føre tilsyn med at føresegnene i denne forskrifta og vedtak fatta med heimel i den blir følgt.
Kommunen skal ved stikkprøver kontrollere om nødvendige foryngingstiltak er gjennomførde og om forynginga er tilfredsstillande etablert, jf. § 7 og § 8. Statsforvaltaren kan gi utfyllande retningsliner for slik kontroll.
Dersom eit skogbrukstiltak har ført med seg vesentlege skadar for naturmiljøet eller friluftslivet, kan kommunen påleggje skogeigaren å utføre opprettande tiltak.

§ 16. Dispensasjon

Kommunen kan dispensere frå føresegnene i forskrifta dersom særlege skog- eller miljømessige omsyn tilseier det.
Kommunen kan setje vilkår for dispensasjonen.

§ 17. Klage

Vedtak kommunen gjer etter denne forskrifta kan påklagast til statsforvaltaren.

§ 19. Tvangsmulkt

For å sikre at føresegnene i forskrifta blir følgt, og pålegg gitt med heimel i forskrifta blir gjennomførte, kan kommunen påleggje skogeigarar tvangsmulkt slik det er fastsett i § 23 i skogbrukslova.

Refereres av

1 dokument(er) refererer hit.