Definisjonen av assistert befruktning i bioteknologiloven § 2-1 gjeld tilsvarande etter barnelova § 3 og § 4. Assistert befruktning krev dessutan at sæd er tilbydd av godkjent helsestell, og at sædgivaren er omfatta av eit donorregister. Barnet skal ha rett til opplysningar om sædgivar tilsvarande bioteknologiloven § 2-7.
§ 2. Godkjent helsestell
Godkjent helsestell er her i landet helsestell som har godkjenning til å utføre assistert befruktning etter bioteknologiloven og forskrift 7. mars 2008 nr. 222 om krav til kvalitet og sikkerhet ved håndtering av humane celler og vev.Den som får utført assistert befruktning i utlandet må sjølv dokumentere at helsestellet oppfyller tilsvarande krav som etter første ledd, og at helsestellet er godkjent av myndigheitene i det landet befruktninga har funne stad.
§ 3. Tidspunkt for når vilkåra for medmorskap skal vere oppfylt
Ei kvinne som skal reknast som medmor etter barnelova § 3, skal vere gift med mora til barnet på tidspunktet fødselen skjer.Ei kvinne som skal reknast som medmor etter barnelova § 4, skal vere sambuar med mora til barnet på tidspunktet den assisterte befruktninga skjer.Ei kvinne som skal reknast som medmor skal ha gjeve skriftleg samtykke til assistert befruktning før behandlinga skjer. Folkeregistermyndigheita kan i særlege tilfelle godkjenne samtykkje gjeve etter behandlinga har funne stad.
§ 4. Prosedyre for fastsetjing av medmorskap
Folkeregistermyndigheita avgjer om vilkåra for medmorskap etter barnelova § 3 og § 4 er oppfylt og gjer vedtak om fastsetjing av medmorskap etter søknad frå minst ein av partane. Myndigheita kan gjere vedtak før barnet er fødd.Reglane i forskrifta gjeld og i tilfelle ein av partane ikkje ønskjer å medverke til at medmorskap vert fastsett.
§ 5. Krav til søknad
Søknad om fastsetting av medmorskap skal setjast fram på fastsett blankett eller digitalt og sendast til folkeregistermyndigheita. Søkjar kan sende søknad så snart den assisterte befruktninga har funne stad.Minst ein av partane skal underteikne søknaden eller identifisera seg elektronisk på ein sikker måte.Vedlagt søknaden skal følgje
samtykke til assistert befruktning frå mors ektefelle eller sambuar
dokumentasjon frå godkjent helsestell i tråd med § 2. Dokumentasjonen skal stadfeste at assistert befruktning har funne stad
dokumentasjon som viser at barnet som er fødd etter assistert befruktning, ved fylte 18 år har rett til å få opplysningar om sædgivars identitet. Det må gå fram at det finst prosedyrar eller registre som gjer at denne retten kan oppfyllast.