Forskrift om minstekrav til sikringsordningar i burettslag

Departement
Kommunal- og distriktsdepartementet

Vis endringshistorikk · Abonner (Atom)

Forskrift om minstekrav til sikringsordningar i burettslag

§ 1. Sikring mot tap av felleskostnadar

Med sikring mot tap av felleskostnader i burettslag er meint overtaking av risikoen burettslaget har for manglande dekning av felleskostnader.

§ 2. Krav til produktet

Sikring etter § 1 må oppfylle følgjande krav:
  1. Sikringa må dekkje tap knytta til den einskilde andelen for minst 24 månader rekna frå første månaden tapet oppsto.
  2. Sikringa i det einskilde rekneskapsåret skal minst svara til 15 prosent av dei årleg fastsette felleskostnadene i burettslaget for forrige rekneskapsår. Oppstår tap i det første driftsåret, skal felleskostnadene på avtaletidspunktet leggjast til grunn. Sikring som omtala i denne bokstaven skal uansett ikkje vera lågare enn tilsvarande fire gonger grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet.
  3. Eigenandel kan ikkje vere høgare enn ti prosent av sikringa etter bokstav a og b. For tap knytta til den einskilde andelen kan det likevel krevjast eigenandel svarande til 1/10 av grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet.
  4. Avtalar om sikring som ikkje er omfatta av forsikringsavtaleloven, kan tilbydaren berre seie opp skriftleg med frist på minst seks månader.

§ 3. Ikrafttredelse

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2013.