Forskrift om skredmjelt (Oxytropis campestris ssp. scotica) som prioritert art
§ 1. Skredmjelt som prioritert art
Skredmjelt (Oxytropis campestris ssp. scotica) er utpeika som prioritert art.
§ 2. Føremål
Føremålet med forskrifta er å ivareta skredmjelt i samsvar med forvaltningsmålet for artar i naturmangfaldlova § 5 første ledd.
§ 3. Forbod mot uttak, skade og øydelegging
Alle former for uttak, skade eller øydelegging av skredmjelt er forbode. Som øydelegging er medrekna tilplanting, deponering og uttak av massar, utbygging, vegbygging og andre handlingar dersom dei er eigna til å skade, tildekke eller på annan måte forringe førekomstar av arten.
§ 4. Arten sitt økologiske funksjonsområde
Som økologisk funksjonsområde for skredmjelt reknast arten sitt leveområde.I det økologiske funksjonsområdet for skredmjelt er bruk som tar omsyn til leveområda for arten tillaten. Annan bruk er ikkje tillaten. Med unntak av dei handlingane som er nemnte i tredje ledd, kan forvaltningsstyresmakta inngå avtale med grunneigar eller rettshavar om kva for handlingar som skal vere tillatne, og kva for handlingar som ikkje skal vere tillatne. Forbodet etter andre punktum gjeld ikkje for handlingar som er regulerte i avtalen.Tilplanting, deponering og uttak av massar, utbygging og vegbygging er forbode.Dersom reglane i andre eller tredje ledd fører til ei vesentleg vanskeleggjering av igangverande bruk og eit vesentleg tap, kan grunneigar krevje at området blir verna etter naturmangfaldlova kapittel V, eller at det blir gjort unntak frå prioriteringa for dei aktuelle områda etter § 8.Dersom det blir planlagt inngrep i eit økologisk funksjonsområde for skredmjelt, kan forvaltningsstyresmakta krevje at følgjene av det planlagde inngrepet for arten blir klarlagt, i samsvar med naturmangfaldlova § 24 første ledd bokstav c.Ved vedtak etter anna lovverk, skal omsynet til arten og arten sitt økologiske funksjonsområde bli ivareteke i samsvar med denne forskrifta.
§ 5. Handlingsplan
Det skal utarbeidast handlingsplan med nærare retningsliner for forvaltning, skjøtsel eller andre typar tiltak som er nødvendige for å ta vare på arten sine økologiske funksjonsområde.
§ 6. Skjøtsel
Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta har inngått avtale med, helst grunneigar, kan setje i verk tiltak i samsvar med naturmangfaldlova § 47, jf. § 24 andre ledd, for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er nødvendig for å sikre bevaring av arten.
§ 7. Forvaltningsstyresmakt
Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt etter forskrifta.Endra ved forskrift 8 okt 2021 nr. 2958 (i kraft 1 nov 2021).
§ 8. Dispensasjon
Statsforvaltaren kan, etter søknad, gjere unntak frå forboda i § 3, § 4 andre ledd andre punktum, og § 4 tredje ledd, i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 24 femte ledd. Gjeld søknaden fleire fylke, blir han handsama av Miljødirektoratet.Ved søknad om dispensasjon frå forskrifta, kan forvaltningsorganet krevje at følgjene av det planlagde tiltaket for arten blir klarlagde, i samsvar med naturmangfaldlova § 24 første ledd bokstav c.Endra ved forskrift 8 okt 2021 nr. 2958 (i kraft 1 nov 2021).
§ 9. Ikraftsetjing
Forskrifta trer i kraft straks.Frå same tidspunkt blir det gjort følgjande endring i forskrift 21. desember 2001 nr. 1525 om fredning av truete arter: I vedlegg til forskrifta blir følgjande ord sletta: «– Skredmjelt (Oxytropis campestris ssp. scotica)».