Denne forskrift gjeld skolar som søkjer om godkjenning etter privatskolelova og skolar som driv verksemd etter privatskolelova.Forskrifta skal vere med på å sikre at grunnlaget for statstilskot til den einskilde skolen er korrekt, og at skolane brukar det offentlege tilskotet og skolepengane i samsvar med privatskolelova og føresetnadene for godkjenninga.Endra ved forskrift 15 juni 2022 nr. 1024.
§ 1-2. Definisjonar
I denne forskrifta tyder
fulltidselev: ein elev som er teken inn til eit fullstendig utdanningsprogram på Vg1 eller eit fullstendig programområde på Vg2 eller Vg3
deltidselev: ein elev som er teken inn til mindre opplæring enn det som er fastsett som full tid i det aktuelle utdanningsprogrammet på Vg1 eller programområdet på Vg2 eller Vg3 etter læreplanverket.
Del 2. Søknad og oppstart
Kapittel 2. Krav til søknad
§ 2-1. Krav til budsjett ved søknad
Ein søknad om ny skole eller driftsendring etter privatskolelova skal følgjast av eit realistisk budsjett som speglar eit riktig bilete av forventa inntekts- og kostnadsnivå for den einskilde skole. Budsjettet skal berre innehalde transaksjonar som vedkjem skoledrifta. Budsjettet skal vise kostnader for det totale elevtalet skolen har søkt om, og korleis drifta skal finansierast. Budsjettet skal mellom anna vise kostnader til løn, under dette arbeidsgjevaravgift og pensjonskostnader samt kostnader til materiell, inventar, husleige og finanskostnader.I notar til budsjettet skal det gå fram korleis statstilskotet og storleiken på skolepengane er rekna ut. Budsjettet skal følgje gjeldande Norsk standard kontoplan.Dersom skolen skal drive tilleggsverksemder, jf. § 7-1, skal søknaden innehalde eigne avdelingsbudsjett. Budsjetta skal vise at tilleggsverksemdene samla er sjølvfinansiert.Dersom skolen og tilleggsverksemda har felleskostnader, skal desse fordelast i budsjettet på den einskilde avdeling.Endra ved forskrift 15 juni 2022 nr. 1024.
§ 2-2. Krav til søknad om anna tilleggsverksemd
Utdanningsdirektoratet kan etter søknad godkjenne at ein skole driv anna tilleggsverksemd enn den som er nemnd i § 7-1 bokstav a til l. Verksemda må vere nært knytt til skoleverksemda og utgjere ein mindre del av den totale verksemda. Tilleggsverksemdene må samla sett være sjølvfinansierte. Søknaden må følgjast av eit realistisk budsjett for denne drifta, jf. § 2-1.
Innskotskapitalen etter privatskolelova § 2-2 andre ledd skal ikkje brukast før skolen har fått vedtak om godkjenning. Deretter kan innskotskapitalen brukast til å dekkje oppstartskostnader, jf. § 3-2.Så lenge skolen er i drift, skal innskotskapitalen kome elevane til gode. Dersom skoledrifta blir lagt ned, skal innskotskapitalen disponerast i samsvar med § 9-2.Endra ved forskrifter 3 des 2019 nr. 1642 (i kraft 1 jan 2020), 15 juni 2022 nr. 1024.
§ 3-2. Oppstartskostnader
Oppstartskostnader er alle kostnader som er kome på før den månaden som skolen tek imot den første utbetalinga av statstilskotet. Statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd eller inntekter frå tilleggverksemd kan ikkje brukast til å dekkje oppstartskostnader, jf. likevel andre og tredje ledd.Nye privatskolar kan bruke det avrekna statstilskotet for juli månad til å dekkje oppstartskostnader som er kome på frå og med januar i det kalenderåret skolen startar opp, eller frå tidspunktet for godkjenning dersom den kjem seinare.Skolane kan bruke framtidige statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggverksemd til å dekkje enkelte oppstartskostnader til varige driftsmiddel med låg verdimink som er kome til i nær tid til skoledrifta.Tilføyd ved forskrift 3 des 2019 nr. 1642 (i kraft 1 jan 2020), endra ved forskrift 15 juni 2022 nr. 1024.
§ 3-3. Driftsløyve
Før ny skole får utbetalt tilskot etter § 4-8 og kan starte skoledrifta, må Utdanningsdirektoratet godkjenne ein søknad om driftsløyve. Fristen for å søke om driftsløyve er 15. juni det året skolen ønsker å starte opp drifta etter privatskolelova. Utdanningsdirektoratet kan fastsetje vilkår for driftsløyve.Tilføyd ved forskrift 3 des 2019 nr. 1642 (i kraft 1 jan 2020), endra ved forskrifter 25 april 2022 nr. 604, 15 juni 2022 nr. 1024.
Del 3. Skoledrifta
Kapittel 4. Berekning, rapportering og utbetaling av statstilskot
§ 4-1. Grunnlag for utrekning av statstilskot i grunnskolar
Statstilskot reknast ut på grunnlag av talet på tilskotsberettiga elevar. Elevane må ha følgt den godkjende opplæringa, jf. privatskolelova § 2-3, og dette må kunne dokumenterast.For å kunne reknast som tilskotsberettiga elev, må eleven oppfylle krava til inntak etter privatskolelova § 3-1.Skolane får utbetalt høgare tilskotssats for dei 45 første elevane.Skolar med både barne- og ungdomstrinn får utbetalt høgare tilskotssats for dei første 45 elevane ved skolen samla sett. Den høgare tilskotssatsen blir utbetalt for dei 45 første elevane på ungdomstrinnet. Dersom ein skole har færre enn 45 elevar på ungdomstrinnet, får skolen høgare tilskotssats på barnetrinnet for resterande elevar opp til 45 elevar totalt.For skoleåret 2024–2025 får skolane kompensert 4/5 av differansen mellom gammal og ny modell, og kompensasjonen vert redusert med 1/5 kvart år slik at ny tilskotsmodell vert fullt innfasa i løpet av haustsemesteret 2028. Elevtalet 1. oktober 2024 dannar grunnlaget for berekninga i overgangsordninga.Endra ved forskrifter 15 juni 2022 nr. 1024, 27 juni 2024 nr. 1362 (i kraft 1 juli 2024), 27 sep 2024 nr. 2339, 3 feb 2026 nr. 142.
§ 4-2. Grunnlag for utrekning av statstilskot i vidaregåande skolar
Statstilskot reknast ut på grunnlag av talet på tilskotsberettiga elevar. Elevane må ha følgt den godkjende opplæringa, jf. privatskolelova § 2-3, og dette må kunne dokumenterast.For å kunne reknast som tilskotsberettiga elev, må eleven oppfylle krava til inntak etter privatskolelova § 3-1.Elevar med fråvær utover 20 skoledagar per 1. oktober eller 1. april som ikkje kan dokumentere fråværet sitt etter § 4-4, skal ikkje reknast som å ha følgt opplæringa, og utløyser ikkje tilskot. Fråvær frå einskildtimar skal reknast om til heile dagar med utgangspunkt i timetalet i eleven sitt programområde. For deltidselevar skal talet på tillatne fråværsdagar reduserast prosentvis i samsvar med eleven sitt timetal.Opplæring utover minstekrava i eleven sitt programområde er ikkje å rekne som tilskotsberettiga.For vidaregåande skolar som driv særskilt tilrettelagt opplæring for elevar med dokumenterte behov skal tilskotsberettiga elevtal per 1. oktober leggjast til grunn når tilskotet skal fastsetjast, dersom elevtalet per 1. april er lågare enn det var 1. oktober.Endra ved forskrifter 15 juni 2022 nr. 1024, 17 juni 2024 nr. 1048 (i kraft 1 aug 2024).
§ 4-3. Tilskot til skolar som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov
Skolane får tilskot etter ein av følgjande satsar:
Sats for nokså ressurskrevjande elevar: Satsen blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med nedsett funksjonsevne og lærevanskar. Den nedsette funksjonsevna og lærevanskane skal vere langvarige eller permanente.
Sats for særleg ressurskrevjande elevar: Satsen blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med sterkt nedsett funksjonsevne og omfattande lærevanskar. Den nedsette funksjonsevna og lærevanskane skal vere langvarige eller permanente. Elevane som blir omfatta av denne satsen må ha eit stort behov for oppfølging for å kunne meistre opplæringssituasjonen.
§ 4-4. Unntak for dokumentert fråvær i vidaregåande opplæring
Følgjande dokumentert fråvær skal ikkje reknast som fråvær ved berekning av statstilskot etter § 4-2:
fråvær som kjem av sjukdom der omfanget av fråværet er beskrive og attestert av lege
organisert eller sjølvstendig studiearbeid, mellom anna skoleadministrative gjeremål avtala på førehand med faglærar eller dagleg leiar. Sjølvstendig studiearbeid skal dekkje fag som det er gitt opplæring i under perioden og kan ikkje vere langvarig
arbeid som tillitsvald, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte, fråvær av helse- og velferdsgrunnar og fråvær ved religiøse høgtider for elevar som er medlemar av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, avgrensa til i alt 14 skoledagar
representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå, avgrensa til i alt 10 skoledagar.
§ 4-5. Unntak for udokumentert fråvær i vidaregåande opplæring
I særlege tilfelle kan Utdanningsdirektoratet gjere unntak frå § 4-2 tredje ledd.I søknaden om unntak må skolen føre opp namnet til eleven, utdanningsprogram, prosentdel dersom eleven er deltidselev samt talet på dagar eleven ikkje har gyldig dokumentert fråvær. Skolen må òg beskrive årsaka til at fråværet ikkje er gyldig dokumentert, og kva som gjer at det ligg føre eit særleg tilfelle.
§ 4-6. Rapportering av elevtal for grunnskolane
Grunnskolar skal rapportere tilskotsberettiga elevtal per 1. oktober. Dersom skolen ikkje har undervisning denne dagen, skal skolen oppgi tilskotsberettiga elevtal siste skoledagen før 1. oktober. Rapportering av elevtalet skal gjerast elektronisk med underskrift frå dagleg leiar og stadfestast med særattestasjon frå revisor, jf. § 8-4.Elevtalsprognosen for komande skoleår skal rapporterast i april.Vesentleg avvik mellom innmeld elevtalsprognose og faktisk elevtal skal meldast til Utdanningsdirektoratets postmottak så tidleg som mogleg.
§ 4-7. Rapportering av elevtal for vidaregåande skolar
Vidaregåande skolar skal rapportere tilskotsberettiga elevtal per 1. oktober og 1. april. Dersom skolen ikkje har undervisning denne dagen, skal skolen oppgi tilskotsberettiga elevtal siste skoledagen før 1. oktober og 1. april.Rapportering av elevtalet skal gjerast elektronisk med underskrift frå dagleg leiar og stadfestast med særattestasjon frå revisor, jf. § 8-4.Det er berre vidaregåande skolar som kan ha deltidselevar. Deltidselevar må reknast om og skal rapporterast som fulltidselevar ved å setje timetalet til eleven opp mot årstimetalet på utdanningsprogrammet eller programområdet eleven er teken inn på. Omrekninga skal dokumenterast per elev og leggjast ved når skolen rapporterer det tilskotsberettiga elevtalet.Dersom ein vidaregåande skole har programområde/kurs som ikkje blir tilbodne på nokre av teljetidspunkta, fastset Utdanningsdirektoratet i det einskilde tilfellet korleis skolen skal rapportere det dokumenterte elevtalet.Elevar som har fråvær ut over § 4-2 tredje ledd, skal ikkje rapporterast som tilskotsberettiga. Dersom skulen etter teljedato kan dokumentere eleven sitt fråvær, jf. § 4-4, skal dagleg leiar melde frå til Utdanningsdirektoratet for etterbetaling av tilskot.Elevtalsprognosen for komande skoleår skal rapporterast i april.Vesentleg avvik mellom innmeld elevtalsprognose og faktisk elevtal skal meldast til Utdanningsdirektoratet så tidleg som mogleg.
§ 4-8. Utbetaling av statstilskot
Statstilskot blir utbetalt på grunnlag av innmeld prognose fram til rapportering av tilskotsberettiga elevtal ligg føre, jf. § 4-6 og § 4-7.Statstilskotet etter privatskolelova § 6-1 blir utbetalt månedleg. For haustsemesteret blir statstilskot utbetalt frå og med juli til og med desember. For vårsemesteret blir statstilskot utbetalt frå og med januar til og med juni.For nye skolar blir tilskot utbetalt etter at kravet til driftsløyve i § 3-3 er oppfylt. Dersom dette kravet ikkje er oppfylt innan 15. juni det året skolen skal starte opp, vil tilskot bli utbetalt frå og med månaden etter kravet blir oppfylt.Endra ved forskrifter 25 april 2022 nr. 604, 15 juni 2022 nr. 1024.
§ 4-9. Tilbakebetaling av statstilskot
Dersom det tilskotsberettiga elevtalet er lågare enn prognosen, skal for mykje utbetalt statstilskot betalast attende til Utdanningsdirektoratet.Ved feil utbetaling kan ein avrekne når tilskotet blir utbetalt til skolen, eller tilskotet kan krevjast betalt attende.
Kapittel 5. Skolepengar
§ 5-1. Berekning av skolepengar
Berekning av storleiken på skolepengane skal skje med utgangspunkt i gjeldande satsar for tilskot.Skolepengane til grunnskolar kan utgjere inntil 15 % per elev av høgste satsen på barnetrinn og tilsvarande på ungdomstrinn.Skolepengane til vidaregåande skolar kan utgjere inntil 15 % per elev av satsen på dei ulike utdanningsprogramma.I tillegg til dei ordinære skolepengane kan skolane ta inntil 3 400 kr per år for elevar i grunnskolen og inntil 4 500 kr per år for elevar i den vidaregåande skolen for å dekkje utgifter til husleige eller kapitalkostnader, jf. privatskolelova § 6-2 første ledd.Grunn- og vidaregåande skolar for elevar med dokumenterte behov kan ikkje ta skolepengar, med mindre skolen har søkt og fått innvilga unntak etter privatskolelova § 6-2 tredje ledd.Endra ved forskrifter 15 juni 2022 nr. 1024, 11 nov 2025 nr. 2261.
Kapittel 6. Bruk av statstilskot m.m.
§ 6-1. Bruk av skolen sine midlar
Statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggsverksemd skal nyttast til å gi opplæring i samsvar med godkjenninga etter privatskolelova og skal kome elevane til gode. Inntekter frå tilleggverksemd kan òg nyttast til ei eller fleire tilleggsverksemder. Tilleggsverksemder må samla sett være sjølvfinansierte.Statstilskott, skolepengar og inntekter frå skoleverksemda kan ikkje nyttast til å finansiere tilleggsverksemd.Statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggverksemd skal brukast det året dei blir mottekne. Dei kan likevel disponerast etter § 6-3.Skolen kan ikkje gi utbyte eller på annan måte overføre overskot frå statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggverksemd til eigarane eller deira nærståande.Statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggverksemd kan ikkje lånast ut.Endra ved forskrift 15 juni 2022 nr. 1024.
§ 6-2. Handel med nærståande
Styret skal sjå til at all handel med eigarane eller deira nærståande er gjord på marknadsmessige vilkår.Styret skal gjere vedtak om at handelen kjem elevane til gode, deriblant at dette er ein rasjonell måte å skaffe vara eller tenesta på. Styrevedtaket skal så langt som mogleg dokumenterast med prisar og andre vilkår frå uavhengige tilbydarar.Krava til styrevedtak og dokumentasjon gjeld ikkje for ubetydelege totalbeløp for ei vare eller teneste.
§ 6-3. Disponering av overskot
Dersom rekneskapen eitt år viser overskot, kan styret vedta å disponere inntil 25 % av totalt inntektsgrunnlag til skolens eigenkapital.Totalt inntektsgrunnlag er summen av alle skolen sine inntekter i rekneskapsåret. Gåver er ikkje ein del av det totale inntektsgrunnlaget og kan disponerast fritt.Overskot utover 25 % av totalt inntektsgrunnlag er å rekne som statstilskot. Desse midla skal uoppfordra betalast attende til Utdanningsdirektoratet.
Kapittel 7. Tilleggsverksemd
§ 7-1. Tilleggsverksemd
Skolen kan, i tillegg til skoleverksemd, drive følgjande tilleggsverksemd:
skolefritidsordning for elevar ved skolen og for eit mindretal som ikkje er elevar ved skolen
internat for elevar ved skolen
utleige av tenestebustader ved internatet for tilsette i skolen og utleige til andre i skoleferien
tilrettelegging i samband med godkjende samarbeidsprosjekt med utanlandske skolar
kantineverksemd som elevane eller skolen driv, og som gjeld for elevar ved skolen, samt utleige av lokale til slik verksemd
utleige av spesialrom når romma ikkje er i bruk, og utleigeverksemda ikkje er til hinder for skoleverksemda
utleige av skolelokala utanfor skoletida
praksisopplæring i samband med lærarutdanninga
lærebedrift for lærlingar i fag som er knytte til skoledrifta når dette er godkjent av fylkeskommunen
deltaking i tiltak som er initierte av det offentlege samt statlege satsingar knytte til skoleverksemd
administrasjon av skoleskyss for elevar ved skolen
tilrettelegging for privatisteksamen i utlandet.
Skolen kan òg søke om å drive anna tilleggsverksemd etter § 2-2.
Kapittel 8. Rekneskap, revisjon og dokumentasjon
§ 8-1. Krav til rekneskap
Skolen sitt rekneskap skal følgje kalenderåret. Kontoplanen skal byggje på gjeldande Norsk standard kontoplan med eigne konti for skolepengar og statstilskot.Alle transaksjonar som gjeld skoledrifta etter privatskolelova, skal førast i rekneskapen. Rekneskapen kan innehalde eigarskap, kostnader og inntekter knytte til tilleggsverksemd, jf. § 2-2 og § 7-1. Kvar tilleggsverksemd skal førast på eiga avdeling. Rekneskapen skal vise interne transaksjonar mellom avdelingane. Transaksjonane skal vere tilfredsstillande dokumenterte.Skolen skal kvart år innan ein frist fastsett av departementet, sende inn årsrekneskap, årsberetning, revisjonsberetning og opplysningar som underbyggjer rekneskapen til skolen til departementet. Årsberetninga må minst innehalde andre, femte, åttande, niande og tiande ledd i regnskapsloven § 2-2. Driv skolen tilleggsverksemd etter § 2-2 og § 7-1, skal skolen òg sende inn avdelingsrekneskap. Rapporteringa skal skje på eit standardisert skjema fastsett av departementet.Utdanningsdirektoratet kan etter søknad utsetje tidsfristen i tredje ledd.Endra ved forskrifter 9 des 2019 nr. 1705 (i kraft 1 jan 2020), 15 juni 2022 nr. 1024, 20 des 2024 nr. 3331 (i kraft 1 jan 2025).
§ 8-2. Krav til noteopplysningar i rekneskapen
I tillegg til dei krava rekneskapslova stiller til rekneskapsføringa, skal skolen i notar til årsrekneskapen gi særskilde opplysningar om:
offentlege finansieringskjelder. Spesifiseringa skal vise kven som har ytt midlane og formålet med ytinga.
skolepengesatsane. Skolar som ikkje tar skolepengar, skal spesifisere dette.
disponering av overskot. Utrekninga skal vise kor mykje skolen har disponert i forhold til totalt inntektsgrunnlag, både i kronebeløp og i prosent av inntektsgrunnlaget.
handel med eigarane til skolen eller deira nærståande. Spesifiseringa skal vise kven skolen handlar med, kva slags vare eller teneste som er kjøpt og totalbeløpa for dei ulike varene og tenestene. Skolar som ikkje har hatt handel med eigarar eller nærståande, skal spesifisere dette.
tilleggsverksemd. Driv skolen tilleggsverksemd etter § 2-2 og § 7-1, skal skolen vise korleis felleskostnadene er fordelte på avdelingane.
§ 8-3. Krav til revisor og revisjon
Revisjonen skal utførast av ein statsautorisert eller registrert revisor i samsvar med revisorlova.
§ 8-4. Særskilde fråsegner frå revisor
Revisor skal stadfeste elevtalet på skolen og samstundes kontrollere om elevtalet er gitt i samsvar med den dokumentasjonen som blir kravd etter § 4-1, § 4-2, § 4-6, § 4-7 og § 8-6. Stadfestinga av elevtalet skal gjerast ved særattestasjon og etter rutinar utarbeidde av Utdanningsdirektoratet.Revisor skal sende revisor sitt brev med påpeikingar frå rekneskapsrevisjonen til Utdanningsdirektoratet samstundes med at brevet blir sendt til skolen.Dersom revisor seier frå seg revisjonsoppdraget for ein privatskole som følgje av at revisoren har avdekt vesentlege brot på lov og forskrifter, jf. revisorloven § 7-1, skal revisor utan ugrunna opphald varsle Utdanningsdirektoratet. Det skal grunngjevast kvifor revisor seier frå seg oppdraget.Utdanningsdirektoratet kan også krevje andre stadfestingar eller opplysningar frå revisor enn dei som er nemnde i denne paragrafen.Endra ved forskrifter 11 des 2020 nr. 2746, 11 nov 2025 nr. 2261.
§ 8-5. Skolen si informasjonsplikt overfor revisor
Styret pliktar å gjere revisor kjend med privatskolelova, forskrifter gitte med heimel i lova, føresetnadene for godkjenninga og det årlege tilskotsbrevet frå Utdanningsdirektoratet.Endra ved forskrift 15 juni 2022 nr. 1024.
§ 8-6. Krav til dokumentasjon
Styret er ansvarleg for at skolen har tilstrekkeleg dokumentasjon for at privatskolelova, forskrifter heimla i lova og føresetnadene for godkjenninga er følgde.Dokumentasjon for fråvær skal registrerast i dagar og einskildtimar. For deltidselevar skal fråvær registrerast berre i timar. Frammøte og fråvær skal attesterast av faglærar eller anna ansvarleg undervisningspersonale.Dokumentasjon som blir kravd etter denne paragrafen, skal skolen ta vare på i minst ti år etter utgangen av det skoleåret det gjeld.Endra ved forskrift 15 juni 2022 nr. 1024.
Del 4. Nedlegging
Kapittel 9. Krav ved nedlegging av skoledrifta
§ 9-1. Melding om nedlegging
Dersom det blir vedteke å leggje ned skoledrifta, skal skolen omgåande og utan oppmoding gi melding til Utdanningsdirektoratet. Melding om nedlegging av skoledrifta skal innehalde kontaktinformasjon til styreleiar og styremedlemar ved skolen samt medlemar i avviklingsstyret.Skolen må sende ei oversikt over alle eigedelar og midlar som er att ved skolen samt ei utgreiing for korleis eigedelane og midlane er finansiert.Skolen må sende avviklingsrekneskap bekrefta av revisor.
§ 9-2. Tilbakebetaling ved nedlegging
Når skoledrifta blir lagd ned, står skolen fritt til å disponere eigedelar og midlar som stammar frå gåver, tilleggsverksemd og innskotskapital som ikkje er brukt på oppstartskostnader. Resterande eigedelar og midlar, etter at gjeld er trekt frå, er å rekne som statstilskot og skal utan oppmoding betalast attende til Utdanningsdirektoratet. Eigedelar skal seljast til marknadspris.Når skoledrifta blir lagd ned, kan Utdanningsdirektoratet etter søknad godkjenne at eigedelar og midlar blir overførte til ei anna skoleverksemd etter privatskolelova. Overføring kan ikkje skje til skolar som er godkjende etter privatskolelova § 6A-1.Endra ved forskrifter 25 april 2022 nr. 604, 15 juni 2022 nr. 1024.
Departementet kan ileggje skolar godkjende etter privatskolelova lovbrotsgebyr dersom skolen eller nokon som opptrer på vegner av skolen, forsettleg eller aktlaust bryt føresegner i:
Ved vurderinga av ilegging og utmåling av lovbrotsgebyr kan det også leggjast vekt på om det er oppdaga forhold i strid med andre lover og forskrifter, dersom forholdet svekkjer tilliten til skolen.Lovbrotsgebyret skal ikkje vere høgare enn tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (3 G).Tilføyd ved forskrift 18 mai 2026 nr. 831.
Denne forskrifta tek til å gjelde straks.Forskrift 19. desember 2006 nr. 1503 om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for skolar med rett til statstilskot etter friskolelova blir oppheva når denne forskrifta tek til å gjelde.Endra ved forskrift 18 mai 2026 nr. 831 (tidlegare § 10-1).