Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen

Departement
Kunnskapsdepartementet
Ikrafttredelse av siste endring
2025-12-17

Vis endringshistorikk · Abonner (Atom)

Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen

Kapittel 1. Føremål og verkeområde

§ 1-1. Føremål

(1) Studia ved Universitetet i Bergen skal:
  1. vere forskingsbaserte og legge til rette for studentaktiv læring,
  2. ha møteplassar mellom studentar og fagleg tilsette, og sørge for at studentane blir integrerte i fagmiljøa,
  3. gi opplæring i akademisk reielegheit, ytringsfridom og fagkritikk,
  4. gi den digitale kompetansen som er relevant for fagområdet og
  5. gi eit godt grunnlag for læring heile livet.
(2) Eit klårt og tilgjengeleg regelverk er viktig for at studentane skal verte kjend med dei rettar og pliktar ein har som student ved universitetet, og for å sikre lik praksis på dei ulike fakulteta.
(3) Universitetet i Bergen ønsker å legge til rette for utvikling og utprøving av lærings-, undervisings- og eksamensformer som fremjar betre læring.

§ 1-2. Verkeområde

(1) Forskrifta fastset hovudreglane for studium ved Universitetet i Bergen, innanfor rammene av universitets- og høgskulelova og sentrale forskrifter frå departementet. Utfyllande reglar er fastsette av dei einskilde fakulteta.
(2) Forskrifta gjeld for alle studium ved Universitetet i Bergen med unntak for ph.d.-utdanninga og etterutdanning.

§ 1-3. Delegering

(1) Organa som har avgjerslemyndigheit etter denne forskrifta, har høve til å delegere myndigheita vidare til underordna organ så lenge det ikkje er presisert at avgjersla må treffast av organet sjølv.
(2) Rektor kan vedta mindre viktige endringar i denne forskrifta. Slike endringar kan berre gjerast etter høyring hjå fakulteta og Studentparlamentet ved UiB. Universitetsdirektøren skal rapportere slike endringar til styret.

Kapittel 2. Organisering av studia

§ 2-1. Organisering

(1) Studia er organiserte i studieprogram og emne.
(2) Studieplanar og emneskildringar skal vere i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket som er fastset av departementet, med universitets- og høgskuleforskrifta (særleg kapitel 1) og med reglar og retningslinjer frå universitetet.

§ 2-2. Studieprogram

(1) Eit studieprogram er ei samling emne som inngår i ein heilskap med eit definert læringsutbyte. Studieprogram som ikkje er årsstudium, skal føre til ei grad.
(2) Kvart studieprogram skal ha ein studieplan som inneheld:
  1. namnet på studieprogrammet og eventuelle studieretningar,
  2. talet på studiepoeng,
  3. opptakskrav,
  4. mål og innhald,
  5. kva for kunnskap, ferdigheiter og kompetanse studentane skal tileigne seg (læringsutbyteskildring),
  6. læringsaktivitetar og undervisingsformer,
  7. kva for emne som er obligatoriske og valfrie, med emneskildringar,
  8. eventuelle minstekrav til frie studiepoeng, til dømes fagleg nivå, omfang og innhald,
  9. høve til og plassering av utveksling og
  10. eventuelle reglar om rekkefølge på emna på programmet.

§ 2-3. Emne

(1) Eit emne er den grunnleggande studieeininga.
(2) Kvart emne skal ha ei emneskildring som inneheld:
  1. namnet til emnet,
  2. talet på studiepoeng,
  3. eventuelle forkunnskapskrav,
  4. mål og innhald,
  5. kva for kunnskap, ferdigheiter og kompetanse studenten skal tileigne seg (læringsutbyteskildring),
  6. undervisingssemester, -former, -omfang og -språk, og andre læringsaktivitetar
  7. obligatorisk oppmøte og obligatoriske aktivitetar,
  8. eksamensform og -semester, og vurderingsuttrykk og
  9. andre særskilde reglar for emnet dersom dei finst, til dømes avgrensing i tilgang til undervising, hjelpemiddel og formelle krav til eksamen.
(3) Talet på studiepoeng for eit emne skal vere deleleg med fem. Dette gjeld ikkje for integrerte masterprogram eller for profesjonsstudia. Også i andre tilfelle kan det gjerast unntak dersom faglege grunnar talar for det, og verken omsynet til studentane sin valfridom eller ønske om tverrfaglege studium gjer det utilrådeleg.
(4) Eitt studiepoeng utgjer 1/60 av eit heilt studieår og inneber om lag 25–30 arbeidstimar for studentane.

Kapittel 3. Oppretting mv. av studieprogram, studieretningar og emne

§ 3-1. Oppretting, nedlegging og endring

(1) Universitetsstyret sjølv opprettar og legg ned studieprogram på over 60 studiepoeng.
(2) Fakultetet sjølv opprettar og legg ned:
  1. årsstudium,
  2. studieretningar og
  3. emne.
(3) Vesentlege endringar i studieprogram ved eit fakultet må godkjennast av universitetsstyret. Endringar som i realiteten inneber oppretting eller nedlegging av eit heilt fagområde blir alltid rekna som vesentlege.
(4) Fakultetet sjølv vedtar andre endringar i studieprogramma, studieretningane og emna.
(5) Vedtak etter andre og fjerde avsnitt som gjeld studieprogram og -retningar skal rapporterast til universitetsdirektøren.
(6) Organet som legg ned eit studieprogram, ei studieretning eller eit emne skal vedta ei overgangsordning for undervising og eksamen. Studentar på slike studieprogram skal få høve til å fullføre studiet i samsvar med overgangsordninga.
(7) Mindre endringar i eksisterande studieprogram, studieretningar og emne kan delegerast til organet som er ansvarleg for programmet (programstyret).

§ 3-2. Emnekodar

(1) Alle emne skal ha ein tresifra kode, etter følgjande system:
  1. 100-emner er begynnaremne,
  2. 200-emne er fordjupings- eller spesialiseringsemne tilpassa studentar på bachelornivå,
  3. 300-emne er fordjupings- eller spesialiseringsemne tilpassa studentar på masternivå
  4. 600-emne er vidareutdanningsemne, medan
  5. 900-emne er fordjupings- eller spesialiseringsemne tilpassa studentar på ph.d.-nivå.
(2) Firesifra kodar kan nyttast dersom det ikkje er fleire aktuelle emnekodar att. Systemet i første avsnitt gjeld for dei tre første siffera.
(3) Examen philosophicum, norskkurs og emne på odontologi-, tannpleie- og medisinstudiet kan fråvike frå første avsnitt.
(4) Emnekodane samsvarer med syklusane i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk, men slik at både 100-emne og 200-emne høyrer til første syklus (bachelornivå).

§ 3-3. Felles studieprogram og fellesgrader

(1) Eit felles studieprogram er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og ein eller fleire andre institusjonar, der alle institusjonane bidrar til programmet, men berre éin av dei tildeler graden.
(2) Ein fellesgrad er eit felles studieprogram der graden blir tildelt i fellesskap av dei deltakande institusjonane.
(3) Universitetsstyret opprettar sjølv felles studieprogram og fellesgrader. Studieprogrammet eller grada er regulert i eigen avtale.

Kapittel 4. Studierett

§ 4-2. Studierett

(1) Studentar som er tatt opp ved Universitetet i Bergen har studierett på det studieprogram eller dei emna som opptaket gjeld. Dette gir rett til:
  1. å melde seg til undervising og følge henne, få rettleiing mv., i samsvar med emneskildringa og studieplanen,
  2. å nytte andre ressursar, i samsvar med emneskildringa og studieplanen,
  3. tilgang til lokale, lesesalar mv., i samsvar med fakulteta sine reglement,
  4. individuell utdanningsplan, jf. § 4-6.
(2) Kortvarige studierettar som ikkje er knytte til eit studieprogram gir studenten rett til å undervisings- og eksamensmelde seg til utvalde emne i eitt eller to semester.

§ 4-3. Forventingane og pliktene til studenten

(1) Studenten er forventa å:
  1. oppfylle krav til akademisk reielegheit og integritet,
  2. delta i undervisinga,
  3. aktivt medverke i sin eigen studiekvardag og den akademiske fellesskapen,
  4. setje seg inn universitetet sine reglar og retningslinjer,
  5. halde seg oppdatert på kunngjeringar på program- og emnesidene på UiB sine digitale læringsplattformer, og på epostar frå universitetet og
  6. aktivt medverke i student- og universitetsdemokratiet.
(2) Studenten pliktar å:
  1. delta i eventuelt obligatorisk studiestartsmøte,
  2. semesterregistrere seg,
  3. betale eventuell studieavgift og
  4. kvart semester oppdatere og stadfeste utdanningsplanen.
(3) Fristen for andre avsnitt bokstav b og d er høvesvis 1. september og 1. februar.
(4) Brot på pliktene i andre avsnitt kan føre til tap av studieretten, sjå § 4-5.
(5) Studenten må stille med berbar datamaskin til bruk i undervising og eksamen.

§ 4-4. Semesteravgift

(2) Alle skal betale semesteravgift i dei semestera dei er eksamensmelde. Det same gjeld studentar som er tekne opp på studieprogram som er normert til 15 studiepoeng eller meir per semester, sjølv om dei ikkje er eksamensmelde.
(3) Første avsnitt gjeld ikkje:
  1. for innvekslingsstudentar som etter avtale er fritekne frå semesteravgifta,
  2. for tilsette som tar emne med nær tilknyting til stillinga, inkludert pedagogisk opplæring, eller
  3. dersom fritak frå semesteravgift går fram av emneskildringa eller anna regelverk.
(4) Fritak etter tredje avsnitt gjeld berre når det er klarert med samskipnaden.
(5) Studentar som er tekne opp til studium normert til under 15 studiepoeng per semester, kan velje om dei vil betale semesteravgift dei semestera dei ikkje er eksamensmelde.
(6) Studentar i permisjon etter § 5-2 kan velje om dei vil betale semesteravgift. Eksamensmelde studentar må betale semesteravgift sjølv om dei har permisjon.

§ 4-5. Tap av studierett

(1) Fakultetet kan trekke tilbake studieretten dersom studenten:
  1. ikkje bidrar til å fastsetje utdanningsplan i samsvar med § 4-6 (4),
  2. gir melding om at hen ønsker å avslutte studiet,
  3. får opptak til eit anna studieprogram ved UiB, og det ikkje er gode faglege grunnar til at fleire studierettar finst parallelt,
  4. ikkje består noko studiepoenggivande emne i to semester på rad,
  5. på slutten av studieåret har eit etterslep på meir enn halvparten av normert progresjon for studieprogrammet,
  6. har gjort maksimalt tal eksamensforsøk i obligatoriske emne utan bestått resultat eller
  7. har fullført studieprogrammet eller emnet som opptaket gjeld.
(2) Vedtak etter bokstavane e og f i første avsnitt skal ta omsyn til innvilga permisjonar, pausar, deltidsstudium og gyldig fråvær til eksamen eller obligatoriske aktivitetar, og vedtak om utestenging. Fakultetet kan alltid trekke tilbake studieretten for studentar som ikkje har produsert studiepoeng dei siste seks semestera, med mindre studenten har hatt permisjon i heile perioden, jf. § 5-2.
(3) For kliniske og utøvande/skapande studieprogram kan fakultetet i studieplanen og/eller utfyllande reglar fastsette at studieretten kan trekkast tilbake dersom studenten er meir enn to år forsinka samanlikna med normal progresjon.

§ 4-6. Utdanningsplan

(1) Alle som er tatt opp til eit studieprogram på 60 studiepoeng eller meir skal ha ein utdanningsplan. Andre studentar skal ha ein forenkla utdanningsplan dersom fakultetet fastset dette i utfyllande reglar.
(2) Utdanningsplanen er ein avtale mellom studenten og Universitetet i Bergen som regulerer rettar og plikter overfor kvarandre. Utdanningsplanen fastset studieløpet fram til studieprogrammet er fullført.
(3) Utdanningsplanen skal innehalde:
  1. namnet på studieprogrammet,
  2. kva for emne studenten tar sikte på å fullføre; semester, rekkefølge, orientering om framgangsmåte ved endring av utdanningsplanen og val av ikkje-obligatoriske emne,
  3. tidlegare utdanning som skal inngå i graden,
  4. eventuell planlagt utveksling,
  5. tilvisingar til regelverk som studenten skal kjenne til og følge, inkludert denne forskrifta, fakultetet sine reglar, sørviserklæringar, og studieplanen og
  6. orientering om verknaden av manglande oppfølging av utdanningsplanen, jf. § 4-5.
(4) Fakultetet skal varsle alle studentar som har eit etterslep på 30 studiepoeng eller meir om at utdanningsplanen må oppdaterast. Varselet skal sendast ut på eit fast tidspunkt kvart år. Fakultetet og studenten skal i fellesskap avgjere kva for endringar som må gjerast.

Kapittel 5. Tilpassing av studia og fråvær

§ 5-1. Søknad

(1) Fakultetet handsamar søknader om:
  1. permisjon,
  2. pause frå studia,
  3. deltidsstudium,
  4. utsett studiestart,
  5. andre endringar i studieprogresjonen jamført med utdanningsplanen,
  6. tilrettelegging av studia,
  7. gyldig fråvær og
  8. godkjenning av tidlegare utdanning og realkompetanse.
(2) Fakultetet kan vedta utfyllande reglar om deltidsstudium og utsett studiestart.
(3) Avgjersle etter første avsnitt bokstav d, og bokstav f og g som gjeld saleksamen, kan delegerast til Studieavdelinga.

§ 5-2. Permisjon

(1) Studentar har rett til permisjon:
  1. ved sjukdom som ikkje gjer det mogeleg å halde fram studia,
  2. dersom sambuar mv. eller barn er alvorleg sjuke,
  3. i høve verv i studentpolitiske organ og andre tyngande politiske verv eller
  4. når andre særskilde forhold talar for, til dømes toppidrett.
(2) Permisjon inneber at den ytre ramma for studieretten blir utvida i tid tilsvarande som permisjon, medan studieretten blir haldt ved like. Permisjonar blir innvilga for eitt eller to semester om gongen.
(3) Etter permisjonen har studenten rett til å ta opp att studia der hen slapp, så langt det gjer seg gjere. Utdanningsplanen skal oppdaterast for å ta høgde for permisjonen.
(4) Søknad om permisjon må meldast til fakultetet så snart råd, og skal dokumenterast på høveleg måte.
(5) For permisjonssøknader etter første avsnitt bokstav a til c inneber dokumentasjonsplikta fråsegn frå lege, eller anna helsepersonell som nemnd i Forskrift om unntak frå legeerklæringsvilkåret. Dokumentasjon knytt til permisjonssøknad etter bokstav b og c skal gjere greie for helsetilstanden og stadfeste at gjennomføringa av studia er umogleg eller urimeleg å vente.

§ 5-3. Pause frå studia

(1) Studentar på bachelorprogram, integrerte masterprogram og profesjonsstudia har rett til pause frå studia utan grunngiving i to semester.
(2) Retten etter første avsnitt gjeld frå semester nummer to. Pause inneber at studieretten knytt til det aktuelle studieprogrammet blir suspendert. Pause blir innvilga for eitt eller to semester om gongen og studieretten blir utvida tilsvarande i tid.
(3) Fakultetet kan i utfyllande reglar vedta at:
  1. inntil 60 studiepoeng må vere oppnådde før studenten får pause frå studia og
  2. retten til pause frå studia ikkje gjeld dei fire siste semestera på integrert masterprogram
(4) Retten til pause frå studia gjeld ikkje for studentar på studieprogram i utøvande og skapande kunst, musikk og design.
(5) Søknadsfristen for søknader etter denne føresegna er ved fristen for semesterregistrering.

§ 5-4. Tilrettelegging av undervising og eksamen

(1) Studentar med funksjonsnedsetjing eller andre særskilte behov har rett til eigna individuell tilrettelegging av lærestad, undervising, læremidlar og eksamen i samsvar med universitets- og høgskulelova § 10-5.
(2) Føremålet med tilretteleggingstiltaka er at studentane får same høve til å gjennomføre studia, og at dei blir prøvd likt. Universitetet skal gjennom dialog og rettleiing forsøke å finne eigna tiltak.
(3) Universitetet skal ikkje innvilge tilretteleggingstiltak som inneber reduksjon av faglege krav.
(4) Universitetet skal ikkje avslå eit tiltak av økonomiske eller administrative omsyn, med mindre det aktuelle tiltaket inneber ein uforholdsmessig byrde for universitetet.
(5) Ein student som krev tilrettelegging av undervising eller eksamen må søke fakultetet så tidleg som råd. Behovet skal dokumenterast på høveleg måte, og dette inneber som hovudregel fråsegn frå helsepersonell eller annan ekspertise.
(6) Studentar med langvarige funksjonsnedsetjingar eller særskilte behov treng som hovudregel ikkje legge ved dokumentasjon til kvar søknad.

§ 5-5. Gyldig fråvær

(1) Fråvær som skuldast desse forholda er gyldig:
  1. eigen sjukdom som gjer gjennomføringa av undervising eller eksamen umogleg eller urimeleg å krevje,
  2. dødsfall i nær familie eller hjå andre studenten har eit nært forhold til, for ein periode på inntil to veker frå dødsfallet,
  3. gravferd ol. til personar i nær familie eller som studenten har eit nært forhold til,
  4. lovpålagt oppmøte annan stad og
  5. andre forhold som gjer det heilt urimeleg å krevje at studenten gjennomfører.
(2) Grunnlag for gyldig fråvær må dokumenterast på eigna måte. Sjukdom ol. skal dokumenterast med erklæring frå lege, eller anna helsepersonell som nemnd i Forskrift om unntak frå legeerklæringsvilkåret. Dokumentasjonen skal gjere greie for sjukdomen, kva dagar som er vurderte, og stadfeste at gjennomføringa av undervising eller eksamen var umogleg eller urimeleg å vente.
(3) Dokumentasjon for gyldig fråvær skal leverast så snart som råd, og seinast to veker etter at den obligatoriske undervisingsaktiviteten eller eksamenen vart avslutta.

§ 5-6. Rettar ved gyldig fråvær

(1) Studentar med gyldig fråvær frå obligatorisk undervisingsaktivitet har rett til ny gjennomføring før eksamen i emnet, dersom det er praktisk mogleg og ikkje inneber ein uforholdsmessig byrde for fakultetet.
(2) Studentar med gyldig fråvær frå førre vanlege eksamen i eit emne har rett til ny eksamen (kontinuasjonseksamen). Kontinuasjonseksamen skal haldast så tidleg som råd og har som føremål at studenten kan oppretthalde studieprogresjonen trass i sjukdom mv.
(3) Kontinuasjonseksamen kan innebere utsett leveringsfrist, ny eksamensdato og andre tiltak som sikrar føremålet.
(4) Fakultetet fastset nærare reglar om kontinuasjonseksamen i utfyllande reglar og/eller emneskildringa. Fakultetet kan vedta at kontinuasjonseksamen skal skje på eit bestemt tidspunkt for einskilde studieprogram og emne, dersom omsynet til studentane sin samla progresjon talar for det. Fakultetet kan vedta at retten til kontinuasjonseksamen etter andre avsnitt ikkje gjeld for studentar som allereie har bestått resultat i emnet.
(5) Gyldig fråvær til eksamen tel ikkje som forsøk, jf. § 8-2.

§ 5-7. Prinsipp for godkjenning

(1) Studentar på studieprogram over 60 studiepoeng kan søke om godkjenning av tidlegare utdanning og av realkompetanse som del av deira studium.
(2) Grunnlaget for vurderinga av godkjenning er emneskildring eller studieplan, inkludert den kunnskapen, ferdigheiter og kompetanse studenten skal oppnå. Fakultetet kan ikkje godkjenne fleire studiepoeng enn det aktuelle emnet ved fakultetet har.
(3) Studenten som søker godkjenning må informere om kva for grader hen har frå høgare utdanning, eventuelt stadfeste at hen ikkje har nokon grad frå før.
(4) Godkjenningsvedtaket skal sikre at studenten ikkje får dobbel utteljing for den same kunnskapen, ferdigheitene og kompetansen. Ved overlapp skal talet studiepoeng reduserast tilsvarande.
(5) Fakultetet kan ikkje godkjenne fleire studiepoeng enn omfanget på utdanninga eller realkompetansen tilseier.

§ 5-8. Godkjenning av europeisk høgare utdanning

(2) Fakultetet skal godkjenne examen philosophicum frå akkreditert norsk institusjon.
(3) Studieplanen kan setje minstekrav for dei frie studiepoenga, jf. § 2-2 (2) h.
(4) Når studenten søker om godkjenning for obligatoriske emne på studieprogrammet skal fakultetet vurdere mot emneskildringar.
(5) Det humanistiske fakultetet avgjer søknad om godkjenning av examen philosophicum dersom søknadsgrunnlaget er anna enn examen philosophicum ved akkreditert norsk institusjon.

§ 5-9. Godkjenning av annan utdanning og av realkompetanse

(2) Godkjenning etter første avsnitt må knytast til ei vurdering av kunnskap, ferdigheiter og kompetanse på enkeltemne.

Kapittel 6. Undervisinga

§ 6-1. Studieåret

(1) Studieåret er på ti månader og delt inn i eit haust- og eit vårsemester.
(2) Undervising og eksamen i eit emne skal gjennomførast innanfor det semesteret det høyrer til. Fakultetet kan gjere unntak i studieplanar for studieprogram der undervisinga er organisert i bolkar.
(3) Det er undervisings- og eksamensfri
  1. frå 23. desember til 2. januar
  2. på heilagdagar.
(4) Det kan gjerast unntak frå tredje avsnitt for konsertar, utstillingar, tokt, feltarbeid, praksis og liknande, inkludert førebuingar.
(5) Heimeeksamen skal normalt ikkje gå over heilagdag. Dersom heimeeksamen går over heilagdag, skal lengda forlengast tilsvarande.
(6) Det er undervisings- og eksamensfri mellom semestera, med mindre faglege omsyn talar for det motsette. Likevel slik at desse aktivitetane kan gjennomførast mellom semestera:
  1. undervising og eksamen i samband med forkurs som kvalifiserer for studieprogram,
  2. språkkurs,
  3. feltarbeid,
  4. praksis,
  5. vidareutdanning og
  6. kontinuasjonseksamenar, jf. § 5-6 (2).
(7) Litteraturlister og timeplanar for emna skal publiserast på universitetet sine nettsider innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. Dette gjeld ikkje for tidspunkt for kontinuasjonseksamen, som blir publisert så snart som råd.

§ 6-2. Generelt om undervisinga

(1) Undervisinga ved Universitetet skal vere forskingsbasert. Ho skal vere eigna for at studentane tileignar seg det forventa læringsutbytet.
(2) Undervisinga kan avlysast i emne med for få studentar. Fakultetet skal sjå til at slik avlysing ikkje verkar inn på høvet til å fullføre studieprogrammet på normert tid.

§ 6-3. Undervisingsstad

(1) Undervisinga skal anten finne stad i universitetet sine lokale, sjukehusa og andre tilknytte institusjonar, forskingsstasjonar og forskingsfartøy, eller på universitetet sine digitale læringsplattformer.
(2) Fakultetet kan vedta unntak frå første avsnitt i anten emneskildringa eller i studieplanen dersom unntaket er fagleg grunngitt. Praksis blir gjennomført på praksisstaden; feltarbeid blir gjennomført i felt.

§ 6-4. Undervisingsspråk

Undervisinga skal som hovudregel vere på norsk. Det kan gjerast unntak av faglege grunnar som må vere i tråd med universitetet sine språkpolitiske retningslinjer. Det same gjeld når eit emne har innslag av andre undervisingsspråk enn norsk.

§ 6-5. Tilgang til undervising

(1) Undervisinga ved Universitetet i Bergen er i utgangspunktet offentleg.
(3) Høvet til å følge undervisinga i eit emne kan avgrensast heilt eller delvis til studentar som er tatt opp på eit studieprogram eller eit einskild emne, dersom det er naudsynt på grunn av undervisinga sin art, eller det er fastsett studieavgift for emnet.
(4) Fakultetet kan setje tak på talet på studentar på eit emne dersom faglege, pedagogiske eller organisatoriske grunnar tilseier det. Slike avgrensingar skal gå fram i emneskildringa. Fakultetet vedtar utfyllande reglar om rangering av studentar.
(5) Fakultetet kan vedta andre avgrensingar av tilgangen til undervising for studentar som:
  1. tidlegare har følgt undervisinga og er innanfor perioden skildra i § 6-6 (3),
  2. har bestått resultat i emnet eller
  3. allereie har fått rettleiing i emne som gjeld bachelor- eller masterprosjekt.

§ 6-6. Obligatorisk undervisingsaktivitet

(1) Obligatoriske undervisingsaktivitetar er alle dei aktivitetane som i emneskildringa er sett som vilkår for eksamen.
(2) Obligatoriske aktivitetar verkar ikkje inn på karakterfastsetjinga i emnet, men må bli godkjente for at studenten har høve til å ta eksamen, jf. § 7-3 (1).
(3) Godkjente obligatoriske aktivitetar er gyldige i tre semester, med mindre emneskildringa definerer ein annan periode. Fakultetet kan i emneskildringa fastsetje at fleire obligatoriske aktivitetar skal vurderast som ein heilskap, slik at dei alle må vere godkjente for å vere gyldige etter denne føresegna.

§ 6-7. Særskild om bachelor- og masteremne

(1) Studenten har rett til rettleiing i samband med bachelor- og masterprosjekt.
(2) Fakultetet regulerer forma og omfanget av rettleiing i samband med bachelor- og masterprosjekt i:
  1. eigen kontrakt mellom rettleiar, student og representant for fakultetet, og/eller
  2. studieplanen og emneskildringa.

Kapittel 7. Eksamen

§ 7-1. Føremål

(1) «Eksamen» er eit koplingsord til all prøving som verkar inn på karakteren i emnet, inkludert innleveringar og mappevurderingar. Namnet legg ingen føringar for pedagogisk eller fagleg innretning.
(2) Føremålet med eksamen er dels å gi studentar tilbakemelding som fremjar læring og dels å etterprøve den kunnskapen, dei ferdigheitene og den kompetansen studentane skal ha tileigna seg i løpet av emnet.

§ 7-2. Form

(1) Fakultetet fastset eksamensforma i emneskildringa. Eksamensoppgåva skal utformast med utgangspunkt i læringsutbytet i emnet.
(2) Eksamen kan vere éin del, eller vere oppbygd av fleire delar (deleksamen). I sistnemnde tilfelle skal delane vere vekta etter ein på førehand fastsett brøk.
(3) Mappevurdering er samansett av fleire arbeid. Sensuren kan gjerast på grunnlag av heile mappa eller utvalde arbeid. Emneskildringa skal fastsetje korleis eit eventuelt utval av arbeida skal gjerast.
(4) Alle eksamensarbeid kan supplerast med ein justerande munnleg, praktisk, utøvande og/eller skapande eksamen for alle eller eit utval av studentane. Justerande eksamen inneber at studenten blir prøvd etter at ein bestått førebels karakter er sett, med høve til å bli justert opp eller ned i karakter. Dersom det mellom den endelege karakteren i emnet og den førebelse karakteren i klagerunden er eit spenn på to karakterar eller meir, skal fakultetet kalle studenten inn til ny justerande munnleg eksamen.
(5) Ei mappevurdering har ikkje bestått resultat om ikkje alle arbeida er leverte. Det same gjeld for delane i ein deleksamen. Fakultetet kan vedta utfyllande reglar som gir unntak frå dette, til dømes ved gyldig fråvær knytt til ein del eller eit arbeid.

§ 7-3. Rett til eksamen

(1) Studenten har rett til eksamen i emne hen har meldt seg til, dersom hen har etterlevd pliktene i § 4-3 (2), og har fått godkjent alle obligatoriske undervisingsaktivitetar, jf. § 6-6.
(2) Fakulteta kan vedta utfyllande reglar om tvungen eksamensmelding i emne som etter utdanningsplanen skal fullførast på eit bestemt tidspunkt. Det same gjeld studentar på vidareutdanningsemne.
(3) Alle har rett til eksamen som privatist i eit emne som ikkje har obligatoriske undervisingsaktivitetar eller studieavgift, så lenge vedkomande oppfyller opptakskrava.
(4) Studentane sine rettar og pliktar i dette kapittelet gjeld tilsvarande for privatistar der dei passar. Fakulteta vedtar avgift for privatistar.

§ 7-4. Gjennomføring av eksamen

(1) Så langt reglane høver med eksamensforma pliktar studentane å:
  1. svare i samsvar med dei formelle krava til eksamenen som står i eksamensoppgåva og emneskildringa,
  2. følge eksamensreglementet til fakultetet,
  3. ikkje nytte anna enn lovlege hjelpemiddel,
  4. legitimere seg på eigna måte,
  5. levere eksamenssvaret innanfor fristen og
  6. ikkje forstyrre andre og å rette seg etter meldingar frå eksamensvaktene.
(2) Fakultetet sjølv kan vedta utfyllande reglar for gjennomføringa av eksamen («eksamensreglement»). Studentane skal informerast om eksamensreglementa, og desse skal også vere lett tilgjengelege.
(3) Studentane skal få 15 minutt til å ordne tekniske aspekt ved leveringa på alle digitale saleksamenar («teknisk tid»), til dømes opplasting av dokument.

§ 7-5. Munnleg, praktisk, utøvande eller skapande eksamen

Munnlege, praktiske, utøvande og/eller skapande eksamenar skal vere offentlege. Fakultetet kan gjere unntak av omsyn til gjennomføringa, av omsyn til personvernet til tredjepersonar, eller etter ønske frå studenten.

§ 7-6. Individuell eksamen eller gruppeeksamen

(1) Eksamen kan vere individuell eller i form av eit gruppearbeid.
(2) Ved gruppearbeid er utgangspunktet at sensuren er felles for studentane i gruppa. Fakultetet kan i emneskildringa fastsetje individuell vurdering av gruppearbeid.

§ 7-7. Språk

(1) Eksamensoppgåva skal givast på undervisingsspråket. Dersom det er fleire undervisingsspråk, skal språket til eksamensoppgåva regulerast i emneskildringa.
(2) Eksamensoppgåver på norsk skal ligge føre på både nynorsk og bokmål.
(3) Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva. Eksamenssvar som kan leverast på norsk kan også leverast på svensk eller dansk. Fakultetet kan vedta i emneskildringa at det også er høve til å svare på engelsk og/eller norsk.
(4) Fakultetet kan i emneskildringa vedta at heile eller delar av eit eksamenssvar må leverast på eit bestemt språk. Fråvik frå første og andre avsnitt krev fagleg grunngiving og må vere i tråd med universitetet sine språkpolitiske retningslinjer.
(5) Føresegna gjeld så langt ho høver for munnlege, praktiske, utøvande og/eller skapande eksamenar.

§ 7-8. Eksamen i nedlagte emne

(1) Når eit emne er lagt ned skal det om naudsynt haldast eksamen dei to påfølgande semestera for studentar utan bestått resultat.
(2) Fakultetet kan vedta andre ordningar så lenge dei er minst like gode for studentane.

§ 7-9. Fusk

(1) Studenten fuskar dersom hen på eksamen eller ein obligatorisk undervisingsaktivitet forsettleg eller grovt aktlaust bryt:
  1. reglane for gjennomføringa av aktiviteten eller eksamenen, og
  2. med akademiske forventingar.
(2) Handlingar som openbart ikkje er eigna til å gi studenten nokon fordel skal ikkje reknast som fusk.
(3) Reglane for gjennomføring, i første avsnitt, kan mellom anna vere:
  1. manglande tilvisingar
  2. fiktive tilvisingar
  3. å presentere tekst som eige arbeid, når ein ikkje sjølv har laga den
  4. ikkje tillate samarbeid, hjelparar eller hjelpemiddel (inkludert KI-verktøy),
  5. jukselappar og liknande,
  6. handlingar som verkar inn på sensor eller fagperson si sensurering eller vurdering
  7. fabrikkering eller forfalsking av data
  8. falsk oppmøteregistrering
  9. å skaffe seg tilgang til eksamensoppgåva før eksamenen startar
  10. andre brot på reglane for aktiviteten eller eksamenen.

Kapittel 8. Eksamensforsøk

§ 8-1. Talet på forsøk

(1) Studentar har tre eksamensforsøk i kvart emne. Avgrensinga gjeld sjølv om emnet har skifta namn eller emnekode, og sjølv om studenten har fått nytt opptak.
(2) Bachelorprosjekt/-oppgåve og masterprosjekt/-oppgåve utan bestått resultat kan leverast på nytt éin gong. Bachelor- og masterprosjekt med bestått resultat kan ikkje leverast på nytt.
(3) Fakultetet kan i emneskildringa eller i utfyllande regelverk vedta at det ikkje er høve til meir enn to eksamensforsøk og/eller gjennomføringar i emne som
  1. inneber praksis,
  2. inneber feltarbeid,
  3. inneber tokt eller
  4. er utøvande eller skapande.
(4) Fakultetet:
  1. kan i utfyllande reglar vedta unntak frå hovudregelen om tre forsøk for studentar som allereie har bestått resultat i emnet,
  2. kan gjere unntak frå første til tredje avsnitt i einskildtilfelle etter søknad frå studenten,
  3. skal fastsetje innleveringsfrist for ny levering av bachelorprosjekt/-oppgåve og masterprosjekt/-oppgåve utan bestått resultat etter andre avsnitt. Fristen kan ikkje vere kortare enn tre månader frå sensuren er kunngjort og ikkje lengre enn eitt år frå den opphavlege fristen og
  4. skal etter søknad tillate ny levering av bachelor- og masterprosjekt etter utestenging som følge av fusk, med mindre fusket er av ein karakter som gjer det umogleg. Fakultetet skal sjå til at fusket er retta opp. Studenten kan ikkje levere før etter utestengingsperioden er over, jf. universitets- og høgskulelova § 12-4 (3) og (4).

§ 8-2. Teljande forsøk

(1) Studenten bruker eit eksamensforsøk dersom hen:
  1. gjennomfører eksamen, uavhengig av om resultatet blir bestått,
  2. avbryt eksamen,
  3. ikkje møter til eksamen,
  4. trekker seg etter fristen eller
  5. fuskar eller forsøker å fuske
(2) Gyldig fråvær tel ikkje som eksamensforsøk, jf. § 5-6 (5).
(3) Trekkfristen til eksamen er 14 dagar. Fakultetet kan i utfyllande reglar vedta at det ikkje skal vere høve til å trekke eksamensmelding, eller ein annan frist.

§ 8-3. Avbroten eksamen

(1) Eksamen er avbroten dersom den er starta, og arbeidet ikkje vert levert innanfor fristen. Det same gjeld dersom eksamenen består av fleire delar og studenten ikkje leverer, møter opp, eller liknande på éin eller fleire av dei.
(2) Fakultetet kan i eksamensreglementet og/eller eksamensoppgåva vedta at brot på formelle krav til eksamen (ordgrenser mv.) skal reknast som ikkje levert.
(3) Eksamen startar når:
  1. oppgåva er utlevert eller ved førehandskontroll av hjelpemidlar for saleksamen,
  2. oppgåva er tilgjengeleg for studentane ved heimeeksamen eller
  3. den første oppgåva er tilgjengeleg for studentane ved mappevurdering
(4) For andre eksamensformer startar eksamen på det tidspunkt som er bestemt i emneskildringa eller i studieplanen.

§ 8-4. Kontinuasjonseksamen

(1) Når det blir haldt kontinuasjonseksamen som inneber ny eksamensoppgåve for studentar med gyldig fråvær, jf. § 5-6 (2), kan alle studentar med avbrot eller ikkje bestått resultat frå førre vanlege eksamen melde seg opp. Fakultetet kan avgrense retten til å gjelde dei utan bestått resultat i emnet, og også gi andre studentar høve til å melde seg til kontinuasjonseksamen.
(2) Første avsnitt gjeld med dei avgrensingane følger av § 7-3 og føresegnene i kapittelet her.

Kapittel 9. Sensur og vurderingsuttrykk

§ 9-1. Generelt om sensur

(1) Fakultetet skal sørge for at studentane vert vurderte på ein upartisk og fagleg trygg måte. Sensor skal vurdere eksamenssvaret ut frå dei delane av læringsutbytet som eksamensoppgåva legg opp til.
(2) Sensur inkluderer plagiatkontroll av innleverte eksamenssvar og studentarbeid. UiB kan lagre og bruke eksamenssvar og studentarbeid (eksemplarframstilling) i forbindelse med plagiatkontroll av framtidige eksamenssvar og arbeid.
(3) Studenten kan ikkje trekke tilbake eksamenssvaret etter gjennomføring.
(4) Sensuren blir kunngjort på Studentweb. Kunngjeringa skal informere om retten til å få grunngiving og til å klage, jf. universitets- og høgskulelova §§ 11-8 til 11-10, og fristane som gjeld. For eksamensformene nemnde i § 7-5 blir sensuren gitt munnleg og med ein gong.
(5) Sensuren skal vere anonym så langt det er fagleg og praktisk mogleg.
(6) Fakultetet skal sørge for at det vert laga sensorrettleiing for alle eksamenar, og at ho blir gjort kjent for studentane. Sensorrettleiinga blir utforma på det språket emneansvarleg vel.
(7) Sensor kan krevje at studentar som har levert uleselege handskrivne eksamenssvar, skal levere ein leseleg kopi. Fristen skal normalt vere to dagar.

§ 9-2. Vurderingsuttrykka

(1) Sensuren får uttrykk anten ved ugradert vurderingsuttrykk (bestått/ikkje bestått) eller gradert vurderingsuttrykk (A–F).
(2) Bestått resultat med ugradert vurderingsuttrykk vil seie at studenten har nådd læringsutbytet i emnet.
(3) Ei ugradert vurdering blir markert med «bestått» eller «ikkje bestått». På bokmål «bestått» og «ikke bestått», og engelsk «pass» og «fail».
(4) Bestått resultat etter gradert vurderingsuttrykk blir uttrykt med karakterane A til E. Ikkje bestått blir uttrykt med bokstaven F. Nemning og vurderingskriterier følger Universitets- og høgskulerådet sine kvalitative skildringar.
  1. Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor av grad av sjølvstende.
  2. Mykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.
  3. Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.
  4. Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.
  5. Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende
  6. Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

§ 9-3. Karakterfastsetjing ved eksamen som har fleire delar

(1) Ved deleksamen tar ein utgangspunkt i talverdiane A=5, B=4, C=3, D=2, E=1. For kvar delkarakterar blir talet multiplisert med teljaren i vektingsbrøken. Produkta blir så summerte og delt på nemnaren (i vektingsbrøken). Dette blir så avrunda etter vanlege reglar.
(2) Fakultetet kan i emneskildringa vedta deleksamen med poeng. Deleksamen med poeng inneber at den endelege karakteren i emnet er basert på ein total poengsum mellom 0 og 100, og kvar eksamensdel har ein på førehand definert maksimal poengsum.

§ 9-4. Gjennomsnittskarakter

Når universitetet knyt rettsverknader til gjennomsnittskarakterar tar ein utgangspunkt i talverdiane A=5, B=4, C=3, D=2, E=1. For kvar karakter blir talet multiplisert med talet på studiepoeng. Produkta blir så summerte og delt på det samla talet på studiepoeng. Emne med ugradert vurderingsuttrykk skal ikkje teljast med.

§ 9-5. Sensurfristar

(1) Vanleg sensurfrist er femten verkedagar etter eksamenen blei avslutta, i samsvar med universitets- og høgskulelova § 11-7 (4). Studenten skal få melding om forseinkingar i sensuren og om vedtak om forlenga sensurfrist.
(2) Sensurfristen for masteroppgåver er to månader frå innleveringa. Sensurfristen for hovudoppgåva i medisinstudiet (MEDOPPG) og for hovudoppgåva for psykologiprogrammet (PROPSY317) er seks veker.
(3) Fakultetet sjølv kan i mellombels forskrift vedta forlenging av sensurfristen grunna sensormangel, jf. universitets- og høgskulelova § 11-7 (4). Universitetsdirektøren kan vedta slik forlenging dersom andre særlege grunnar gjer det nødvendig, jf. same føresegn.
(4) Klagesensur skal handsamast utan ugrunna opphald. På emne med mange sensurklagar har fakultetet høve til å vente med å sende eksamenssvara til klagesensorane til klagefristen har gått ut for å sikre lik handsaming av klagane. Klage på formelle feil som kan få følger for fleire eller alle sensurklagane skal reknast som grunna opphald.

§ 9-6. Grunngiving

(2) Fristen for å be om grunngiving for sensuren er éi veke etter kunngjeringa. Studenten skal få grunngiving innan to veker frå tidspunktet hen ba om grunngiving. Fakultetet kan avgjere om grunngivinga skal vere skriftleg eller munnleg, og vedta ordningar for dette. For eksamensformene nemnde i § 7-5 må studenten be om grunngiving straks hen har fått karakteren.

§ 9-7. Klage på karakter og formelle feil

(1) Studenten kan klage på karakterfastsettinga på den vanlege sensuren, dersom arbeidet lar seg etterprøve. Ved klage skal det gjerast ny sensur («klagesensur»). Klageretten og klagesensuren er individuell, også ved gruppearbeid. Studenten kan klage på formelle feil ved alle eksamenar.
(2) Fristen for å klage på karakterfastsetjinga er tre veker frå kunngjeringa. Det same gjeld klage på formelle feil ved eksamen. Dersom studenten har bede om grunngiving for sensuren, startar klagefristen når grunngiving er gitt. Dersom studenten klagar på karakterfastsetjinga, startar fristen for å klage på formelle feil først etter at sensurklagen er ferdig handsama.
(3) Ved deleksamen gjeld klageretten først når endeleg karakter er fastsett. Fakultetet kan gjere unntak i utfyllande reglar dersom studentane sin studieprogresjon elles vil kunne hindrast.

§ 9-8. Sensorane

(1) Fakultetet utnemner sensorar.
(2) I desse tilfella krevst det minst to sensorar:
  1. eksamenar som åleine utgjer 15 studiepoeng
  2. eksamenar som ikkje lar seg etterprøve
  3. sensur av bachelorprosjekt,
  4. sensur av masterprosjekt, der minst ein av sensorane må vere ekstern og
  5. klagesensur, der minst ein av sensorane må vere ekstern.
(3) Fakultetet kan i utfyllande reglar setje eigne reglar for talet på sensorar, så lenge dei er strengare enn første avsnitt.
(4) Som ekstern sensor etter andre avsnitt reknar ein den som ikkje er tilsett i hovud- eller bistilling ved UiB på sensurtidspunktet.

§ 9-9. Særskilt om klagesensur

(1) Ved klagesensur skal klagesensorane ikkje opplysast om karakteren, grunngivinga i den vanlege sensurrunden eller studentens grunngiving for klage (blind klagesensur). Klagesensorane bør få ei revidert sensorrettleiing der den emneansvarlege gjer greie for erfaringane frå den opphavlege sensurrunden.
(2) Dersom det er fråvik på to karakterar eller meir mellom vanleg sensur og klagesensuren, skal fakultetet gjere ei ny vurdering, jf. uhl. § 11-11 (3). I denne deltek ein av dei opphavlege sensorane, ein av klagesensorane og ein tredje sensor utpeika av fakultetet. Slik ny vurdering skal ikkje vere blind.

§ 9-10. Protokoll

All sensur skal protokollførast og sensuren skal bli godkjent av alle sensorane.

Kapittel 10. Grader

§ 10-1. Tildeling

(2) Grada er oppnådd når studenten oppfyller krava i den aktuelle studieplanen. Universitetet i Bergen tildeler ikkje grad dersom færre enn 60 studiepoeng av grunnlaget er avlagt her. For fellesgrader kan kravet vere lågare.

§ 10-2. Gjenbruk av studiepoeng i ny grad

(1) Dersom delar av grunnlaget for ei grad allereie inngår i tildelt grad, krevst det:
  1. for bachelorgrader minst 90 nye studiepoeng med ny spesialisering,
  2. for integrerte mastergrader minst 120 nye studiepoeng, inkludert eit nytt masterprosjekt og
  3. for andre mastergrader minst nye 60 studiepoeng, inkludert eit nytt masterprosjekt.
(2) Juridisk fakultet kan gjere unntak frå kravet om nytt masterprosjekt når studenten søker om godkjenning av femte studieår på masterprogrammet i rettsvitskap på grunnlag av ein LLM-grad (Master of Laws) som inneheld eit skriftleg arbeid som fyller dei krav som gjeld for eit masterprosjekt i rettsvitskap.

§ 10-3. Samansetjing av bachelorgrad

(1) Bachelorgrada blir tildelt på grunnlag av samansetjing vedteken i samsvar med §§ 2-2 og 3-1. Ho skal ha 180 studiepoeng og inkludere:
  1. examen philosophicum, 10 studiepoeng og
  2. spesialisering, minst 90 studiepoeng, som normalt inkluderer eit sjølvstendig arbeid på minst 10 studiepoeng. Kravet om sjølvstende er ikkje til hinder for at fakultetet kan fastsetje i emneskildringa at to eller fleire studentar kan eller skal samarbeide om eit bachelorprosjekt.
(2) Bachelorgrader i utøvande og skapande kunst, musikk og design er på 180 eller 240 studiepoeng. Dei blir tildelte på grunnlag av samansetjing vedteken i samsvar med §§ 2-2 og 3-1.

§ 10-4. Samansetjing av mastergrad

(2) Graden master kan berre tildelast studentar som har fullført eit masterprosjekt.
(3) Masterprosjektet skal vere eit sjølvstendig vitskapleg eller kunstnarisk arbeid på mellom 30 og 60 studiepoeng, utarbeidd under rettleiing. Fakultetet kan i emneskildringa vedta at to eller fleire studentar kan samarbeide om masterprosjektet.
(5) Masterprosjektet er i utgangspunktet offentleg og ope for innsyn, med dei avgrensingar som følger av teieplikta (forvaltingslova § 13 med vidare), forskingsetiske omsyn og vedtak om klausulering. Fakultetet vedtar i første rekke om eit masterprosjekt er underlagt teieplikt, og etter grunngiven søknad om eit prosjekt skal underleggast tidsavgrensa klausulering på maksimalt fem år. Universitetet i Bergen skal ikkje inngå avtalar om hemmeleghald som avgrensar studentens rett til sensur.

§ 10-5. Gradene cand.med. og cand.psychol.

(1) Det medisinske fakultet tildeler graden candidata/candidatus medicinae (cand.med.) på grunnlag av studium normert tid seks år og med omfang på 360 studiepoeng.
(2) Det psykologiske fakultet tildeler graden candidata/candidatus psychologiae (cand.psychol.) på grunnlag av studieprogram med normert tid seks år og med omfang på 360 studiepoeng.
(3) Gradene etter denne føresegna skal inkludere examen philosophicum.

Kapittel 11. Gradsnamn

§ 11-1. Tillegg i namn for bachelorgrader

(1) Bachelorgrader får normalt namnet «Bachelor i [studieprogram]», engelsk «Bachelor of [programme name]».
(2) Bachelorgrader oppnådde på det matematisk-naturvitskaplege fakultetet får normalt namnet «Bachelor i naturvitskap», engelsk «Bachelor of Science».
(3) Tillegg i namnet til fellesgrader skal gå fram i studieplanen.

§ 11-2. Tillegg i namn for mastergrader

(1) Mastergrader får normalt namnet «Master i [studieprogram]»
(2) Mastergrader normert til to år på det medisinske fakultetet får namnet «Master i [fagområde – namn på fag]», engelsk «Master of Science in [discipline – subject]».
(3) Mastergrader på grunnlag av integrert lektorutdanning får namnet «Master i [fag] med lektorkompetanse» engelsk:
«Master of Philosophy and Education. [Subject]», dersom det faglege tyngdepunktet er kultur- og samfunnsfag.
«Master of Science and Education. [Subject]», dersom det faglege tyngdepunktet er matematisk-naturvitskapleg.
(4) Mastergrader med matematisk-naturvitskapleg eller teknisk fagleg tyngdepunkt får normalt det engelske namnet «Master of Science in [programme name]».
(5) Fakultetet kan i studieplanen vedta at sivilingeniørutdanningar har tillegget «sivilingeniør», og også om eventuelle studieretningar skal gå fram i namnet.
(6) Mastergrader med fagleg tyngdepunkt i kultur- og samfunnsfag får normalt det engelske namnet «Master of Philosophy in [programme name].»
(7) LLM-grad ved det juridiske fakultet har namnet «Master of laws (LLM) in [programme name]».
(8) Følgande grader har særskilde engelsk namn:
  1. Master i rettsvitskap: «Master in Law»,
  2. Master i farmasi: «Master of Pharmacy»,
  3. Master i odontologi: «Master of Dentistry»,
  4. Mastergrader frå fakultet for kunst, musikk og design: «Master of/in [programme name]», alternativt «MA Fine Arts» eller «MA Design», dersom slikt namn er vedtatt i studieplanen og
  5. Erfaringsbaserte mastergrader: «Master of Arts in [programme name]»
(9) Fakultetet avgjer i studieplanen om engelskspråklege studieprogram berre skal ha engelsk namn.
(10) Namn på fellesgrader inkludert omsetjingar, skal gå fram av eige vedtak.

Kapittel 12. Vitnemål mv.

§ 12-1. Vitnemål

(1) Fakultetet sjølv lagar vitnemålet når grada er oppnådd, det vil seie når krava i studieplanen er oppfylte og karakterane er endelege.
(2) Vitnemålet blir gjort tilgjengeleg for studenten digitalt. Studenten kan éin gong få vitnemål på papir, når det er naudsynt for arbeid eller vidare studium.
(3) Vitnemålet skal utformast på nynorsk eller bokmål, eller på engelsk for engelskspråklege studieprogram.

§ 12-2. Utforminga av vitnemålet

(1) Vitnemålet skal innehalde:
  1. personalia,
  2. generell informasjon om studieprogrammet: Læringsutbyteskildring, innhald, organisering og målsetjing,
  3. namna, emnekodane, talet på studiepoeng, karakter og karakterfordeling, og når bestått resultat vart oppnådd for alle emne frå UiB som er grunnlag for grada,
  4. eventuelle delar som er godkjende i samsvar med § 5-7 til § 5-9,
  5. skildring av karaktersystemet og
  6. Diploma Supplement, i tråd med retningslinjer frå NOKUT
(2) Vitnemålet skal elles utformast i tråd med Universitetsstyret sine retningslinjer.

§ 12-3. Karakterutskrift

(1) Alle som har oppnådd bestått resultat i eit emne ved universitetet, kan be om karakterutskrift på nynorsk, bokmål eller engelsk.
(2) Karakterutskrifta skal innehalde anten alle emne personen har bestått resultat for ved universitetet, eller alle emne i eit einskild studieprogram.
(3) Karakterutskrifta skal innehalde:
  1. personalia,
  2. namna, emnekodane, talet på studiepoeng, karakter og karakterfordeling, og tidspunktet det bestått resultatet vart oppnådd og
  3. ei skildring av karaktersystemet
(4) Karakterutskrifta blir gjort tilgjengeleg digitalt. Personar med dokumentert behov for karakterutskrift på papir skal få det.

§ 12-4. Autorisasjon av helsepersonell

Universitetet gir melding til Helsedirektoratet om oppnådde grader innanfor aktuelle helse- og sosialfag.

Kapittel 13. Overgangsregel og ikraftsetjing

Refereres av

1 dokument(er) refererer hit.