Endringer
Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta)
22 endring(er) på ledd-nivå.
-
Endret kapittel-1-kapittel-1-paragraf-9-ledd-2-punkt-2-ledd-1
Før:
minst eitt av faga fordjuping i engelsk, fordjuping i norsk, fordjuping i samisk eller fordjuping i matematikk.Etter: arbeidslivsfag.
-
Endret kapittel-1-kapittel-2-paragraf-2-ledd-1
Før:
Kommunen skal gi tolv timar gratis skolefritidsordning per veke for elevar på 1. til 3. trinn som har plass i ordninga. Kommunen kan ikkje rekne om dei tolv timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke.Etter: I organiseringa av retten til gratis skolefritidsordning etter opplæringslova § 4-5 andre ledd, kan kommunen ikkje rekne om dei tolv timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke.
-
Endret kapittel-1-kapittel-2-paragraf-2-ledd-2
Før:
Kravet i første ledd gjeld også dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i skoleferiane.Etter: Retten til gratis skolefritidsordning etter opplæringslova § 4-5 andre ledd gjeld også dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i skoleferiane.
-
Endret kapittel-2-kapittel-1-kapittel-1-paragraf-2-ledd-1
Før:
Søkjarar skal takast inn til eit fullstendig utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller eit fullstendig programområde på vidaregåande trinn 2 eller vidaregåande trinn 3. Dette gjeld også søkjarar som gjer omval, som forserer fag, eller som planlegg å bruke lengre enn normert tid på trinnet, jf. § 5-1 tredje ledd.Etter: Søkjarar skal takast inn til eit fullstendig utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller eit fullstendig programområde på vidaregåande trinn 2 eller vidaregåande trinn 3. Dette gjeld også søkjarar som gjer omval, som forserer fag, eller som planlegg å bruke lengre enn normert tid på trinnet, jf. § 5-1 tredje ledd. Dei som gjer omval og dei som forserer fag, har rett til opplæring også i dei faga som allereie er bestått.
-
Endret kapittel-2-kapittel-1-kapittel-2-paragraf-3-ledd-6
Før:
Fylkeskommunen har plikt til å ha inntak til vidaregåande trinn 1, trinn 2 og trinn 3 for søkjarar som etter søknadsfristane blir plasserte i fosterheim eller barnevernsinstitusjon med heimel i barnevernsloven. Fylkeskommunen har i slike tilfelle også plikt til å ha inntak for søkjarar etter at skoleåret har starta, når dette er forsvarleg. Plikta til inntak etter dette leddet gjeld så langt fylkeskommunen tilbyr det aktuelle utdanningsprogrammet eller programområdet og har kapasitet på det. Søkjarar kan takast inn til eit anna utdanningsprogram eller programområde etter ei konkret vurdering.Etter: Fylkeskommunen har plikt til å ha inntak til vidaregåande trinn 1, trinn 2 og trinn 3 for søkjarar som etter søknadsfristane flyttar til eller frå eit tiltak utanfor heimen med heimel i barnevernsloven. Det same gjeld dei som kjem tilbake til Noreg etter ufrivillig utanlandsopphald. Fylkeskommunen har i tilfelle som nemnt i første og andre punktum også plikt til å ha inntak for søkjarar etter at skoleåret har starta, når dette er forsvarleg. Plikta til inntak etter dette leddet gjeld så langt fylkeskommunen tilbyr det aktuelle utdanningsprogrammet eller programområdet og har kapasitet på det. Søkjarar kan takast inn til eit anna utdanningsprogram eller programområde etter ei konkret vurdering.
-
Endret kapittel-3-kapittel-1-kapittel-1-paragraf-9-ledd-5
Før:
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at fråvær blir dokumentert kvart halvår.Etter: Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at fråvær blir dokumentert kvart halvår. Dersom eleven er hos skolehelsetenesta, skal det ikkje bli rekna som fråvær frå opplæringa etter kapittel 9 i denne forskrifta.
-
Endret kapittel-3-kapittel-1-kapittel-7-paragraf-1-ledd-2-punkt-2-ledd-1
Før:
dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23Etter: dei som er fritatt frå opplæring i kroppsøving etter § 5-10
-
Endret kapittel-3-kapittel-1-kapittel-7-paragraf-1-ledd-2-punkt-3-ledd-1
Før:
dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-48Etter: dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23
-
Endret kapittel-3-kapittel-1-kapittel-7-paragraf-1-ledd-2-punkt-4-ledd-1
Før:
dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 eller § 9-40.Etter: dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-49
-
Lagt til kapittel-3-kapittel-1-kapittel-7-paragraf-1-ledd-2-punkt-5-ledd-1
Etter: dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 eller § 9-40.
-
Endret kapittel-3-kapittel-1-kapittel-7-paragraf-3-ledd-2-punkt-2-ledd-1
Før:
dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23Etter: dei som er fritatt frå opplæring i kroppsøving etter § 5-10
-
Endret kapittel-3-kapittel-1-kapittel-7-paragraf-3-ledd-2-punkt-3-ledd-1
Før:
dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-50Etter: dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23
-
Endret kapittel-3-kapittel-1-kapittel-7-paragraf-3-ledd-2-punkt-4-ledd-1
Før:
dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 og § 9-40Etter: dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-49
-
Endret kapittel-3-kapittel-1-kapittel-7-paragraf-3-ledd-2-punkt-5-ledd-1
Før:
dei som har bestått språkfag i svensk eller dansk som kan sidestillast med kravet til norsk.Etter: dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 og § 9-40
-
Lagt til kapittel-3-kapittel-1-kapittel-7-paragraf-3-ledd-2-punkt-6-ledd-1
Etter: dei som har bestått språkfag i svensk eller dansk som kan sidestillast med kravet til norsk.
-
Endret kapittel-3-kapittel-1-kapittel-7-paragraf-7-ledd-4
Før:
Når ein elev har fått sluttvurdering med bestått karakter i eit fag, skal karakteren følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan då ikkje bli elev i faget på nytt. Ein elev som har brukt retten til å gjere omval, jf. opplæringslova § 5-5, eller som har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på 8. til 10. trinn, jf. § 1-12, kan velje mellom å få faget godkjent etter § 5-11 eller å ta faget på nytt som elev. Det er den siste beståtte karakteren som skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.Etter: Når ein elev har fått sluttvurdering med bestått karakter i eit fag, skal karakteren følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan då ikkje bli elev i faget på nytt. For elevar som i samband med omval eller forsering har brukt retten til å ta fag på nytt som elev, jf. § 4-2, er det den siste beståtte karakteren som skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.
-
Endret kapittel-3-kapittel-1-kapittel-8-paragraf-12-ledd-3
Før:
Dersom kandidaten får godkjent forlenging av lærekontrakt eller ny lærekontrakt i lærefaget, eller får tilbod om meir opplæring i lærefaget av fylkeskommunen, gjeld ikkje avgrensinga om berre ei ny prøve etter første ledd.Etter: Dersom kandidaten får godkjent forlenging av lærekontrakt eller ny lærekontrakt i lærefaget, eller får tilbod om meir opplæring i lærefaget av fylkeskommunen, gjeld ikkje avgrensinga om berre ei ny prøve etter første ledd. Den gjeld heller ikkje der ein lærekandidat eller praksisbrevkandidat får godkjent forlenga eller ny opplæringskontrakt.
-
Endret kapittel-4-kapittel-1-paragraf-6-ledd-2
Før:
Reglane i § 7-2, § 7-7 og § 7-8 gjeld ved formidling av vaksne til læreplass.Etter: Reglane i § 6-3, § 6-4 og § 7-2 gjeld ved formidling av vaksne til læreplass.
-
Endret kapittel-4-kapittel-3-kapittel-1-paragraf-5-ledd-2
Før:
Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for at realkompetansevurderinga blir gjennomført på forsvarleg grunnlag og så snart som mogleg. Kommunen og fylkeskommunen kan velje å gjennomføre vurderinga på andre språk enn norsk og samisk.Etter: Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for at realkompetansevurderinga blir gjennomført på forsvarleg grunnlag og så snart som mogleg. Kommunen og fylkeskommunen kan velje å gjennomføre vurderinga på andre språk enn norsk, samisk eller norsk teiknspråk.
-
Endret §23-9
Før:
§ 23-9. Overgangsregel for forskrift om hovudmål på kvar skoleEtter: § 23-9. (Oppheva)
-
Lagt til kapittel-6-kapittel-1-paragraf-10-ledd-1
Etter: I staden for arbeidslivsfag kan kommunen fram til 1. august 2027 velje å tilby minst eitt av faga fordjuping i engelsk, fordjuping i norsk, fordjuping i samisk eller fordjuping i matematikk.
-
Fjernet kapittel-6-kapittel-1-paragraf-9-ledd-1
Før:
Fylkeskommunen treng ikkje oppfylle kravet i opplæringslova § 15-2 første ledd om å gi forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmålet på kvar skole, før 1. august 2026.