Opplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet, jf. opplæringslova § 2-3 første ledd. Læreplanverket består av Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa, læreplanane i fag og fag- og timefordelinga.
§ 1-2. Opplæring i og på samisk
Elevar som bruker retten til opplæring i og på samisk etter opplæringslova § 3-2 andre og tredje ledd, skal ha opplæring etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet – samisk.Elevar som bruker retten til opplæring i faget samisk etter opplæringslova § 3-2 første ledd, skal ha opplæring i dette faget etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet – samisk. Dei skal ha opplæring etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet i dei andre faga.
§ 1-3. Opplæring i og på norsk teiknspråk
Elevar som har rett til opplæring i og på norsk teiknspråk etter opplæringslova § 3-4, kan i faga norsk teiknspråk, norsk, engelsk og musikk få opplæring etter læreplanane i norsk teiknspråk, norsk for elevar med teiknspråk, engelsk for elevar med teiknspråk og drama og rytmikk for elevar med teiknspråk med utvida timetal. Elevane kan velje om dei vil ha opplæring etter alle dei fire læreplanane, eller om dei berre vil ha opplæring etter læreplanen i norsk teiknspråk.
§ 1-4. Opplæring i punktskrift m.m.
Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte med rett til opplæring i punktskrift etter opplæringslova § 3-5, opplæring i tekniske hjelpemiddel etter § 11-5 første ledd eller nødvendig opplæring i mobilitet etter § 11-5 andre ledd, har rett til opp til 1525 timar i tillegg til den ordinære timeramma i fag- og timefordelinga.
§ 1-5. Forsterka opplæring i norsk
Elevar som har rett til forsterka opplæring i norsk etter opplæringslova § 3-6, skal få opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller tilpassing innanfor den ordinære læreplanen i norsk.
§ 1-6. Tid til eksamen og eksamensførebuing
Tid som går med til eksamen og eksamensførebuing, skal reknast som opplæringstid. Elevar som ikkje blir trekte ut til eksamen, skal ha ordinær opplæring.
§ 1-7. Fysisk aktivitet på 5. til 7. trinn
Elevar på 5. til 7. trinn skal ha jamleg fysisk aktivitet i tillegg til kroppsøvingsfaget.Den fysiske aktiviteten skal leggjast til rette slik at alle elevar utan omsyn til funksjonsnivå kan oppleve glede, meistring, fellesskap og variasjon på skolen.Reglane om individuell vurdering i fag i kapittel 9 og reglane om krav til kompetanse for tilsetjing og undervisning i kapittel 12 gjeld ikkje ved fysisk aktivitet.
§ 1-8. Valfag på 8. til 10. trinn
Kommunen avgjer kva for valfag elevane på 8. til 10. trinn skal få tilbod om. Kommunen må likevel tilby opplæring i minst to valfag på kvart trinn ved kvar skole.
§ 1-9. Opplæring i framandspråk, fordjuping, eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
Elevar på 8. til 10. trinn skal i tillegg til opplæringa i engelsk ha opplæring i eit framandspråk, fordjuping i engelsk, norsk, samisk eller matematikk, eller opplæring i arbeidslivsfag.Kommunen må ved kvar skole tilby opplæring i
minst eitt av språka tysk, fransk, spansk eller russisk etter læreplanen i framandspråk på nivå I
minst eitt av faga fordjuping i engelsk, fordjuping i norsk, fordjuping i samisk eller fordjuping i matematikk.
Elevane skal ha det faget dei har valt, frå 8. til 10. trinn. Dei kan likevel byte fag det første halvåret i samråd med skolen. Kommunen kan godkjenne fagbyte på eit seinare tidspunkt dersom særlege grunnar taler for det.Elevane kan ikkje krevje å halde fram med det same faget dersom dei byter skole.Vert endra ved forskrift 18 feb 2026 nr. 235 (i kraft 1 aug 2026).
§ 1-10. Fritak frå opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
Elevar som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk etter opplæringslova § 3-2, opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk etter opplæringslova § 3-3, opplæring i norsk teiknspråk etter opplæringslova § 3-4 eller særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-6, er fritatt frå opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn. Dei skal likevel få slik opplæring dersom dei ønskjer det.Elevar som ikkje deltar i opplæringa i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag, skal få forsterka opplæring i engelsk, norsk, samisk, kvensk, finsk, norsk teiknspråk eller eit anna språk som dei allereie har eit grunnlag i.
§ 1-11. Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka
Elevar er fritatt frå skriveopplæring i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei i tillegg til å få opplæring etter ordinær læreplan i norsk oppfyller minst eitt av desse vilkåra:
Dei får opplæring i samisk som første- eller andrespråk etter opplæringslova § 3-2.
Dei får opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk etter opplæringslova § 3-3.
Dei skal likevel få skriveopplæring i sidemålet sitt dersom dei ønskjer det.
§ 1-12. Forsering av fag
Kommunen kan innvilge forsering på 8. til 10. trinn for elevar som har tilstrekkeleg kompetanse, slik at dei får opplæring i fellesfag eller programfag på vidaregåande nivå. Elevar kan berre ta programfag på vidaregåande nivå dersom faget byggjer på fag på 8. til 10. trinn.Elevar som forserer fag, kan ta i bruk timane til valfag og opp til 60 prosent av timane i faget utdanningsval til denne opplæringa.
Kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp på minst åtte timar kvar veke. Kommunen fordeler timane fritt på alle trinna i grunnskolen.
§ 2-2. Gratis skolefritidsordning for elevar på 1. til 3. trinn
Kommunen skal gi tolv timar gratis skolefritidsordning per veke for elevar på 1. til 3. trinn som har plass i ordninga. Kommunen kan ikkje rekne om dei tolv timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke.Kravet i første ledd gjeld også dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i skoleferiane.Kommunen skal gi foreldra tilbod om å fordele dei tolv timane på alle dagane kommunen til vanleg har eit tilbod om skolefritidsordning, så langt det er praktisk mogleg. Dette gjeld ikkje ved tilbod om skolefritidsordning i skoleferiane.Kommunen kan krevje betaling for kost.Vert endra ved forskrift 20 mars 2026 nr. 443 (i kraft 1 aug 2026).
§ 2-3. Gratis skolefritidsordning for elevar med særlege behov på 5. til 7. trinn
Kommunen skal gi tilbod om gratis skolefritidsordning for elevar med særlege behov på 5. til 7. trinn.Kommunen kan krevje betaling for kost.
§ 2-4. Redusert foreldrebetaling for skolefritidsordninga på grunn av låg inntekt
Kommunen skal etter søknad redusere foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1. til 4. trinn slik at ho per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:
Foreldrebetalinga per elev for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året.
Ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år gjer at foreldrebetalinga per elev for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.
Med hushald meiner ein i dette kapittelet einslege foreldre, ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene eller har felles barn. Dersom søkjaren har sambuar utan felles barn, må søkjaren opplyse kommunen om dette.Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn.Kommunen kan krevje betaling for kost.
§ 2-5. Behandling av søknader om redusert foreldrebetaling for skolefritidsordninga
Kommunen kan, utan hinder av teieplikta, innhente grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene for å dokumentere inntektene til hushaldet det siste året, jf. skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a. Kommunen kan innhente slike opplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile den tida søknaden gjeld for.Dersom skattestyresmaktene ikkje kan utlevere grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet og kommunen av den grunn ikkje klarer å gjere vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjaren om å levere skattemeldinga for det siste året og opplysningar om eventuelle skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje er førehandsutfylte.Dersom søknaden kjem inn før 1. august, gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Dersom søknaden kjem inn etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skoleåret.Kommunen kan gjere vedtak om å redusere foreldrebetalinga ved automatisert saksbehandling. Avgjerda kan ikkje bygge på skjønnsmessige vilkår, med mindre avgjerda er utvilsam.
Kapittel 3. Rådgivande røysting om skifte av hovudmål i grunnskolen og saksbehandling ved godkjenning av privat grunnskole
Dei står innførte i folkeregisteret som busette i kommunen den 30. dagen før røystemøtet.
Røysterett har også foreldre til
barn på 1. til 7. trinn ved skolen
barn som er tildelte skoleplass på 1. til 7. trinn ved skolen.
Kravet om å komme med som røystefør forelder må vere levert til eller fremja for kommunen seinast tre veker etter at røystinga er kunngjort første gong.
§ 3-2. Organisering av røystinga om skifte av hovudmål
Kommunen skal fastsetje tid og stad for røystinga og sørgje for å kalle inn dei røysteføre med minst fire vekers frist. Innkallinga skal ha med opplysningar om
kva røystinga gjeld
kven som har røysterett
når og kvar røystinga skal haldast
når og kvar førehandsrøystinga skal haldast.
Røystinga skal vere skriftleg.Dei som har rett til å røyste, men ikkje kan vere til stades ved røystinga, har rett til å røyste på førehand.
§ 3-3. Saksbehandlingsfrist ved søknad om godkjenning av privat grunnskole
§ 4-1. Kven som har rett til vidaregåande opplæring
Dei som har vitnemål for fullført norsk grunnskole eller dokumentasjon på tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1 første ledd. Kravet om tilsvarande opplæring er oppfylt for
dei som har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet i minst ni år
dei som har realkompetanse tilsvarande fullført førebuande opplæring for vaksne etter opplæringslova § 18-2 og denne forskrifta § 15-26
dei som har fullført grunnskolen gjennom privat grunnskoleopplæring i heimen, jf. opplæringslova § 22-5.
Dei som har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet, må sjølve dokumentere eller sannsynleggjere at dei oppfyller vilkåra etter bokstav b. Dersom fylkeskommunen finn at ein søkjar ikkje oppfyller vilkåra etter bokstav b, må det avklarast om søkjaren oppfyller vilkåra etter bokstav c. Dersom det er kommunen som skal avklare dette etter tredje ledd, skal fylkeskommunen sende saka til kommunen.Kommunen avgjer om ein søkjar har realkompetanse tilsvarande fullført førebuande opplæring etter bokstav c eller treng meir førebuande opplæring. Når fylkeskommunen har ansvar for førebuande opplæring, har fylkeskommunen tilsvarande ansvar for å gjennomføre realkompetansevurdering.
§ 4-2. Inntak til utdanningsprogram og programområde
Søkjarar skal takast inn til eit fullstendig utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller eit fullstendig programområde på vidaregåande trinn 2 eller vidaregåande trinn 3. Dette gjeld også søkjarar som gjer omval, som forserer fag, eller som planlegg å bruke lengre enn normert tid på trinnet, jf. § 5-1 tredje ledd.Ein elev kan søkje fylkeskommunen om å ikkje delta i opplæringa i eit eller fleire fag for å ta eksamen som privatist. Fylkeskommunen kan innvilge søknaden om det ligg føre tungtvegande grunnar.
§ 4-3. Meir opplæring for elevar i fag som er gjennomført, men ikkje bestått
Elevar som ikkje har bestått eit fag og har rett til meir opplæring i faget etter § 5-2, må melde frå til fylkeskommunen dersom dei ønskjer meir opplæring i faget.Fylkeskommunen skal fastsetje ein frist for når ein må melde seg til meir opplæring. Fristen må vere minst ei veke etter det siste av tidspunkta for fastsetjing av standpunktkarakter og sensur av ordinær eksamen i faget.Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
§ 4-4. Plassar til utvekslingselevar
Fylkeskommunen skal reservere tilstrekkeleg mange plassar for utvekslingselevar som vil ta vidaregåande opplæring i Noreg. Fylkeskommunen kan også reservere plassar for norske elevar som er utvekslingselevar på nivå med norsk vidaregåande opplæring i land med avvikande skoleår.
§ 4-5. Lokal forskrift om inntak
Fylkeskommunen skal fastsetje ei lokal forskrift om inntak som skal innehalde reglar om korleis inntaket skal gjennomførast, mellom anna reglar om
kva for inntaksområde som gjeld
korleis fylkeskommunen skal behandle søknader som kjem inn etter søknadsfristane
særskilde inntakskrav for einskilde utdanningsprogram i tråd med § 4-6
korleis inntak til opplæring i fylkeskommunale vidaregåande skolar, som er statleg finansierte og godkjende av departementet (landslinjer) skal gjennomførast
korleis inntak til dei statlege vidaregåande skolane skal gjennomførast.
Den lokale forskrifta kan innehalde utfyllande reglar om inntak av søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1, og som ikkje bur i fylket.
§ 4-6. Inntak til einskilde utdanningsprogram
Fylkeskommunen kan fastsetje at opp til 50 prosent av plassane på vidaregåande trinn 1 på utdanningsprogramma musikk, dans og drama og idrettsfag skal tildelast på grunnlag av dokumentasjon av ferdigheit eller eventuell inntaksprøve, i tillegg til poeng. Det same gjeld ved inntak til utdanningsprogram som er særskilt tilrettelagt for å gjennomførast i kombinasjon med toppidrett.Fylkeskommunen kan fastsetje at inntak til yrkesfaglege utdanningsløp som fører fram til både yrkeskompetanse og studiekompetanse, og til utdanningsløp som fører fram til praksisbrevprøve, skal fordelast etter poeng og intervju.Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
II. Søknadsfrist og behandling av søknader
§ 4-7. Krav til søknader om inntak
Søkjarar til vidaregåande opplæring må bruke det søknadsskjemaet som er fastsett av fylkeskommunen.Søkjarar til vidaregåande trinn 1 må føre opp tre alternative utdanningsprogram. Alle søkjarar til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3 må føre opp eitt eller fleire programområde som byggjer på eit utdanningsprogram eller programområde dei har gjennomført.Søkjarar som har rett til opplæring i og på norsk teiknspråk etter opplæringslova § 6-3, må i søknaden opplyse om dei prioriterer inntak til ordinær vidaregåande skole med opplæring ved hjelp av teiknspråktolk eller inntak til vidaregåande skole som har opplæring i og på norsk teiknspråk. Søkjarar som ønskjer opplæring på vidaregåande skole som har opplæring i og på teiknspråk, kan ikkje føre opp andre utdanningsprogram eller programområde i søknaden enn dei tilboda som desse skolane gir, eller dei tilboda som desse skolane gir i samarbeid med andre vidaregåande skolar.
§ 4-8. Kvar søknaden om inntak skal sendast
Søkjarar skal sende søknaden til den fylkeskommunen der dei er folkeregistrerte når søknaden blir send. Dette gjeld også for dei som søkjer om inntak til ein skole som gir opplæring i og på norsk teiknspråk som ligg i eit anna fylke.Søkjarar som kan dokumentere at dei skal flytte, skal likevel sende søknaden til den fylkeskommunen dei skal flytte til.Dei som ønskjer inntak til ein skole som ligg i eit anna fylke, jf. opplæringslova § 28-2 tredje ledd, skal sende søknaden til fylkeskommunen der skolen ligg. Det same gjeld søknad til landslinjer.
§ 4-9. Fristar for å søkje om inntak
Fristen for å søkje om inntak til vidaregåande opplæring er 1. mars.Søknadsfristen er likevel 1. februar for søkjarar som
har vedtak om individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11, og som søkjer om inntak på grunnlag av fortrinnsrett etter § 4-21, § 4-22 eller § 4-27 eller fell inn under § 4-13 andre ledd bokstav a eller b eller § 4-20 første ledd bokstav a
søkjer om individuell behandling etter § 4-20 tredje ledd eller § 4-26 første ledd bokstav c.
Dersom fristen går ut ein laurdag eller søndag, skal søknaden reknast for å vere levert innan fristen om han kjem inn den førstkommande yrkedagen. Søknader som kjem inn etter fristen, skal takast omsyn til så langt råd er. Dersom ein søknad kjem for seint, skal fylkeskommunen informere søkjaren om det, og om konsekvensane av det, jf. § 4-5.Søknadsfristen skal kunngjerast minst fire veker før han går ut. I kunngjeringa skal det stå korleis søknaden skal sendast, og kva for opplysningar og dokument som skal sendast med søknaden.For dei som tidlegare har fått «ikkje bestått» på fag- eller sveineprøva og søkjer inntak på eit opplæringstilbod på vidaregåande trinn 3 bygd på det programområdet dei har gjennomført på vidaregåande trinn 2, jf. § 5-2 tredje ledd, gjeld ikkje fristane i denne paragrafen. Fristane gjeld heller ikkje dei som søkjer om inntak i samarbeid med oppfølgingstenesta, jf. opplæringslova § 9-4.Fylkeskommunen har plikt til å ha inntak til vidaregåande trinn 1, trinn 2 og trinn 3 for søkjarar som etter søknadsfristane blir plasserte i fosterheim eller barnevernsinstitusjon med heimel i barnevernsloven. Fylkeskommunen har i slike tilfelle også plikt til å ha inntak for søkjarar etter at skoleåret har starta, når dette er forsvarleg. Plikta til inntak etter dette leddet gjeld så langt fylkeskommunen tilbyr det aktuelle utdanningsprogrammet eller programområdet og har kapasitet på det. Søkjarar kan takast inn til eit anna utdanningsprogram eller programområde etter ei konkret vurdering.Vert endra ved forskrift 28 jan 2026 nr. 107 (i kraft 1 aug 2026).
§ 4-10. Avgjerd om inntak til dei samiske vidaregåande skolane
Inntaksnemnda i Finnmark fylkeskommune skal ta inn søkjarar til dei samiske vidaregåande skolane som er nemnde i § 4-15.
§ 4-11. Saksbehandling ved søknader om inntak til skolar med opplæring i og på norsk teiknspråk
For ein søkjar som har prioritert inntak til ein skole som gir opplæring i og på norsk teiknspråk, skal fylkeskommunen der søkjaren er folkeregistrert, innan 15. mars vidaresende søknaden til fylkeskommunen som eig skolen. Sistnemnde melder ifrå til fylkeskommunen der søkjaren er folkeregistrert, om søkjaren har fått plass eller ikkje. Dersom søkjaren får plass ved skolen, gjer fylkeskommunen der søkjaren er folkeregistrert, vedtak om inntak på skolen.
III. Vilkåra for og rekkjefølgja ved inntak til vidaregåande opplæring trinn 1 til trinn 3
§ 4-12. Vilkår for inntak til vidaregåande trinn 1
Søkjarar som har vitnemål for fullført norsk grunnskole eller dokumentasjon på tilsvarande opplæring i tråd med § 4-1, skal takast inn til vidaregåande trinn 1.
§ 4-13. Vilkår for inntak til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3
Søkjarar som har bestått alle faga som er fastsette i læreplanverket for utdanningsprogrammet på vidaregåande trinn 1, skal takast inn til vidaregåande trinn 2. Søkjarar som også har bestått alle faga på programområdet på vidaregåande trinn 2, skal takast inn til vidaregåande trinn 3. Kravet om bestått gjeld også i dei faga der det berre blir gitt halvårsvurdering med karakter på det aktuelle trinnet.Følgjande søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra for inntak etter første ledd, kan likevel takast inn til neste trinn dersom fylkeskommunen etter ei samla vurdering finn at det er forsvarleg ut frå dei faglege føresetnadene:
søkjarar som har vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter opplæringslova § 11-6, og som på grunn av innhaldet i vedtaket ikkje har vurdering med karakter i fleire fag frå vidaregåande trinn 1 eller trinn 2
søkjarar som planlegg å følgje vidaregåande opplæring med individuelt utvalde kompetansemål
søkjarar som ikkje har bestått eitt eller fleire fag.
For søkjarar som fell inn under andre ledd bokstav a og b, skal fylkeskommunen leggje vekt på den sakkunnige vurderinga og prioriteringa til søkjarane.Søkjarar som ikkje kan takast inn etter bokstav c, kan i særskilde tilfelle takast inn til neste trinn i mindre enn eit fullstendig programområde.Fylkeskommunen kan også ta inn søkjarar som har gjennomført vidaregåande trinn 1 eller trinn 2 og har dokumentasjon utan bokstav- eller talkarakterar eller er utan samanliknbart karaktergrunnlag, dersom fylkeskommunen vurderer at søkjarane har tilsvarande kompetanse og at opplæringa er likeverdig i omfang.Fylkeskommunen kan i særskilde tilfelle ta inn andre søkjarar dersom det ligg føre tungtvegande grunnar, og søkjaren har eit særleg behov for å bli teken inn.
§ 4-14. Rekkjefølgja ved inntak til vidaregåande trinn 1 til trinn 3
Fylkeskommunen skal ta inn søkjarar med rett til vidaregåande opplæring som er folkeregistrerte i fylkeskommunen, også dei som er nemnde i § 4-8 andre ledd, i denne rekkjefølgja:
dei som konkurrerer på poeng etter § 4-19 og § 4-25, og dei som skal behandlast individuelt etter § 4-20 og § 4-26.
Søkjarar til eit fullstendig utdanningsprogram eller programområde skal takast inn før andre søkjarar.Dersom det er ledig kapasitet, skal fylkeskommunen deretter ta inn søkjarar frå andre fylke som har rett til opplæring etter opplæringslova § 5-1. Fylkeskommunen skal først ta inn dei som kan dokumentere at det er særlege pedagogiske eller sosiale grunnar til at dei bør gå på skole i eit anna fylke, og dei som har rett til opplæring i eller på samisk og må gå på skole i eit anna fylke for å få denne opplæringa. Fylkeskommunen skal deretter ta inn andre søkjarar som konkurrerer på poeng. Andre ledd gjeld tilsvarande.
§ 4-15. Rekkjefølgja ved inntak til statlege skolar
Kvar søkjaren er folkeregistrert, har ingenting å seie for rekkjefølgja ved inntaket til desse skolane:
Samisk videregående skole i Karasjok, Sámi joatkkaskuvla Kárášjogas
Samisk videregående skole og reindriftsskole i Kautokeino, Sámi joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla, Guovdageaidnu
statens skolar med utdanningsprogram for naturbruk.
Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er plassar ved dei vidaregåande statlege skolane i Karasjok og Kautokeino, har samiske søkjarar fortrinnsrett. Søkjarar som berre kan få oppfylt fagønska sine ved dei statlege vidaregåande skolane i Karasjok og Kautokeino, går elles føre søkjarar som kan få oppfylt fagønska sine ved ein annan skole.
§ 4-16. Rekkjefølgja ved inntak til landslinjer
Kvar søkjaren er folkeregistrert, har ingenting å seie for rekkjefølgja ved inntaket til landslinjer.
§ 4-17. Opplæringsløp på skolar med opplæring i og på norsk teiknspråk
Søkjarar som er tatt inn på ein skole med opplæring i og på norsk teiknspråk med tilrettelagde opplæringstilbod for døve elevar og elevar med sterk nedsett høyrsel, skal normalt ha rett til å fullføre opplæringsløpet ved den skolen dei først er tatt inn på.
IV. Poengutrekning, individuell behandling og fortrinnsrett ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 1
§ 4-18. Fordeling av plassar til vidaregåande trinn 1
Dersom det til eit utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 er fleire søkjarar enn fylkeskommunen har tilbod om elevplass til, skal plassane fordelast etter poengsum. Dette gjeld ikkje søkjarar som skal behandlast individuelt etter § 4-20, eller som blir tatt inn på grunnlag av fortrinnsrett etter § 4-21 til § 4-23. Når søkjarar står likt i konkurransen om dei siste plassane, blir rekkjefølgja avgjord ved loddtrekning.
§ 4-19. Poengutrekning ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 1
I utrekninga av poengsum skal alle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i faga frå grunnskolen leggjast til grunn, på denne måten:
Kvar av talkarakterane frå grunnskolen skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poengsum for karakterane blir eit utrekna gjennomsnitt, med to desimalar, multiplisert med ti.
I valfag skal det reknast ut eit gjennomsnitt av dei standpunktkarakterane søkjaren har fått på ungdomstrinnet. Gjennomsnittskarakteren skal førast med to desimalar.
Dersom det er fastsett i læreplanen i eit fag at sluttvurderingsuttrykket er «deltatt» eller «bestått», eller dersom det i læreplanen i faget ikkje er angitt noko vurderingsuttrykk, skal faget ikkje reknast med.
Dersom søkjaren har vore fritatt frå opplæring i eit fag etter § 1-11 eller har vore fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 til § 9-24, skal faget ikkje reknast med.
For søkjarar som har «ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) eller «ikkje møtt til eksamen» (IM) i eit fag, skal faget vere med i utrekninga med talverdien null.
Poengsummen til søkjarar som har vitnemål frå førebuande opplæring for vaksne etter § 15-26, skal reknast ut etter første ledd bokstav a. I tillegg gjeld desse reglane:
Dersom søkjaren har vore fritatt frå opplæring i eit fag etter § 14-4 eller fritatt frå vurdering med karakter etter § 15-15 og § 15-16, skal faget ikkje reknast med.
Dersom søkjaren har fått godkjent eitt eller fleire fag gjennom ei realkompetansevurdering, skal faget eller faga ikkje reknast med.
§ 4-20. Individuell behandling ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 1
Ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 1 skal desse søkjarane behandlast individuelt:
søkjarar som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga på vitnemålet frå grunnskolen
søkjarar som har gått på ein godkjend tiårig grunnskole og har fått vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar
andre søkjarar som ikkje har eit samanliknbart karaktergrunnlag
søkjarar som etter ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter § 15-26.
Ved inntak av søkjarar som fell inn under bokstav b, skal fylkeskommunen rangere søkjarane på grunnlag av fråsegner frå grunnskolane dei kjem frå.Fylkeskommunen kan også behandle søkjarar individuelt dersom det ligg føre tungtvegande grunnar og søkjaren har eit særleg behov for det.
§ 4-21. Fortrinnsrett til eit særleg utdanningsprogram ved inntak til vidaregåande trinn 1
Søkjarar som har omfattande behov for individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11 i grunnskolen, har fortrinnsrett ved inntaket til vidaregåande trinn 1 når vilkåra her er oppfylte. Dei har fortrinnsrett dersom dei kan godtgjere at vanskane som ligg til grunn for behovet for individuell tilrettelegging gjer at valet av utdanningsprogram har svært mykje å seie for moglegheita deira til å fullføre vidaregåande opplæring. Søkjarar som sannsynlegvis kan fullføre tre utdanningsprogram, har ikkje fortrinnsrett etter denne paragrafen.Det skal liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen som skal gjere greie for dei vanskane som ligg til grunn for vedtaket om individuell tilrettelegging frå grunnskolen, og dei tiltaka som blei sette inn der. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal også ta stilling til om søkjaren har eit særleg behov for å bli tatt inn til eit særskilt utdanningsprogram, som ikkje kan sikrast ved at søkjaren blir tatt inn til eitt av tre utdanningsprogram. Dei skal vurdere
om det er sannsynleg at søkjaren har større moglegheit til å fullføre vidaregåande opplæring dersom søkjaren blir tatt inn til eit særskilt utdanningsprogram
om og eventuelt i kva grad søkjaren har føresetnader og moglegheit for å fullføre andre utdanningsprogram enn det søkjaren har ført opp som førstevalet sitt
kva behov søkjaren har for særskild tilrettelegging dersom søkjaren blir tatt inn til det særskilde utdanningsprogrammet, samanlikna med kva behov søkjaren har for særskild tilrettelegging på andre utdanningsprogram.
Kommunen skal ikkje seinare enn 1. oktober det året eleven er i ferd med å fullføre grunnskolen, melde eleven til fylkeskommunen for å få ei sakkunnig vurdering etter andre ledd. Meldinga føreset samtykke frå eleven det gjeld. I meldinga skal det siste vedtaket om individuelt tilrettelagd opplæring med sakkunnig vurdering frå grunnskolen liggje ved. Kommunen skal dessutan gjere greie for
vanskane som ligg til grunn for vedtaket om individuelt tilrettelagd opplæring
tiltaka som er sette inn i grunnskolen
kva vanskane vil seie for vidaregåande opplæring, og kvifor kommunen meiner at søkjaren oppfyller vilkåra for inntak til eit særskilt utdanningsprogram.
§ 4-22. Fortrinnsrett til ein skole som er særskilt tilrettelagd ved inntak til vidaregåande trinn 1
Søkjarar som har rett til individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11, og som på grunn av sterkt nedsett funksjonsevne har eit særleg behov for å komme inn på ein skole som er særskilt tilrettelagd, kan søke om fortrinnsrett ved inntaket til vidaregåande trinn 1.Søkjarane har ikkje rett til inntak til ein viss skole. Fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det ligg føre tungtvegande grunnar som taler for at søkjaren bør takast inn til ein viss skole.Kommunen skal ikkje seinare enn 1. oktober kvart år melde frå til fylkeskommunen om elevar med sterkt nedsett funksjonsevne som er i ferd med å fullføre grunnskolen det aktuelle skoleåret. Slik melding frå kommunen føreset samtykke frå dei elevane det gjeld.
§ 4-23. Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i og på norsk teiknspråk
Søkjarar med rett til opplæring i og på norsk teiknspråk etter opplæringslova § 6-3, har fortrinnsrett ved inntaket til vidaregåande trinn 1, dersom dei søkjer inntak til opplæring ved hjelp av teiknspråktolk eller inntak til vidaregåande skolar som har opplæring i og på norsk teiknspråk.
V. Poengutrekning, individuell behandling og fortrinnsrett ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 2 og trinn 3
§ 4-24. Fordeling av plassar til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3
Dersom det til vidaregåande trinn 2 eller trinn 3 er fleire søkjarar enn fylkeskommunen har tilbod om elevplass til, skal plassane fordelast etter poengsum. Dette gjeld ikkje søkjarar som skal behandlast individuelt etter § 4-26, eller som blir tatt inn på grunnlag av fortrinnsrett etter § 4-27 til § 4-28. Når søkjarar står likt i konkurransen om dei siste plassane, blir rekkjefølgja avgjord ved loddtrekning.
§ 4-25. Poengutrekning ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3
I utrekninga av poengsum skal alle standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og halvårsvurderingar med karakter i faga på vidaregåande trinn 1 og eventuelt trinn 2 leggjast til grunn, på denne måten:
Kvar av talkarakterane skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poeng for karakterane blir eit utrekna gjennomsnitt, med to desimalar, multiplisert med ti.
Dersom det er fastsett i læreplanen i eit fag at sluttvurderingsuttrykket er «deltatt» eller «bestått», skal faget ikkje reknast med.
Dersom søkjaren har vore fritatt frå opplæring i eit fag etter § 5-9 eller § 5-10 eller har vore fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-20, § 9-21, § 9-22 eller § 9-23, skal faget ikkje reknast med.
Dersom søkjaren har «ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) som sluttvurdering eller halvårsvurdering med karakter eller «ikkje møtt til eksamen» (IM) i eit fag, skal faget vere med i utrekninga med talverdien null.
Dersom søkjaren har tatt fag som privatist, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.
Dersom søkjaren har gått fleire ulike utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller programområde på trinn 2, som alle dannar grunnlag for inntak på det vidaregåande trinnet, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.
§ 4-26. Individuell behandling ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3
Ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 2 og trinn 3 skal desse søkjarane behandlast individuelt:
søkjarar som har dokumentasjon utan bokstav- eller talkarakterar, eller som ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag
Ved inntak av søkjarar som fell inn under bokstav a fordi dei ikkje har bokstav- eller talkarakterar, skal fylkeskommunen rangere søkjarane på grunnlag av fråsegner frå skolane dei kjem frå.
§ 4-27. Fortrinnsrett til ein skole som er særskilt tilrettelagd ved inntak til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3
Søkjarar som har rett til individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11, og som på grunn av sterkt nedsett funksjonsevne har eit særleg behov for å komme inn på ein skole som er særskilt tilrettelagd, har fortrinnsrett ved inntaket til vidaregåande trinn 2 og trinn 3. Det særlege behovet må vere dokumentert.Dei som tidlegare har vore tatt inn på grunnlag av sterkt nedsett funksjonsevne etter § 4-22 eller etter denne paragrafen, har rett til å fullføre opplæringsløpet på same skole.Dei som tidlegare ikkje har vore tatt inn etter fortrinnsrett på grunnlag av sterkt nedsett funksjonsevne, har ikkje rett til inntak til ein viss skole. Fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om tungtvegande grunnar taler for at ein søkjar likevel bør takast inn til ein viss skole.
§ 4-28. Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i og på norsk teiknspråk
Søkjarar med rett til opplæring i og på norsk teiknspråk etter opplæringslova § 6-3, har fortrinnsrett ved inntaket til vidaregåande trinn 2 og trinn 3, dersom dei søkjer inntak til opplæring ved hjelp av teiknspråktolk eller inntak til vidaregåande skolar som har opplæring i og på norsk teiknspråk.
Kapittel 5. Innhaldet i den vidaregåande opplæringa
Opplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet i tillegg til tilbodsstrukturen, jf. opplæringslova § 5-4 første ledd. Læreplanverket består av Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa, læreplanane i fag og fag- og timefordelinga. Opplæringa i fellesfaga skal vere tilpassa dei ulike utdanningsprogramma.Fylkeskommunen kan gjennom forskrift leggje fag på andre trinn enn det som er fastsett i fag- og timefordelinga. Den nye fag- og timefordelinga skal vise på kva trinn dei ulike faga skal liggje, og skal samla sett følgje ordinær opplæringstid og sikre progresjon i faga. Fylkeskommunar som gir forskrifter om endra fag- og timefordeling, må også tilby den ordinære fag- og timefordelinga.Fylkeskommunen kan tilby ein elev å gjennomføre den vidaregåande opplæringa på lengre eller kortare tid enn det som følgjer av fag- og timefordelinga, dersom omsynet til eleven tilseier det. Fylkeskommunen kan i desse tilfella dele faga mellom trinna på ein annan måte enn det som følgjer av fag- og timefordelinga.
§ 5-2. Innhaldet i retten til meir opplæring
Elevar som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått standpunktkarakter eller eksamen i eitt eller fleire fag, har rett til meir opplæring i faget eller faga. Opplæringa må vere i samsvar med læreplanen i faget, men fylkeskommunen kan gjere unntak frå timetalet.Opplæringa skal reknast som gjennomført etter første ledd dersom eleven har følgt opplæringa fram til 1. mars. Dersom opplæringa følgjer ei anna organisering enn eit normalt opplæringsår, må eleven ha følgt ein like stor del av opplæringa.Kandidatar som ikkje har bestått fag- eller sveineprøva, har rett til meir opplæring på eit opplæringstilbod på vidaregåande trinn 3 bygd på det programområdet dei har gjennomført på vidaregåande trinn 2. Det same gjeld kandidatar som ikkje har bestått ein nødvendig eksamen før fag- eller sveineprøva. Fylkeskommunen skal så langt det er mogleg sørgje for at kandidatane får meir opplæring i same lærefag som dei har avlagt, eller skulle avleggje, fag- eller sveineprøva i.Endra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575.
§ 5-3. Tid til eksamen og eksamensførebuing
Tid som går med til eksamen og eksamensførebuing, skal reknast som opplæringstid. Elevar som ikkje blir trekte ut til eksamen, skal ha ordinær opplæring.
§ 5-4. Opplæring i og på norsk teiknspråk
Elevar som går på ein vidaregåande skole som har opplæring i og på norsk teiknspråk etter opplæringslova § 6-3, skal i faga norsk teiknspråk, norsk og engelsk få opplæring etter læreplanane i norsk teiknspråk, norsk for elevar med teiknspråk og engelsk for elevar med teiknspråk.Elevar som går på ein ordinær vidaregåande skole, og som bruker teiknspråktolk etter opplæringslova § 6-3, kan velje å få opplæring i faget norsk teiknspråk med utvida timetal.
§ 5-5. Opplæring i punktskrift m.m.
Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte med rett til punktskriftopplæring etter opplæringslova § 6-4, opplæring i tekniske hjelpemiddel etter § 11-5 første ledd eller nødvendig opplæring i mobilitet etter § 11-5 andre ledd, har rett til opp til 456 timar i tillegg til den ordinære timeramma i fag- og timefordelinga.
§ 5-6. Opplæring i framandspråk
Elevar som held fram med det same framandspråket som dei har hatt i grunnskolen, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag nivå II.Elevar som byrjar med eit nytt framandspråk, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag nivå I.Elevar som ikkje har hatt opplæring i framandspråk på 8. til 10. trinn, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag nivå I og nivå II.
§ 5-7. Fritak frå opplæring i framandspråk
Elevar som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk etter opplæringslova § 6-2, norsk teiknspråk etter opplæringslova § 6-3 eller kvensk eller finsk som andrespråk, er fritatt frå opplæring i framandspråk. Dei skal likevel få slik opplæring dersom dei ønskjer det.
§ 5-8. Eksamen i framandspråk fellesfag for privatistar
Privatistar som melder seg til eksamen i det same framandspråket som dei har hatt i grunnskolen, skal ta eksamen i framandspråk fellesfag nivå II. Det same gjeld privatistar som ikkje har hatt opplæring i framandspråk på 8. til 10. trinn.Privatistar som melder seg til eksamen i eit nytt framandspråk, kan velje om dei vil ta eksamen i framandspråk fellesfag nivå I eller framandspråk fellesfag nivå II.Privatistar kan ta eksamen i framandspråk fellesfag nivå I og nivå II berre dersom dei allereie har standpunktkarakter i faget.Privatistar som har eller har hatt opplæring i samisk som første- eller andrespråk etter opplæringslova § 6-2, norsk teiknspråk etter opplæringslova § 6-3, kvensk eller finsk som andrespråk, eller har tatt eksamen i desse faga, er fritatt frå kravet om eksamen i framandspråk.Endra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575.
§ 5-9. Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka
Elevar er fritatt frå skriveopplæring i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei i tillegg til å få opplæring etter ordinær læreplan i norsk oppfyller minst eitt av desse vilkåra:
Dei får opplæring i samisk som første- eller andrespråk etter opplæringslova § 6-2.
Dei får opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk.
Dei skal likevel få skriveopplæring i sidemålet sitt dersom dei ønskjer det.
§ 5-10. Fritak frå opplæring eller eksamen i kroppsøving
Elevar kan søkje fylkeskommunen om å få fritak frå opplæring i kroppsøving. Dei må leggje fram legeattest om at opplæringa er skadeleg for dei, og at tilpassa opplæring ikkje er mogleg.Privatistar kan søkje fylkeskommunen om å få fritak frå eksamen i kroppsøving. Dei må leggje fram legeattest om at eksamen er skadeleg for dei, og at særskild tilrettelegging av eksamen ikkje er mogleg.
§ 5-11. Godkjenning av tidlegare bestått opplæring
Elevar som tidlegare har bestått eit fag i Noreg eller i utlandet, kan søkje fylkeskommunen om å få godkjent faget som bestått etter gjeldande læreplanverk. Søknaden skal godkjennast dersom faget er likeverdig med eller meir omfattande enn faget etter gjeldande læreplanverk.Elevar som tidlegare har bestått eit skoleår i utlandet, kan søkje fylkeskommunen om å få godkjent det som tilsvarande vidaregåande trinn 1 eller vidaregåande trinn 2. Søknaden skal godkjennast dersom skoleåret er likeverdig med eller meir omfattande enn skoleåret etter gjeldande læreplanverk. Fylkeskommunen kan gi førehandsgodkjenning på vilkår før elevane dreg til utlandet. Det er ikkje eit krav at den utanlandske opplæringa skal innehalde alle faga i det aktuelle utdanningsprogrammet, men opplæringa må ha hovudvekt på fagkrinsen i det tilsvarande norske skoleåret.Privatistar kan også søkje fylkeskommunen om godkjenning etter første og andre ledd.Elevar og privatistar må sjølve leggje fram nødvendig dokumentasjon når dei søkjer om godkjenning.
§ 5-12. Opplæring og eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg
Elevar kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg dersom begge desse vilkåra er oppfylte:
I. Kontraktar og opplæringstilbodet til dei som ikkje får læreplass
§ 6-1. Om kontraktane
Lærekontraktar og opplæringskontraktar skal skrivast på skjema som er fastsette av Utdanningsdirektoratet.
§ 6-2. Opplæringstilbod til dei som ikkje er formidla til læreplass
Søkjarar som oppfyller vilkåra for å bli formidla til læretid i bedrift og som ikkje har blitt formidla til læreplass, har rett til eit anna opplæringstilbod med oppstart så snart som mogleg, og seinast innan 1. oktober.Fylkeskommunen skal søkje å formidle dei som ønskjer det til læreplass sjølv om dei har starta på eit anna opplæringstilbod.
§ 6-3. Avtale om anna organisering av opplæringa
Fylkeskommunen kan godkjenne kontraktar om læretid i bedrift som vik av frå det fastsette opplæringsløpet, jf. opplæringslova § 5-2 tredje ledd. Den alternative organiseringa kan mellom anna gå ut på at
lærebedrifta tar ansvar for ein større del av opplæringa i faget enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet
skolen i samarbeid med lærebedrifta tar ansvar for ein større del av opplæringa enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet
opplæringa som elev og læretida i bedrift skjer i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet
opplæringa fører fram til både yrkeskompetanse og studiekompetanse
opplæringa fører fram til praksisbrev.
I ein kontrakt om læretid skal det stå kva opplæringsansvar lærebedrifta har. Det skal vere samsvar mellom opplæringsansvaret og den tida lærebedrifta har ansvaret for lærlingen, lærekandidaten eller praksisbrevkandidaten.Dersom opplæringa følgjer ordninga i bokstav c, skal organiseringa gå klart fram av kontrakten.
§ 6-4. Unntak for søkjarar med nedsett funksjonsevne
Fylkeskommunen kan samtykkje til at søkjarar som har nedsett arbeidsevne på grunn av nedsett funksjonsevne, får unntak frå dei fastsette kontraktsvilkåra.For lærlingar kan det ikkje fastsetjast unntak frå reglane i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
II. Godskriving av gjennomgått opplæring eller praksis
§ 6-5. Kven godskrivingsreglane gjeld for, og når godskrivingsreglane gjeld
Godskrivingsreglane gjeld godskriving i læretida for lærlingar og lærekandidatar og godskriving av praksis for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.Godskrivingsreglane gjeld ved
vurdering av praksis for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb
Fylkeskommunen gjer vedtak om godskriving. Dei kan ikkje godskrive gjennomgått opplæring og praksis etter § 6-7 til § 6-9 dersom det er gitt godskriving etter § 6-10 eller § 6-11.
§ 6-6. Generelle reglar for godskriving av gjennomgått vidaregåande opplæring
Godskriving av gjennomgått vidaregåande opplæring gjeld berre heile skoleår. Alle faga må vere bestått. Enkeltfag eller enkeltmodular skal ikkje godskrivast.Bestått privatisteksamen eller dokumentert realkompetanse kan godskrivast på lik linje som gjennomgått opplæring.
§ 6-7. Godskriving av vidaregåande opplæring som er gjennomgått etter innføringa av Læreplanverket for Kunnskapsløftet
Vidaregåande trinn 1 i utdanningsprogrammet for det aktuelle lærefaget skal godskrivast med eitt år. Andre vidaregåande trinn 1 skal godskrivast med 1/4 år. Dersom innhaldet i yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan opplæringa godskrivast med opp til 1/4 år i tillegg.Vidaregåande trinn 2 for det aktuelle lærefaget skal godskrivast med eitt år. Vidaregåande trinn 2 i same utdanningsprogram som det aktuelle lærefaget skal godskrivast med 1/2 år. Dersom innhaldet i yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan opplæringa godskrivast med opp til 1/4 år i tillegg. Andre vidaregåande trinn 2 blir godskrivne med 1/4 år, og dersom innhaldet i yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan opplæringa godskrivast med opp til 1/4 år i tillegg.Vidaregåande trinn 3 som har tre år med opplæring i skole, og som deretter har eitt år læretid i bedrift som byggjer på det same vidaregåande trinn 2 som det aktuelle lærefaget, skal godskrivast med 1/2 år. Lærefag som har ei samla opplæringstid på meir enn fire år, skal godskrivast med opp til 1/2 år i tillegg. Vidaregåande trinn 3 som byggjer på eit anna vidaregåande trinn 2, blir ikkje godskrivne.
§ 6-8. Godskriving av vidaregåande opplæring som er gjennomgått før innføringa av Læreplanverket for Kunnskapsløftet
Grunnkurs som kan sidestillast med lærefaget på vidaregåande trinn 1 i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, skal godskrivast med eitt år. Andre grunnkurs skal godskrivast med 1/4 år, men kan godskrivast med opp til 1/4 år i tillegg dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant for lærefaget.Vidaregåande kurs 1 (VKI) som kan sidestillast med lærefaget på vidaregåande trinn 2 i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, skal godskrivast med eitt år. Andre VKI skal godskrivast med 1/4 år, men kan godskrivast med opp til 1/4 år i tillegg dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant for det aktuelle lærefaget.Vidaregåande kurs 2 (VKII) innanfor same fagområde som det aktuelle lærefaget skal godskrivast med opp til 1/2 år dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant. Lærefag med ei samla opplæringstid på meir enn fire år kan godskrivast med opp til 1/2 år i tillegg. VKII frå andre fagområde blir ikkje godskrivne.
§ 6-9. Godskriving av tidlegare læretid eller praksis
Tidlegare læretid eller allsidig praksis i tilknyting til læreplanen i det aktuelle lærefaget skal godskrivast fullt ut som læretid for lærlingar og som praksis for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.For praksiskandidatar kan allsidig praksis etter ei samla vurdering godskrivast dersom praksisen dekkjer dei viktigaste delane av innhaldet i læreplanen for opplæring i bedrift.For lærekandidatar blir tidlegare læretid eller allsidig praksis i tilknyting til det aktuelle lærefaget godskriven etter ei konkret vurdering.
§ 6-10. Godskriving av fag- eller sveineprøve som er bestått etter innføringa av Læreplanverket for Kunnskapsløftet
Bestått fag- eller sveineprøve i fag som byggjer på det same vidaregåande trinn 2 som det aktuelle lærefaget, skal godskrivast med tre år.Bestått fag- eller sveineprøve i fag som byggjer på eit anna vidaregåande trinn 2 innanfor det same utdanningsprogrammet, skal godskrivast med to år.Bestått fag- eller sveineprøve i fag innanfor andre utdanningsprogram blir godskriven med opp til 1/2 år dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant for det aktuelle lærefaget.
§ 6-11. Godskriving av fag- eller sveineprøve som er bestått før innføringa av Læreplanverket for Kunnskapsløftet
Bestått fag- eller sveineprøve i fag som kan sidestillast med det aktuelle lærefaget etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet, skal godskrivast med tre år.Bestått fag- eller sveineprøve i fag som slektar på det aktuelle lærefaget etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet, skal godskrivast med to år.Bestått fag- eller sveineprøve i andre fag blir godskriven med opp til 1/2 år dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant for det aktuelle lærefaget etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
§ 6-12. Unntak frå godskrivingsreglane
Fylkeskommunen kan ved særlege fagkombinasjonar og andre særlege tilfelle godskrive tidlegare gjennomgått opplæring eller praksis utover det reglane i § 6-7 til § 6-11 opnar for, når ei fagleg vurdering viser at reglane vil gi eit urimeleg resultat.Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
III. Lærebedrifter
§ 6-13. Godkjenning av lærebedrifter
Kvar bedrift som skal gi opplæring, må vere godkjend som lærebedrift i det faget opplæringa gjeld. For å få godkjenning må produksjonen til bedrifta leggje til rette for opplæring i samsvar med læreplanen i faget.Fylkeskommunen der bedrifta ligg og har adresse, avgjer om bedrifta kan godkjennast. Dersom lærebedrifta har avdelingar i fleire fylkeskommunar, er det fylkeskommunen der den aktuelle avdelinga av bedrifta ligg og har adresse, som avgjer om avdelinga kan godkjennast.
§ 6-14. Deling av ansvar mellom samarbeidande lærebedrifter
Samarbeidande lærebedrifter må avtale kva delar av opplæringa kvar bedrift skal gjennomføre, og kva bedrift som har ansvaret for følgjande:
Det skal gå fram av kontrakten om opplæring korleis ansvaret etter første ledd er fordelt.Fylkeskommunen gir tilskot til lærebedrifta som kontrakten om opplæring er inngått med, etter denne forskrifta § 6-15. Lærebedrifter som samarbeider om opplæringa, må avtale seg imellom om korleis tilskotet skal fordelast.
§ 6-15. Fylkeskommunalt tilskot til lærebedrifta
Fylkeskommunen der den som har læretid i bedrift, er folkeregistrert, skal betale tilskot for opplæring til lærebedrifta etter retningslinjer og satsar fastsette av departementet. Betalingsplikta gjeld godkjend
lærekontrakt for lærlingar
opplæringskontrakt for praksisbrevkandidatar og lærekandidatar
kontrakt om fagbrev på jobb.
Fylkeskommunen der lærebedrifta ligg, kan krevje å få refundert utgifter knytte til den som har læretid i bedrift, frå fylkeskommunen som skal betale tilskotet.Dersom den som har læretid i bedrift, byter lærebedrift, skal den fylkeskommunen som utbetaler tilskot, gjere vedtak om korleis tilskotet skal delast mellom lærebedriftene.Har fylkeskommunen gitt den som har læretid i bedrift, delar av den opplæringa som etter læreplanen skal givast i læretida, skal lærebedrifta ikkje ha basistilskot for denne opplæringa.
§ 6-16. Rapportering frå lærebedrifta
Lærebedrifta skal gi fylkeskommunen den informasjonen dei ber om, slik at fylkeskommunen kan
vurdere om godkjenning skal givast eller vidareførast
fastsetje og utbetale tilskot.
IV. Samarbeidsorgan for lærebedrifter
§ 6-17. Samarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor)
Lærebedrifter som er knytt til eit samarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor), kan avtale at samarbeidsorganet inngår lærekontrakt etter opplæringslova § 7-2 og mottar tilskot etter opplæringslova § 7-8 på vegner av lærebedrifta.Eit samarbeidsorgan kan også etter avtale bistå lærebedrifter og fylkeskommune med andre oppgåver, mellom anna å bistå lærebedrifter med gjennomføring av opplæring.
§ 6-18. Krav til samarbeidsorgan for lærebedrifter
For å inngå avtale om lærekontrakt eller tilskot etter opplæringslova § 7-2 og § 7-8, eller bistå lærebedrifter med opplæring, må eit samarbeidsorgan for lærebedrifter ha godkjenning av fylkeskommunen som må meine at samarbeidsorganet bidrar til å sikre kvaliteten i opplæringa.For å få godkjenning må samarbeidsorganet ha vedtekter og vere registrert i einingsregisteret. Vedtektene skal som eit minimum ha definert eit relevant formål.For å få godkjenning må samarbeidsorganet vere vurdert av yrkesopplæringsnemnda som skal ta stilling til om samarbeidsorganet bidrar til å sikre kvaliteten i opplæringa. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda.Samarbeidsorganet skal ha eit styre med minst éin representant for arbeidsgivarane, minst éin representant for arbeidstakarane og minst éin representant for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar.Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
§ 6-19. Rapportering og tap av godkjenning
Samarbeidsorganet skal rapportere til fylkeskommunen om kva for lærebedrifter dei har avtale med og gi fylkeskommunen den informasjonen dei ber om, slik at fylkeskommunen kan vurdere om godkjenning skal givast eller vidareførast.Fylkeskommunen kan trekkje tilbake godkjenninga dersom samarbeidsorganet ikkje lenger fyller vilkåra.
V. Organ knytte til fag- og yrkesopplæringa
§ 6-20. Samansetjing av samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY)
Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY) som er nemnt opp etter opplæringslova § 8-1 første ledd, skal ha representantar frå partane i arbeidslivet og frå departementet. Departementet fastset samansetjing, mandat og retningslinjer for rådet.Utdanningsdirektoratet er sekretariat for rådet.
§ 6-21. Oppnemning av faglege råd
Etter forslag frå SRY avgjer departementet kva for faglege råd som skal nemnast opp, kor mange medlemmer råda skal ha, og kva for fagleg felt kvart råd skal dekkje. Departementet fastset mandat og retningslinjer for dei faglege råda. Utdanningsdirektoratet er sekretariat for råda.Dei faglege råda som er knytte til særskilde samiske fag, skal ha samisk representasjon. Sametinget nemner opp det talet på representantar som departementet fastset.
§ 6-22. Samansetjing av yrkesopplæringsnemnder og yrkesutval
Yrkesopplæringsnemndene som er nemnde opp etter opplæringslova § 8-2 første ledd, skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer. Medlemmene skal til saman ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål.Det skal nemnast opp medlemmer frå partane i arbeidslivet etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgivarorganisasjonane. Kvar organisasjon som er med i SRY, har rett til å vere representert i nemnda. Partane i arbeidslivet skal ha fleirtal. Det skal nemnast opp minst éin representant for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar eller organ som representerer dei. Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane om å komme med forslag til nemndmedlemmer.Yrkesopplæringsnemnda vel sjølv leiar og nestleiar. Funksjonstida til nemnda er den same som for fylkestinget. Representantane for elevane, lærlingane, praksisbrevkandidatane og lærekandidatane blir nemnde opp for to år om gongen.Yrkesopplæringsnemnda skal nemne opp eit rådgivande yrkesutval for kvart av faga eller fagområda, eller bruke prøvenemnda som yrkesutval.Kommuneloven § 7-2 tredje ledd gjeld ikkje for oppnemning av medlemmer til yrkesopplæringsnemnda.Endra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575.
§ 6-23. Oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda
Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide for å heve kvaliteten på heile fag- og yrkesopplæringa og fremje behov og synsmåtar i arbeidslivet overfor fylkeskommunane.Yrkesopplæringsnemnda skal uttale seg i saker som fylkeskommunen etter opplæringslova § 7-5, § 7-9 og § 8-2 har plikt til å leggje fram for nemnda.Yrkesopplæringsnemnda skal særleg
arbeide for best mogleg dimensjonering av den vidaregåande opplæringa og gi fylkeskommunen råd om fastsetjinga av tilbod.
fremje forslag om organisering, arbeidsmåtar og strategiar for å utvikle kvaliteten på fag- og yrkesopplæringa, mellom anna om rutinane i fylkeskommunen og vurdere korleis partane i arbeidslivet skal bidra til kvalitetsutvikling og kvalitetssikring i fag- og yrkesopplæringa
vurdere korleis samhandlinga mellom skolar og lærebedrifter kan bli betre
vurdere korleis kompetanseutvikling kan sikrast
gi råd om korleis utviklinga av fag- og yrkesopplæringa og samhandling mellom skolar og bedrifter kan medverke til regional utvikling, mellom anna utvikling av nye verksemder og arbeidsplassar
arbeide for at rådgivinga om fag- og yrkesopplæring blir best mogleg, og foreslå tiltak der ho finn det nødvendig.
Yrkesopplæringsnemnda kan gi fylkeskommunen fullmakt til å gjere den faglege vurderinga av bedrifter eller til å utføre andre oppgåver som etter lov eller forskrift er lagde til yrkesopplæringsnemnda.
§ 6-24. Samansetjing av læreplangrupper
Læreplangrupper som er nemnde opp etter opplæringslova § 8-1 tredje ledd, skal ha representantar frå både arbeidslivet og skolesektoren. Representantane skal ta del i arbeidet med å utvikle læreplanar.Departementet fastset kva kvalifikasjonar medlemmene av læreplangruppene skal ha, og korleis gruppene skal vere samansette. Dei faglege råda skal foreslå medlemmer til læreplangruppene.
Dei som vil bli lærling, lærekandidat eller praksisbrevkandidat, kan søkje om formidling til læreplass for opplæring i bedrift etter opplæringslova kapittel 7.Dei som blir formidla, skal takast inn til vidaregåande opplæring på det aktuelle trinnet i samsvar med kapittel 4.
§ 7-2. Lokal forskrift om formidling
Fylkeskommunen skal fastsetje ei lokal forskrift om formidling.Den lokale forskrifta skal regulere behandlinga av søknader som kjem inn etter søknadsfristen.
§ 7-3. Krav til søknader om formidling til læreplass
Søkjarar må bruke søknadsskjemaet som er fastsett av fylkeskommunen. Søkjarane må opplyse om dei ønskjer opplæring i bedrift som lærling, lærekandidat eller praksisbrevkandidat.Dei som søkjer om formidling til læreplass som lærling, må oppfylle vilkåra for inntak til neste vidaregåande trinn for å kunne bli formidla til opplæring i bedrift, jf. § 4-13.Dei som søkjer om formidling til læreplass som lærekandidat, må ha bestått sitt individuelle opplæringsløp for å kunne bli formidla til opplæring i bedrift på neste trinn.Søkjarar som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått faga på vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2, kan også søkje om formidling til læreplass som praksisbrevkandidat eller lærekandidat.
§ 7-4. Kvar søknaden om formidling til læreplass skal sendast
Søkjarar skal sende søknaden om formidling til læreplass til den fylkeskommunen der dei er folkeregistrerte når søknaden blir send.Søkjarar som kan dokumentere at dei skal flytte, skal sende søknaden til den fylkeskommunen dei skal flytte til.
§ 7-5. Fristar for søknader om formidling til læreplass
Fristen for å søkje om formidling til læreplass er
1. februar for lærekandidatar og praksisbrevkandidatar
1. mars for lærlingar.
Dersom fristen går ut ein laurdag eller søndag, skal søknaden reknast for å vere levert innan fristen om han kjem inn den førstkommande yrkedagen. Søknader som kjem inn etter fristen, skal også takast omsyn til så langt råd er. Dersom ein søknad kjem for seint, skal fylkeskommunen informere søkjaren om det, og om konsekvensane av det, jf. § 7-2.Søknadsfristen skal kunngjerast minst fire veker før fristen. I kunngjeringa skal det stå korleis søknaden skal sendast, og kva for opplysningar og dokument som skal sendast med søknaden.Når søkjarane tidlegare har fått «ikkje bestått» på fag- eller sveineprøva, eller læreplassar blir formidla i samarbeid med oppfølgingstenesta, jf. opplæringslova § 9-4, gjeld ikkje fristane i denne paragrafen.
§ 7-6. Rettar og plikter ved formidling av læreplass
Det kan søkjast om læreplass i eit lærefag som byggjer på det utdanningsprogrammet eller programområdet som er fastsett for faget i læreplanverket og tilbodsstrukturen.Fylkeskommunen kan tilby læreplass i eige fylke eller i eit anna fylke.Lærebedrifta avgjer kven ho inngår kontrakt om læretid med. Lærebedrifta kan setje krav til lærlingen, lærekandidaten eller praksisbrevkandidaten på grunn av verksemda i bedrifta, mellom anna når det gjeld kundebehandlinga, utstyret og sjølve produksjonen.
§ 8-1. Gratis skyss eller full skyssgodtgjersle i vidaregåande opplæring
Fylkeskommunen skal gi elevar som har rett til skyss etter opplæringslova § 9-1, full skyssgodtgjersle dersom fylkeskommunen ikkje tilbyr gratis skyss. Full skyssgodtgjersle inneber at eleven skal få dekt alle nødvendige kostnader til skyss til og frå skolen. Eleven og fylkeskommunen skal avklare bruk av transportmiddel så snart som mogleg etter at eleven har fått skoleplass. Dersom det ikkje er mogleg å avklare valet av transportmiddel før skolen tar til, må fylkeskommunen likevel dekkje dei dokumenterte faktiske og nødvendige skysskostnadene eleven har i perioden fram til ei slik avklaring skjer.Når det er avtalt bruk av privat framkomstmiddel, gjeld statens satsar for skattefri kilometergodtgjersle. Faste og variable dokumenterte kostnader utover den faste satsen, mellom anna til bompengar, ferjeturar og parkering, skal også dekkjast. Satsane for tillegg for passasjerar gjeld ekstra passasjerar som har rett til skyss eller rett til reisefølgje.Heimfylket har ansvar for å refundere utgifter til skyss for elevar som får vidaregåande opplæring i ein annan fylkeskommune.
§ 8-2. Rabattordning som alternativ til gratis skyss, eller full skyssgodtgjersle i vidaregåande opplæring
For område som har eit godt utbygd kollektivtilbod, kan fylkeskommunen gi forskrift om ei rabattordning med subsidierte reisekort for ungdom framfor å tilby gratis skyss eller full skyssgodtgjersle etter opplæringslova § 9-1 første og andre ledd.Dersom fylkeskommunen fastset ei slik rabattordning, skal prisen vere under 50 prosent av prisen på eit vanleg månadskort for vaksne. Ordninga skal gjelde reiser til skole, arbeid og fritidsaktivitetar heile skoleåret.Forskrifta kan gjelde for opp til eitt år om gongen.
§ 8-3. Oppgåvene til oppfølgingstenesta
Fylkeskommunen skal gjennom oppfølgingstenesta
ha fortløpande oversikt over alle i målgruppa for oppfølgingstenesta og aktuelle tilbod til desse
gi skriftleg informasjon til alle i målgruppa om kva rettar dei har
etablere kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa med sikte på rettleiing og oppfølging
etter behov følgje opp ungdommar som tar imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta, med rettleiingssamtalar.
Foreldra til ungdommar som ikkje er myndige, skal ha same informasjon etter første ledd bokstav b med mindre informasjonen er underlagd teieplikt etter anna lovgiving.
Tredje delen – fellesreglar for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa for barn og unge
§ 9-1. Formålet med og grunnlaget for vurdering i fag
Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og lærelyst og å gi informasjon om kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faga.Grunnlaget for vurdering i eit fag er kompetansemåla i læreplanen i faget. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen. Elevar og dei som har opplæring i bedrift, skal vere gjort kjende med læreplanen i faget.Føresetnader, fråvær, orden eller oppførsel skal ikkje trekkjast inn i vurderinga i fag. Innsats kan vere ein del av vurderingsgrunnlaget berre dersom det følgjer av læreplanen i faget.Stort fråvær eller andre særlege forhold kan føre til at lærarar og instruktørar ikkje har tilstrekkeleg grunnlag til å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag.
§ 9-2. Formålet med og grunnlaget for vurdering i orden og i oppførsel
Formålet med vurdering i orden og i oppførsel er å fremje sosial læring, medverke til eit trygt og godt skolemiljø og gi informasjon om orden og oppførsel.Skolereglane er grunnlaget for vurdering i orden og i oppførsel, jf. opplæringslova § 10-7. Orden heng saman med om elevane er punktlege og førebudde og følgjer opp arbeid. Oppførsel heng saman med om elevane viser omsyn og respekt for andre. Elevane skal vere gjort kjende med skolereglane.Kompetanse i fag skal ikkje trekkjast inn i vurderinga av orden eller oppførsel. I vurderinga skal det takast omsyn til føresetnadene til elevane.Det skal ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar med mindre dei er særleg klanderverdige eller grove.
§ 9-3. Karakterar i fag
Frå og med 8. trinn skal elevane få vurdering med karakter i faga. Det er berre krav om karakterar ved halvårsvurdering og sluttvurdering.Det skal brukast heile talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Karakterane skal vise til desse gradane av ferdigheit hos elevane:
karakteren 6: framifrå kompetanse i faget
karakteren 5: mykje god kompetanse i faget
karakteren 4: god kompetanse i faget
karakteren 3: nokså god kompetanse i faget
karakteren 2: låg kompetanse i faget
karakteren 1: svært låg kompetanse i faget.
I vidaregåande opplæring består ein eit fag med karakteren 2 eller betre. Med karakteren 1 som standpunktkarakter i eit fag blir faget rekna som bestått når eksamenskarakteren i faget er 2 eller betre. Dette gjeld ikkje for tverrfagleg eksamen.Departementet kan fastsetje i læreplanen i eit fag om uttrykka «bestått» og «ikkje bestått» eller «deltatt» og «ikkje deltatt» skal brukast i staden for talkarakterar.
§ 9-4. Karakterar i orden og i oppførsel
Frå og med 8. trinn skal elevane få vurdering i orden og i oppførsel med karakterar. Desse karakterane skal brukast:
God (G): vanleg god orden og vanleg god oppførsel
Nokså god (Ng): store negative avvik frå vanleg god orden og vanleg god oppførsel
Lite god (Lg): særleg store negative avvik frå vanleg god orden og vanleg god oppførsel.
§ 9-5. Karakterar ved fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve
Kandidatar til fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve skal få vurdering med karakter på desse prøvene. Desse karakterane skal brukast:
bestått mykje godt: mykje god eller framifrå kompetanse i faget
bestått: tilfredsstillande eller god kompetanse i faget
ikkje bestått: svært låg kompetanse i faget.
§ 9-6. Samtale om utvikling
Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har rett til minst éin samtale i halvåret om den faglege utviklinga si. Samtalen kan gjennomførast i samband med samtalen med foreldra etter § 11-1.Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har dessutan rett til jamleg dialog med kontaktlærar eller instruktør om korleis dei utviklar seg sosialt og på andre måtar. Dialogen skal sjåast i samanheng med opplæringslova § 1-3 og Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa.
§ 9-7. Varsling om at karakteren kan falle bort eller bli sett ned
Når det er klart at ein elev står i fare for ikkje å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag, skal kommunen eller fylkeskommunen sørgje for at eleven straks blir varsla skriftleg om det. Dersom eleven ikkje er myndig, skal også foreldra varslast.Kommunen eller fylkeskommunen skal også sørgje for at elevane får varsel dersom dei står i fare for å få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) ved halvårsvurdering eller standpunktkarakter i orden eller i oppførsel.Varselet skal gi eleven høve til å få karakter i fag eller til å betre karakteren i orden eller i oppførsel.
§ 9-8. Fråværsgrense i vidaregåande skole
Elevar i vidaregåande skole som har fråvær i meir enn ti prosent av årstimetalet i eit fag, kan ikkje få standpunktkarakter i faget. Det same gjeld halvårsvurdering med karakter ved slutten av skoleåret i eit gjennomgåande fag.Dersom faglæraren har tilstrekkeleg grunnlag for å gi vurdering med karakter, jf. § 9-1, skal eleven likevel få karakter dersom det blir lagt fram dokumentasjon på at årsaka til fråværet er:
sjukdom eller andre helseforhold
velferdsforhold
andre religiøse høgtidsdagar enn dei offentlege heilagdagane, avgrensa til to dagar, jf. trossamfunnsloven § 18
representasjon på arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Ved fråvær som kjem av sjukdom eller andre helseforhold, kan eleven leggje fram eigenmelding i opptil ti prosent av timane i eit fag. Dersom helserelatert og eventuelt udokumentert fråvær i eit fag til saman har nådd ti prosent, må eleven leggje fram dokumentasjon frå helsepersonell ved meir helserelatert fråvær. Eleven kan likevel leggje fram eigenmelding etter at ti prosent er nådd, dersom årsaka er ein tilstand som gir høgare risiko for helserelatert fråvær, og dette er dokumentert av helsepersonell.Rektor sjølv kan avgjere at ein elev som til saman har opp til femten prosent eigenmeldt eller udokumentert fråvær i eit fag, likevel kan få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde. Faglæraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi karakter, jf. § 9-1.Endra ved forskrift 18 feb 2025 nr. 234 (i kraft 1 aug 2025).
§ 9-9. System for føring av karakterar og fråvær
Kommunen og fylkeskommunen skal ha eit system for føring av karakterar og fråvær.Fråvær, halvårsvurdering med karakterar og sluttvurdering med karakter skal førast inn i det systemet som kommunen og fylkeskommunen bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og i oppførsel. Karakterane er fastsette når dei er førte inn.Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at føringsfeil blir retta og attestert.Elevar som er fritatt for opplæringsplikt etter opplæringslova § 2-2 tredje ledd, skal framleis stå oppførte i systemet for føring av karakterar.Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at fråvær blir dokumentert kvart halvår.
§ 9-10. Dispensasjon frå reglane om individuell vurdering
Utdanningsdirektoratet kan i særlege tilfelle innvilge søknader om dispensasjon frå reglane i dette kapittelet.
II. Undervegsvurdering
§ 9-11. Undervegsvurdering i fag
All vurdering som blir gjord før opplæringa er avslutta, er undervegsvurdering. Undervegsvurderinga i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og ho skal tene til å fremje læring, auke kompetansen i faga og gjere opplæringa betre tilpassa den enkelte. Undervegsvurderinga kan vere munnleg, skriftleg eller begge delar.I undervegsvurderinga i fag skal elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar
delta i vurderinga av sitt eige arbeid og reflektere over si eiga læring og faglege utvikling
forstå kva dei skal lære, og kva som blir venta av dei
få vite kva dei meistrar
få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.
Undervegsvurderinga skal brukast til å vurdere om elevane har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 11-2.Elevar og lærekandidatar som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal ha undervegsvurdering ut frå måla i den individuelle opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 11-10.
§ 9-12. Undervegsvurdering i orden og i oppførsel
Undervegsvurdering i orden og i oppførsel skal givast jamleg og skal tene til å fremje sosial læring ved at elevane
får rettleiing om kva som er god orden og oppførsel
får vite om ordenen og oppførselen deira er i tråd med skolereglane
reflekterer over sin eigen orden og oppførsel og korleis dei kan utvikle seg.
§ 9-13. Halvårsvurdering i fag
Halvårsvurderinga i fag er ein del av undervegsvurderinga. Ho skal vise kva kompetanse elevane, lærlingane, lærekandidatane og praksisbrevkandidatane har i faga, og gi rettleiing om korleis dei kan betre kompetansen sin. Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skal få halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringa.Frå 8. trinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurderinga med karakter skal vere skriftleg og skal vere eit uttrykk for den kompetansen kvar elev har tileigna seg ut frå det som er venta på tidspunktet for vurderinga.Halvårsvurderinga med og utan karakter skal givast midt i opplæringsperioden. Dersom eit fag ikkje blir avslutta i eit skoleår, skal halvårsvurderinga også givast ved slutten av skoleåret.Faglærarar skal gjennomføre halvårsvurderinga for elevar. Instruktørar skal gjennomføre halvårsvurderinga for lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar.
§ 9-14. Halvårsvurdering i orden og i oppførsel
Halvårsvurderinga i orden og i oppførsel er ein del av undervegsvurderinga. Ho skal vise korleis elevane sin orden og oppførsel er vurdert opp mot skolereglane, og gi rettleiing om korleis elevane eventuelt kan betre seg. Elevane skal få halvårsvurdering utan karakter i orden og i oppførsel gjennom heile opplæringsløpet.Frå 8. trinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurderinga med karakter skal vere skriftleg.Halvårsvurderinga med og utan karakter skal givast midt i opplæringsperioden. Dersom elevane ikkje er i det avsluttande skoleåret sitt, skal halvårsvurderinga også givast ved slutten av skoleåret.Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden og i oppførsel i samråd med dei andre lærarane til elevane.
III. Sluttvurdering
§ 9-15. Sluttvurdering i fag
Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til elevane, lærlingane, lærekandidatane og praksisbrevkandidatane ved avslutninga av opplæringa i fag. Grunnlaget for sluttvurderinga i eit fag er kompetansemåla i læreplanen i faget, jf. § 9-1.Sluttvurderingar i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.Sluttvurderingar i den vidaregåande opplæringa er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve.Endra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575.
§ 9-16. Standpunktkarakterar i fag
Standpunktkarakterar skal vere eit uttrykk for den samla kompetansen elevane har ved avslutninga av opplæringa. Standpunktkarakterar skal setjast i samsvar med § 9-1.Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane er kjende med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av standpunktkarakterane. Elevane skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetansen som elevane har vist i den tida dei har fått opplæring, skal takast med i vurderinga når standpunktkarakterane skal fastsetjast.Standpunktkarakterar skal fastsetjast så seint som mogleg.I fag der eleven er oppe til eksamen, skal standpunktkarakteren fastsetjast seinast dagen før sensur av eksamen. Dette gjeld ikkje der ein elev får meir opplæring etter § 5-2 og samtidig er meld opp til utsett, ny eller særskild eksamen, jf. § 9-36–§ 9-38. Standpunktkarakterane skal då fastsetjast etter endeleg sensur av utsett, ny eller særskild eksamen.Faglærarane set standpunktkarakter. Dersom rektor er i tvil om at reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde i eit fag, kan rektor krevje at faglæraren gjer ei ny fagleg vurdering før karakteren blir fastsett og ført.Dersom ein elev ikkje kan få standpunktkarakter i eit fag og eleven har fått varsel etter § 9-7, skal rektor sjølv gjere vedtak om at det ikkje blir gitt standpunktkarakter i faget.Endra ved forskrift 7 sep 2025 nr. 1787 (i kraft 1 jan 2026).
§ 9-17. Standpunktkarakterar i orden og i oppførsel
På 10. trinn og ved avslutninga av opplæringsløpet i vidaregåande skole skal det setjast ein standpunktkarakter i orden og ein standpunktkarakter i oppførsel.Standpunktkarakterane i orden og i oppførsel skal vere eit uttrykk for korleis elevane har tedd seg, og kva for orden dei har hatt. Det skal gjerast ei heilskapleg vurdering av ordenen deira og oppførselen deira gjennom opplæringstida.Rektor må drøfte standpunktkarakterane med lærarane til elevane før dei blir sette.Dersom ein elev skal få standpunktkarakter nokså god (Ng) eller lite god (Lg) i orden eller i oppførsel, må eleven ha fått varsel om det, jf. § 9-7. Kravet om varsling gjeld likevel ikkje om ein sanksjon for ei enkelthending etter skolereglane er årsaka til karakteren.
IV. Fritak frå vurdering med karakter
§ 9-18. Fellesreglar om fritak frå vurdering med karakter
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane får nødvendig rettleiing om kva fritak frå vurdering med karakter inneber, før det blir gitt slikt fritak. Foreldra skal også få slik rettleiing dersom elevane ikkje er myndige.Dei som er fritatt frå vurdering med karakter, skal få halvårsvurdering og undervegsvurdering utan karakter.Elevar som er fritatt frå vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje delta på eksamen i faget. Dersom ein elev som får innvilga fritak i eit fag, allereie har avlagt eksamen i faget, skal kommunen og fylkeskommunen stryke eventuelle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar eleven har i faget.
§ 9-19. Fritak frå vurdering med karakter for elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring
Elevar i grunnskolen som får individuelt tilrettelagd opplæring i eitt eller fleire fag, skal få fritak frå vurdering med karakter i faget eller faga dersom elevane eller foreldra ber om det. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel elevane eller foreldra om elevane skal ha fritak frå både skriftleg og munnleg karakter eller berre ein av dei. Om elevane eller foreldra vel karakter i faget norsk skriftleg, kan dei dessutan velje om elevane skal få karakter i eitt av dei norske skriftspråka eller i både bokmål og nynorsk.Elevar i vidaregåande opplæring som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal få fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei ber om det. Dei har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag.Elevar som er fritatt frå vurdering med karakter, skal ha undervegsvurdering utan karakter ut frå måla i den individuelle opplæringsplanen i tilfelle der planen vik av frå læreplanen i faget.
§ 9-20. Fritak frå vurdering med karakter for elevar som får innføringsopplæring
Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som tar fatt på opplæringa i Noreg i siste halvdelen av eit skoleår, har rett til fritak frå vurdering med karakter i alle fag dette skoleåret.Elevar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa som får innføringsopplæring etter opplæringslova § 3-7 og § 6-6, har rett til fritak frå vurdering med karakter i heile perioden dei får innføringsopplæring. Elevar i den vidaregåande opplæringa kan ikkje bli fritatt frå standpunktkarakter etter denne paragrafen.
§ 9-21. Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka
Elevar, tidlegare elevar og privatistar har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:
Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon.
Dei har ikkje gått i norsk grunnskole på 8. til 10. trinn.
Dei har eller har hatt særskild språkopplæring i løpet av 8. til 10. trinn eller i vidaregåande opplæring.
Dei har i løpet av 8. til 10. trinn eller i den vidaregåande opplæringa gått på ein internasjonal eller utanlandsk skole i Noreg som er godkjend for ikkje å gi vurdering med karakter i sidemål.
Elevar som hadde rett til fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka på 8. til 10. trinn etter § 1-11, har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål i vidaregåande opplæring. Den skolen, kommunen eller fylkeskommunen som har ansvar for å utferde vitnemål, skal avgjere søknader om fritak.
§ 9-22. Fritak frå vurdering med karakter i framandspråk i vidaregåande opplæring
Ein elev eller tidlegare elev på studieførebuande utdanningsprogram har rett til fritak frå vurdering med karakter i faget framandspråk dersom eleven oppfyller desse vilkåra:
Eleven har dysleksi eller spesifikke språkvanskar, eller dokumenterte vanskar som ligg nær opp til dysleksi eller spesifikke språkvanskar når det gjeld konsekvensar for eleven i faget.
Vanskane er av ein slik grad at individuell tilrettelegging ikkje er eller var tilstrekkeleg for å sikre likeverdige opplæringsmoglegheiter.
Dersom eleven har valt å avbryte opplæringa i framandspråk, må eleven i tillegg sannsynleggjere at han eller ho ikkje var i stand til å følgje faget.Statsforvaltaren avgjer søknader om fritak.Dersom eksamenskarakteren blir stroken etter § 9-18 tredje ledd, skal statsforvaltaren innvilge dispensasjon frå kravet om talet på eksamenar i § 9-30 og § 9-31.
§ 9-23. Fritak frå vurdering med karakter i kroppsøving
Elevar har rett til fritak frå vurdering med karakter i faget kroppsøving dersom den tilpassa opplæringa elevane får etter opplæringslova § 11-1, ikkje kan vurderast med karakter.Kommunen eller fylkeskommunen avgjer søknader om fritak.
§ 9-24. Fritak frå eksamen
Rektor sjølv kan etter søknad frita elevar i grunnskolen frå eksamen dersom det ligg føre tungtvegande grunnar.
V. Eksamen
§ 9-25. Om eksamen
Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar elev eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen, jf. § 9-1. Eksamen skal gi eleven eller privatisten høve til å vise kompetansen sin i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.I læreplanen i kvart fag er det fastsett om det skal vere eksamen i faget, når i opplæringsløpet det skal vere eksamen, om det skal vere førebuingsdel på eksamen i faget, og om eksamen skal vere sentralt eller lokalt gitt.Om ikkje noko anna er fastsett, gjeld reglane i del V om eksamen også for dei som etter læreplanverket skal ha eksamen som lærling, praksisbrevkandidat, kandidat for fagbrev på jobb eller praksiskandidat.
§ 9-26. Ansvaret for eksamen
Ved sentralt gitt eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvaret for å organisere eksamen, utarbeide eksamensoppgåver, setje dato for eksamen og fastsetje sensurordningane, om ikkje noko anna er fastsett i læreplanen i faget.Ved lokalt gitt eksamen har kommunen eller fylkeskommunen ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato for eksamen og gjennomføre sensur, om ikkje noko anna er fastsett i læreplanen i faget. Faglæraren skal utarbeide forslag til oppgåver.Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for å gjennomføre alle eksamenar og for å trekkje ut elevar til eksamen. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å trekkje ut elevar med opplæring i og på norsk teiknspråk i grunnskolen til eksamen. Kommunen og fylkeskommunen må sørgje for at det er rett elev eller privatist som møter til eksamen.Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for å gi elevane informasjon om eksamen og om kva det blir lagt vekt på i vurderinga. Dei har dessutan ansvaret for at privatistane får tilgang til slik informasjon.Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen, avgjer om eksamen kan gjennomførast med hjelpemiddel, og kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag.
§ 9-27. Oppmelding til eksamen
Utdanningsdirektoratet skal fastsetje fristar og rutinar for oppmelding til eksamen.Alle elevar som deltar i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen, skal bli melde opp til eksamen av skolen.Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg opp til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen. Oppmeldinga skjer til skolen.Lærlingar og kandidatar for fagbrev på jobb blir melde opp til eksamen av lærebedrifta.Privatistar må sjølve melde seg opp til eksamen ved den skolen eller den instansen som fylkeskommunen fastset.Privatistar kan berre melde seg til same eksamen éin stad. Skolen eller instansen som fylkeskommunen fastset, avgjer om oppmeldinga kan godkjennast. Privatistar skal betale ei prøveavgift til fylkeskommunen. Prøveavgifta blir fastsett ved dei årlege budsjettvedtaka i Stortinget. Privatistar skal ikkje betale for utsett og ny eksamen.
§ 9-28. Eksamensformer, tidsramme og trekk av elevar til eksamen
I læreplanen i kvart fag er det fastsett kva form eksamen skal ha, og om eksamen skal dekkje eitt eller fleire fag. Den fastsette eksamensforma kan vere skriftleg, munnleg, praktisk eller ein kombinasjon av desse formene. Det er også fastsett i læreplanen i kvart fag om det skal trekkjast ut berre nokre elevar til eksamen, eller om alle kandidatane skal ha eksamen i faget.Kven som er trekte ut til skriftleg eksamen i grunnskolen eller til eksamen i vidaregåande skole, skal gjerast kjent for elevane på ein dato som Utdanningsdirektoratet fastset. Kven som er trekte ut til munnleg eller munnleg-praktisk eksamen i grunnskolen, skal gjerast kjent for elevane to dagar før eksamen og ikkje mindre enn 48 timar før første kandidat skal ta eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal gjennomførast på verkedagar.Elevar som får meir opplæring etter § 5-2, skal ikkje trekkjast ut i det faget dei får meir opplæring i dersom dei har bestått alle nødvendige eksamenar i samsvar med læreplanverket, jf. § 9-30, § 9-31 og § 9-46.Med mindre noko anna følgjer av læreplanen i faget, er tidsramma for eksamensformene
opp til fem timar ved skriftleg eksamen
opp til 30 minuttar per kandidat ved munnleg eksamen
opp til 45 minuttar per kandidat ved munnleg-praktisk eksamen
opp til fem timar per kandidat ved praktisk eksamen.
Skriftleg eksamen skal starte klokka 09.00 norsk tid. Kandidatar som ikkje har møtt når eksamen startar, skal likevel få gjennomføre eksamen dersom dei møter før klokka 10.00, men dei skal ikkje få kompensert tapt tid.Endra ved forskrift 7 sep 2025 nr. 1787 (i kraft 1 jan 2026).
§ 9-29. Talet på eksamenar i grunnskolen
I grunnskolen skal alle elevar trekkjast ut til éin sentralt gitt skriftleg eksamen og éin lokalt gitt munnleg eller munnleg-praktisk eksamen.Elevar i grunnskolen som forserer opplæringa i eit fag, jf. § 1-12, skal vere med i uttrekket til eksamen i dette faget det skoleåret dei avsluttar opplæringa i faget. Dersom elevane blir trekte ut til eksamen, kjem denne i tillegg til dei andre eksamenane elevane skal ha i grunnskolen.
§ 9-30. Talet på eksamenar på studieførebuande utdanningsprogram
På vidaregåande trinn 1 på studieførebuande utdanningsprogram skal om lag 20 prosent av elevane trekkjast ut til eksamen i eitt fag.På vidaregåande trinn 2 på studieførebuande utdanningsprogram skal alle elevar trekkjast ut til eksamen i eitt fag.På vidaregåande trinn 3 på studieførebuande utdanningsprogram skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar:
På programområde for realfag og programområde for språk, samfunnsfag og økonomi skal elevane normalt trekkjast ut til to skriftlege eksamenar og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen.
På utdanningsprogram for musikk, dans og drama skal elevane trekkjast ut til to eksamenar, og éin munnleg-praktisk eksamen innanfor sitt eige programområde.
På andre studieførebuande utdanningsprogram og programområde skal elevane trekkjast ut til tre eksamenar. Minst éin av desse skal vere i eit fag frå deira eige programområde.
§ 9-31. Talet på eksamenar på yrkesfaglege utdanningsprogram
På vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram skal om lag 20 prosent av elevane trekkjast ut til eksamen i eitt fag.På vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram skal alle elevar ha tverrfagleg eksamen i programfag.På programområde for studieførebuande naturbruk skal elevane, i tillegg til eksamen i hovudmålet sitt, trekkjast ut til to eksamenar. Éin av desse skal vere i eit felles programfag.På programområde for landbruk skal elevane, i tillegg til ein tverrfagleg eksamen, ha eksamen i eitt valfritt programfag.På påbygging til generell studiekompetanse skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar:
På påbygging til generell studiekompetanse som etter tilbodsstrukturen skal gjennomførast på vidaregåande trinn 3, skal elevane trekkjast ut til éin skriftleg eksamen og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen.
På påbygging til generell studiekompetanse etter opplæringslova § 5-7, skal elevane trekkjast ut til to eksamenar.
Førebuingsdelen er ein del av opplæringa og skal førebu elevane og privatistane på utfordringar dei kan møte på eksamen. Det som skal vurderast, er den kompetansen elevane og privatistane viser på eksamensdagen. Det går fram av læreplanen i kvart fag om det skal vere førebuingsdel på eksamen.Ved munnleg eksamen varer ein førebuingsdel i 24 timar.Ved andre eksamenar kan ein førebuingsdel vare frå 24 til 48 timar. Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen, fastset kor lenge ein eventuell førebuingsdel skal vare innanfor denne ramma.
§ 9-33. Sensur av eksamenssvar
Alle eksamenssvar skal vurderast av to sensorar.Ved sentralt gitt eksamen skal begge sensorane vere eksterne. Dersom sensorane ikkje blir samde, skal ein oppmann eller ei oppkvinne avgjere karakteren.Ved lokalt gitt eksamen skal minst éin sensor vere ekstern. Ved lokalt gitt skriftleg eksamen skal faglæraren til eleven ikkje vere sensor. Ved lokalt gitt munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal faglæraren til eleven vere sensor om kommunen eller fylkeskommunen ønskjer det. På munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal ein av sensorane vere eksaminator og ha hovudansvaret for å gi oppgåver og stille spørsmål til kandidaten. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at sensor har tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.Endra ved forskrift 7 sep 2025 nr. 1787 (i kraft 1 jan 2026).
§ 9-34. Særskild tilrettelegging av eksamen
Elevar og privatistar har rett til særskild tilrettelegging av eksamen dersom dei treng det for å få vist kompetansen sin i faget. Tilrettelegginga må vere tilpassa behova til kvar enkelt elev eller privatist så langt det er mogleg, men eleven eller privatisten må bli prøvd i kompetansemåla i faget og skal ikkje få fordelar framfor andre eksamenskandidatar.Der det i læreplanen i faget er lagt særleg vekt på skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, skal eksamen ikkje leggjast til rette på ein slik måte at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.Elevar og privatistar må søkje kommunen eller fylkeskommunen om å få særskilt tilrettelagd eksamen. Kommunen eller fylkeskommunen avgjer kva slags tilretteleggingstiltak som skal setjast inn.
§ 9-35. Eksamen i utlandet for elevar og privatistar i vidaregåande opplæring
Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring kan søkje Statsforvaltaren i Agder om å få avleggje skriftleg eksamen i utlandet.Statsforvaltaren i Agder kan innvilge ein slik søknad dersom eleven eller privatisten som søkjer, bur fast i utlandet eller er militært personell stasjonert i utlandet og også desse vilkåra er oppfylte:
Eleven eller privatisten er meld opp til eksamen, og det er nødvendig å gå opp til eksamen i utlandet.
Eksamen kan gjennomførast på same tid som i Noreg.
Eksamensstaden i utlandet er tilfredsstillande og har stadfesta at han kan arrangere eksamen.
Ein skole i Noreg har stadfesta at han kan vere formell arrangør.
Elevar og privatistar som representerer Noreg på høgt nivå på internasjonale arrangement innanfor idrett og annan kultur, kan også få innvilga søknad om å få avleggje skriftleg eksamen i utlandet dersom vilkåra i andre ledd bokstav a–d er oppfylte.
§ 9-36. Utsett eksamen for elevar og privatistar i den vidaregåande opplæringa
Elevar og privatistar i den vidaregåande opplæringa som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til utsett eksamen i det aktuelle faget ved første etterfølgjande eksamen.Elevar og privatistar må leggje fram dokumentasjon på at dei var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa ikkje kunne føreseiast, og at dei ikkje kan lastast for hindringa.Dersom elevane ikkje går opp til eller ikkje består første etterfølgjande eksamen, fell eventuell standpunktkarakter i faget bort.Dersom elevane består utsett eksamen, fell retten til meir opplæring i faget bort, jf. § 5-2 første ledd.
§ 9-37. Ny eksamen for elevar i den vidaregåande opplæringa
Elevar i den vidaregåande opplæringa som får karakteren 1 til ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i det aktuelle faget ved første etterfølgjande eksamen.Dersom elevane ikkje går opp til eller ikkje består første etterfølgjande eksamen, fell standpunktkarakteren i faget bort.Dersom elevane består ny eksamen, fell retten til meir opplæring i faget bort, jf. § 5-2 første ledd.
§ 9-38. Særskild eksamen for elevar i den vidaregåande opplæringa
Elevar i den vidaregåande opplæringa som får karakteren 1 som standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen.Retten til særskild eksamen gjeld berre dersom elevane ikkje er trekte ut til eksamen i faget, og gjeld også for fag der det vanlegvis ikkje blir halde eksamen.Dersom elevane består særskild eksamen, fell retten til meir opplæring i faget bort, jf. § 5-2 første ledd.
§ 9-39. Bortvising frå eksamen
Elevar, og privatistar som hindrar eller forstyrrar gjennomføringa av eksamen, kan visast bort. Før dei kan visast bort, må dei ha fått ei åtvaring og moglegheit til å endre oppførsel.Rektor sjølv avgjer om elevar skal visast bort. Fylkeskommunen avgjer om privatistar, dei som har læretid i bedrift og praksiskandidatar skal visast bort. Før det blir gjort vedtak om bortvising, skal den det gjeld få uttale seg om saka.I vidaregåande opplæring vil elevar og dei som har læretid i bedrift, etter bortvising, ha rett til ny eksamen etter § 9-37. Privatistar og praksiskandidatar som får medhald i ei klage på eit vedtak om bortvising har også rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.
§ 9-40. Annullering av eksamen på grunn av feil ved gjennomføringa
Dersom det er gjort formelle feil ved gjennomføringa av eksamen, eller dersom eksamen av andre grunnar ikkje er avvikla i samsvar med reglane, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.I vidaregåande opplæring har dei som har fått eksamen annullert, rett til ny eksamen etter § 9-37.Utdanningsdirektoratet skal etter søknad gi dispensasjon frå kravet om bestått eksamen for den eksamenen som er annullert. jf. § 9-46 andre ledd. Slik dispensasjon kan berre gis til elevar, og berre dersom eleven har oppnådd bestått standpunktkarakter i faget.
§ 9-41. Annullering av eksamen når elevar ikkje får standpunktkarakter i faget
Dersom elevar har vore oppe til eksamen i eit fag der dei ikkje får standpunktkarakter, skal kommunen eller fylkeskommunen annullere eksamenen deira. Tverrfagleg eksamen skal berre bli annullert dersom elevane ikkje får standpunktkarakter i nokon av programfaga som inngår i eksamenen.
§ 9-42. Annullering av eksamen på grunn av juks eller forsøk på juks
Rektor sjølv skal annullere eksamenen til ein elev dersom det i samband med gjennomføringa av eksamen blir oppdaga at eleven har juksa eller forsøkt å jukse. For elevar som får ein eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren i det aktuelle faget bort.Fylkeskommunen skal annullere eksamen for privatistar eller dei som har læretid i bedrift dersom det i samband med gjennomføringa av eksamen blir oppdaga at dei har juksa eller forsøkt å jukse.Dei som har blitt tatt i å jukse eller forsøkje å jukse, har rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen.Den det gjeld skal få uttale seg om saka før det blir avgjort om eksamen skal annullerast.Dei som har fått ein eksamen i vidaregåande opplæring annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan gå opp til eksamen på nytt tidlegast eitt år etter at eksamenen blei annullert.
VI. Dokumentasjon i grunnskolen
§ 9-43. Vitnemål i grunnskolen
Alle elevar skal få vitnemål når dei har fullført grunnskoleopplæringa. Vitnemålet skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og opplysningar om fråvær. Skolen skal utferde vitnemål med norsk og samisk tekst til elevar som har hatt opplæring i eller på samisk, og til andre elevar som ber om det.Dersom ein elev ikkje har fått standpunktkarakter i eit fag, skal det i staden for karakter førast ein merknad om at det ikkje er grunnlag for vurdering i faget.Elevar som har hatt individuelt tilrettelagd opplæring, skal få ført ein merknad om dette på vitnemålet dersom dei ønskjer det.
§ 9-44. Føring av fråvær i grunnskolen
Det skal førast fråvær i dagar og enkelttimar på vitnemålet frå og med 8. trinn. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar.Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet, dersom dei legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemålet, dersom
det er dokumentert med legeattest at årsaka til fråværet er sjukdom eller andre helseforhold
Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert risiko for fråvær på grunn av nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.
§ 9-45. Ansvar for å utferde vitnemål i grunnskolen
Skolen der eleven fullfører opplæringa, skal utferde vitnemål.Elevar som har fått tilrettelagt tilbod på ein særskild skole, og elevar som har fått opplæring i fengsel, skal få vitnemål frå ein naboskole eller skolen på heimstaden dersom dei eller foreldra ber om det. Bustadkommunen til elevane skal opplyse om denne retten.Dokumentasjon skal utferdast på skjema fastsette av Utdanningsdirektoratet.Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det utferdast ny dokumentasjon som er så identisk som mogleg, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast. Det same gjeld i tilfelle der ny dokumentasjon må utferdast etter lov om endring av juridisk kjønn § 2.
VII. Dokumentasjon i vidaregåande opplæring
§ 9-46. Vitnemål i vidaregåande opplæring
Vitnemål i vidaregåande opplæring skal givast som dokumentasjon på bestått opplæringsløp. Skolen eller fylkeskommunen skal utferde vitnemål med norsk og samisk tekst til elevar som har hatt opplæring i eller på samisk, og privatistar som har tatt eksamen i eller på samisk, og til dei som ber om det.For å få vitnemål må ein ha bestått alle nødvendige fag og eksamenar i samsvar med læreplanverket. Dette gjeld likevel ikkje for
dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 5-9
dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23
dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-48
dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 eller § 9-40.
§ 9-47. Førstegongsvitnemål i vidaregåande opplæring
Førstegongsvitnemål skal givast som dokumentasjon til elevar som har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, innan fem år etter oppstart.På førstegongsvitnemålet skal det førast følgjande karakterar:
karakterar frå opplæringsløpet til eleven, jf. læreplanverket
karakterar i fag som går utover minstekravet til studiekompetanse, dersom eleven ønskjer det
karakterar som er betra i løpet av den tida læreplanverket fastset for opplæringsløpet, ikkje medrekna verdiskapingstida i bedrift, dersom eleven ønskjer det.
Dersom det allereie er utferda eit førstegongsvitnemål, skal dette berre endrast dersom eleven får nye karakterar som følgje av bokstav c–e, eller dersom ein eller fleire karakterar er annullert.
§ 9-48. Fag- og sveinebrev og praksisbrev i vidaregåande opplæring
Fag- og sveinebrev skal givast som dokumentasjon på bestått fag- og sveineprøve i vidaregåande opplæring. Praksisbrev skal givast som dokumentasjon på bestått praksisbrevprøve.Det er berre dei som har bestått alle relevante fag og eksamenar, som kan få fag- og sveinebrev og praksisbrev. Dette kravet gjeld likevel ikkje for
dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 5-9
dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23
dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-50
dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 og § 9-40
dei som har bestått språkfag i svensk eller dansk som kan sidestillast med kravet til norsk.
Praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb treng ikkje fellesfag for å få utferda fag- eller sveinebrev.Endra ved forskrift 20 juni 2025 nr. 1179 (i kraft 1 aug 2025).
§ 9-49. Særskilde reglar om dokumentasjon i yrkesfaglege utdanningsprogram for dei med store lærevanskar
Dersom elevar, lærlingar og praksisbrevkandidatar i yrkesfaglege utdanningsprogram har store lærevanskar, kan dei søkje om å få vitnemål, fag- og sveinebrev og praksisbrev sjølv om krava i § 9-46 og § 9-48 ikkje er oppfylte. For elevar og lærlingar gjeld dette berre dei som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått eitt eller to fellesfag som følgje av lærevanskar i faget eller faga. For praksisbrevkandidatar gjeld dette berre dei som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått eitt fellesfag som følgje av store lærevanskar i faget.Det må liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som dokumenterer lærevanskane i den vidaregåande opplæringa.Fylkeskommunen avgjer søknader om dokumentasjon etter denne paragrafen, men ikkje før overgangen frå vidaregåande trinn 2 til vidaregåande trinn 3.
§ 9-50. Særskilde reglar om dokumentasjon for privatistar i yrkesfaglege utdanningsprogram
Privatistar som tar yrkesfaglege utdanningsprogram og har minst fem års allsidig yrkespraksis eller opplæring, er fritatt frå kravet om at ein må ha fellesfag for å få vitnemål som gir yrkeskompetanse. Eventuell opplæring i fag på utdanningsprogramma er inkludert i dei fem åra.
§ 9-51. Kompetansebevis i vidaregåande opplæring
Kompetansebevis skal givast som dokumentasjon på vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål eller fag- og sveinebrev ikkje er oppfylte. Kompetansebevis skal også givast som dokumentasjon på gjennomgått opplæring når ein elev berre har fått opplæring i delar av eit fag.Kompetansebeviset skal vise standpunkt- og eksamenskarakterar.Det er skolen der elevane har fått standpunkt- og eksamenskarakterar, som utferdar kompetansebevis for elevar. Det er fylkeskommunen som utferdar kompetansebevis for lærlingar, lærekandidatar og privatistar.
§ 9-52. Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring
På vitnemålet til elevar skal det berre førast standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i samsvar med læreplanar i fag. Ein kan få ført karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse, på vitnemålet.Dersom ein elev ikkje fullfører eit fag på det nivået der standpunktkarakter skal setjast, er det den halvårsvurderinga med karakter som eleven har fått etter det siste fullførte skoleåret, som skal førast på kompetansebeviset. Det skal då førast ein merknad på kompetansebeviset med ei presisering av at det er halvårsvurderinga med karakter som er brukt.I eit fag der det er fastsett i læreplanen at privatistar kan ta eksamen på høgare nivå og få godskrive faget på lågare nivå, er det eksamenskarakteren på høgaste nivå som skal førast.Når ein elev har fått sluttvurdering med bestått karakter i eit fag, skal karakteren følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan då ikkje bli elev i faget på nytt. Ein elev som har brukt retten til å gjere omval, jf. opplæringslova § 5-5, eller som har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på 8. til 10. trinn, jf. § 1-12, kan velje mellom å få faget godkjent etter § 5-11 eller å ta faget på nytt som elev. Det er den siste beståtte karakteren som skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.På vitnemålet eller kompetansebeviset til privatistar skal det berre førast eksamenskarakterar. Eventuelle tidlegare standpunkt- og eksamenskarakterar i eit fag fell bort når ein privatist får eksamenskarakteren ført på vitnemålet eller kompetansebeviset.Elevar med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter i eitt eller fleire fag, skal få ført på kompetansebeviset at dei er vurderte etter individuell opplæringsplan. Kompetansen til eleven skal dokumenterast i eit vedlegg til kompetansebeviset.
§ 9-53. Føring av fråvær i vidaregåande opplæring
Det skal førast fråvær i dagar og enkelttimar på vitnemålet og kompetansebeviset i vidaregåande opplæring. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar.Fylkeskommunen kan avgjere om fråværet til elevar som følgjer opplæringa i mindre enn eit fullstendig utdanningsprogram, skal førast i dagar og timar eller berre i timar.Ein elev kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset.Ein elev kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom det blir lagt fram slik dokumentasjon som er nemnd i § 9-8 andre og tredje ledd.Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet eller kompetansebeviset, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert høgare risiko for helserelatert fråvær, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.Endra ved forskrift 18 feb 2025 nr. 234 (i kraft 1 aug 2025).
§ 9-54. Ansvar for å utferde vitnemål, fag- og sveinebrev, praksisbrev og kompetansebevis i vidaregåande opplæring
Skolen der eleven fullfører og består opplæringa, skal utferde vitnemål. Dersom eleven treng nytt vitnemål, er det skolen som utferda det opphavlege vitnemålet, som skal utferde vitnemålet på nytt.Fylkeskommunen skal utferde vitnemåla til lærlingar som ikkje tidlegare har oppfylt krava til vitnemål.Når ein privatist som tidlegare har fått vitnemål som elev, treng eit nytt vitnemål, er det den skolen som utferda det opphavlege vitnemålet, som skal utferde det nye. Når ein privatist som ikkje tidlegare har oppfylt krava til vitnemål, skal ha vitnemål, er det den fylkeskommunen der privatisten sist fekk standpunktkarakter i eit fag, som skal utferde vitnemålet. Når ein privatist som ikkje tidlegare har fått standpunktkarakter i vidaregåande opplæring, skal ha vitnemål, er det den fylkeskommunen der privatisten bur, som skal utferde vitnemålet. Det same gjeld dersom ein privatist sist fekk standpunktkarakter i eit fag på ein skole som er godkjend etter privatskolelova.Fylkeskommunen er ansvarleg for å utferde fag- og sveinebrev og praksisbrev. Når det blir teikna lærekontrakt med ei bedrift, skal fylkeskommunen gjere bedrifta merksam på dei unntaka som er nemnde ovanfor.Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som får nye karakterar i fag eller tar nye fag, har rett til ny dokumentasjon.Dokumentasjon skal utferdast på skjema fastsette av Utdanningsdirektoratet.Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det utferdast ny dokumentasjon som er så identisk som mogleg, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast. Det same gjeld i tilfelle der ny dokumentasjon må utferdast etter lov om endring av juridisk kjønn § 2.
VIII. Særskilde reglar for fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva i vidaregåande opplæring
§ 9-55. Organisering av fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva
Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva og for å gjere kandidatane kjende med reglane for prøva.Prøva skal som hovudregel haldast før læretida er over, men ikkje tidlegare enn tre månader før. Kandidatane må fullføre læretida for å få fag- og sveinebrev og praksisbrev.Dei som har opplæring i bedrift, skal som hovudregel ta prøva i den lærebedrifta der dei har fått det meste av opplæringa. Prøva skal tilpassast verksemda i lærebedrifta. Fylkeskommunen kan etter råd frå prøvenemnda avgjere at heile eller delar av prøva skal haldast ein annan stad.Praksiskandidatar kan bli bedne av prøvenemnda om å komme med forslag til kvar eller korleis fag- eller sveineprøva kan gjennomførast.
§ 9-56. Oppmelding til fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva
Lærebedrifta skal melde opp ein som har læretid i bedrift til fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Skolen skal melde opp elevar til fag- eller sveineprøva.Oppmeldinga av dei som har læretid i bedrift skal sendast til den fylkeskommunen der kontrakten om opplæring er godkjend, seinast innan to månader før kontraktstida er ute. Oppmeldinga av elevar skal sendast til fylkeskommunen der skolen ligg.Praksiskandidatar må sjølve melde seg opp til fag- eller sveineprøva til fylkeskommunen innan den fristen som fylkeskommunen fastset. Praksiskandidatane skal betale ei prøveavgift til fylkeskommunen. Prøveavgifta blir fastsett ved dei årlege budsjettvedtaka i Stortinget. Dei skal ikkje betale for utsett prøve etter § 9-67, eller for ny prøve ved medhald i klage på bortvising eller annullering etter §§ 9-68 og 9-69.Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
§ 9-57. Krav til elevar, lærlingar og praksisbrevkandidatar som skal ta fag- eller sveineprøva eller praksisbrevprøva
Elevar, lærlingar og praksisbrevkandidatar skal ha bestått alle relevante fag og eksamenar før dei kan ta fag- eller sveineprøva eller praksisbrevprøva.Elevar og lærlingar som har følgt opplæringa, men ikkje har fått bestått karakter i eitt eller to av fellesfaga, kan likevel ta fag- eller sveineprøva.Praksisbrevkandidatar som har følgt opplæringa, men ikkje har fått bestått karakter i eitt fellesfag, kan likevel ta praksisbrevprøva.Dersom det ikkje ligg føre vedtak etter § 9-49, må elevane, lærlingane og praksisbrevkandidatane bestå faga etter at prøva er halden, om dei skal få utferda fag- eller sveinebrev eller praksisbrev.
§ 9-58. Samla krav til praksis før fag- og sveineprøve for kandidatar for fagbrev på jobb
Kor lang allsidig praksis kandidatar for fagbrev på jobb må ha før dei tar fag- eller sveineprøva, er avhengig av lengda på lærefaget slik det er fastsett i tilbodsstrukturen. For dei fleste faga vil det seie fire år i heiltidsstilling. Fylkeskommunen avgjer om den praksisen ein kandidat viser til, kan godkjennast.Før det blir skrive kontrakt om opplæring, må kandidatane ha hatt minimum eitt års allsidig praksis i lærefaget i heiltidsstilling. For kandidatar som ikkje har hatt heiltidsstilling, må praksisen reknast om til 100 prosent stilling. Ein stillingsbrøk på 80 prosent kan godkjennast som heiltid.Før lærekontrakten blir inngått, skal fylkeskommunen trekkje frå det året med praksis som er kravd, og gjere frådrag for eventuell realkompetanse. Det er likevel eit krav at kontraktstida må vere på minst eitt år.
§ 9-59. Oppnemning av prøvenemnda for fag- og sveineprøva
Fylkeskommunen skal nemne opp éi eller fleire prøvenemnder for fag- og sveineprøva, etter framlegg frå yrkesopplæringsnemnda.Fylkeskommunen skal sjå til at prøvenemnda har den kompetansen som trengst. Prøvenemnda skal ha minst to medlemmer med formell fagleg kompetanse innanfor fagområdet. Så langt det er mogleg, skal dei også ha oppdatert arbeidslivserfaring i faget.Fylkeskommunen skal hente inn forslag til medlemmer i prøvenemnda frå partane i arbeidslivet.Medlemmene skal som hovudregel ikkje vere knytte til lærebedrifta eller skolen der kandidatane har fått opplæring.
§ 9-60. Innhaldet i og omfanget av fag- og sveineprøva
Prøvenemnda har ansvaret for utforminga av fag- og sveineprøva. Lærebedrifta, eventuelt skolen som alternativ til opplæring i bedrift, kan komme med forslag til arbeidsoppgåver.Fag- og sveineprøva skal prøve kandidatane sin kompetanse i faget, jf. § 9-1. Alle kompetansemåla i læreplanen skal kunne prøvast. Prøvenemnda skal sørgje for at kandidatane får vist om dei har den kompetansen som skal til for å få fag- eller sveinebrev i faget.Fag- og sveineprøva skal vise kor godt kandidatane er i stand til å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere det faglege arbeidet sitt, og om dei kan grunngi løysingane sine.Fag- og sveineprøva skal vere tilpassa tidsramma som er fastsett for prøva i læreplanen, slik at kandidatane får tid til å gjere godt arbeid. Dei hjelpemidla kandidatane har brukt i læretida, kan dei også bruke under prøva.I tillegg til å lage oppgåva skal prøvenemnda utarbeide eit grunnlag for å vurdere løysinga. Prøvenemnda skal gjere kandidatane kjende med hovudpunkta i dette grunnlaget.
§ 9-61. Gjennomføring av fag- og sveineprøva
Prøva skal starte med eit møte mellom kandidaten og heile prøvenemnda. I møtet skal prøvenemnda levere oppgåva til kandidaten og sørgje for at kandidaten har forstått oppgåva. Møtet skal normalt haldast på prøvestaden, men kan gjennomførast digitalt dersom prøvenemnda i samråd med fylkeskommunen og kandidaten finn at det er forsvarleg.Prøvenemnda skal vurdere arbeidet til kandidaten undervegs. Heile prøvenemnda skal vere på prøvestaden ved prøveslutt.Prøvenemnda og kandidaten skal ved behov ha ein oppsummerande samtale til slutt for å avklare spørsmål som har oppstått under prøva. Både kandidaten og prøvenemnda kan be om ein slik samtale. Samtalen skal dreie seg om den gjennomførte oppgåva.Prøvenemnda skal føre protokoll over gjennomføringa av prøva undervegs. Fylkeskommunen skal sørgje for tilsyn med at heile prøva blir halden i tråd med reglane.
§ 9-62. Særskild tilrettelegging av fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva
Dei som har opplæring i bedrift, elevar og praksiskandidatar har rett til særskild tilrettelegging av prøva dersom dei treng det for å få vist kompetansen sin i faget. Tilrettelegginga må vere tilpassa behova til kvar enkelt kandidat så langt det er mogleg, men kandidaten må bli prøvd i kompetansemåla i faget og skal ikkje få fordelar framfor andre kandidatar.Der det i læreplanen i faget er lagt særleg vekt på skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, skal prøva ikkje leggjast til rette på ein slik måte at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.Dei som ønskjer særskild tilrettelegging av prøva, må søkje fylkeskommunen om det. Fylkeskommunen kan krevje at ein sakkunnig instans gir fråsegn om behovet for tilrettelegging. Fylkeskommunen avgjer kva slags tilretteleggingstiltak som skal setjast inn.
§ 9-63. Vurdering av fag- og sveineprøva
Prøvenemnda skal vurdere kompetansen kandidaten har vist gjennom fag- eller sveineprøva, og setje karakter.Karakteren skal vere eit uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla i læreplanen i faget.Dersom det er usemje i prøvenemnda om karakteren og røystetala for ulike karakterar står likt, fastset fylkeskommunen kven av medlemmene som avgjer karakteren.
§ 9-64. Utarbeiding av praksisbrevprøva og kompetanseprøva, innhaldet i prøvene og vurderinga av dei
Fylkeskommunen har ansvaret for å utarbeide praksisbrevprøver og kompetanseprøver og for at prøvene blir vurderte.Praksisbrevkandidatar skal prøvast i kompetansemåla som er fastsette i den lokale læreplanen i faget. Lærekandidatar skal prøvast i dei opplæringsmåla som er fastsette for dei, jf. opplæringslova § 7-4 sjette ledd. Innanfor rammene av måla skal prøvene utarbeidast og gjennomførast etter same prinsipp som fag- og sveineprøva.Karakteren skal vere eit uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla i den lokale læreplanen eller måla som er fastsette for kandidaten.
§ 9-65. Oppbevaring av prøvearbeid
Prøvenemnda skal i samråd med fylkeskommunen sørgje for oppbevaring av prøvearbeid på fag- og sveineprøver som ikkje er bestått. Dei som står for vurderinga av praksisbrevprøver og kompetanseprøver, skal i samråd med fylkeskommunen sørgje for oppbevaring av prøvearbeid på desse prøvene når dei ikkje er bestått. Så langt det er mogleg, skal prøvearbeidet takast vare på slik kandidaten leverte det frå seg. Dersom prøvearbeidet ikkje kan takast vare på, skal det dokumenterast i tilstrekkeleg grad til at det kan leggjast fram ved ei eventuell klagebehandling.
§ 9-66. Ny fag- eller sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve
Dersom fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva ikkje er bestått ved første forsøk, har kandidaten rett til å bli meldt opp til ei ny prøve.Lærebedrifta skal sørgje for oppmelding for dei som har hatt læretid i bedrift. Fylkeskommunen skal sørgje for oppmelding for dei som har hatt opplæring i skole. Fylkeskommunen har ansvaret for å gjennomføre prøva og skal dekkje dei kostnadene lærebedrifta har i samband med gjennomføringa.Dersom kandidaten får godkjent forlenging av lærekontrakt eller ny lærekontrakt i lærefaget, eller får tilbod om meir opplæring i lærefaget av fylkeskommunen, gjeld ikkje avgrensinga om berre ei ny prøve etter første ledd.Første og andre ledd gjeld ikkje for praksiskandidatar. Praksiskandidatar kan melde seg opp til ny prøve tidlegast seks månader etter den førre prøva. Dei må sjølve melde seg opp til ny prøve og betale ny prøveavgift.
§ 9-67. Utsett fag- eller sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve
Dei som har opplæring i bedrift, elevar og praksiskandidatar som har dokumentert fråvær ved fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva, har rett til utsett prøve. Utsett prøve skal haldast så snart som mogleg.Kandidatane må leggje fram dokumentasjon på at dei var hindra frå å møte til prøva, at hindringa ikkje kunne føreseiast, og at dei ikkje kan lastast for hindringa.Kandidatar som ikkje består utsett prøve, har rett til ei ny prøve etter § 9-66.Praksiskandidatar må sjølve melde seg opp til utsett fag- eller sveineprøve.
§ 9-68. Bortvising frå fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva
Kandidatar som hindrar eller forstyrrar gjennomføringa av fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva, kan visast bort. Før dei kan visast bort, må dei ha fått ei åtvaring og moglegheit til å endre oppførsel.Det er fylkeskommunen eller den som fylkeskommunen har nemnt opp, som avgjer om ein kandidat skal visast bort frå fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva.Før det blir avgjort om ein kandidat skal visast bort, skal kandidaten få uttale seg om saka.Ein kandidat som har blitt vist bort frå prøva, har rett til ny fag- eller sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve.
§ 9-69. Annullering av fag- og sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva på grunn av juks eller forsøk på juks
Prøvenemnda skal annullere fag- eller sveineprøva til ein kandidat dersom det i samband med gjennomføringa av prøva blir oppdaga at kandidaten har juksa eller forsøkt å jukse.Fylkeskommunen eller den fylkeskommunen har nemnt opp, skal annullere praksisbrevprøva eller kompetanseprøva til ein kandidat dersom det i samband med gjennomføringa av prøva blir oppdaga at kandidaten har juksa eller forsøkt å jukse.Kandidatar som har blitt tatt i å jukse eller forsøkje å jukse, har rett til å fullføre prøva.Kandidaten skal få uttale seg om saka før det blir avgjort om prøva skal annullerast.Dersom fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva til ein kandidat blir annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan kandidaten få meir opplæring og gå opp til ny prøve tidlegast eitt år etter at prøva blei annullert.Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
§ 10-1. Kva kapittelet gjeld og forholdet til forvaltningsloven
Kapittelet gjeld klage på sluttvurderingar etter kapittel 9. Reglane i forvaltningsloven gjeld om ikkje noko anna er fastsett.
§ 10-2. Klagefristar
Fristen for å klage på eksamenskarakterar og fastsetjing av standpunktkarakterar er ti dagar.
§ 10-3. Rett til grunngiving for karakteren
Dei som har klagerett, kan innanfor klagefristen krevje skriftleg grunngiving for standpunktkarakterar, vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag og karakter på fag- eller sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve.Dei som har klagerett, kan innanfor klagefristen krevje munnleg grunngiving for karakterar på munnlege eksamenar og eksamenar som ikkje berre er skriftlege eller munnlege.Grunngivinga etter første og andre ledd skal givast av ein lærar, ein av sensorane, prøvenemnda eller dei som har fastsett karakteren på praksisbrevprøva eller kompetanseprøva.Dei som har vore oppe til skriftleg eksamen, har ikkje rett til å få karakteren grunngitt. Når karakteren er fastsett, har dei likevel rett til å få kopi av sine eigne eksamenssvar og eventuelle retningslinjer som er utarbeidde for sensorane.
§ 10-4. Klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag
Elevar kan klage på korleis standpunktkarakteren i eit fag er fastsett. Statsforvaltaren er klageinstans.Dersom skolen ikkje gjer nytt vedtak, skal skolen saman med klaga, sende ei grunngiving frå faglæraren for korleis karakteren er fastsett og ei fråsegn frå skolen om saksbehandlinga til klageinstansen.Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste standpunktkarakteren eller oppheve standpunktkarakteren.Dersom statsforvaltaren opphevar standpunktkarakteren, skal skolen sørgje for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsett ein endeleg karakter. Statsforvaltaren skal ha kopi av det nye vedtaket.
§ 10-5. Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag
Elevar kan klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag. Statsforvaltaren er klageinstans.Dersom skolen ikkje gjer nytt vedtak, skal skolen saman med klaga sende ei grunngiving for at det ikkje er sett standpunktkarakter, ei fråsegn om saksbehandlinga og ein kopi av varselet om at karakteren kan falle bort, jf. § 9-7, til klageinstansen. Grunngivinga for at det ikkje er sett karakter, skal vere gitt i samråd med faglæraren.Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste vedtaket om ikkje å setje standpunktkarakter eller oppheve vedtaket.Dersom statsforvaltaren opphevar vedtaket, skal skolen sørgje for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsett ein karakter eller eit anna vurderingsuttrykk. Statsforvaltaren skal ha kopi av det nye vedtaket.Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
§ 10-6. Klage på standpunktkarakter i orden og i oppførsel
Elevar kan klage på standpunktkarakteren i orden og i oppførsel. Statsforvaltaren er klageinstans.Dersom skolen ikkje gjer nytt vedtak, skal skolen saman med klaga sende ei fråsegn frå kontaktlæraren og rektor, ein kopi av skolereglane og ein kopi av varselet om at karakteren kan bli sett ned, jf. § 9-7 til klageinstansen.Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste karakteren eller justere karakteren opp eller ned.
§ 10-7. Klage på karakter ved skriftleg eksamen
Dei som har vore oppe til skriftleg eksamen, kan klage på karakteren. Ei klagenemnd som er oppnemnd av statsforvaltaren, er klageinstans for klager på fastsetjing av karakter ved skriftleg eksamen.Når det er ein elev som klagar, skal skolen sende statsforvaltaren klaga og eksamenssvaret til eleven. Når det er ein privatist eller praksiskandidat som klagar, skal fylkeskommunen sende statsforvaltaren klaga og eksamenssvaret til privatisten eller praksiskandidaten.Klagenemnda skal ha tilgang til eksamenssvaret og skal få greie på den opphavlege karakteren, men ho skal ikkje kjenne til innhaldet i klaga. Medlemmene av klagenemnda må ikkje ha vore med i førstegongsbedømminga av eksamenssvaret til klagaren.Klagenemnda kan avvise klaga, stadfeste karakteren eller justere karakteren opp eller ned. Klagenemnda treng ikkje grunngi avgjerda si.
§ 10-8. Klage på gjennomføringa av munnleg eksamen og eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg
Dei som har vore oppe til munnleg eksamen eller eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg, kan berre klage på formelle feil ved gjennomføringa av eksamen som kan ha hatt noko å seie for resultatet. Statsforvaltaren er klageinstans.Skolen skal sende klaga til statsforvaltaren, saman med eksamensoppgåva og ein kopi av dei retningslinjene kommunen eller fylkeskommunen har fastsett for gjennomføringa av lokalt gitt eksamen. I tillegg skal skolen sende statsforvaltaren ei fråsegn frå rektor om gjennomføringa av eksamen og ei fråsegn som rektor har henta inn frå sensor og eksaminator, om gjennomføringa av eksamen. Fylkeskommunen sender det same til statsforvaltaren når det gjeld privatistar. Fråsegna om gjennomføringa av eksamen skal då vere frå fylkeskommunen.Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste karakteren eller annullere karakteren. Dersom statsforvaltaren kjem fram til at formelle feil kan ha verka inn på karakteren, skal karakteren annullerast.Elevar som får karakteren annullert, kan velje å gå opp til ny eksamen, jf. § 9-37. Om dei vel å gå opp på nytt i eit trekkfag, skal faget trekkjast på nytt. Privatistar som ikkje har standpunktkarakter i faget, må gå opp til eksamen på nytt dersom dei vil ha utferda vitnemål.
§ 10-9. Klage på fag- og sveineprøve
Kandidatar som har fått karakteren «ikkje bestått» på fag- og sveineprøva, kan klage både på karakteren og på formelle feil ved gjennomføringa av prøva.Ei klagenemnd som er oppnemnd i samsvar med opplæringslova § 8-3, er klageinstans for klager på karakteren «ikkje bestått» på fag- og sveineprøva.Fylkeskommunen skal sende klaga til Utdanningsdirektoratet. Saman med klaga skal dei sende prøveoppgåva, det vurderingsgrunnlaget som prøvenemnda har utarbeidd, prøveprotokollen, alt oppbevart prøvearbeid og ei fråsegn frå prøvenemnda om korleis karakteren er fastsett.Klagenemnda kan avvise klaga, stadfeste karakteren, justere karakteren opp eller oppheve den opphavlege karakteren og vise til ny prøve.Fylkestinget eller den fylkestinget gir fullmakt, er klageinstans for formelle feil ved gjennomføringa av fag- og sveineprøva.Fylkeskommunen skal sende det same som er nemnt i tredje ledd, til fylkestinget eller den fylkestinget gir fullmakt. Fråsegna frå prøvenemnda må innehalde informasjon om gjennomføringa av fag- eller sveineprøva.Dersom det er gjort formelle feil som kan ha hatt avgjerande innverknad på prøveresultatet, skal den opphavlege karakteren opphevast. Klagaren har då rett til å ta ei ny prøve så snart som mogleg.Kandidatar som får karakteren oppheva, må gå opp til fag- eller sveineprøve på nytt dersom dei vil ha fag- eller sveinebrev.
§ 10-10. Klage på praksisbrevprøve og kompetanseprøve
Kandidatar som har fått karakteren «ikkje bestått» til praksisbrevprøva og kompetanseprøva, kan klage både på karakteren og på formelle feil ved gjennomføringa av prøva. Fylkestinget eller den fylkestinget gir fullmakt, er klageinstans.Fylkeskommunen skal sende klaga til fylkestinget eller den fylkestinget gir fullmakt. Saman med klaga skal dei sende prøveoppgåva, det vurderingsgrunnlaget som er utarbeidd, prøveprotokollen, alt oppbevart prøvearbeid og ei fråsegn frå dei som stod for vurderinga, om korleis karakteren er fastsett.Fylkestinget eller den fylkestinget gir fullmakt, kan avvise klaga, stadfeste karakteren, justere karakteren opp eller oppheve den opphavlege karakteren og vise til ny prøve.Ved klage på formelle feil skal fylkeskommunen sende det same som er nemnt i tredje ledd, til fylkestinget eller den fylkestinget gir fullmakt. Fråsegna frå dei som stod for vurderinga, må innehalde informasjon om gjennomføringa av praksisbrevprøva eller kompetanseprøva.Dersom det er gjort formelle feil som kan ha hatt avgjerande innverknad på prøveresultatet, skal den opphavlege karakteren opphevast. Klagaren har då rett til å ta ei ny prøve så snart som mogleg.Kandidatar som får karakteren oppheva, må gå opp til prøva på nytt dersom dei vil ha utferda dokumentasjon.
Kapittel 11. Samarbeid med foreldra, skolebibliotek og saksbehandling som gjeld det fysiske skolemiljøet
Frå 1. trinn i grunnskolen til vidaregåande trinn 2 skal skolen i starten av kvart skoleår halde eit foreldremøte der dei gir informasjon om innhaldet i og organiseringa av opplæringa, om korleis foreldra kan medverke, og om rutinar og andre relevante forhold.I grunnskolen skal skolen minst to gonger i året invitere foreldra til elevane til ein planlagd samtale med kontaktlæraren. På vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2 skal skolen invitere foreldra til elevar som ikkje er myndige, til minst éin slik planlagd samtale i løpet av første halvår av skoleåret.Samtalen etter andre ledd skal gi foreldra informasjon om korleis eleven arbeider, den faglege utviklinga til eleven, og korleis eleven utviklar seg sosialt. Samtalen skal også klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for at eleven lærer og utviklar seg. Elevar som har fylt tolv år, har rett til å vere med i samtalen. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 9-6.Skolen skal gi foreldra til elevar som ikkje er myndige, skriftleg eller munnleg melding om fråværet til elevane.
§ 11-2. Skolebibliotek
Skolebiblioteket skal bidra til å utvikle språkferdigheitene, leseferdigheitene og evna til å tenke kritisk hos elevane, og til å jamne ut sosiale forskjellar.Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane har tilgang til eit skolebibliotek eller eit anna bibliotek som er særskilt tilrettelagt for skolen. Biblioteket skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skolen.
§ 11-3. Saksbehandling som gjeld det fysiske skolemiljøet
I. Krav til kompetanse for tilsetjing og undervisning
§ 12-1. Krav til pedagogisk utdanning for å bli tilsett i lærarstilling
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som blir tilsette i lærarstilling, har pedagogisk utdanning i samsvar med krava i forskrifter om rammeplanar for lærarutdanningane, eller at dei har tilsvarande pedagogisk utdanning.Tilføyd ved forskrift 17 juni 2024 nr. 1048 (i kraft 1 aug 2024).
§ 12-2. Krav for å bli tilsett i lærarstilling på 1. til 4. trinn
Kommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast i lærarstilling på 1. til 4. trinn, oppfyller eitt av desse krava:
Dei har grunnskolelærarutdanning for 1. til 7. trinn.
Dei har barnehagelærarutdanning og minst 60 studiepoeng vidareutdanning retta mot undervisning på 1. til 4. trinn.
Dei har faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag, eller tilsvarande fagleg kompetanse. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har barnehagelærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
§ 12-3. Krav for å bli tilsett i lærarstilling på 5. til 7. trinn
Kommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast i lærarstilling på 5. til 7. trinn, oppfyller eitt av desse krava:
Dei har grunnskolelærarutdanning for 1. til 7. trinn eller for 5. til 10. trinn.
Dei har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har yrkesfaglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har faglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har barnehagelærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
§ 12-4. Krav om relevant kompetanse i undervisningsfaga for 1. til 7. trinn
Kommunen skal sørgje for at dei som er tilsette i lærarstilling, og som skal undervise i norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk eller engelsk på 1. til 7. trinn, har minst 30 studiepoeng som er relevante for faget.
§ 12-5. Krav for å bli tilsett i lærarstilling på 8. til 10. trinn
Kommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast i lærarstilling på 8. til 10. trinn, oppfyller eitt av desse krava:
Dei har grunnskolelærarutdanning for 5. til 10. trinn.
Dei har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning, og minst 60 studiepoeng relevant utdanning dersom tilsetjinga gjeld norsk, matematikk eller engelsk.
Dei har faglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har yrkesfaglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har barnehagelærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
§ 12-6. Krav om relevant kompetanse i undervisningsfaga for 8. til 10. trinn
Kommunen skal sørgje for at dei som er tilsette i lærarstilling, og som skal undervise i norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk eller engelsk på 8. til 10. trinn, har minst 60 studiepoeng som er relevante for faget.Kommunen skal også sørgje for at dei som er tilsette i lærarstilling, og som skal undervise i andre fag på 8. til 10. trinn, har minst 30 studiepoeng som er relevante for faga. Kravet gjeld ikkje for valfaga, utdanningsval og arbeidslivsfag.
§ 12-7. Krav for å bli tilsett i lærarstilling i fellesfag på alle utdanningsprogram, og i programfag på studieførebuande utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa
Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast i lærarstilling i fellesfag på alle utdanningsprogram, og i programfag på studieførebuande utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa oppfyller eitt av desse krava:
Dei har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har faglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
§ 12-8. Krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa
Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring, oppfyller eitt av desse krava:
Dei har yrkesfaglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har faglærarutdanning. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
Dei har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må dei ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetjing i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
Dei har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, jf. forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13 § 5, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
§ 12-9. Krav om relevant kompetanse i undervisningsfaga i den vidaregåande opplæringa
Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som er tilsette i lærarstilling, og som skal undervise i den vidaregåande opplæringa, har minst 60 studiepoeng som er relevante for faget.Kravet i første ledd gjeld ikkje for dei som skal undervise i yrkesfagleg fordjuping. Det gjeld heller ikkje for dei som er tilsette etter § 12-8 første ledd bokstav d, dersom eitt av dei to åra med yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå er relevant for å undervise i faget, eller dersom dei har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse etter § 12-8 andre ledd, og ein tilsvarande del av realkompetansen er relevant for å undervise i faget.
§ 12-10. Krav for å bli tilsett i stilling som morsmålslærar
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast som morsmålslærar, har kompetanse som nemnd i andre eller tredje ledd.Ein morsmålslærar med eit anna morsmål enn eleven må ha bestått universitets- eller høgskoleutdanning med totalt minst 90 studiepoeng i eleven sitt språk. Læraren må også ha pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1. Læraren må ha god kjennskap til den kulturelle bakgrunnen til eleven.Ein morsmålslærar med same morsmål som eleven må dokumentere gode norskkunnskapar. I tillegg må læraren ha bestått ei av følgjande utdanningar:
universitets- og høgskoleutdanning som omfattar språket og kulturen til eleven i eit omfang på minst eitt og eit halvt år, og som har ei samla lengd på minst tre år, inklusive pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1
lærarutdanning på morsmålet til eleven eller frå heimlandet til eleven
treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar.
Ved tilsetjing av morsmålslærarar i dei nasjonale minoritetsspråka det ikkje finst studietilbod for i Noreg, kan kommunen og fylkeskommunen gjere unntak frå krava for tilsetjing.
§ 12-11. Krav for å bli tilsett på bakgrunn av utanlandske lærarkvalifikasjonar
Kommunen og fylkeskommunen kan tilsetje personar med utanlandske lærarkvalifikasjonar, dersom dei har godkjenning etter § 12-12 som lærar eller som morsmålslærar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som blir tilsett, har ferdigheiter og innsikt i norsk språk, i norske samfunnsforhold og i skoleforhold som er nødvendige for stillinga.
§ 12-12. Godkjenning av utanlandske lærarkvalifikasjonar
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse skal godkjenne søknadar om godkjenning av utanlandske lærarkvalifikasjonar dersom kvalifikasjonane kan seiast å vere likeverdige med krava for tilsetjing etter § 12-1 til § 12-10. Kvalifikasjonane skal vurderast i samsvar med yrkeskvalifikasjonsloven.Ved vurdering av slike søknader kan det behandlast personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.
§ 12-13. Tidlegare godkjend lærarutdanning og overgangsordningar
Dei som har lærarutdanning som kvalifiserte for tilsetjing etter tidlegare reglar, vil framleis oppfylle krava for å kunne bli tilsette i lærarstilling.Dei som har fullført allmennlærarutdanning våren 2014 eller seinare, kan tilsetjast på same måte som dei som har fullført allmennlærarutdanning før 2014.Ein førskolelærar som starta utdanninga si hausten 2007 eller tidlegare, kan tilsetjast på 1. trinn i grunnskolen utan å ha den vidareutdanninga som krevst etter § 12-2 første ledd.Dei som ikkje oppfyller kravet om pedagogisk utdanning, jf. § 12-1, kan likevel tilsetjast i lærarstilling dersom dei var fast tilsette i ei lærarstilling i grunnskolen eller vidaregåande skole 1. august 2024, og kommunen eller fylkeskommunen vurderer at dei har tilsvarande pedagogisk kompetanse.Dei som har lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, kan tilsetjast på lik linje med dei som har faglærarutdanning.Endra ved forskrifter 17 juni 2024 nr. 1048 (i kraft 1 aug 2024), 29 sep 2025 nr. 1988.
§ 12-14. Stillingstitlar
Stilling i grunnskolen og i vidaregåande opplæring skal normalt vere lærar, adjunkt eller lektor.
II. Politiattest og yrkesforbod
§ 12-15. Politiattest ved tilsetjing
Kommunen, fylkeskommunen og leirskolen skal i utlysingsteksten gjere søkjarar merksame på at dei må leggje fram politiattest før dei kan tilsetjast.Kommunen, fylkeskommunen og leirskolen skal berre krevje politiattest av den søkjaren som får tilbod om stillinga. I tilbodet om stillinga skal det takast atterhald om at merknader på politiattesten kan føre til at tilbodet blir endra.Politiattest skal liggje føre før søkjaren blir tilsett.
§ 12-16. Krav til politiattesten
Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader når han blir levert.
§ 12-17. Behandling og oppbevaring av politiattesten
Kommunen, fylkeskommunen og leirskolen kan ikkje tilsetje eller ha i praksis ein person i skolar eller tilbod som er nemnde i opplæringslova § 17-11 første ledd, dersom det står i politiattesten at personen er dømd for eller har vedtatt førelegg for å ha brote
§ 13-1. Kven som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne
Ved vurdering av om vilkåra i opplæringslova § 18-3 om fullført grunnskoleopplæring eller tilsvarande opplæring er oppfylte, gjeld § 4-1 tilsvarande.
§ 13-2. Opplæringstilbodet i den vidaregåande opplæringa for vaksne
Søkjarane skal ikkje få tilbod om opplæring i heile fag eller modular som dei har fått godkjende gjennom realkompetansevurderinga. Søkjarane kan velje om dei vil bruke tilbod om formalisering av kompetansen eller få inntak til eit opplæringstilbod som gir éin av tre sluttkompetansar, jf. opplæringslova § 18-3 andre ledd.
§ 13-3. Søknad om inntak til vidaregåande opplæring for vaksne
Søkjarar til vidaregåande opplæring for vaksne kan søkje fortløpande og må bruke det søknadsskjemaet som er fastsett av fylkeskommunen. Søkjarane må føre opp tre sluttkompetansar som dei ønskjer innanfor det fylkeskommunen tilbyr, i prioritert rekkjefølgje.Søkjarane skal sende søknaden til den fylkeskommunen der dei er folkeregistrerte når dei sender søknaden. Søkjarar som kan dokumentere at dei skal flytte, sender søknaden til den fylkeskommunen dei skal flytte til.
§ 13-4. Behandling av søknader om vidaregåande opplæring for vaksne
Fylkeskommunen skal fortløpande behandle søknader om inntak til vidaregåande opplæring for vaksne og gjennomføre realkompetansevurdering for vaksne. Fylkeskommunen kan ikkje ha ventelister og skal innan rimeleg tid gi søkjarane eit tilbod om vidaregåande opplæring for vaksne.Fylkeskommunen skal ta inn søkjarar i denne rekkjefølgja:
dei som har rett til påbygging til generell studiekompetanse etter opplæringslova § 18-7.
Dersom fylkeskommunen skal ta inn søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring, skal dei takast inn etter søkjarane i andre ledd.
§ 13-5. Realkompetansevurdering ved inntaket til vidaregåande opplæring for vaksne
Fylkeskommunen skal sørgje for at søkjarar som har rett til realkompetansevurdering etter opplæringslova § 18-8, får vurdert og dokumentert realkompetansen sin når dei har søkt om inntak til vidaregåande opplæring for vaksne.I realkompetansevurderinga skal fylkeskommunen vurdere om den formelle, uformelle og ikkje-formelle kompetansen til søkjaren kan godkjennast som likeverdig med den kompetansen som blir oppnådd gjennom vidaregåande opplæring, jf. § 15-5. Søkjaren kan få godkjent heile eller delar av fag, modular eller skoleår.Resultatet av realkompetansevurderinga dannar grunnlag for opplæringstilbodet og skal gå fram av avgjerda om inntak.
§ 13-6. Formidling av vaksne til læreplass
Fylkeskommunen skal formidle vaksne som har rett til læreplass etter opplæringslova § 18-6.Reglane i § 7-2, § 7-7 og § 7-8 gjeld ved formidling av vaksne til læreplass.
§ 14-1. Opplæringa i den førebuande og vidaregåande opplæringa for vaksne
Opplæringa i den førebuande og vidaregåande opplæringa for vaksne skal vere i samsvar med læreplanar i fag, jf. opplæringslova § 19-1 første ledd.I lærefag der det er modulstrukturererte læreplanar, skal opplæringa bli gitt etter desse læreplanane.Dersom det blir gitt førebuande opplæring etter opplæringslova § 9-7, vel kommunen og fylkeskommunen om opplæringa skal bli gitt etter modulstrukturerte læreplanar for vaksne, jf. opplæringslova § 19-1, eller læreplanane som gjeld for grunnskoleopplæringa, jf. opplæringslova § 2-3.Endra ved forskrift 17 juni 2024 nr. 1048 (i kraft 1 aug 2024).
§ 14-2. Innhaldet i retten til meir opplæring i den vidaregåande opplæringa for vaksne
Vaksne deltakarar i vidaregåande opplæring som har gjennomført opplæringa, men ikkje har fått bestått standpunktkarakter eller eksamen i eitt eller fleire fag, har rett til meir opplæring i faget. Opplæringa må vere i samsvar med læreplanen i faget.Kandidatar som ikkje har bestått fag- eller sveineprøva, har rett til meir opplæring som gir grunnlag for den sluttkompetansen dei er tatt inn på. Det same gjeld kandidatar som ikkje har bestått ein nødvendig eksamen før fag- eller sveineprøva.
§ 14-3. Opplæring i og fritak frå framandspråk i den vidaregåande opplæringa for vaksne
Reglane om opplæring i framandspråk og om fritak frå opplæring i framandspråk i § 5-6 og § 5-7 gjeld i den vidaregåande opplæringa for vaksne så langt dei passar.
§ 14-4. Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka i den vidaregåande opplæringa for vaksne
Deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne er fritatt frå skriveopplæring i skriftspråket dei har som sidemål, dersom dei i tillegg til å få opplæring etter ordinær læreplan i norsk oppfyller minst eitt av desse vilkåra:
Dei skal likevel få skriveopplæring i sidemålet sitt dersom dei ønskjer det.
§ 14-5. Fritak frå opplæring i kroppsøving i den vidaregåande opplæringa for vaksne
Deltakarar i den vidaregåande opplæringa for vaksne er fritatt frå opplæring i kroppsøving.
§ 14-6. Godkjenning av tidlegare bestått vidaregåande opplæring
Reglane om godkjenning av tidlegare bestått opplæring i § 5-11 gjeld for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne så langt dei passar.
§ 14-7. Opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg i vidaregåande opplæring for vaksne
Deltakarar i den vidaregåande opplæringa for vaksne kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg dersom begge desse vilkåra er oppfylte:
§ 14-8. Opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar i førebuande opplæring for vaksne
Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar dersom dei har eller har hatt særskild opplæring i norsk etter opplæringslova § 19-8, jf. § 3-6.
Kapittelet gjeld for deltakarar i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne.Vaksne deltakarar som er tatt inn til vidaregåande opplæring etter opplæringslova kapittel 5, skal ha vurdering etter kapittel 9.For vaksne deltakarar som får opplæring i bedrift etter opplæringslova kapittel 7, eller som ikkje er formidla til læreplass, jf. opplæringslova § 18-6, gjeld reglane om vurdering i kapittel 9 del VIII og § 9-5, § 9-6, § 9-48 og § 9-54 fjerde ledd. Vaksne deltakarar skal elles ha vurdering etter dette kapittelet.
§ 15-2. Formålet med og grunnlaget for vurdering i fag og modular
Reglane om formålet med og grunnlaget for vurdering i fag i 9-1 gjeld for vaksne deltakarar. Reglane gjeld også for vurdering i modular så langt dei passar.
§ 15-3. Karakterar i fag og modular
Reglane om karakterar i fag i § 9-3 gjeld for vaksne deltakarar og for karakterar i modular så langt dei passar.Departementet kan likevel fastsetje i læreplanen i eit fag eller ein modul at uttrykka «godkjend» og «ikkje godkjend» eller «låg måloppnåing», «middels måloppnåing» og «høg måloppnåing» skal brukast. Uttrykka skal vise til desse gradane av ferdigheit hos dei vaksne deltakarane:
godkjend: tilfredsstillande eller god kompetanse i faget eller modulen
ikkje godkjend: svært låg kompetanse i faget eller modulen
låg måloppnåing: låg eller svært låg kompetanse i faget eller modulen
middels måloppnåing: nokså god eller god kompetanse i faget eller modulen
høg måloppnåing: mykje god eller framifrå kompetanse i faget eller modulen.
I realkompetansevurderinga skal ein berre bruke uttrykka «godkjend» eller «ikkje godkjend». Det gjeld både godkjenning av heile faget eller modulen og godkjenning av delar av faget eller modulen. I fag eller modular som etter tilbodsstrukturen normalt har opplæring i bedrift, skal godkjend realkompetanse reknast som tilfredsstillande eller god kompetanse. I andre fag eller modular skal godkjend realkompetanse reknast som tilsvarande karakteren 2 eller betre.
§ 15-4. Varsling om at karakteren kan falle bort
Reglane om varsling om at karakteren kan falle bort i § 9-7 første ledd gjeld for vaksne deltakarar. I førebuande opplæring for vaksne skal ein deltakar også varslast dersom det er fare for at midtveisvurdering i modul eller modulkarakter fell bort.Varselet skal gi den vaksne deltakaren høve til å få karakter i fag og modular.
§ 15-5. Realkompetansevurdering
Med realkompetansevurdering skal ein utan bruk av tradisjonelle prøveordningar avgjere om realkompetansen til ein vaksen deltakar kan reknast som likeverdig med den kompetansen ein får gjennom grunnopplæringa. Realkompetansen skal vurderast ut frå kompetansemåla i læreplanane i faga eller modulane.Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for at realkompetansevurderinga blir gjennomført på forsvarleg grunnlag og så snart som mogleg. Kommunen og fylkeskommunen kan velje å gjennomføre vurderinga på andre språk enn norsk og samisk.
§ 15-6. System for føring av karakterar
Reglane om system for føring av karakterar i § 9-9 gjeld for vaksne deltakarar og vaksne privatistar så langt dei passar.Reglane om fråvær gjeld ikkje for vaksne deltakarar.
§ 15-7. Dispensasjon frå reglane om individuell vurdering
Utdanningsdirektoratet kan i særlege tilfelle innvilge søknader om dispensasjon frå reglane i dette kapittelet.
II. Undervegsvurdering
§ 15-8. Undervegsvurdering i fag og modular
Reglane om undervegsvurdering i fag i § 9-11 første og andre ledd gjeld for undervegsvurdering i fag eller modular for vaksne deltakarar.Undervegsvurderinga skal brukast til å vurdere om dei vaksne deltakarane har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 19-5. Deltakarar i førebuande opplæring for vaksne med individuell opplæringsplan skal ha undervegsvurdering i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 19-5 og § 11-10.Vaksne deltakarar har rett til minst éin samtale i halvåret om den faglege utviklinga si.
§ 15-9. Midtvegsvurdering i fag og modular
Reglane om halvårsvurdering i fag i § 9-13 gjeld for midtvegsvurdering i fag og modular for vaksne deltakarar så langt dei passar.Den som står for hovuddelen av opplæringa, gjennomfører midtvegsvurderinga med og utan karakter for vaksne deltakarar. Dersom fleire har stått for delar av opplæringa, skal den som har stått for hovuddelen av opplæringa setje midtvegsvurdering med karakter i samråd med dei andre som har gitt opplæring.I vidaregåande opplæring for vaksne skal det vere dialog mellom den som set karakteren og deltakaren om forventa tidspunkt for midtvegsvurdering i modular. Om opplæringsperioden er svært kort, skal det ikkje givast midtvegsvurdering midt i opplæringsperioden.I vidaregåande opplæring for vaksne skal dei vaksne deltakarane også få midtvegsvurdering med karakter ved avslutninga av modular.
III. Sluttvurdering
§ 15-10. Sluttvurdering i fag og modular
Reglane om sluttvurdering i fag i § 9-15 gjeld for sluttvurdering i fag og modular for vaksne deltakarar så langt dei passar.Sluttvurderingar for vaksne deltakarar er standpunktkarakterar, modulvurderingar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse.
§ 15-11. Standpunktkarakterar i fag og modular
Reglane om standpunktkarakterar i fag i § 9-16 gjeld for standpunktkarakterar i fag og modular for vaksne deltakarar så langt dei passar.
§ 15-12. Modulvurdering i førebuande opplæring for vaksne
Modulvurderingar i førebuande opplæring skal vere eit uttrykk for den kompetansen deltakarane har ved avslutninga av opplæringa i ein modul. Modulkarakterar skal setjast i samsvar med § 15-2, jf. § 9-1.Den som står for hovuddelen av opplæringa, gjennomfører modulvurderinga og set modulkarakter for vaksne deltakarar. Dersom fleire har stått for delar av opplæringa, skal den som har stått for hovuddelen av opplæringa, setje modulkarakterar i samråd med dei andre som har gitt opplæring.Dersom kommunen er i tvil om reglane for fastsetjing av modulkarakterar er følgde, kan dei krevje at den som står for hovuddelen av opplæringa, gjer ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte. Dersom deltakarar i førebuande opplæring for vaksne ikkje kan få modulkarakter i eit fag og har fått varsel etter § 15-4, jf. § 9-7, skal kommunen gjere vedtak om at det ikkje blir gitt modulkarakter i faget.
§ 15-13. Realkompetansevurdering som sluttvurdering
Realkompetansevurdering kan brukast som sluttvurdering i fag, med unntak av på vidaregåande trinn 3 i yrkesfaglege utdanningsprogram. Der kan realkompetansevurdering berre brukast for å avklare kva slags opplæring vaksne deltakararar treng, jf. § 13-2, § 13-4 og § 13-5.Realkompetansevurdering kan brukast som sluttvurdering i modular i førebuande opplæring.
IV. Fritak frå vurdering med karakter
§ 15-14. Fellesreglar om fritak frå vurdering med karakter
Fellesreglane om fritak frå vurdering med karakter i § 9-18 gjeld for vaksne deltakarar så langt dei passar.
§ 15-15. Fritak frå vurdering med karakter og eksamen for deltakarar i førebuande opplæring for vaksne med individuelt tilrettelagd opplæring
Reglane om fritak frå vurdering med karakter og fritak frå eksamen for elevar med individuelt tilrettelagd opplæring i § 9-19 og § 9-24 gjeld for deltakarar i førebuande opplæring for vaksne så langt dei passar. Det er kommunen som avgjer søknader om fritak etter § 9-24.
§ 15-16. Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka
Deltakarar og tidlegare deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne og tidlegare deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylte:
Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon
Dei har ikkje hatt opplæring tilsvarande 8. til 10. trinn i Noreg
Reglane om eksamen i § 9-25 gjeld for vaksne deltakarar og vaksne privatistar.Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle og etter søknad la kommunen halde lokalt gitt eksamen for vaksne privatistar på andre tider av året enn i dei ordinære eksamensperiodane.
§ 15-18. Ansvaret for eksamen
Ved sentralt gitt eksamen har departementet ansvaret for å organisere eksamen, utarbeide eksamensoppgåver, setje dato for eksamen og fastsetje sensurordningane, om ikkje noko anna er fastsett i læreplanen i faget.
§ 15-19. Oppmelding til eksamen
Reglane om oppmelding til eksamen i § 9-27 gjeld for vaksne deltakarar og vaksne privatistar så langt dei passar.Det er kommunen eller fylkeskommunen som melder dei vaksne deltakarane opp til eksamen.Vaksne privatistar må sjølve melde seg opp til eksamen til kommunen eller fylkeskommunen.
§ 15-20. Eksamensformer, tidsramme og trekk av vaksne deltakarar til eksamen
Deltakarar i førebuande opplæring for vaksne følgjer reglane om trekk for grunnskolen i § 9-28. Deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne følgjer reglane om trekk for vidaregåande skole i § 9-28. Reglane i § 9-28 gjeld elles for vaksne deltakarar og vaksne privatistar så langt dei passar. Reglane gjeld også for læreplanar i modular.Endra ved forskrift 7 sep 2025 nr. 1787 (i kraft 1 jan 2026).
§ 15-21. Talet på eksamenar i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne
Reglane om talet på eksamenar i § 9-29 første ledd, § 9-30 og § 9-31 gjeld for vaksne deltakarar i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne.Deltakarar i førebuande opplæring for vaksne skal vere med i uttrekket til eksamen i fag det året dei avsluttar opplæringa i det enkelte faget.Reglane i § 9-31 gjeld ikkje for vaksne deltakarar som følgjer moduliserte læreplanar.Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
§ 15-22. Førebuingsdel og sensur av eksamenssvar
Reglane om førebuingsdel og sensur av eksamenssvar i § 9-32 og § 9-33 gjeld for vaksne deltakarar og vaksne privatistar så langt dei passar.Kommunen avgjer om privatistar i førebuande opplæring for vaksne skal ha førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen, og kor lenge førebuingsdelen skal vare.
§ 15-23. Særskild tilrettelegging av eksamen
Reglane om særskild tilrettelegging av eksamen i § 9-34 gjeld for vaksne deltakarar og vaksne privatistar.Kommunen eller fylkeskommunen avgjer søknader om særskild tilrettelegging av eksamen.
§ 15-24. Utsett, ny og særskild eksamen for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne
Reglane om utsett, ny og særskild eksamen i § 9-36 til § 9-38 gjeld for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne. Vaksne privatistar i førebuande opplæring for vaksne har også rett til utsett eksamen etter § 9-36.
§ 15-25. Bortvising og annullering av eksamen
Reglane om bortvising frå eksamen i § 9-39 og annullering av eksamen i § 9-40 til § 9-42 gjeld for vaksne deltakarar og vaksne privatistar så langt dei passar.Kommunen eller fylkeskommunen avgjer om nokon skal visast bort frå eksamen, og om eksamen skal annullerast etter § 9-41 og § 9-42.
VI. Dokumentasjon av førebuande opplæring for vaksne
§ 15-26. Vitnemål i førebuande opplæring for vaksne
Alle deltakarar skal få vitnemål når dei har fullført førebuande opplæring for vaksne.Vitnemålet skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse i avsluttande modular. Vitnemålet skal ikkje innehalde modulkarakterar.Krava til vitnemål er sluttvurdering i faga norsk eller norsk for språklege minoritetar, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag.Vaksne privatistar kan berre få vitnemål dersom dei får karakteren 2 eller betre i faga dei tar som privatist.Vaksne deltakarar som har norsk teiknspråk eller samisk som førstespråk, kan få standpunktkarakterar i førstespråket førte på vitnemålet i tillegg til eller i staden for karakterar i norsk.Kommunen skal utferde vitnemål med norsk og samisk tekst til vaksne deltakarar som har hatt opplæring i eller på samisk, og privatistar som har tatt eksamen i eller på samisk, og til dei som ber om det.Vaksne deltakarar som har hatt individuell opplæringsplan, skal få ført ein merknad om dette på vitnemålet dersom dei ønskjer det.Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
§ 15-27. Kompetansebevis i førebuande opplæring for vaksne
Kompetansebevis skal givast som dokumentasjon på førebuande opplæring for vaksne etter opplæringslova kapittel 19 i tilfelle der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte.Kompetansebeviset skal vise standpunkt-, modul- og eksamenskarakterar og eventuelle opplysningar om godkjend realkompetanse i kvar modul.Kompetansebevis blir også utferda som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i tilfelle der ein vaksen deltakar berre har fått opplæring i delar av ein modul.Dersom ein vaksen deltakar ikkje fullfører ein modul på det nivået der standpunkt- eller modulkarakter skal setjast, er det den siste midtvegsvurderinga med karakter som skal førast på kompetansebeviset. Det skal då førast ein merknad på kompetansebeviset, med ei presisering av at det er midtvegsvurderinga med karakter som er brukt.Dersom ein vaksen deltakar har fått godkjent berre delar av ein modul gjennom realkompetansevurderinga, skal det førast ein merknad om dette. Kva for kompetansemål som er nådde, skal gå fram av eit vedlegg til kompetansebeviset.
§ 15-28. Ansvar for å utferde vitnemål og kompetansebevis i førebuande opplæring for vaksne
Kommunen skal utferde vitnemål og kompetansebevis for deltakarar og privatistar i førebuande opplæring for vaksne.Reglane om ansvaret for å utferde vitnemål i § 9-45 gjeld elles så langt dei passar.
VII. Dokumentasjon av vidaregåande opplæring for vaksne
§ 15-29. Dokumentasjon i vidaregåande opplæring for vaksne
Reglane om vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring og særskilde reglar om dokumentasjon i yrkesfaglege utdanningsprogram i § 9-46 første ledd, § 9-49, § 9-50 og § 9-51 gjeld for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne så langt dei passar.For å få vitnemål gjeld dei same krava som i § 9-46 andre ledd, med unntak av opplæring i kroppsøving, jf. § 14-5. Dette gjeld likevel ikkje for
dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 14-4
dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 15-15 og § 15-16
dei som fell under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 15-1, jf. § 9-48
Vitnemålet skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse i fag. Kompetansebeviset skal i tillegg innehalde modulkarakterar og godkjend realkompetanse i modular.Reglane i § 9-50 gjeld for deltakarar som tar yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring for vaksne.Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.
§ 15-30. Føring av karakterar i fag og modular på vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring for vaksne
Reglane om føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring i § 9-52 gjeld for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne så langt dei passar. Reglane gjeld også for føring av karakterar i modular på kompetansebeviset.Godkjend realkompetanse i eit heilt fag skal også førast på vitnemålet. Godkjend realkompetanse i ein heil modul skal i tillegg førast på kompetansebeviset.Dersom ein vaksen deltakar har fått godkjent berre delar av eit fag eller ein modul gjennom realkompetansevurderinga, skal det setjast inn ein merknad om det. Kva for kompetansemål som er nådde, skal gå fram av eit vedlegg til kompetansebeviset.
§ 15-31. Ansvar for å utferde vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring for vaksne
Det er fylkeskommunen der den vaksne deltakaren fullfører og består opplæringa, som skal utferde vitnemål. Dersom den vaksne deltakaren treng nytt vitnemål, er det den fylkeskommunen som utferda det opphavlege vitnemålet, som skal utferde vitnemålet på nytt.Reglane om ansvaret for å utferde vitnemål og kompetansebevis i § 9-54 gjeld elles så langt dei passar for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne.Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for å utferde kompetansebevis for vaksne deltakarar.
§ 16-1. Kva kapittelet gjeld, klagefristar og forholdet til forvaltningsloven
Kapittelet gjeld klage på sluttvurderingar etter kapittel 15. Reglane i forvaltningsloven gjeld om ikkje noko anna er fastsett.Reglane om klagefrist i § 10-2 gjeld for klager frå vaksne deltakarar.
§ 16-2. Rett til grunngiving for karakteren
Reglane om rett til grunngiving for karakter på eksamen i § 10-3 gjeld for vaksne deltakarar.Vaksne deltakarar kan innanfor klagefristen krevje skriftleg grunngiving for realkompetansevurderinga. Den som stod for realkompetansevurderinga, skal skrive grunngivinga.
§ 16-3. Klage på standpunktkarakter og eksamenskarakter
Reglane i § 10-4 og § 10-5 om klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag og vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag gjeld for vaksne deltakarar så langt dei passar.Reglane i § 10-7 og § 10-8 om klage på karakter ved skriftleg eksamen og gjennomføringa av munnleg eksamen og eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg, gjeld for vaksne deltakarar og vaksne privatistar.
§ 16-4. Klage på fastsetjing av modulkarakter
Vaksne deltakarar i førebuande opplæring for vaksne kan klage på korleis ein modulkarakter er fastsett. Statsforvaltaren er klageinstans.Dersom kommunen ikkje gjer nytt vedtak, skal kommunen saman med klaga sende ei grunngiving frå den som har sett modulkarakteren for korleis karakteren er fastsett, og ei fråsegn om saksbehandlinga, til klageinstansen.Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste modulkarakteren eller oppheve modulkarakteren.Dersom statsforvaltaren opphevar modulkarakteren, skal kommunen sørgje for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsett endeleg karakter. Statsforvaltaren skal ha kopi av det nye vedtaket.
§ 16-5. Klage på gjennomføringa av realkompetansevurdering
Vaksne deltakarar som har fått realkompetansevurdering, kan klage på gjennomføringa av vurderinga. Statsforvaltaren er klageinstans.Dersom kommunen eller fylkeskommunen som har vurdert realkompetansen, ikkje gjer nytt vedtak, skal dei saman med klaga sende ei fråsegn om gjennomføringa av realkompetansevurderinga og ein kopi av vedtaket om realkompetansevurdering til klageinstansen.Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste vedtaket om realkompetansevurdering eller oppheve vedtaket.Dersom statsforvaltaren opphevar vedtaket om realkompetansevurdering, skal kommunen eller fylkeskommunen snarast mogleg gjennomføre ei ny realkompetansevurdering i samsvar med reglane i § 15-5, jf. § 15-13. Ingen av dei som stod for den første vurderinga, skal vere med i den nye. Statsforvaltaren skal ha kopi av den nye realkompetansevurderinga.
Kapittel 17. Personalet i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne
§ 17-1. Krav for å bli tilsett i lærarstilling i førebuande eller vidaregåande opplæring for vaksne
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast i lærarstilling i førebuande eller vidaregåande opplæring for vaksne, oppfyller krava til pedagogisk kompetanse etter § 12-1.
§ 17-2. Politiattest og yrkesforbod i den førebuande opplæringa for vaksne
Reglane i § 12-15 til § 12-18 om politiattest og yrkesforbod gjeld i den førebuande opplæringa for vaksne.
Ulykkesforsikringa skal teiknast i eit forsikringsselskap som har løyve etter finansforetaksloven, og skal minst ha det innhaldet og omfanget som går fram av dette kapittelet.
§ 18-2. Kva forsikringa skal gjelde
Dersom det har skjedd ein ulykkesskade, skal forsikringa dekkje nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet der slike ytingar ikkje er dekte etter folketrygdloven eller yrkesskadeforsikringsloven.
§ 18-3. Når og kvar forsikringa skal gjelde
Forsikringa skal gi dekning for ulykkesskade som har hendt
på opplæringsstaden i opplæringstida
på veg mellom heimen og opplæringsstaden
på veg mellom heimen og staden der arbeidet blir gjort i regi av lærebedrifta.
Andre opphaldsstader er likestilte med heim i første ledd bokstav b og c.For elevar ved internatskolar gjeld forsikringa heile døgnet i den tida elevane oppheld seg på skolen, men ikkje i feriar og under liknande fråvær når elevane ikkje er under tilsyn av internatskolen. Forsikringa gjeld likevel på reiser mellom heimen og internatskolen i samband med slikt fråvær.
§ 18-4. Erstatning ved varig medisinsk invaliditet eller ved død
Ved varig medisinsk invaliditet som kjem av ulykkesskade, skal det ytast ei erstatning på maksimalt fem gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Full erstatning skal ytast når invaliditetsgraden er fastsett til 100 prosent. Ved lågare gradar av invaliditet skal erstatninga reduserast forholdsmessig.Graden av invaliditet skal reknast ut etter forskrift om menererstatning ved yrkesskade.Ved dødsfall som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning på 1 G.
§ 18-5. Tilbakebetaling av utgifter til behandling
Dersom skaden fører til behandlingsutgifter innan to år etter ulykka, skal forsikringa dekkje nødvendige og dokumenterte utgifter til lege og tannlege, medisinsk behandling og reise til og frå heimen i samband med nødvendig behandling.Ved tannskadar skal forsikringa likevel dekkje utgiftene til den første permanente tannbehandlinga så lenge behandlinga skjer seinast 31. desember det tiande året etter ulykka.Den medisinske behandlinga etter første ledd må vere tilrådd av lege eller tannlege og vere utført av ein som har rett til full tilbakebetaling frå folketrygda.Reiseutgiftene etter første ledd er avgrensa til kostnaden ved å reise med det billigaste transportmiddelet som er trygt å bruke for den enkelte.Det er ikkje eit krav at forsikringa skal dekkje meirutgifter til privat behandling, forpleiing eller opptrening.Forsikringa kan ikkje setje ei maksimumsgrense for få dekt utgifter til nødvendig behandling som er lågare enn 0,25 G.Eigendelen kan ikkje vere høgare enn 0,015 G.
§ 18-6. Avgrensingar i forsikringsdekninga
Forsikringa kan vere avgrensa til ikkje å dekkje ulykkesskade som kjem av
forgifting gjennom mat, drikke eller nytingsmiddel
infeksjon forårsaka av stikk eller bit av insekt eller liknande, som malaria, flekktyfus eller borreliose
smitte gjennom bakteriar, til dømes E. coli eller salmonella, eller gjennom virus eller anna smittekjelde.
psykiske skadar, som sjokkliding, depresjon og angst, med mindre det til same tid har oppstått fysisk skade som gir livsvarig medisinsk invaliditet.
Kapittel 19. Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda
§ 19-1. Rapportering frå kommunen til Utdanningsdirektoratet
Kommunen skal gi Utdanningsdirektoratet følgjande opplysningar om grunnskoleopplæring, den førebuande opplæringa for vaksne, kulturskoletilbodet, skolefritidsordninga, leksehjelptilbod og den pedagogisk-psykologiske tenesta:
opplysningar om skolen, mellom anna om kva skriftspråk som er hovudmål på skolen, opplæringsstad og skoleskyss
opplysningar om barn og unge i opplæringspliktig alder, vaksne deltakarar og dei som deltek i eller er søkjarar til kulturskoletilbod
opplysningar om tilsette, kompetanse og ressursar
opplysningar om fagval og organiseringa av opplæringa for ulike elev- og deltakargrupper
opplysningar om skolepengar, foreldrebetaling og moderasjonsordningar.
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første ledd som indirekte kan knytast til barn og unge i opplæringspliktig alder, vaksne deltakarar og dei som deltek i eller er søkjarar til kulturskoletilbod, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når dette er nødvendig for formål som er omtalte i opplæringslova § 25-4. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.
§ 19-2. Opplysningar frå fylkeskommunen til Utdanningsdirektoratet
Utan hinder av teieplikt skal fylkeskommunen gjere følgjande opplysningar om søkjarar, elevar, privatistar, praksiskandidatar, dei som har eller skal ha læretid i bedrift, vaksne deltakarar i den vidaregåande opplæringa og dei som er i målgruppa for oppfølgingstenesta etter opplæringslova § 9-4, tilgjengelege for Utdanningsdirektoratet:
bakgrunnsopplysningar, til dømes om heimfylke, fødselsnummer og kjønn
opplysningar om deltaking i vidaregåande opplæring, til dømes om elevstatus, fagval, inngåtte kontraktar, ungdomsrett og inntak
opplysningar om læringsresultat og gjennomføring, til dømes karakterar og resultat, avlagde fag- og sveineprøver, karakterpoeng og kontakt med oppfølgingstenesta.
Utan hinder av teieplikt skal fylkeskommunen dessutan gjere tilgjengeleg for Utdanningsdirektoratet opplysningar som nemnde i første ledd bokstav a og c om elevar på 10. trinn.Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar etter første og andre ledd, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for formål som er omtalte i opplæringslova § 25-4. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.
§ 19-3. Nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet til elevane
På oppdrag frå departementet utarbeider Utdanningsdirektoratet nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet til elevane. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt. Utdanningsdirektoratet kan godkjenne lokale tilleggsspørsmål frå kommunen og fylkeskommunen. Det skal vere frivillig for elevane å delta i slike undersøkingar.Det som står i første ledd andre, tredje og fjerde punktum, gjeld også for private skolar godkjende etter opplæringslova § 22-1. Det øvste organet ved skolane skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt, jf. opplæringslova § 22-2.Dei endelege resultata frå undersøkingane skal ikkje innehalde direkte identifiserbare personopplysningar.Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å gjennomføre undersøkingane. Utdanningsdirektoratet kan også behandle endelege resultat som indirekte kan knytast til enkeltpersonar, når det er nødvendig for å kartleggje skole- og læringsmiljøet til elevane, jf. opplæringslova § 25-4. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.
§ 19-4. Nasjonale undersøkingar om arbeids- og læringsmiljøet til lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar
På oppdrag frå departementet utarbeider Utdanningsdirektoratet nasjonale undersøkingar om arbeids- og læringsmiljøet til lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar. Fylkeskommunen skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt. Utdanningsdirektoratet kan godkjenne lokale tilleggsspørsmål frå fylkeskommunen. Det skal vere frivillig for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar å delta i slike undersøkingar.Dei endelege resultata frå undersøkingane skal ikkje innehalde direkte identifiserbare personopplysningar.Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å gjennomføre undersøkingane. Utdanningsdirektoratet kan også behandle endelege resultat som indirekte kan knytast til enkeltpersonar, når det er nødvendig for å kartleggje arbeids- og læringsmiljøet til lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar, jf. opplæringslova § 25-4. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.
§ 19-5. Nasjonale prøver
På oppdrag frå departementet utarbeider Utdanningsdirektoratet nasjonale prøver som skal gi kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal gi grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet. Det er obligatorisk for elevane å delta i slike prøver.Kommunen skal sørgje for at prøver etter første ledd blir gjennomførte. For private skolar som er godkjende etter opplæringslova § 22-1, ligg ansvaret for at prøvene blir gjennomførte, til det øvste organet på skolane, jf. opplæringslova § 22-2 tredje ledd.Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om personar som deltar i nasjonale prøver, og personopplysningar knytte til resultata på slike prøver når det er nødvendig for formål som er omtalte i første ledd, jf. opplæringslova § 25-4. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk. Utdanningsdirektoratet kan levere ut prøveresultata for kvar enkelt elev til skolen eleven går på.
§ 19-6. Kartlegging
På oppdrag frå departementet utarbeider Utdanningsdirektoratet kartleggingar som skal gi kunnskap om kven som treng ekstra oppfølging i enkelte fag og ferdigheiter. Det er obligatorisk for elevane å delta i slike kartleggingar.Kommunen skal sørgje for at kartleggingar etter første ledd blir gjennomførte. For private skolar som er godkjende etter opplæringslova § 22-1, ligg ansvaret for at kartleggingane blir gjennomførte, til det øvste organet på skolane, jf. opplæringslova § 22-2 tredje ledd.På oppdrag frå departementet skal Utdanningsdirektoratet i tillegg utarbeide frivillige kartleggingsprøver og anna kartleggingsverktøy.Utdanningsdirektoratet kan på visse vilkår behandle personopplysningar om deltaking i kartleggingane og personopplysningar knytte til resultata av kartleggingane. Vilkåra er at opplysningane blir brukte til
vidareutvikling av kartleggingsverktøy
drift av eit digitalt system for gjennomføring av kartleggingane
forsking, analyse og statistikk.
Utdanningsdirektoratet kan levere ut prøveresultata for kvar enkelt elev til skolen eleven går på.
§ 19-7. Internasjonale undersøkingar
Utdanningsdirektoratet har ansvaret for norsk deltaking i internasjonale undersøkingar som skal gi kunnskapsgrunnlag for å drive skoleutvikling på nasjonalt nivå. Det er obligatorisk å delta for dei skolane og elevane som blir trekte ut til å vere med.Dei internasjonale undersøkingane må gjennomførast i tråd med retningslinjene for kvar undersøking.Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar om dei som deltar i internasjonale undersøkingar, når det er nødvendig for formål som er omtalte i første ledd, jf. opplæringslova § 25-4. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.
§ 19-8. Fritak frå nasjonale prøver og kartleggingsprøver
Skolen kan gi fritak frå nasjonale prøver og kartleggingsprøver til elevar som
går på internasjonal eller utanlandsk skole og får opplæring etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller ein annan, jamgod plan.
Skal skolen gi fritak til ein elev, må det vere klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven.Eleven sjølv eller foreldra kan avgjere at eleven skal ta prøvene sjølv om skolen ønskjer å frita eleven.Internasjonale skolar og utanlandske skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal ta prøvene.Departementet kan fastsetje nærare retningslinjer for gjennomføringa av prøvene.Utdanningsdirektoratet kan bruke opplysningar etter denne paragrafen som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.
§ 19-9. Ferdigheitsprøver i svømming
Utdanningsdirektoratet kan fastsetje ferdigheitsprøver i svømming. Prøvene skal vise om svømmeopplæringa til elevane må styrkjast.Skolen kan gjere vedtak om å frita ein elev for heile eller delar av ferdigheitsprøva dersom det ikkje er mogleg å leggje prøva til rette for eleven. Ferdigheitsprøva må ikkje leggjast så mykje til rette at elevane ikkje blir prøvde i kompetansemål som ferdigheitsprøva skal måle.Utdanningsdirektoratet kan fastsetje nærare retningslinjer for gjennomføringa av ferdigheitsprøvene.
§ 20-1. Innhenting av opplysningar frå Folkeregisteret
Når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter opplæringslova, kan offentlege styresmakter utan hinder av teieplikt hente inn opplysningar frå Folkeregisteret om
kven som er foreldra til barn som får eller skal få tenester etter opplæringslova
kven som har foreldreansvaret for barn som får eller skal få tenester etter opplæringslova
andre barn av foreldra som er nemnde i bokstav a
ektefelle eller registrert partnar til foreldra som er nemnde i bokstav a.
§ 20-2. Styrt tilgang til personopplysningar
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for tilgangsstyring, slik at dei som arbeider for verksemda, berre har tilgang til personopplysningar dersom og så langt dei treng opplysningane til formål som er nemnde i opplæringslova § 25-1. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som arbeider for verksemda, har nødvendig kunnskap om personvern og informasjonstryggleik før dei får tilgang til personopplysningar.Krava i første ledd gjeld personopplysningar som fell inn under personopplysningsloven.
§ 20-3. Innhenting av opplysningar ved skolebyte
Så langt det er nødvendig til formål som nemnde i opplæringslova § 25-1 andre ledd, kan skolar hente inn følgjande opplysningar om elevar og vaksne deltakarar i samband med skolebyte eller byte av opplæringsstad:
opplysningar om tidlegare gjennomført opplæring
karakterar som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
opplysningar om fråvær som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis
Ein skole kan dele dei opplysningane frå vedtak om skolebyte etter opplæringslova § 13-2 som den nye skolen treng for å kunne vareta eleven som blir flytta, og andre elevar på skolen.
§ 20-4. Innhenting av opplysningar ved overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring
Så langt det er nødvendig til formål som nemnde i opplæringslova § 25-1 tredje ledd, kan fylkeskommunen hente inn følgjande opplysningar om elevar frå grunnskolar:
opplysningar om fullført eller ikkje fullført grunnskole
halvårsvurdering med karakterar frå 10. trinn
karakterar som blir førte på vitnemål for grunnskolen
fråvær som blir ført på vitnemål for grunnskolen.
§ 20-5. Ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar
Skolen kan bruke ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar som ein del av det førebyggjande skolemiljøarbeidet etter opplæringslova § 12-3. Dette kan gjerast i tilfelle der slike undersøkingar er formålstenlege for å kartleggje skolemiljøet, finne eigna tiltak for å betre relasjonar og sikre eit trygt og godt skolemiljø for alle elevar.Skolen kan bruke ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar når dei skal følgje opp konkrete mistankar etter opplæringslova § 12-4 og § 12-5 ved langvarige, uoversiktlege eller kompliserte utfordringar i skolemiljøet, når andre slags undersøkingar ikkje har ført fram.Ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar må gjennomførast slik at dei grip minst mogleg inn i personvernet til elevane. Undersøkingar etter første ledd kan berre omfatte spørsmål om negative relasjonar der enkeltelevar ikkje kan namngivast. Skolen skal på eigna måte kontrollere om opplysningane som kjem fram i undersøkingane, er rette, før dei blir lagde til grunn for val av tiltak.
§ 20-6. Den nasjonale databasen for vitnemål og annan dokumentasjon av oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæring
Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør er behandlingsansvarleg for den nasjonale databasen for vitnemål og annan dokumentasjon av oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæring. Opplysningane i databasen kan brukast som grunnlag for analyse, statistikk og forsking.
Kapittel 21. Kommunen sitt økonomiske ansvar for grunnskoleopplæringa
Med bustadkommune er meint den kommunen der foreldra eller den av foreldra som har omsorga for barnet, bur. Dersom foreldra har avtalt delt fast bustad og bur i ulike kommunar, er bustadkommunen den kommunen der barnet er folkeregistrert.Med vertskommune er meint den kommunen som gir eleven grunnskoleopplæring.Med omsorgskommune er meint den kommunen som har det økonomiske ansvaret etter barnevernsloven § 15-11.
§ 21-2. Økonomisk ansvar for elevar som får grunnskoleopplæring utanfor bustadkommunen
Dersom ein elev får grunnskoleopplæring, og eventuelt individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11, utanfor bustadkommunen og eleven ikkje er særskilt nemnd i § 21-3 eller i opplæringslova § 28-3 og § 28-4, skal bustadkommunen betale dersom bustadkommunen har ein avtale med vertskommunen.Dersom ein elev får individuelt tilrettelagd opplæring utanfor bustadkommunen, fastset bustadkommunen omfanget av den individuelt tilrettelagde opplæringa etter ei sakkunnig tilråding frå vertskommunen. Bustadkommunen fastset også omfanget av personleg assistanse og fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel.
§ 21-3. Økonomisk ansvar for grunnskoleopplæringa til elevar som blir plasserte i fosterheim eller i institusjon utanfor bustadkommunen
Omsorgskommunen har det økonomiske ansvaret for grunnskoleopplæring, og eventuelt individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11, når barnevernstenesta eller barneverns- og helsenemnda plasserer elevar utanfor bustadkommunen i fosterheim eller i institusjon som ikkje er særskilt nemnd i opplæringslova § 28-3 og § 28-4.For ordinær opplæring skal omsorgskommunen betale det ein elev i vertskommunen kostar i gjennomsnitt.Dersom ein elev får individuelt tilrettelagd opplæring, fastset omsorgskommunen omfanget av den individuelt tilrettelagde opplæringa etter ei sakkunnig tilråding frå vertskommunen. Omsorgskommunen fastset også omfanget av personleg assistanse og fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel.
§ 21-4. Tvilstilfelle
I tvilstilfelle avgjer statsforvaltaren i det fylket der eleven oppheld seg, kven som er ansvarleg for å dekkje kostnadene.
Kapittel 22. Fylkeskommunen sin rett til refusjon og fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar
Med gjesteelev er meint ein elev som er tatt inn til vidaregåande opplæring i ein annan fylkeskommune enn der eleven er folkeregistrert per 1. januar det året opplæringa tar til.Med vertsfylke er meint den fylkeskommunen som gir gjesteelevar vidaregåande opplæring.Med heimfylke er meint den fylkeskommunen der ein elev er folkeregistrert per 1. januar det året opplæringa tar til.
§ 22-2. Vilkår for refusjon av vertsfylket sine utgifter til gjesteelevar og storleiken på refusjonsbeløpet
Vertsfylket kan krevje at heimfylket refunderer utgiftene til gjesteelevar som har rett til opplæring etter opplæringslova § 5-1.Dersom gjesteelevar får individuelt tilrettelagd opplæring, fastset heimfylket omfanget av den individuelt tilrettelagde opplæringa etter ei sakkunnig vurdering innhenta frå vertsfylket. Heimfylket fastset også omfanget av personleg assistanse og fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel.For gjesteelevar som ikkje får individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11, skal fylkeskommunen bruke utrekningsnøkkelen i vedlegg 1 til å rekne ut refusjonen.Reglane om refusjon i denne paragrafen gjeld ikkje elevar som er omfatta av landslinjeordninga, og dei som er særskilt nemnde i opplæringslova § 28-3, § 28-4 og § 28-5.
§ 22-3. Satsar for refusjon av utgifter til opplæring i institusjonar
Ved refusjon for dei som bur i barneverninstitusjonar, og for innlagde og for barn eller søsken til innlagde i helseinstitusjonar etter opplæringslova § 28-3 og § 28-4, skal fylkeskommunen bruke utrekningsnøklane i vedlegg 2 til å rekne ut satsane.Tvistar om val av utrekningsnøkkel i vedlegg 2 kan leggjast fram til avgjerd for statsforvaltaren i fylkeskommunen der institusjonen ligg.
§ 22-4. Utgifter til opphald for elevar med rett til opplæring i og på norsk teiknspråk
Dersom ein elev må flytte for å få opplæring i og på norsk teiknspråk etter opplæringslova § 6-3, skal heimfylket dekkje utgifter til kost og losji.I slike tilfelle skal heimfylket også dekkje utgifter til nødvendige sosialpedagogiske tiltak for elevar som treng hjelp med å finne seg til rette i skoletida og fritida, mellom anna utgifter til nødvendig miljøpersonale.Heimfylket gjer det endelege vedtaket etter første og eventuelt andre ledd.
§ 22-5. Eigendel for berbar PC
Fylkeskommunen kan krevje ein årleg eigendel frå elevar for å dekkje delar av kostnaden for ein berbar PC. Eigendelen kan ikkje setjast høgare enn den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde utstyrsstipendet. Etter vidaregåande skole skal elevane få behalde PC-en.Elevar som avbryt den vidaregåande opplæringa, skal få tilbod om å kjøpe PC-en. Den samla betalinga kan ikkje overstige tre gonger den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde utstyrsstipendet utrekna på tidspunktet då eleven avbraut opplæringa.
Med Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006 og Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 er også meint Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006 – samisk og Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 – samisk.
§ 23-2. Innføringstakt for Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020
Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 skal brukast i opplæringa for
1. til 9. trinn og vidaregåande trinn 1 frå og med 1. august 2020
10. trinn og vidaregåande trinn 2 frå og med 1. august 2021
vidaregåande trinn 3 frå og med 1. august 2022.
Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006, eller delar av læreplanverket, blir oppheva etter kvart som det nye læreplanverket blir tatt i bruk.
§ 23-3. Eksamen
Første eksamen i fag etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 skal haldast
våren 2021 for fag som skal avsluttast på vidaregåande trinn 1
våren 2022 for fag som skal avsluttast på grunnskolen og på vidaregåande trinn 2
våren 2023 for fag som skal avsluttast på vidaregåande trinn 3.
I grunnskolen skal siste eksamen i fag etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006 haldast hausten etter første eksamen i fag etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. I den vidaregåande opplæringa skal siste eksamen etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006 haldast
hausten 2021 for vidaregåande trinn 1
hausten 2022 for vidaregåande trinn 2
hausten 2023 for vidaregåande trinn 3.
Siste eksamen i lærefag med opplæring i tre år og verdiskaping i eit og eit halvt år, skal haldast våren 2025. Siste eksamen i lærefag med opplæring i fire år og verdiskaping i eit år, og lærefag med opplæring i tre år og verdiskaping i to år, skal haldast hausten 2025.Dersom opplæringa er gjennomført, kan lokalt gitt eksamen haldast hausten det same året som Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 er tatt i bruk i faget.
§ 23-4. Fag- og sveineprøve
Dei første fag- og sveineprøvene etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 skal haldast våren 2023. Fag- og sveineprøver etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006 skal haldast innan 31. desember 2025. Siste fag- og sveineprøve for lærefag med opplæring i tre år og verdiskaping i eit og eit halvt år, skal haldast innan 31. juli 2026. Siste fag- og sveineprøve for lærefag med opplæring i fire år og verdiskaping i eit år, skal haldast innan 31. desember 2026. Dei same tidsfristane gjeld også for kompetanseprøver og praksisbrevprøver.
§ 23-5. Dokumentasjon
Eit vitnemål eller kompetansebevis etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 kan innehalde fag frå både Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 og Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006.Utdanningsdirektoratet fastset kva for fag i Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 som kjem i staden for fag i Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006, og kva for fag i Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006 som kjem i staden for fag i Reform 94. Utdanningsdirektoratet fastset korleis faga skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.
§ 23-6. Innføringstakt for modulstrukturerte læreplanar i den førebuande og vidaregåande opplæringa for vaksne
Modulstrukturerte læreplanar skal brukast i opplæringa for førebuande opplæring for vaksne frå og med 1. august 2024.Modulstrukturerte læreplanar kan brukast i opplæringa for vidaregåande opplæring for vaksne frå og med 1. august 2024, og skal brukast i opplæringa seinast frå og med 1. august 2025.
§ 23-7. Overgangsordning for deltakarar i forsøk med førebuande vaksenopplæring og modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne
Dei som er deltakarar på modul 4 i forsøk med førebuande vaksenopplæring før 31. juli 2024, kan få opplæring og vurdering etter læreplanar brukt i forsøket til og med 31. desember 2024. Dette gjeld berre dersom kommunen har fått innvilga søknad om forlenging av forsøket. Siste frist for å avleggje eksamen etter desse læreplanane er også 31. desember 2024.Deltakarar i forsøk med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne som har fått godkjend alle modular, men ikkje avlagt fag- eller sveineprøva eller kunnskapstest i byggfag, før 31. juli 2024, skal bli meldt til fag- eller sveineprøve etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006. Dei må likevel ikkje bestå ein skriftleg eksamen som er lagd ut frå læreplanen i lærefaget, sjølv om dei ikkje har følgt eit normalt opplæringsløp etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2006.Dei som var deltakarar i forsøk med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne, og som har fått godkjent alle nødvendige modular etter forsøkslæreplanane eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 innan 31. juli 2025, treng ikkje bestå ein skriftleg eksamen før dei tar fag- eller sveineprøva. Dei som skal ta fag- eller sveineprøva i lærefag der det i forsøket var eit krav om kunnskapstest før oppmelding, må bestå ein slik test før dei tar prøva.Endra ved forskrift 1 nov 2024 nr. 2626.
§ 23-8. Overgangsordning for deltakarar i opplæringa for vaksne som følgjer Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020
Deltakarar i førebuande opplæring for vaksne som per 31. juli 2024 får opplæring etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020, og planlegg å fullføre opplæringa seinast våren 2025, kan fullføre opplæringa etter desse læreplanane.Deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne som per 31. juli 2025 får opplæring etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020, og planlegg å fullføre opplæringa seinast våren 2028, kan fullføre opplæringa etter desse læreplanane.
§ 23-9. Overgangsregel for forskrift om hovudmål på kvar skole
Fylkeskommunen treng ikkje oppfylle kravet i opplæringslova § 15-2 første ledd om å gi forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmålet på kvar skole, før 1. august 2026.
§ 23-10. Overgangsregel for krav om å tilby arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
Tala som er brukte i utrekningsnøkkelen, er henta frå ssb.no, KOSTRA-tabell 12399: driftsutgifter per brukar i vidaregåande utdanning, etter funksjon og art (F) 2015-2022. Nye KOSTRA-tal blir publiserte 15. juni kvart år. Vel statistikkvariabel: utgifter per brukar (kr), vel dei funksjonane som skal vere med, vel art: netto driftsutgifter eksklusive gjesteelevutgifter og -inntekter, og vel fylke og år.Utrekningsnøkkelen forkortar «netto driftsutgifter eksklusive gjesteelevutgifter og -inntekter» til «NDUekskl.».Utrekningsnøkkelen er slik: NDUekskl. per brukar funksjon 510 + (NDUekskl. per brukar funksjon 515 × 0,5) + (NDUekskl. per brukar funksjon 520 × 0,5) + (NDUekskl. per brukar funksjon 521).Denne utrekningsnøkkelen gir refusjonssatsen for utdanningsprogrammet studiespesialisering. For å få refusjonssatsen for andre utdanningsprogram kan ein endre funksjon 521 i siste ledd til funksjonen for det utdanningsprogrammet ein ønskjer.KOSTRA-tala som blir publisert 15. juni kvart år, er for tal for rekneskapsåret to år tidlegare. Satsane må derfor prisjusterast med kommunal deflator fram til året satsane skal gjelde for. Den kommunale deflatoren blir publisert i Nasjonalbudsjettet (Meld. St. 1), som leggjast fram i oktober kvart år.
Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) vedlegg 2 – utrekningsnøkkel for å rekne ut satsane etter § 22-3 første ledd
Tala som er brukte i utrekningsnøkkelen, er henta frå ssb.no, KOSTRA-tabell 12235: Korrigerte brutto driftsutgifter i grunnskolesektoren, etter funksjon (K) 2015-2022, og tabell 12399: Driftsutgifter per brukar i vidaregåande utdanning, etter funksjon og art (F) 2015-2022. Nye KOSTRA-tal blir publiserte 15. juni kvart år.Korrigerte brutto driftsutgifter per elev til grunnskole, skolelokale og skyss finn ein i tabell 12235. Gjer følgjande val i tabellen: Vel statistikkvariabelen «Korrigerte brutto driftsutgifter per elev (kr)», vel det året som skal liggje til grunn for satsen, vel regionen «EAK Landet», og vel funksjonen «FGK8a Grunnskole, skolelokaler og skyss».Korrigerte brutto driftsutgifter per elev til alle utdanningsprogram finn ein i tabell 12399. Gjer følgjande val i tabellen: Vel statistikkvariabelen «utgifter per bruker (kr)», vel det året som skal liggje til grunn for satsen, vel funksjonen «FGF7c Alle utdanningsprogram», vel arten «korrigerte brutto driftsutgifter på funksjon/tjeneste», og vel regionen «EAFK Landet».Satsane skal reknast ut etter desse utrekningsnøklane for ein elev som
ikkje treng individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11: (korrigerte brutto driftsutgifter til grunnskole, skolelokale og skoleskyss per elev × ⅔) + (korrigerte brutto driftsutgifter per elev for alle utdanningsprogram × ⅓)
har moderat behov for individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11: (Korrigerte brutto driftsutgifter til grunnskole, skolelokale og skoleskyss per elev × ⅔) + (korrigerte brutto driftsutgifter per elev for alle utdanningsprogram × ⅓) × 2,95
har omfattande behov for individuell tilrettelegging etter opplæringslova kapittel 11: (korrigerte brutto driftsutgifter til grunnskole, skolelokale og skoleskyss per elev × ⅔) + (korrigerte brutto driftsutgifter per elev for alle utdanningsprogram × ⅓) × 5,84.
KOSTRA-tala som blir publisert 15. juni kvart år, er for tal for rekneskapsåret to år tidlegare. Satsane må derfor prisjusterast med kommunal deflator fram til året satsane skal gjelde for. Den kommunale deflatoren blir publisert i Nasjonalbudsjettet (Meld. St. 1), som leggjast fram i oktober kvart år.