Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Departement
Kunnskapsdepartementet

Vis endringshistorikk · Abonner (Atom)

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Kapittel 1. Allmenne reglar

§ 1-1. Verkeområde

(3) Forskrifta gjeld for fellesgradar i samarbeid med andre institusjonar, så langt dette er regulert i forskrift for den aktuelle fellesgraden.
(4) For studium som er underlagde nasjonale rammeplanar, vil nasjonale rammeplanar vere overordna denne forskrifta ved eventuell konflikt.

§ 1-2. Definisjonar

  • Emne er den minste eininga med vurdering som gir utteljing i form av studiepoeng, og som kan gå inn i eit studieprogram eller tilbydast med eige opptak. Eit emne har eit læringsutbyte som er fastsett i ein emneplan.
  • Studiepoeng er eit mål på omfanget av emne og arbeidsbelastninga til studenten. Eit studieår på fulltid vil i omfang og læringsutbyte tilsvare 60 studiepoeng, jf. uhl. § 11-2.
  • Studieprogram er ei samling emne med eit samla læringsutbyte som er fastsett i studieplan, som søkarar kan få opptak og studierett til. Eit studieprogram er kjenneteikna ved at det ikkje er nødvendig å søke om nytt opptak for å ta nye emne innanfor studieprogrammet.
  • Studieplan er omtale av studieprogram med tilhøyrande emneplanar og beskriv mellom anna opptakskrav, innhald, emne og læringsutbyte i eit studieprogram, jf. uhl. § 11-1.
  • Rammeplan er ein plan som fastset nasjonale rammer for eit studieprogram.
  • Utdanningsplan er ein individuell avtale mellom ein student og høgskulen med plan for gjennomføring av studieprogrammet studenten er teken opp til, jf. uhl. § 11-3.
  • Opptak viser til søknadsprosessen ein søkar går gjennom for å få studierett til eit studium.
  • Lokalt opptak viser til opptak som ikkje høyrer til det nasjonale samordna opptaket.
  • Søkar er ein person som har lagt inn ein søknad om opptak til Høgskulen i Volda.
  • Student er ein person som gjennom opptak etter uhl. kapittel 8 i er teken opp til studium ved Høgskulen i Volda.

§ 1-3. Studenten si plikt til å gjere seg kjend med regelverk og informasjon frå høgskulen

(1) Alle søkarar, studentar og eksamenskandidatar har plikt til å gjere seg kjende med gjeldande regelverk ved Høgskulen i Volda.
(2) Høgskulen i Volda nyttar til dømes e-post, Søknadsweb, Studentweb, nettstaden til høgskulen og e-læringssystem for å formidle viktig informasjon.

Kapittel 2. Gradar og yrkesutdanningar

§ 2-2. Bachelorgrad

(1) Graden bachelor blir tildelt for utdanningar på 180 studiepoeng, tilsvarande tre år, i eit av følgjande studieløp:
  1. eit fullført treårig studieprogram med 180 studiepoeng som ifølgje rammeplan eller forskrift gir bachelorgrad
  2. eit fullført treårig integrert studieprogram med 180 studiepoeng (utan rammeplan) som ifølgje vedtak i styret for Høgskulen i Volda gir bachelorgrad
  3. ein fritt samansett bachelorgrad med eit omfang på 180 studiepoeng, jf. denne forskrift tredje ledd.
(2) I grunnlaget for graden skal det inngå ei bacheloroppgåve eller eit anna sjølvstendig fordjupingsarbeid. Dette arbeidet kan vere av teoretisk-metodisk, praktisk eller kunstnarisk art, og det kan vere utført individuelt eller i ei gruppe.
(3) Det kan etter søknad skrivast ut vitnemål for ein fritt samansett bachelorgrad, med følgjande grunnkrav:
  1. Graden må innehalde minimum 80 studiepoeng innan same fagområde. Av desse 80 studiepoenga må minimum 20 studiepoeng vere på fordjupingsnivå.
  2. Graden må innehalde minst éi eining på minimum 30 studiepoeng på eit anna fagområde.
  3. I grunnlaget for graden skal det inngå ei bacheloroppgåve eller eit anna sjølvstendig fordjupingsarbeid, som skildra i denne forskrift § 2-2 (2).
  4. Krav om tilknyting og gjenbruk av studiepoeng som følgjer av uhl. § 11-12 må vere oppfylte.
  5. Ein kan berre få utskrive ein fritt samansett bachelorgrad dersom ein ikkje oppfyller krava i denne forskrift § 2-2 (1) a eller b.
(4) Studentane har krav på rettleiing i arbeidet med bacheloroppgåva. Det kan stillast som krav at studenten har gjennomført rettleiing for å kunne levere oppgåva. Vilkåra for rettleiing og krava til innlevering av bacheloroppgåve eller anna sjølvstendig fordjupingsarbeid skal gå fram av emneplanen.

§ 2-3. Mastergrad

(2) Høgskulen i Volda tildeler mastergrad med eit omfang på 90 eller 120 studiepoeng på grunnlag av studieprogram som er akkrediterte.
(3) Høgskulen i Volda tildeler mastergrad med eit omfang på 300 studiepoeng på grunnlag av fullført master i grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn eller 5.–10. trinn. Mastergrad med omfang på 300 studiepoeng skal inkludere eit sjølvstendig arbeid på minimum 20 studiepoeng.
(4) Ein mastergrad med eit omfang på 90 eller 120 studiepoeng skal inkludere eit sjølvstendig arbeid på minimum 30 studiepoeng.
(5) Studentane har krav på rettleiing i arbeidet med masteroppgåva. Det kan stillast som krav at studenten har gjennomført rettleiing for å kunne levere oppgåva. Vilkåra for rettleiing og krava til innlevering av masteroppgåva skal gå fram av emneplanen.

§ 2-5. Fagleg godkjenning av tidlegare utdanning

(1) Ein student kan søke om fagleg godkjenning av anna akkreditert utdanning etter uhl. § 9-1 når det kan dokumenterast at dei faglege krava er oppfylte. Høgare utdanning frå institusjonar som ikkje er underlagde uhl., anna utanlandsk utdanning og dokumentert realkompetanse kan etter søknad gi grunnlag for godkjenning etter uhl. § 9-2 og § 9-3.
(2) Det blir ikkje gitt dobbel utteljing for same faginnhald innanfor same grad.

Kapittel 3. Opptak og rangering ved opptak

§ 3-1. Generelle føresegner

(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gir studiepoeng ved Høgskulen i Volda, er generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning. For søkarar til andre studietilbod gjeld i tillegg krav som er fastsette i eller har heimel i inneverande forskrift, studieplan, emneplan eller i forskrifter om rammeplanar.
(3) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for opptak, medrekna reglar for poengberekning og rangering.

§ 3-2. Språkkrav

(2) For opptak til engelskspråklege studium kan det i studie- eller emneplanen stillast særskilde krav om at søkarar må dokumentere at dei har engelskkunnskapar på høgare nivå.

§ 3-4. Søknadsfristar

(1) Søknadsfristar for lokalt opptak til Høgskulen i Volda sine studietilbod blir kunngjorde på nettstaden til høgskulen samstundes med utlysing av studietilboda.
(2) For søknad til studium gjennom nasjonalt samordna opptak gjeld dei nasjonale fristane som er fastsette.

§ 3-5. Dokumentasjon

(1) All utdanning, praksis og andre forhold som skal gi grunnlag for opptak, må vere dokumentert innan søknads- eller innsendingsfristen går ut. Ein søkar som avsluttar utdanning som gir grunnlag for opptak etter at søknads- eller innsendingsfristen går ut, må sende inn foreløpig dokumentasjon innan søknadsfristen. Søkaren skal på fastsett måte og innan fastsett frist sende inn endeleg dokumentasjon.
(2) Søkaren pliktar å orientere seg om kva slags dokumentasjon som er nødvendig for at søknaden skal kunne handsamast.
(3) Dokumentasjon på utdanning som er under fullføring i opptakssemesteret, skal ettersendast snarast råd og seinast innan den kunngjorde fristen.
(4) Ein student må ved førespurnad vise fram originaldokumenta som er grunnlag for opptak til studium. Ein student som ikkje viser fram førespurde originaldokument for kontroll og godkjenning, kan få avslag på søknaden om opptak.
(5) Bruk av falske vitnemål eller andre falske dokument vert meldt til politiet, jf. uhl. § 12-1.

§ 3-6. Opptaksgrunnlag for mastergradsutdanning

(3) For opptak til ein mastergrad med eit omfang på 120 studiepoeng må eit av følgjande utdanningsløp vere fullført eller bestått:
  • bachelorgrad (minimum 180 studiepoeng)
  • cand.mag.-grad
  • annan grad eller yrkesutdanning av minimum 3 års omfang
  • utdanning som i samsvar med uhl. § 9-3 er godkjend som jamgod med ovannemnde gradar eller utdanningsløp.
(4) Innanfor grunnlaget for opptak må eit av følgjande inngå:
  • Fordjuping i fag, emne eller emnegruppe av eit omfang på minimum 80 studiepoeng innanfor eit fagområde som er relevant for mastergraden. Dette skal gå fram av studieplanen.
  • Integrert yrkesretta utdanning av eit omfang på minimum 120 studiepoeng innanfor eit fagområde som er relevant for mastergraden. Dette skal gå fram av studieplanen.
(5) Andre opptakskrav som er fastsette i studieplanen for masterprogrammet, må vere oppfylte.
(6) For mastergradsutdanningar som har opptakskrav om minst gjennomsnittskarakter C, må søkaren ha eit vekta gjennomsnitt på 2,5 tilsvarande 25,00 karakterpoeng for å oppfylle kravet.

§ 3-7. Opptaksgrunnlag for erfaringsbasert master

For opptak til ein erfaringsbasert mastergrad med omfang på 90 studiepoeng må opptaksgrunnlaget som går fram av denne forskrift § 3-6, vere oppfylt. I tillegg blir det stilt krav om følgjande:
  1. Minst 2 års relevant yrkespraksis, dokumentert med attest frå arbeidsgivar. Kva som blir rekna som relevant yrkespraksis, skal gå fram av studieplanen.
  2. Eventuelle særskilde opptakskrav skal gå fram av studieplanen.

§ 3-8. Opptaksgrunnlag for vidareutdanning

(1) For opptak til vidareutdanningar utan ein rammeplan som er fastsett i forskrift, gjeld dei opptakskrava som er fastsette i studieplanen.
(2) For opptak til vidareutdanningar med ein rammeplan som er fastsett i forskrift, gjeld dei opptakskrava som er fastsette i rammeplanen og eventuelle tilleggskrav som er fastsette i studieplanen.

§ 3-10. Opptaksprøver

(1) Når opptaksprøve går fram av studieplanen, skal dette informerast om ved utlysing av studietilbodet.
(2) Når opptaksprøve er fastsett i studieplanen, skal det gå fram om det enten er kvalifiseringsgrunnlag aleine eller eit tillegg til andre opptakskrav.
(3) Opptaksprøva skal vere fagleg og metodisk relevant for studiet. Dei søkarane som består opptaksprøva, skal som hovudregel rangerast etter gjeldande rangeringsreglar i det endelege opptaket.
(4) Krava til opptaksprøve skal gå fram av studie- eller emneplanen.

§ 3-11. Realkompetanse

(2) For å få tilbod om studieplass må søkaren dokumentere likeverdige ferdigheiter og kunnskapar som søkarar som får tilbod om plass etter ordinære rangeringsreglar, slik dette er fastsett i høgskulen sine retningslinjer for opptak. Alt som skal telje med i vurderinga av realkompetanse, må kunne dokumenterast.
(3) Nærmare reglar for realkompetansevurdering går fram av høgskulen sine retningslinjer for opptak.

§ 3-12. Poengutrekning og rangering

(2) For søkarar til masterutdanning og vidareutdanning som byggjer på høgare utdanning, blir søkarane rangerte etter rangeringsreglar fastsette i retningslinjene for opptak dersom det er fleire kvalifiserte søkarar enn det er studieplassar. Tilsvarande rangeringsregelverk gjeld også for praktisk-pedagogisk utdanning.

§ 3-13. Tidleg opptak

(1) Søkarar til studium som er organiserte gjennom Samordna opptak, kan få tidleg opptak etter reglar som blir fastsette av Samordna opptak.
(2) Søkarar til studium med lokalt opptak til haustsemesteret kan få tidleg opptak dersom følgjande vilkår er oppfylte:
  1. På søknadstidspunktet oppfyller søkaren opptakskrava og ville med god margin ha kome inn ved føregåande opptak; og
  2. På søknadstidspunktet har søkaren eit dokumentert behov for tidlegare svar på søknaden om studieplass.
(3) Aktuelle studium med lokalt opptak med moglegheit for tidleg opptak er skildra i retningslinjene for opptak.

§ 3-14. Opptak på vilkår

(1) For opptak til grunnutdanningar, vidareutdanningar, masterutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning kan det innvilgast opptak på vilkår.
(2) Søkarar som blir vurderte på grunnlag av realkompetanse eller andre unntaksreglar, kan ikkje få opptak på vilkår.
(3) Ved opptak på vilkår skal søkaren ha innfridd fastsette vilkår innan ein avtalt frist, til dømes bestått manglande eksamen, kurs eller utdanning. Dersom kravet ikkje blir oppfylt, kan studenten miste studieplassen.

§ 3-15. Reservert studieplass

(1) Søknad om reservert studieplass ved grunnstudiar gjennom nasjonalt opptak kan innvilgast dersom det oppstår tungtvegande forhold som gjer at søkaren ikkje kan starte på studieprogrammet som føresett. Tungtvegande forhold kan til dømes vere innkalling til militærteneste, fødsel, adopsjon eller sjukdom.
(2) Søknaden må framsetjast seinast tre – 3 – veker etter at søkaren fekk tilbod om studieplass. Det er ein føresetnad at søkaren stadfestar studieplassen før søknaden blir sett fram.
(3) Ein studieplass kan reserverast i inntil to år.
(4) Reservert studieplass blir innvilga på vilkår om at studiet blir tilbydd på nytt.
(5) Søkarar med opptak på vilkår kan ikkje få innvilga reservert studieplass.
(6) Ein søkar som får reservert studieplass, må stadfeste at vedkomande vil ta i bruk den reserverte studieplassen, ved å søke nytt opptak. Dette gjeld først når søkaren skal starte på studiet etter at reservasjonsperioden er gått ut.

Kapittel 4. Studierett

§ 4-1. Studierett

(1) Studieplass blir tildelt gjennom opptak for studiet og emnet eller emna det er gitt opptak til.
(2) Studierett blir etablert ved at studenten aksepterer tilbodet om studieplass, registrerer oppmøte til studiestart, semesterregistrerer seg og betaler semesteravgift innan den fastsette fristen.
(3) Studierett gir rett til å følgje lukka undervisning, å gjennomføre praksis, kurs og seminar og å gå opp til eksamen etter at alle obligatoriske aktivitetar er godkjende.
(4) Studentar som har brukt opp forsøka på eksamen utan å få bestått resultat, kan søke opptak til studieprogram på nytt tre år etter siste eksamensforsøk. Studentar som har brukt opp forsøka i praksisemne utan å få bestått resultat, kan søke opptak tre år etter siste forsøk. Ved nytt opptak kan studenten søke om godkjenning av tidlegare gjennomført utdanning, jf. denne forskrift § 2-5.
(5) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for studierett.

§ 4-2. Semesterregistrering

(1) Studenten må gjennomføre semesterregistrering kvart semester for at studieretten skal vere gyldig.
(2) Innan fristen for semesterregistrering må studentar gjere følgjande:
  1. registrere seg i Studentweb
  2. godkjenne utdanningsplanen for studieprogrammet
  3. melde seg opp til undervisning og vurdering
  4. betale semesteravgifta eller andre avgifter i samsvar med uhl.
  5. stadfeste at ein er gjort kjend med høgskulen sitt regelverk.

§ 4-3. Lengd på studieretten

(1) Studieretten blir tildelt tilsvarande normert tid for studieprogrammet som studenten er teken opp til.
(2) Studentar som er tekne opp til studieprogram med omfang på inntil 120 studiepoeng, kan søke om å få endra utdanningsplanen og utvida studieretten med inntil eitt år ut over normert tid.
(3) Studentar som er tekne opp til studieprogram med omfang på inntil 180 studiepoeng, kan søke om å få endra utdanningsplanen og utvida studieretten med inntil to år ut over normert tid.
(4) Rammene for utviding av studierett er ikkje medrekna utsett studiestart, permisjonar vedtekne etter denne forskrifta og mellombels utestenging etter vedtak i nemnd for studentsaker ved Høgskulen i Volda.
(5) Når tildelt studierettsperiode er over, blir studieretten avslutta. Studenten må då søke på nytt opptak for å kunne fullføre utdanninga.
(6) Studieretten fell bort når studieprogrammet er fullført.
(7) Studentar har ikkje krav på ny rettleiing ved utviding av studieretten.

§ 4-4. Tap av studierett

(1) Studentar som ikkje gjennomfører semesterregistrering etter denne forskrift § 4-2, kan tape studieretten sin.
(2) Studentar som har brukt opp forsøka på å fullføre eit obligatorisk emne, eksamen eller praksis utan godkjent resultat, kan tape studieretten sin.
(3) Studentar som ikkje oppnår studiepoeng i eit studieprogram i to semester på rad, kan tape studieretten til dette programmet. Dette gjeld ikkje dersom studenten har hatt opphald som følgje av permisjonar, opphald som går fram av utdanningsplanen, eller mellombels utestenging frå høgskulen etter vedtak i nemnd for studentsaker.
(4) Studieretten blir avslutta når studenten sjølv stadfestar at vedkomande trekkjer seg frå studieprogrammet, eller når studieprogrammet er fullført.
(5) Studierett som er stengd, kan etter søknad opnast igjen innan eitt år etter han er stengd. Studieretten kan berre opnast for same studieprogram.
(6) Dersom høgskulen avsluttar ein studierett etter denne forskrift § 4-4 punkt 1–4, skal det fattast eit skriftleg vedtak om dette.

Kapittel 5. Permisjon

§ 5-1. Permisjon

(1) Studentar har rett til permisjon ved teneste etter forsvarsloven § 17, ved verv i studentpolitiske eller folkevalde organ eller når det ligg føre andre særlege grunnar. I tillegg kan det følgje unntak frå regelen i særlov. Ved sjukdom må grunnlaget for permisjonen vere dokumentert skriftleg av lege, psykolog eller ein annan sakkunnig person.
(2) Studentar har rett til permisjon frå studia ved svangerskap, adopsjon og omsorg for barn, jf. uhl. § 10-6.
(3) Permisjonstida kjem i tillegg til retten studenten har til utvida studietid, jf. denne forskrift § 4-3.
(4) Studentar kan få permisjon utan dokumentert årsak i inntil to semester. Denne typen permisjon kan ikkje bli gitt i første semester etter opptak og kan berre innvilgast for minimum eit heilt semester.

§ 5-2. Under permisjonen

(1) Studenten har studierett under permisjonen. Dersom ein student ønskjer å ta enkelteksamenar i løpet av permisjonstida, jf. uhl. § 10-7 andre ledd, må studenten betale semesteravgift for det aktuelle semesteret.
(2) Studenten må sende særskild søknad om å få ta eksamen eller praksis i permisjonstida.

Kapittel 6. Tilrettelegging

§ 6-1. Tilrettelegging under studieløpet

(1) Studentar med funksjonsnedsetjing og studentar med særskilde behov har rett til eigna individuell tilrettelegging av lærestad, undervisning, praksis, læremidlar og eksamen, jf. uhl. § 10-5. Tilrettelegginga må ikkje føre til ein reduksjon av dei faglege krava som blir stilte i det enkelte studiet.
(2) Retten til tilrettelegging gjeld ikkje om det vil føre til ei uforholdsmessig byrde for høgskulen, jf. uhl. § 10-5 andre ledd.
(4) Dersom grunnlaget for tilrettelegging er av varig karakter, er det tilstrekkeleg å sende søknad éin gong for den perioden ein har studierett i eit studieprogram for. Studenten må søke på nytt ved endra behov.
(5) Høgskulen har eigne retningslinjer for tilrettelegging.

§ 6-2. Tilrettelegging under eksamen

(1) Ein student som av medisinsk grunn eller ein velferdsgrunn har vanskar med å gjennomføre eksamensforma som er vedteken, kan søke om særskild tilrettelegging av eksamen. Tilrettelegginga må ikkje føre til ein reduksjon av dei faglege krava som blir stilte i det enkelte studiet.
(2) Tilrettelegginga skal kompensere for dei ulempene som ligg til grunn for søknaden, samtidig som studentane i størst mogleg grad skal prøvast likt. Særskild tilrettelegging er normalt utvida tid eller bruk av hjelpemiddel. Det kan også vurderast andre tiltak når det er dokumentert særlege behov.
(3) Søknad om særskild tilrettelegging av eksamen må leverast innan den fastsette fristen, som blir publisert på nettstaden til høgskulen.
(4) Det kan gjerast unntak frå fristen ved akutt sjukdom eller liknande. Behovet må dokumenterast med attest frå lege eller ein annan sakkunnig. Det skal gå fram av dokumentasjonen kva som trengst av særskild tilrettelegging.

Kapittel 7. Gjennomføring av studiet

§ 7-1. Studiekalender og fristar

(1) Det blir for kvart studieår fastsett ein studiekalender som viser
  1. start- og avslutningsdato for haust- og vårsemesteret
  2. undervisnings- og eksamensperiodar.
(2) Det blir fastsett fristar for
  1. semesterregistrering og godkjenning av utdanningsplan
  2. betaling av semesteravgift til studentsamskipnaden og ev. andre avgifter
  3. å søke om utveksling eller utanlandsopphald
  4. andre høve som gjeld gjennomføring av studiet.
(3) Studiekalenderen og informasjonen om fristar blir kunngjord på høgskulen sin offisielle nettstad.

§ 7-2. Studentavgifter og semesterkvittering

(1) Høgskulen i Volda krev kvart semester inn
  1. frivillig støtte til Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH)
  2. studieavgift for statsborgarar frå land utanfor EØS og Sveits, jf. uhl. § 2-6.
(2) Betalt semesteravgift, saman med gyldig studierett, gir rett til semesterkvittering som stadfestar at ein er student i det aktuelle semesteret.

§ 7-3. Utdanningsplan

(1) Studentar ved studieprogram med eit omfang på minst 60 studiepoeng skal ha ein utdanningsplan.
(2) Studentar ved studieprogram på inntil 60 studiepoeng kan tildelast ein utdanningsplan.
(3) Utdanningsplanen skal vere eit middel for at studenten gjennomfører studiet. Planen skal innehalde ansvaret og pliktene som Høgskulen i Volda har overfor studenten, og studenten sine plikter overfor institusjonen., jf. uhl. § 11-3.
(4) I starten av første semester får studenten eit forslag til ein individuell utdanningsplan. Forslaget viser emna og den forventa progresjonen i utdanninga, både obligatoriske og eventuelt valfrie delar, basert på studieplanen for studieprogrammet. Utdanningsplanen er sett opp slik at studenten skal kunne gjennomføre det planlagde studiet på normert tid.
(5) Studenten må stadfeste utdanningsplanen sin kvart semester gjennom den obligatoriske semesterregistreringa.
(6) Studenten får ikkje melde seg til undervisning og vurdering i meir enn 45 studiepoeng kvart semester utan å ha ein særskild avtale. Dette gjeld likevel ikkje for emne som går over fleire semester.

§ 7-4. Utdanningsrettleiing og utdanningssamtale

(1) Studentar med utdanningsplan etter denne forskrift § 7-3 (1) skal ha tildelt ein utdanningsrettleiar knytt til sitt studieprogram.
(2) Det skal bli gitt tilbod om minst éin utdanningssamtale med studenten kvart studieår. Utdanningssamtalen kan gjennomførast individuelt eller i grupper. Dersom utdanningsrettleiaren eller studenten ønskjer det, skal samtalen gjennomførast individuelt.
(3) Studenten kan be om å få skifte utdanningsrettleiar i ein grunngitt søknad.
(4) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for utdanningsplanar og utdanningsrettleiing.

§ 7-5. Undervisningsopptak

(1) Høgskulen kan fastsetje reglar om undervisningsopptak for det enkelte semesteret for fleirårige studieprogram.
(2) Eit eige undervisningsopptak inneber at studentane innanfor gitte fristar må melde seg til og søke plass på dei emna dei planlegg å ta det påfølgjande semesteret.
(3) For enkelte emne kan det vere krav om at bestemte emne, arbeidskrav eller eksamenar skal vere fullførte med godkjent resultat før ein får tilbod om plass på emnet.
(4) Høgskulen i Volda kan utarbeide eigne retningslinjer for undervisningsopptaket.

§ 7-6. Obligatorisk aktivitet – frammøte og deltaking

(1) Dersom det blir stilt krav om obligatorisk frammøte eller deltaking, skal det gå fram av emneplanen. Obligatorisk frammøte eller deltaking skal vere gjennomført og godkjent for at studenten kan gå opp til eksamen og fortsetje studiet.
(2) I emne med obligatorisk frammøte eller deltaking blir det kravd minst 80 prosent frammøte eller deltaking for å kunne gå opp til eksamen. Andre grenser kan fastsetjast i emneplanen, jf. første ledd.
(3) Ved krav om obligatorisk frammøte eller deltaking blir det ført logg over frammøtet til kvar student.
(4) Studenten skal halde seg orientert om fråværet sitt.
(5) Ein student som av særskilde grunnar ikkje klarer å innfri det obligatoriske kravet til frammøte eller deltaking, kan søke om dispensasjon frå frammøtekravet innan rimeleg tid før undervisningsperioden er ute. Særskilde grunnar betyr medisinsk grunn eller velferdsgrunn. Søknaden skal vere dokumentert med attest frå lege eller ein annan sakkunnig. Studenten kan bli pålagd faglege arbeid som erstatning.
(6) Ein student som har tillitsverv i styringsordningar ved Høgskulen i Volda eller Studentsamskipnaden i Volda, verv i nasjonale eller internasjonale studentorganisasjonar, politiske verv eller plikter i offentleg valde organ, kan søke om fritak frå heile eller delar av kravet om obligatorisk frammøte.
(7) Obligatorisk frammøte eller deltaking blir vurdert som godkjent eller ikkje godkjent. Det er ikkje klagerett på vurderinga av ikkje godkjent frammøte eller deltaking. Det kan gjerast vedtak om tap av retten til å gå opp til eksamen dersom studenten ikkje har fått godkjent obligatorisk frammøte eller deltaking. Studenten kan klage på vedtak om tap av retten til å gå opp til eksamen.
(8) Ein student som mistar retten til å gå opp til eksamen i emnet, må melde seg til undervisning og vurdering på nytt ved neste ordinære emnegjennomføring.
(9) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for obligatoriske aktivitetar.

§ 7-7. Obligatorisk aktivitet – arbeidskrav

(1) Dersom det blir stilt krav om arbeidskrav, skal det gå fram av emneplanen. Arbeidskrav skal vere gjennomførte og godkjende for at studenten kan gå opp til eksamen og fortsetje studiet.
(2) Dersom ein student ikkje kan gjennomføre og levere eit arbeidskrav innan den fastsette fristen, kan studenten søke om utvida frist innan rimeleg tid før fristen for levering går ut. Søknaden skal vere grunngitt.
(3) Ein student som ikkje får godkjent, ikkje leverer eller ikkje møter til eit arbeidskrav, har brukt eitt forsøk og får eitt andre forsøk på å fullføre arbeidskravet.
(4) Ved dokumentert akutt sjukdom og ved andre særlege tilhøve kan høgskulen der det er fagleg forsvarleg og praktisk mogleg, gi eit tredje forsøk.
(5) Eit arbeidskrav blir vurdert som godkjent eller ikkje godkjent. Det er ikkje klagerett på den faglege vurderinga av ikkje godkjent arbeidskrav. Det kan gjerast vedtak om tap av retten til å gå opp til eksamen dersom studenten ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav. Studenten kan klage på vedtak om tap av retten til å gå opp til eksamen.
(6) Ein student som mistar retten til å gå opp til eksamen i emnet på grunn av manglande godkjenning av arbeidskrav, må melde seg til undervisning og vurdering på nytt ved neste ordinære emnegjennomføring.
(7) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for obligatoriske aktivitetar.

§ 7-8. Utveksling til utlandet

(1) Høgskulen i Volda tilbyr utveksling til utlandet for studentar på fleirårige studieprogram.
(2) Ein bachelorgradsstudent skal normalt ha fullført og bestått første studieår (60 studiepoeng) ved Høgskulen i Volda før utreise. Dei studieprogramansvarlege kan i enkelttilfelle bestemme at ein student som ikkje har fullført 60 studiepoeng, likevel skal få reise på utveksling.
(3) Ein mastergradsstudent må ha fullført og bestått første semester (30 studiepoeng) ved Høgskulen i Volda før utreise. Dei studieprogramansvarlege kan i enkelttilfelle bestemme at ein student som ikkje har fullført 30 studiepoeng, likevel skal få reise på utveksling.
(4) Studenten må inngå ein avtale om førehandsgodkjenning for godskriving i utdanningsplanen. Avtalen skal vere signert av studenten og fagmiljøet ved Høgskulen i Volda, og dessutan av vertsinstitusjonen dersom dette er eit krav.
(5) Ein student som ikkje fullfører i tråd med førehandsgodkjenninga, må be om ei ny vurdering om godskriving når utvekslingsopphaldet er avslutta.
(6) Studenten er sjølv ansvarleg for å skaffe visum, ta vaksinar og kjøpe forsikringar som trengst til utvekslingsopphaldet, og andre forhold som studenten bør vite om.
(7) Under utvekslingsopphaldet må studenten vere semesterregistrert og betale semesteravgift til Høgskulen i Volda.
(8) Etter at utvekslingsopphaldet er gjennomført, skal studenten levere ein rapport om opphaldet.
(9) Etter at utvekslingsopphaldet er gjennomført, skal studenten levere gyldig dokumentasjon frå vertsinstitusjonen i form av ei karakterutskrift, så snart sensuren er klar. Berre gyldig dokumentasjon med fullført resultat vil bli lagd inn som del av utdanninga.
(10) Høgskulen i Volda er ikkje juridisk ansvarleg for ein student på utvekslingsavtale, men har plikt til å gi nødvendig informasjon om visum, forsikring og andre forhold som studenten bør vite om.

§ 7-9. Overgang mellom studieprogram

(1) Ein student kan normalt få overgang frå eit årsstudium til eit bachelorstudium innanfor same fagområde dersom
  1. studenten har fått studierett gjennom ordinært opptak, har møtt til studiestart og har registrert seg på det studieprogrammet vedkomande blei oppteken til, og
  2. studieprogrammet studenten søker overgang til, ikkje er lukka ved poengrangering, og
  3. studenten oppfyller opptakskravet til studieprogrammet.
(2) Dersom studieprogrammet er lukka med poengrangering, kan overgang vurderast dersom studenten sin poengsum er lik eller høgare enn medianen ved siste opptak.
(3) Ein student som får innvilga overgang, mistar studieretten til studieprogrammet vedkomande søker overgang frå, og får tildelt ny studierett ved det nye studieprogrammet.
(4) Studentar som ønskjer overgang til eit studieprogram som ikkje er dekt av denne overgangsordninga, må søke om opptak på vanleg måte.
(5) Studentar må søke om overgang innan den fastsette fristen.

Kapittel 8. Praksis

§ 8-1. Vilkår for å gå ut i praksis

(1) Det skal gå fram av studie- og emneplanar kva emne, eksamenar og obligatoriske krav og aktivitetar som skal vere fullførte før studenten kan starte i praksis.
(2) I studium der studenten kan kome i kontakt med mindreårige som ein del av eit praksisstudium, er det krav om at studenten legg fram politiattest ved opptak, jf. uhl. § 12-2. Det kan også krevjast ny politiattest undervegs i utdanninga.
(3) Studieprogram med praksis eller praksisstudium har eigne retningslinjer for praksisgjennomføringa.

§ 8-2. Praksis i rammeplanstyrte og forskriftsstyrte utdanningar

(1) Studenten skal ha jamleg rettleiing om korleis vedkomande oppfyller krava for å få bestått praksis.
(2) For kvar praksisperiode skal det vere ei midtvegsvurdering om lag halvvegs i praksisen og ei avsluttande skriftleg vurdering der studenten blir vurdert med omsyn til måla for praksisperioden. Studenten skal ha kopi av vurderingane.
(3) Krav om deltaking skal gå fram av studie- og emneplanen, og krava kan som hovudregel ikkje fråvikast på grunn av det som normalt blir rekna som gyldig fråvær.

§ 8-3. Teieplikt

(2) Høgskulen skal utarbeide ei teiepliktserklæring som studenten skal signere før oppstart i praksis, jf. uhl. § 12-7.
(3) Ved grovt brot på teieplikta kan studenten bli fråteken retten til å gå opp til eksamen etter uhl. § 12-6.

§ 8-4. Ikkje bestått praksis

(1) Dersom det er tvil om studenten vil oppnå læringsutbytet og få bestått praksisperioden, skal studenten ha eit skriftleg varsel så tidleg som mogleg i praksisperioden. Fristar for eit slikt varsel kan vere gitt i nasjonal rammeplan eller forskrift for den einskilde utdanninga.
(2) Praksisperioden kan vurderast til «ikkje bestått» ved manglande oppfylling av krav om obligatoriske aktivitetar eller deltaking.
(3) Dersom studenten utvilsamt underpresterer med omsyn til læringsutbytet i emnet og dette blir tydeleg i andre halvdel av praksisperioden eller etter det tidspunktet studenten normalt hadde fått skriftleg varsel, jf. første ledd, kan studenten utan varsel få praksisen vurdert til «ikkje bestått».
(4) Dersom studenten i praksisperioden har vist handlingar eller åtferd som utgjer ei fare for liv, fysisk eller psykisk helse for dei som studenten er i kontakt med, eller ved andre klanderverdige forhold som skyldast studenten, kan praksisperioden avbrytast utan varsel. Praksisperioden kan i desse tilfella bli vurdert til «ikkje bestått» og blir rekna som eit forsøk.

§ 8-5. Utsett praksis

(1) Ved sjukdom eller av sterke velferdsgrunnar kan høgskulen etter søknad innvilge at studenten får utsett praksis. Dokumentasjon på gyldig fråvær må dokumenterast frå enten lege eller ein annan sakkunnig. Dokumentasjonen må leverast seinast éi – 1 – veke etter første fråværsdag.
(2) Utsett praksis kan innvilgast når det er praktisk mogleg med omsyn til tildeling av praksisplass og det ikkje blir ei endring i andre studentar sin studieprogresjon.
(3) Høgskulen avgjer om studenten må ta heile praksisperioden på nytt og kva tid utsett praksis kan gjennomførast.

§ 8-6. Antal praksisforsøk

(1) Studenten kan melde seg til ny praksisperiode éin gong dersom første forsøk blei vurdert til «ikkje bestått».
(2) Ein student som får vurdert same praksisperiode til «ikkje bestått» to gonger, mistar studieretten, jf. § 4-4 (2). Antalet brukte forsøk i eit emne blir vidareført ved eit nytt opptak ved høgskulen.

Kapittel 9. Eksamen og andre vurderingsformer

§ 9-1. Allment om eksamen og andre vurderingsformer

(1) Ein student skal vurderast etter ulike vurderingsformer i eit studieprogram.
(2) Ved Høgskulen i Volda blir det nytta ei rekkje ulike vurderings- og eksamensformer, kvar for seg eller saman. Vurderings- og eksamensformer for det enkelte emnet eller studieprogrammet går fram av den gjeldande emne- og studieplanen.
(3) Eksamen blir avlagd individuelt med mindre emneplanen seier noko anna.
(4) Det kan vere krav om at bestemte emne, eksamenar eller obligatoriske aktivitetar skal vere fullførte med godkjent resultat før ein student får gå opp til eksamen i eit emne.
(5) Når karakteren i eit emne blir slått saman av to eller fleire eksamenar (delar), skal den prosentvise vektlegginga mellom dei ulike delane gå fram av emneplanen.
(6) Høgskulen i Volda arrangerer normalt to eksamensperiodar kvart semester: éin for ordinære eksamenar og éin for kontinuasjonar.
(7) Høgskulen i Volda er ikkje ansvarleg om eksamensdatoar kolliderer for ein student som vel ein annan utdanningsplan enn det som er tilrådd, eller som tek fleire emne i tillegg til emna i studieprogrammet.
(8) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for eksamenskandidatar og gjennomføring av eksamen.

§ 9-2. Vilkår for å ta eksamen

(1) Vilkår for å ta eksamen skal gå fram av emneplanen. Det kan stillast krav i emneplanen om obligatorisk oppmøte eller deltaking eller obligatoriske arbeidskrav. Dersom det blir stilt krav om obligatorisk oppmøte eller deltaking eller obligatoriske arbeidskrav, må dette vere bestått før studenten kan ta eksamen, jf. uhl. § 11-4 andre ledd. Tilsvarande kan det stillast krav i studie- eller emneplanen om at særskilde eksamenar skal vere bestått, eller at studenten skal ha teke eit minimum av studiepoeng, før studenten kan melde seg til undervisning eller eksamen i eitt eller fleire andre emne eller fortsetje studiet.

§ 9-3. Oppmelding til eksamen

(1) Eksamensdatoar blir kunngjorde for studentane på Studentweb.
(2) Oppmelding til ordinær eksamen skjer i samband med godkjenning av utdanningsplan eller semesterregistrering i Studentweb.
(3) Studenten er sjølv ansvarleg for å kontrollere i Studentweb at oppmeldinga til eksamen er korrekt.

§ 9-4. Trekkje seg frå eksamen

(1) Studenten kan sjølve velje å trekkje seg frå eksamen i Studentweb inntil to – 2 – veker før eksamen startar. Trekk innan fristen tel ikkje som gjeldande eksamensforsøk.
(2) Studentar som har gyldig fråvær og trekkjer seg under eksamen, må snarast og utan ugrunna opphald levere dokumentasjon frå lege eller ein anna sakkunnig for at eksamenen ikkje skal telje som eit gjeldande eksamensforsøk, jf. denne forskrift §§ 9-5 (3) og 9-6.
(3) Det kan i andre særlege tilhøve utanfor studenten sin kontroll innvilgast gyldig fråvær frå eksamen etter fristen i første ledd. I slike tilfelle må studenten snarast og utan unødig opphald levere ein søknad til høgskulen. Studenten må samtidig leggje fram nødvendig dokumentasjon.

§ 9-5. Eksamensforsøk

(1) Det er ikkje høve til å framstille seg til eksamen i same emne meir enn tre – 3 – gonger ved Høgskulen i Volda. Avgrensinga gjeld også ved nytt opptak før det er gått tre år etter siste eksamensforsøk, jf. denne forskrift § 4-1 (4). For praksis har studenten to forsøk, jf. denne forskrift § 8-6.
(2) Eit forsøk er teljande dersom studenten
  1. har bestått eksamen
  2. trekkjer seg etter at fristen er gått ut, eller under eksamen, jf. denne forskrift § 9-4
  3. ikkje møter til eksamen
  4. ikkje leverer eksamen innan fristen
  5. ikkje leverer bachelor- eller masteroppgåve innan ordinær frist eller utsett frist
  6. får karakteren F eller ikkje bestått
  7. får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk.
(3) Gyldig fråvær blir ikkje rekna som eit teljande eksamensforsøk, jf. denne forskrift § 9-6.
(4) Når eksamen ikkje er bestått etter tre forsøk, jf. første ledd, kan høgskulen i særlege tilhøve gi dispensasjon for eit fjerde forsøk etter søknad frå studenten. Studieprogresjonen og dei faglege prestasjonane til studenten kan telje med i vurderinga av søknaden. Dersom studenten får innvilga eit fjerde eksamensforsøk, kan det stillast krav om at studenten må følgje undervisningsopplegget og gjennomføre obligatoriske læringsaktivitetar på nytt, jf. denne forskrift §§ 7-6 og 7-7.

§ 9-6. Kontinuasjonseksamen («konteeksamen») – ny eksamen

(1) Det blir som hovudregel arrangert ein kontinuasjonseksamen påfølgjande semester for studentar som
  • har gyldig fråvær, eller
  • har resultat F eller ikkje bestått, eller
  • trekkjer seg under ordinær eksamen.
(2) Ein student som har rett til kontinuasjonseksamen etter første ledd, må sjølv melde seg opp til eksamen innan fristen.
(3) Det som blir rekna som gyldig fråvær, er eigen sjukdom eller alvorleg sjukdom, dødsfall eller ulykke i nærmaste familie eller andre særlege grunnar. Studenten skal levere skriftleg dokumentasjon på gyldig fråvær snarast og utan ugrunna opphald etter at eksamen skulle ha vore gjennomført.
(4) Når det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar etter første ledd, kan også andre studentar søke om kontinuasjonseksamen innan fristen.
(5) Kontinuasjonseksamen blir gjennomført etter same emneplan som ved siste ordinære eksamen. Det er studenten sjølv sitt ansvar å kontrollere kva emneplan og pensum eller litteratur som gjeld.
(6) Når eit emne eller studieprogram blir teke ut av undervisningstilbodet, pliktar høgskulen å arrangere kontinuasjonseksamen i påfølgjande semester. Dersom det framleis er studentar som har resultatet F eller ikkje bestått, eller som har gyldig fråvær i eit emne som er utgått, blir det arrangert ny eksamen ein siste gong i påfølgjande semester.
(7) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for eksamenskandidatar og gjennomføring av eksamen.

§ 9-7. Eksamensforsøk for master- og bacheloroppgåver

(1) Dersom ei bachelor- eller masteroppgåve er vurdert til karakteren F eller ikkje bestått, kan studenten levere ny eller omarbeidd oppgåve éin – 1 – gong til sensur i løpet av dei to påfølgjande semestera.
(2) Det er ikkje høve til å få vurdert ny eller omarbeidd bachelor- eller masteroppgåve innanfor same studieprogram dersom studenten tidlegare har fått vurdert oppgåva til bestått resultat.
(3) Dersom studenten ikkje leverer bachelor- eller masteroppgåva innan fristen eller ein utsett frist (ikkje møtt), kan studenten levere oppgåva éin – 1 – gong til sensur i løpet av påfølgjande semester. Dersom sensurvedtaket i påfølgjande semester er karakteren F eller ikkje bestått, blir det ikkje gitt eit nytt forsøk i samsvar med første ledd.
(4) I særskilde høve kan ein student som har fått vurdert bachelor- eller masteroppgåve med bestått resultat, etter søknad få høve til å skrive ei ny oppgåve éin gong. I vurderinga skal det leggjast vekt på studieprogresjonen og dei faglege prestasjonane til studenten. Studenten har ikkje krav på ny rettleiing.
(5) Dersom studenten har fått bachelor- eller masteroppgåva si annullert på grunn av fusk, kan ikkje studenten levere ei omarbeidd oppgåve. Det blir då stilt krav om at studenten leverer ei ny oppgåve.
(6) Ved gruppeoppgåver er det ikkje anledning til å levere ein forbetra versjon individuelt.
(7) Studenten har ikkje krav på ny rettleiing ved forbetring av oppgåver som nemnt i 1. til 5. ledd.
(8) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for eksamenskandidatar og gjennomføring av eksamen.

§ 9-8. Tid og stad for eksamen

(1) Studenten er sjølv ansvarleg for å halde seg orientert om tid og stad for eksamen.
(2) Ordinær eksamen blir normalt arrangert innanfor ein fastsett eksamensperiode ved slutten av kvart semester.
(3) Kontinuasjonseksamen blir arrangert i det påfølgjande semesteret.
(4) Eksamensstaden er Høgskulen i Volda, inkludert høgskulen sitt datanettverk og eksamensverktøy.

§ 9-9. Hjelpemiddel og kjeldebruk

(1) Lovlege hjelpemiddel skal gå tydeleg fram av emneplanen eller eksamensoppgåva.
(2) Når eksamensforma er skuleeksamen, er det ulovleg å bruke elektronisk utstyr som kan opprette samband eller på anna vis kommunisere i og utanfor eksamenslokalet.
(3) Studenten pliktar å setje seg godt inn i lovlege hjelpemiddel til den enkelte eksamenen.
(4) Studenten har sjølv ansvar for å ta med lovlege hjelpemiddel til eksamen og dessutan gjere seg kjend med korleis hjelpemidla verkar. Studenten pliktar å gjere alle hjelpemiddel tilgjengelege for kontroll.
(5) Bruk eller innehaving av ulovlege hjelpemiddel i samband med eksamen blir rekna som fusk eller forsøk på fusk, jf. § 10-5.
(6) For arbeidskrav og andre vilkår studenten må oppfylle for å gå opp til eksamen etter denne forskrift § 7-7, gjeld 1. til 5. ledd tilsvarande.
(7) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for kjelde- og litteraturbruk.

§ 9-10. Eksamensspråk

(1) Eksamensspråket ved Høgskulen i Volda er norsk, med mindre anna er fastsett i studie- eller emneplanen.
(2) Alle eksamensoppgåver i norskspråklege emne skal liggje føre på både nynorsk og bokmål, med unntak for eksamenar der nynorsk- eller bokmålskompetansen skal prøvast.
(3) Når eksamensspråket er norsk, kan ein student velje å skrive eksamenssvaret på svensk eller dansk, jf. språklova § 8.

§ 9-11. Privatisteksamen

(2) Tilgang til eksamen kan nektast dersom privatisten ikkje oppfyller krava som er fastsette i uhl. § 11-4 første ledd, krav om obligatoriske aktivitetar, jf. denne forskrift § 7-6, eller krav om bestått eksamen eller godkjend praksis.
(3) Det kan fastsetjast ein nærmare frist for å søke om privatisteksamen. Ein slik frist skal gå fram av retningslinjene for privatisteksamen.
(4) Privatisten sine rettar ved høgskulen er avgrensa til deltaking i offentlege forelesingar og tilgang til eksamen i samsvar med uhl. og med reglane om eksamen i inneverande forskrift.
(5) Privatistar må betale semesteravgift, jf. uhl. § 11-4, og eksamensavgift innan den fastsette fristen. Begge avgiftene må vere betalte for at ein skal få tilgang til eksamen. Eksamensavgifta skal fastsetjast i retningslinjene for privatisteksamen og dekkje høgskulen sine meirkostnader ved å leggje til rette for eksamen.
(6) Betalt semesteravgift og eksamensavgift blir ikkje refundert dersom privatisten trekkjer seg frå eksamen.
(7) Studentar som er utestengde, jf. uhl. kapittel 12, har ikkje tilgang til å ta eksamen som privatist.
(8) Avgrensinga i antalet forsøk på eksamen ved nytt opptak i denne forskrift § 4-1 (4) gjeld også for privatistar.

§ 9-12. Digital eksamen

(1) Eksamen ved høgskulen blir som hovudregel halde ved bruk av digital eksamensplattform. Studenten er sjølv ansvarleg for å setje seg inn i korleis denne verkar og skal brukast. Tilsvarande er studenten ansvarleg for å setje seg inn i andre digitale verktøy som blir nytta ved gjennomføring av ein eksamen.
(2) Ved skriftleg eksamen blir studenten pålagd å ta med nødvendig utstyr, medrekna berbar datamaskin som er kompatibel med den digitale eksamensplattforma.
(3) Studenten er sjølv ansvarleg for at PC eller anna digitalt utstyr er klargjort før eksamensstart.

Kapittel 10. Sensur og klage på sensur

§ 10-1. Grunnlag for sensur

(1) Ein student som har vore oppe til eksamen, kan ikkje unndra seg sensur etter at eksamenssvaret er levert.
(2) Ved eksamen med tilsyn kan eksamenssvar som er leverte, ikkje leverast ut igjen, endrast eller supplerast.
(3) Ved eksamen utan tilsyn kan ein student erstatte eit eksamenssvar som allereie er levert, med eit nytt eksamenssvar fram til den fastsette innleveringsfristen.
(4) Eksamensresultat blir normalt kunngjorde på Studentweb så snart eit godkjent sensurvedtak ligg føre.

§ 10-2. Vurderingsuttrykk

Vurderingsuttrykket for ein eksamen er enten bestått eller ikkje bestått eller ein gradert karakterskala med fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått, jf. uhl. § 11-7 første ledd.

§ 10-3. Sensur

(1) Studenten sine kunnskapar og ferdigheiter skal prøvast og vurderast på ein upartisk og fagleg tryggjande måte. Sensur skal gjennomførast anonymt så langt dette er praktisk mogleg.
(2) Avdelingane ved høgskulen oppnemner og godkjenner sensorar.
(3) Det skal enten vere ekstern sensor ved sensur av den enkelte eksamenen eller ekstern evaluering av eksamens- og sensurordninga, jf. uhl. § 11-6 første ledd.
(5) Det skal vere to sensorar ved sensur av bacheloroppgåver eller liknande sjølvstendig arbeid på lågare grad, eksamenar som ikkje er etterprøvbare, og eksamenar som aleine utgjer 15 studiepoeng eller meir, jf. uhl. § 11-7 andre ledd.
(6) Ein ekstern sensor kan ikkje vere tilsett i ei hovudstilling eller bistilling ved høgskulen eller ha vore tilsett i slike stillingar det føregåande studieåret. Ein ekstern sensor kan heller ikkje ha hatt engasjement som timelærar i det aktuelle emnet for eksamenskullet i same studieår som vurderinga blir gjort. Gjesteforelesingar i avgrensa omfang vil ikkje vere til hinder for å kunne vere ekstern sensor.
(7) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for eksamen, sensurarbeid og sensorrettleiing.

§ 10-4. Sensurfrist

(2) Sensur på masteroppgåver skal liggje føre innan seks – 6 – veker frå innleveringstidspunktet.
(4) Sensur blir kunngjort via Studentweb. Studentane er sjølv ansvarlege for å gjere seg kjende med sensurvedtaket.

§ 10-5. Fusk på eksamen og med obligatoriske aktivitetar

(1) Fusk, forsøk på fusk eller medverknad til fusk ligg føre når ein student handlar i strid med denne forskrift § 10-5, eller i strid med reglane for gjennomføring av eksamen eller obligatorisk aktivitet, på ein slik måte at handlinga kan vere eigna til å gi ein urettmessig fordel for studenten sjølv eller for andre.
(2) Følgjande blir rekna som fusk:
  1. Studenten har ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen.
  2. Studenten bruker lovlege hjelpemiddel på ein uriktig måte.
  3. Studenten presenterer andre sitt arbeid som sitt eige utan tilstrekkeleg kjeldetilvising eller markering av sitat.
  4. Studenten leverer eit arbeid av praktisk eller kunstnarisk art som er laga av andre enn dei sjølve.
  5. Studenten leverer eit eksamensarbeid eller ei eksamensoppgåve som er utarbeidd av andre personar eller funksjonar som sitt eige arbeid.
  6. Studenten har fiktive kjelder, informantar eller data (fabrikkering eller forfalsking av data).
  7. Studenten bruker sitt eige arbeid som tidlegare har gitt utteljing (bestått eksamen eller godkjent arbeidskrav), utan tilstrekkeleg kjeldetilvising til sitt eige arbeid. Gjenbruk av eigne tidlegare arbeid som har gitt utteljing, kan tillatast dersom dette følgjer av emneplanen eller eksamensoppgåva.
  8. Studenten har skaffa seg tilgang til eksamensoppgåva før eksamenen startar.
  9. Studenten skaffar seg tilgang til eksamen ved å fuske med ein obligatorisk aktivitet eller ved å få godkjenning for deltaking i ein obligatorisk aktivitet på uriktig grunnlag.
  10. Studentane utformar eit eksamensarbeid eller ei eksamensoppgåve til individuell eksamen i fellesskap eller deltar på ein annan måte i eit ulovleg samarbeid under eksamen.
(3) Ein student kan mistenkast for fusk frå det tidspunkt ein eksamen eller obligatorisk aktivitet har starta. Ein eksamen eller obligatorisk aktivitet blir som hovudregel rekna som starta når oppgåveteksten er utlevert eller problemformuleringa er godkjend. Dersom det blei gjennomført kontroll av lovlege hjelpemiddel før oppgåveteksten er utlevert, blir eksamenen rekna som starta frå det tidspunktet studenten har levert inn hjelpemidla sine for kontroll.
(4) Ved gruppeeksamen eller gruppeoppgåver har heile gruppa ansvar for å sørgje for at innleveringa er komplett. Om innleveringa ikkje er i tråd med kjeldereglar og retningslinjer for eksamen, kan alle gruppedeltakarane bli mistenkte for fusk.
(5) Når det under eksamen med tilsyn oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk, skal studenten straks gjerast merksam på mistanken og på at saka vil bli undersøkt nærmare. Tilsvarande gjeld også ein student som yter hjelp til éin eller fleire medstudentar. Studenten eller studentane kan velje å halde fram eller avbryte eksamenen.
(6) Det er fastsett eigne retningslinjer om fusk og sakshandsaminga i saker som gjeld fusk og forsøk på fusk.

Kapittel 11. Klagehandsaming

§ 11-1. Nemnd for studentsaker

(1) Høgskulen i Volda har oppretta ei eiga nemnd for studentsaker i samsvar med uhl. § 14-1.
(2) Nemnda er klageinstans for klager på enkeltvedtak som er vedtekne av høgskulen, bortsett frå der det er fastsett i eller med heimel i universitets- og høyskoleloven at det skal vere ein anna klageinstans, jf. uhl. § 14-2.

§ 11-2. Klagehandsaming

(2) Fristen for å fremje ei skriftleg klage er tre – 3 – veker.
(3) Høgskulen har ei sjølvstendig plikt til å gjere saksutgreiing. Høgskulen skal også gi klagaren nødvendig rettleiing slik at klagaren skal kunne vareta sine eigne interesser. Nemnda for studentsaker skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg før det blir fatta eit vedtak.
(4) Klagaren har rett til innsyn i faktiske opplysingar med meir i si sak, og klagaren har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka, med unntak av interne dokument eller andre særlege dokument, som nemnt i forvaltningsloven §§ 18 og 19.

Kapittel 12. Vitnemål og karakterutskrift

§ 12-1. Vitnemål

(1) Høgskulen i Volda utferdar digitalt vitnemål og utferdar vitnemålstillegg på engelsk (Diploma Supplement) etter avslutta grad, yrkesutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) eller anna studieprogram på minimum 120 studiepoeng.
(2) Når ein student fullfører studiet og blir kvalifisert for ein grad, utferdar Høgskulen i Volda normalt eit digitalt vitnemål. Oppnådd grad med resultat er tilgjengeleg via Vitnemålsportalen.
(3) Har studenten klaga på karakterfastsetjinga, jf. uhl. § 11-10, eller på formelle feil ved eksamen, jf. uhl. § 11-9, må studenten vente på resultatet av klagebehandlinga før vitnemålet blir produsert. Har studenten allereie fått produsert eit vitnemål som omfattar den aktuelle eksamenen, vil vitnemålet bli sett som ugyldig fram til klagesaka er ferdig handsama.
(4) For utdanningar der skikkavurdering inngår, kan vitnemål haldast tilbake fram til studenten er vurdert som skikka for yrket.
(5) I følgjande tilfelle kan vitnemål utferdast på papir:
  1. dersom studenten manglar norsk fødselsnummer eller D-nummer
  2. dersom studenten har fått digitalt vitnemål, men har behov for å vise fram eit vitnemål på papir til ein utdanningsinstitusjon eller arbeidsgivar i utlandet.
(6) I særskilde tilfelle kan studenten få produsert eit duplikat ved å søke om dette. Søknaden må vere dokumentert. Det blir normalt kravd ei avgift for å produsere eit duplikat.
(7) For gradar som blir gitt i samarbeid med andre norske eller utanlandske institusjonar (fellesgradar), må minst 30 studiepoeng vere avlagde ved Høgskulen i Volda. Det skal gå fram av vitnemålet at utdanninga er gitt i samarbeid med andre institusjonar.
(8) For studentar som har fått godkjent eksamenar i tråd med reglane i denne forskrifta og uhl. kapittel 9, må krava om tilknyting og nye studiepoeng, jf. denne forskrift kapittel 2, vere oppfylte for at ein student skal få produsert eit vitnemål.
(9) Dersom ein student har fått eit vitnemål eller ei karakterutskrift som etter klagehandsaming ikkje lenger er gyldig, skal studenten snarast råd levere inn att vitnemålet eller karakterutskrifta.
(10) Ved forbetring av resultat i emne etter at vitnemålet er utskrive, kan ein be om karakterutskrift.

§ 12-2. Karakterutskrift

(1) Studenten kan fortløpande og ved fullførte studium hente ut karakterutskrift på Studentweb eller via Vitnemålsportalen.
(2) Karakterutskrifta skal vise karakterane for alle emne der kandidaten har bestått eksamen. Resultat frå deleksamenar går normalt ikkje fram av karakterutskrifta.

Kapittel 13. Diverse

§ 13-1. Utfyllande retningslinjer

Innanfor rammene av denne forskrifta kan direktør fastleggje utfyllande retningslinjer.

Refereres av

1 dokument(er) refererer hit.