Forskrift om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta
§ 1. Føremål
Føremålet med denne forskrifta er å gje ei uttømande framstilling av betaling pasienten kan verta kravd for i poliklinikkar omfatta av § 2.
§ 2. Verkeområde
Denne forskrifta gjeld når verksemder yter poliklinisk helsehjelp finansiert av staten.Forskrifta gjeld òg poliklinisk helsehjelp som vert ytt av personell frå verksemda, men utanfor dei fysiske lokala i verksemda.Forskrifta gjeld ikkje for privatpraktiserande lege- og psykologspesialistar som har driftsavtale med regionalt helseføretak, private radiologiske verksemder eller medisinske laboratorium.
§ 3. Definisjonar
I denne forskrifta meiner ein med:
ålmennfarlege smittsame sjukdomar; sjukdomar som er rekna opp i forskrifta 1. januar 1995 nr. 100 om allmennfarlige smittsomme sykdommer
godkjend eigendel: beløpet pasienten betalar for poliklinisk helsehjelp, og som går inn i grunnlaget for frikort etter forskrift 18. desember 2020 nr. 2990 om egenandelstak § 1 fyrste leden bokstav b og f, jamfør § 2 nr. 2 og 3.
pasientbetaling: betaling frå pasienten som nemnd i § 7, § 8 og § 9, og som ikkje går inn i grunnlaget for frikort etter forskrift 18. desember 2020 nr. 2990 om egenandelstak § 1 fyrste leden bokstav b og f, jamfør § 2 nr. 2 og 3.
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP): eining i spesialisthelsetenesta innanfor psykisk helsevern som yt poliklinisk helsehjelp til barn og ungdom.
Psykiatrisk ungdomsteam (PUT): eining som yt poliklinisk helsehjelp ved rusavhengnad.
Overgrepsmottak: spesialisthelseteneste som særskilt yt tilbod til personar som har vorte utsett for seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar.
Statens barnehus: statleg tilbod til barn og ungdom, og voksne som er særskilt sårbare, når det er mistanke om at dei kan ha vore utsette for, eller vore vitne til, vald eller seksuelle overgrep.
Det kan berre krevjast betaling frå pasient som er blitt vist til spesialisthelsetenesta av personell som nemnd i § 2 i forskrift 19. desember 2007 nr. 1761.Som betaling for poliklinisk helsehjelp som vert ytt av legar, psykologar, tannlegar, sjukepleiarar, jordmødrer, fysioterapeutar, ergoterapeutar, kliniske ernæringsfysiologar, audiografar, ortoptistar, optikarar, stråleterapeutar, sosionomar, vernepleiarar, pedagogar, barnevernspedagogar, logopedar, kliniske farmasøytar og helsefagarbeidarar kan pasienten krevjast for 443 kroner. Pasienten kan også krevjast for 443 kroner når personell på poliklinikk kartlegg genetiske eigenskapar og gjev genetisk rettleiing etter krava i bioteknologiloven. Ved psykiatrisk poliklinikk og ruspoliklinikk omfattar dette også poliklinisk helsehjelp ytt av personell med anna relevant høgskule- og universitetsutdanning.Ein kan kreve 387 kroner i betaling frå pasienten for radiologisk undersøking, ultralydundersøking ved spesialavdeling, samt ved nukleærmedisinsk billedundersøking.Pasient som får poliklinisk helsehjelp for same tilstanden frå ulike behandlingsstadar på same dagen, kan ikkje krevjast for meir enn éin av kvar eigendel etter andre og tredje leden.Ved grupperetta pasientopplæring, poliklinisk rehabilitering og behandlingstiltak i gruppe over fleire dagar kan eigendel etter andre og tredje leden krevjast berre éin gong for heile tiltaket.Det kan krevjast betaling frå pasient for poliklinisk helsehjelp som vert ytt av personell som nemnd i andre leden når helsehjelpa vert ytt ved avstandskonsultasjon ved telefon eller video. Pasienten skal ikkje betale eigendel for nettbasert behandlingsprogram.Endra ved forskrifter 1 feb 2018 nr. 156, 26 juni 2018 nr. 1076 (i kraft 1 juli 2018), 23 des 2019 nr. 2142 (i kraft 1 jan 2020), 29 juni 2020 nr. 1449 (i kraft 3 juli 2020), 22 des 2020 nr. 3093 (i kraft 1 jan 2021), 30 juni 2023 nr. 1172 (i kraft 1 juli 2023), 9 april 2024 nr. 584 (i kraft 15 april 2024), 26 juni 2024 nr. 1353 (i kraft 1 juli 2024), 5 juli 2024 nr. 1581 (i kraft 8 juli 2024), 15 des 2025 nr. 2589 (i kraft 1 jan 2026).
§ 5. Når pasienten likevel ikkje skal betale godkjend eigendel
Godkjend eigendel som nemnd i § 4 vert i fylgjande høve dekt av staten:
ved kontrollundersøkingar under svangerskap, fødsel, behandling for sjukdom i samband med svangerskap og fødsel, svangerskapsavbrot, og éi undersøking etter fødsel eller svangerskapsavbrot.
ved behandling for skade og sjukdom som går inn under kapittel 13, jf. § 5-25 i folketrygdlova og under lov om krigspensjonering for militærpersoner og lov om krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner. Helsehjelpa kan ikkje gjevast av militært helsepersonell.
ved behandling av personar som er innsette i anstaltane til kriminalomsorga dersom helsehjelpa vert gjeven av anna personell enn det som er knytt til helsetenester til innsette.
ved behandling der tilstanden til pasienten er til hinder for å krevje eigendelen, til dømes ved alvorlege sinnslidingar, behandling etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A, større akutt skade, medvitsløyse og dødsfall.
ved behandling av born under 16 år.
ved poliklinisk helsehjelp til pasientar innanfor psykisk helsevern og tverrfaglig spesialisert behandling for rusmiddelavhengighet (TSB) til og med det kalenderår dei fyller 26 år og poliklinisk helsehjelp av rusavhengnad i PUT til pasientar under 30 år.
ved oppsøkjande behandling av rusmiddelavhengige.
ved undersøking, behandling og kontroll av ålmennfarlege smittsame sjukdomar etter smittevernlova § 3-5, § 3-6 og § 5-1 og elles når det er behov for undersøking, behandling eller kontroll for ålmennfarlege smittsame sjukdomar, dersom pasienten har grunn til å tru seg smitta eller helsepersonellet får mistanke om at det foreligger ein ålmennfarleg smittsam sjukdom.
ved undersøking av personar som søkjer akutt hjelp ved overgrepsmottak.
ved undersøking på Statens barnehus.
ved rettleiing om, innsetting eller fjerning av langtidsverkande prevensjon til kvinner i fertil alder som får behandling i Legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
ved poliklinisk helsehjelp til pasientar som får behandling i Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), når helsehjelpen gis i forbindelse med gjennomføring av LAR.
ved to oppfølgingssamtaler etter abort.
Ved behandling som nemnd i bokstav h skal helsepersonellet grunngje i pasienten sin journal at eitt eller fleire av vilkåra for dekkjing av eigendel er oppfylt. Staten dekkjer eigendel for helsehjelp etter bokstav h for pasientar som oppheld seg i riket sjølv om pasienten ikkje er medlem av folketrygda.Endra ved forskrifter 19 des 2018 nr. 2166 (i kraft 1 jan 2019), 29 juni 2020 nr. 1449 (i kraft 3 juli 2020), 30 juni 2023 nr. 1182 (i kraft 1 juli 2023), 19 des 2024 nr. 3291 (i kraft 1 jan 2025), 17 jan 2025 nr. 46, 2 sep 2025 nr. 1769.
§ 6. Betalingsfritak ved forseinking
Om den polikliniske behandlinga vert forseinka med meir enn éin time etter avtala tid, og pasienten ikkje har fått melding om dette føre oppmøtet, skal ikkje pasienten betale godkjend eigendel etter § 4.
§ 8. Pasientbetaling for bandasjemateriell og bedøvingsmiddel
Ved behandling i poliklinikk innan somatikk kan pasienten verta kravd for 75 kroner som betaling for bandasjemateriell og/eller bedøvingsmiddel, men berre i lag med godkjent eigendel etter § 4 andre ledd. Betalinga kan berre verta kravd ein gong pr. konsultasjon. Det skal ikkje krevjast betaling frå born under 16 år.I høve godkjend yrkesskade etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapittel 13, og godkjend krigsskade etter lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersonell og lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner, vert kostnader etter fyrste leden dekte av staten.Endra ved forskrifter 14 nov 2018 nr. 1704, 1 mars 2019 nr. 168 (i kraft 1 juli 2019), 22 des 2020 nr. 3093 (i kraft 1 jan 2021), 9 april 2025 nr. 652 (i kraft 1 juli 2025).
§ 9. Pasientbetaling for særskilt helsehjelp
Som betaling for særskilt poliklinisk helsehjelp som nemnd i denne føresegna, kan pasienten verta kravd for:
sterilisering av kvinner utan medisinsk indikasjon: 6 079 kroner;
sterilisering av kvinner med medisinsk indikasjon: 75 kroner;
sterilisering av menn: 1 268 kroner;
assistert befruktning i form av inseminasjonsbehandling: 1 500 kroner;
assistert befruktning utenfor kroppen (IVF- og ICSI-behandling), for kvar einskild av totalt tre forsøk: 1 500 kroner;
fyrste kirurgiske innsetjing av implantat, om marginal periodontitt er hovudgrunnen for tanntapet: 6 500 kroner;
kvar påfylgjande kirurgiske innsetjing av implantat, om marginal periodontitt er hovedgrunnen for tanntapet: 2 550 kroner;
Non-invasiv prenatal test (NIPT) for trisomi 13, 18 og 21 for kvinner under 35 år ved termin uten andre indikasjoner for fosterdiagnostikk: 6 000 kroner.
§ 10. Storleiken på krav om betaling frå pasientar
Departementet fastset storleiken av godkjend eigendel, gebyr når pasienten ikkje møter og pasientbetaling.
§ 11. Plikt for spesialisthelsetenesta til å rapportere krav om betaling
Verksemd som har kravd betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta skal rapportere data til det organ Helsedirektoratet bestemmer slik dette til kvar tid er presisert av Helsedirektoratet.
§ 12. Ikraftsetjing
Forskrifta tek til å gjelde 1. januar 2017.
§ 13. Endringar i andre forskrifter
Frå tida forskrifta tek til å gjelde blir det gjort fylgjande endringar i andre forskrifter:1. I forskrift 18. april 1997 nr. 334 om egenandelstak 1 vert fylgjande endringar gjorde:---2. I forskrift 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal skal § 12 lyde:---3. I forskrift 27. juni 2016 nr. 819 om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege vert følgjande endring gjorde:---4. I forskrift 19. desember 2007 nr. 1761 om godtgjørelse av utgifter til helsehjelp som utføres poliklinisk ved statlige helseinstitusjoner og ved helseinstitusjoner som mottar driftstilskudd fra regionale helseforetak vert følgjande endringar gjorde:---