Forskrift om kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida (bevaringsforskrifta)
Kapittel 1. Innleiande reglar
§ 1. Kva forskrifta gjeld, og verkeområdet til dei ulike reglane
Forskrifta gjeld dokumentasjon frå organ som er omfatta av arkivlova, og fastset kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida. Forskrifta pålegg ikkje organa å skape dokumentasjon.Dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida, skal avleverast eller overførast til langtidsbevaring i tråd med arkivlova § 14. Dokumentasjon kan kasserast berre dersom anna lov gir heimel til å kassere han, eller dersom Nasjonalarkivet har gitt løyve til å kassere han, jf. arkivlova § 13.Reglane om kva som skal takast vare på for ettertida av dokumentasjon frå kommunar, fylkeskommunar og staten gjeld òg for dokumentasjon som er blitt til i eit system for felles oppgåveløysing, og som organa skal inngå avtale om etter arkivforskrifta § 8.Reglane om kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida når staten, fylkeskommunen eller kommunen gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift, gjeld òg for dokumentasjon frå private rettssubjekt i saker der dei gjer tilsvarande enkeltvedtak eller utferdar tilsvarande forskrift, jf. arkivlova § 3 første ledd bokstav b.
§ 2. Definisjonar
Definisjonane i arkivlova § 2 gjeld tilsvarande i denne forskrifta.
§ 3. Dokumentasjon som gjeld nye oppgåver
All dokumentasjon som gjeld nye oppgåver og som blir til som ledd i løysinga av desse oppgåvene, skal takast vare på inntil Nasjonalarkivet har fastsett reglar i denne forskrifta eller fastslått etter § 18 om dokumentasjonen frå desse oppgåvene skal takast vare på for ettertida eller ikkje. Det same gjeld dokumentasjon knytt til oppgåver som av andre årsaker ikkje er nemnde i forskrifta her.
Kapittel 2. Dokumentasjon frå statlege organ
§ 4. Dokumentasjon frå 1950 eller tidlegare
Om ikkje Nasjonalarkivet har bestemt noko anna, skal dokumentasjon frå 1950 eller tidlegare takast vare på for ettertida. Dokumentasjonen skal takast vare på i det originale formatet, jf. arkivforskrifta § 19.
§ 5. Journalar og innsynskrav
Følgjande dokumentasjon som gjeld journalar og innsynskrav skal takast vare på for ettertida:
journalar, medrekna journaldatabasar og journalregister
dokumentasjon om innsynskrav som har ført til omfattande drøfting, særskilt grunngjeving eller klage.
§ 6. Organisering og organisasjonsutvikling
Følgjande dokumentasjon om organisering og organisasjonsutvikling skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon om den interne organiseringa
dokumentasjon om interne organisatoriske arbeidsprosessar dersom dei medfører endringar i organisasjonsstrukturen
organisasjonskart og planar
utgreiing om og evaluering av den interne organiseringa
instruksar og retningsliner som gjeld fordeling av myndigheit, oppgåver og ansvar
utgreiing om og evaluering av leiings- og styringsstrukturen
dokumentasjon som gjeld oppnemning av organ for samarbeid mellom arbeidsgivar og arbeidstakarorganisasjonar, og dokumentasjon som gjeld avtaler, forhandlingar og drøftingar
dokumentasjon som gjeld organisering av og deltaking i internasjonalt samarbeid om eigenforvaltning.
Dersom eit organ har oppretta interne utval eller prosjekt som skapar dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida etter reglane i dette kapittelet, skal dokumentasjon som gjeld organiseringa av utvalet eller prosjektet, òg takast vare på for ettertida.Dersom eit organ samarbeider med andre organ og skapar dokumentasjon som skal takast var på for ettertida etter reglane i dette kapittelet, skal dokumentasjonen som gjeld organiseringa av samarbeidet òg takast var på for ettertida.
§ 7. Verksemds- og økonomistyring
Følgjande dokumentasjon om verksemds- og økonomistyring skal takast vare på for ettertida:
innspel til statsbudsjettet og dokumentasjon om endringar i løyving i statsbudsjettet
dokumentasjon som gjeld det overordna departementet si styring av underliggjande organ, medrekna instruksar, styringsdialog, strategiske og årlege planar, tildelingsbrev, rapportar, etatsstyringsmøter og evaluering av verksemda
interne instruksar og retningsliner
strategiske planar og andre strategiske styringsdokument
internbudsjett og dokumentasjon som gjeld årleg planlegging av verksemda, interne styringsbrev og andre årlege styringsdokument
dokumentasjon som gjeld årleg planlegging for administrative einingar i eit organ og innspel til budsjettfordeling frå administrative einingar i organet
dokumentasjon som gjeld årleg rapportering om verksemda, medrekna årsrapport med årsrekneskap, liste over saldo og interne årsrapportar
dokumentasjon som gjeld internrevisjon, ekstern revisjon og evaluering av verksemd- og økonomistyring
dokumentasjon som gjeld etablering og eigarstyring av selskap og stiftingar.
§ 8. Personalforvaltning
Følgjande dokumentasjon om personalforvaltning skal takast vare på for ettertida:
personalplanar og strategiske styringsdokument
dokumentasjon som gjeld lokal personalpolitikk
lokale avtaler mellom arbeidsgivarar og arbeidstakarorganisasjonar
dokumentasjon som gjeld interne reglement og retningsliner
kunngjering av stillingar, offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste
dokumentasjon som gjeld innstillings- og tilsetjingsmakta si sakshandsaming av tilsetjingssaker i eit organ
dokumentasjon som gjeld sakshandsaminga i overordna organ når det er dissens mellom medlemmene i tilsetjingsmakta eller usemje mellom innstillingsmakta og tilsetjingsmakta
interne reglement og retningsliner for personalforvaltning
evaluering av personalforvaltninga
dokumentasjon om lønnsforhandlingar som inneheld føringar frå overordna departement, tilrådingar frå arbeidsgivar, forhandlingar og drøftingar og skilsdommar
dokumentasjon som gjeld lokale ordningar for arbeidstid.
§ 9. Enkeltpersonar i personalforvaltninga
Følgjande dokumentasjon om enkeltpersonar i personalforvaltninga skal takast vare på for ettertida:
stillingssøknaden frå den som blir tilsett, brev om tilsetjing og arbeidsavtale
dokumentasjon om endringar av stillingsprosent, løn, godtgjeringar og permisjonar som har noko å seie for pensjonstilhøva til den tilsette
dokumentasjon som gjeld kompetanseutvikling, bortsett frå dokumentasjon som gjeld opplæring av nytilsette og kompetansehevande tiltak innanfor eigenforvaltninga til organet
dokumentasjon som gjeld oppfølging av arbeidsulykker, yrkesskadar og yrkessjukdommar
dokumentasjon som gjeld ordensstraff
dokumentasjon som gjeld omplassering, tenestepåbod og fortrinnsrett dersom saka fører til rettsleg prøving
dokumentasjon som gjeld avslutning av arbeidstilhøve.
§ 10. Helse, miljø og tryggleik
Om helse, miljø og tryggleik skal følgjande dokumentasjon takast vare på for ettertida:
interne instruksar og retningsliner for det systematiske arbeidet med helse, miljø og tryggleik
årlege rapportar og dokumentasjon som gjeld systematisk gjennomgang og evalueringar av arbeidet med helse, miljø og tryggleik
dokumentasjon som gjeld undersøkingar og evalueringar av arbeidsmiljøet
dokumentasjon som gjeld tilsyn
dokumentasjon som gjeld oppfølging av arbeidsulykker, yrkesskadar og yrkessjukdommar
dokumentasjon som gjeld konflikthandtering, med framstilling av korleis partane ser på saka og korleis arbeidsgivaren har følgt opp saka
dokumentasjon som gjeld varsling av kritikkverdige tilhøve.
§ 11. Intern tryggleik og beredskap
Følgjande dokumentasjon om intern tryggleik og beredskap skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld strategi og styring
interne instruksar og retningsliner
dokumentasjon som gjeld organisering av arbeid på området
dokumentasjon som gjeld leiinga si gjennomgang og evaluering av det førebyggjande arbeidet med tryggleik og beredskap
risiko- og sårbarheitsanalysar som har danna grunnlaget for strategi og retningsliner og leiinga sine avgjerder
rapportar til leiinga i verksemda og til det overordna departementet
beredskapsplanar og dokumentasjon som gjeld beredskapsplanlegging.
§ 12. Bygg- og eigedomsforvaltning
Følgjande dokumentasjon om bygg- og eigendomsforvaltning skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld strategi og styring
interne instruksar og retningsliner
utgreiingar og evalueringar av eigedomsforvaltninga, medrekna dokumentasjon som gjeld bygging, drift og forvaltning av eigedom
dokumentasjon som gjeld erverv og avhending av eigedom
dokumentasjon som gjeld planlegging og gjennomføring av byggeprosjekt, bortsett frå tilbod som ikkje er vedtekne, dokumentasjon om drift og vedlikehald og utkast til teknisk dokumentasjon og arbeidsteikningar
dokumentasjon som gjeld forvaltning, ombygging og renovering av statens kulturhistoriske eigedommar.
§ 13. Anskaffingar
Følgjande dokumentasjon om anskaffingar skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld strategiar og retningsliner for anskaffingar
dokumentasjon som gjeld interne instruksar og retningsliner for innkjøp og oppfølging av kontraktar
dokumentasjon som gjeld evaluering av anskaffingar.
§ 14. Arkiv og dokumentasjonsforvaltning
Følgjande dokumentasjon om arkiv og dokumentasjonsforvaltning skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjonsplanar
arkivplanar frå før 2026
dokumentasjon som gjeld tap av arkiv eller ulovleg kassasjon.
§ 15. Bibliotek
Følgjande dokumentasjon om bibliotek skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld organiseringa
dokumentasjon som gjeld interne instruksar og retningsliner
dokumentasjon som gjeld evaluering.
§ 16. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)
Følgjande dokumentasjon om informasjons- og kommunikasjonsteknologi skal takast vare på for ettertida:
IKT-strategi, IKT- retningsliner og andre styringsdokument
utgreiing om og evaluering av IKT- verksemda.
§ 17. Intern kommunikasjon
Følgjande dokumentasjon om intern kommunikasjon i eit organ skal takast vare på for ettertida:
strategi og retningsliner
kommunikasjonsplanar
utgreiingar og evalueringar.
§ 18. Dokumentasjon som gjeld statlege organ sine faglege ansvarsområde
Statlege organ skal utarbeide framlegg om kva som skal takast vare på for ettertida av dokumentasjon som gjeld deira faglege ansvarsområde, og som ikkje er omfatta av §§ 4 til og med 17. Nasjonalarkivet kan påleggje organ å samordne arbeidet med framlegget. Kriteria i arkivforskrifta § 2 skal leggjast til grunn for framlegget.På grunnlag av framlegget etter første ledd avgjer Nasjonalarkivet kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida.
Kapittel 3. Dokumentasjon frå fylkeskommunane og kommunane
§ 19. Dokumentasjon frå 1950 eller tidlegare
Om ikkje Nasjonalarkivet har bestemt noko anna, skal dokumentasjon frå 1950 eller tidlegare takast vare på for ettertida. Dokumentasjonen skal takast vare på i det originale formatet, jf. arkivforskrifta § 19.
§ 20. Journalar
Journalar, medrekna journaldatabasar og journalregister, skal takast vare på for ettertida.
§ 21. Administrativ og politisk organisering
Følgjande dokumentasjon om administrativ og politisk organisering skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld administrativ organisering, organisasjonskart og skildringar av ansvarsområde og oppgåver
dokumentasjon som gjeld politiske og administrative prosessar i samband med forvaltningsreform, endringar av kommunegrenser og fylkesgrenser og etablering av ny politisk styringsform
dokumentasjon som gjeld delegering av myndigheit til administrasjonssjef og andre nivå i kommune- og fylkesadministrasjonen
dokumentasjon som gjeld oppretting av, delegering av myndigheit til og val av formannskap, fylkesutval, kommuneråd (byråd), fylkesråd og andre politiske råd, utval, komitear og interkommunale samarbeid
dokumentasjon som gjeld delegering av vedtaksmakt frå kommunestyret eller fylkestinget til andre rettssubjekt
dokumentasjon som gjeld administrativ og politisk handsaming av saker som blir lagde fram for eller handsama i formannskap, fylkesutval, kommuneråd (byråd) eller fylkesråd.
§ 22. Val og medråderett
Følgjande dokumentasjon om val og medråderett skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld retningsliner og oppgåver ved val, folkerøystingar og andre tiltak for medråderett
dokumentasjon om oppnemning av valstyre, valmanntal, organisering av førehandsrøysting og valoppgjer
dokumentasjon om folkerøystingar, innbyggjarinitiativ, folkemøte og høyringar i spørsmål som har noko å seie for innbyggjarane.
§ 23. Føretak, selskap og interkommunale samarbeidsordningar
Følgjande dokumentasjon om føretak, selskap og interkommunale samarbeidsordningar skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon om oppretting og avvikling av føretak, selskap og interkommunale samarbeidsordningar
avtaler om arkivansvar og arkivorganisering når tenester blir lagde til føretak, selskap og interkommunale samarbeidsorgan som ikkje er omfatta av arkivlova
vedtekter, samarbeidsavtaler, selskapsavtaler og andre avtaler eller vedtak som dokumenterer overføringa av oppgåver og myndigheit frå kommunen eller fylkeskommunen til føretak, selskap eller interkommunalt samarbeidsorgan
dokumentasjon som gjeld kommunens eller fylkeskommunens kontroll med og revisjon av føretak, selskap og interkommunale samarbeidsordningar
§ 24. Samfunnstryggleik og beredskap
Følgjande dokumentasjon om samfunnstryggleik og beredskap skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld dei overordna, lovpålagde oppgåvene kommunen eller fylkeskommunen har i samband med samfunnstryggleik og beredskap på ulike fagområde
beredskapsplanar og risiko- og sårbarheitsanalysar for kommunen, dokumentasjon som gjeld deltaking i regionale og nasjonale beredskapsøvingar og annan dokumentasjon som gjeld kommunen si rolle i den nasjonale beredskapen og oppgåver etter sivilbeskyttelsesloven
risiko- og sårbarheitsanalysar for utbyggingsområde og annan dokumentasjon som viser korleis fylkeskommunen og kommunen tek hand om samfunnstryggleiken i kommunal og regional planlegging
dokumentasjon som gjeld etablering og utvikling av styringssystemet for tryggleik og beredskap i kommunen og fylkeskommunen
dokumentasjon som gjeld tryggleiksrapportering internt i kommunen eller fylkeskommunen og til regionale og nasjonale tilsynsmakter.
§ 25. Kommuneadvokat og fylkesadvokat
Følgjande dokumentasjon frå kommuneadvokat eller fylkesadvokat skal takast vare på for ettertida:
register eller arkiv for presedenssaker
dokumentasjon som gjeld erstatningssaker på det offentlegrettslege området og saker om rettferdsvederlag.
§ 26. Anskaffingar
Følgjande dokumentasjon om anskaffingar skal takast vare på for ettertida:
anskaffingsstrategi
anskaffingsreglement
retningsliner og standardar
behovsanalyse
anskaffingsprotokollar
vedtekne tilbod.
§ 27. Arkiv og dokumentasjonsforvaltning
Følgjande dokumentasjon om arkiv og dokumentasjonsforvaltning skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjonsplanar
arkivplanar frå før 2026
planar for langtidsbevaring av arkiv og dokumentasjon som gjeld ordningar for langtidsbevaring
dokumentasjon som gjeld utvikling av arbeidet med langtidsbevaring
årsplanar, langtidsplanar og årsmeldingar for dei enkelte bevaringsinstitusjonane.
§ 28. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)
Følgjande dokumentasjon om informasjons- og kommunikasjonsteknologi skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld strategisk planlegging, styring og utvikling av IKT-området
IKT-strategi, IKT-retningsliner og IKT-plan
dokumentasjon som gjeld utvikling av nye IKT-løysingar.
§ 29. Kommunikasjon og informasjon
Følgjande dokumentasjon om kommunikasjon og informasjon skal takast vare på for ettertida:
kommunikasjonsstrategiar og planar og annan dokumentasjon som gjeld planlegging og styring av kommunikasjonsområdet
reglar og retningsliner for kommunikasjon internt og eksternt
eigenproduserte publikasjonar med forarbeid.
§ 30. Økonomi, verksemdsstyring, rekneskap, eigedomsskatt og innkrevjing
Følgjande dokumentasjon om økonomi, verksemdsstyring, rekneskap, eigedomsskatt og innkrevjing skal takast vare på for ettertida:
rammesak, årsbudsjett, økonomiplan, handlingsprogram, handlingsplanar, årsrapportering, tertialrapportering, årsmelding, årsevaluering og annan dokumentasjon som gjeld arbeidet med budsjett og verksemdsstyring etter kommuneloven
dokumentasjon som gjeld årsrekneskapen
dokumentasjon som gjeld kapitalforvaltning
dokumentasjon som gjeld garantiar, utlån og låneopptak
dokumentasjon som gjeld forvaltning av legat
dokumentasjon som gjeld innføring eller oppheving av eigedomsskatt og fastsetjing av satsar
dokumentasjon som gjeld utleggsforretning og lemping
eigeninitierte prosjekt og kursopplegg som skal informere og rettleie skattytarar og arbeidsgivarar.
§ 31. Helse, miljø og tryggleik
Følgjande dokumentasjon om helse, miljø og tryggleik skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld organisering av arbeidet med helse, miljø og tryggleik i kommunen eller fylkeskommunen
dokumentasjon som gjeld utarbeiding og utvikling av instruksar og retningsliner for arbeidet med helse, miljø og tryggleik, og evalueringar
dokumentasjon som viser korleis kommunen eller fylkeskommunen har handtert saker som gjeld konfliktar og varsling.
Følgjande dokumentasjon om personalforvaltninga skal takast vare på for ettertida:
strategiske planar, lokal personalpolitikk, lokale avtaler mellom arbeidsgivar og arbeidstakarar, interne instruksar, retningsliner og anna dokumentasjon som gjeld planlegging, leiing, styring og evaluering av personalfunksjonen
dokumentasjon om saker som er blitt handsama i administrasjonsutvalet
kunngjering av stillingar, utvida søkjarliste, innstilling, protokollar og møtereferat frå innstillings- og tilsetjingsmakt, klagar på tilsetjing og annan dokumentasjon som gjeld arbeidet med rekruttering og tilsetjing
opplæringsplanar, referat frå kompetanseutval og annan dokumentasjon som gjeld kompetanseutvikling og opplæring.
§ 33. Tilsette i kommunen eller fylkeskommunen
Følgjande dokumentasjon om dei tilsette i kommunen eller fylkeskommunen skal takast vare på for ettertida:
stillingssøknaden frå den som blir tilsett, brev om tilsetjing og arbeidsavtale, klage på tilsetjing
dokumentasjon om kompetanseutvikling som har noko å seie for løns- og tilsetjingstilhøva til den tilsette
dokumentasjon om løn, godtgjeringar og permisjonar som har noko å seie for pensjonstilhøva til den tilsette
dokumentasjon om oppfølging i samband med sjukemelding dersom saka er har noko å seie for dei langvarige teneste- og pensjonstilhøva til den tilsette
dokumentasjon som gjeld yrkesskadar og oppfølging etter yrkesskadar
dokumentasjon som gjeld omplassering, tenestepåbod og fortrinnsrett
dokumentasjon om reaksjon mot den tilsette knytt til utøving av tenesta dersom saka fører til rettsleg prøving eller får konsekvensar for tilsetjingstilhøvet
dokumentasjon om avslutning av arbeidstilhøve.
§ 34. Folkevalde
Følgjande dokumentasjon om folkevalde skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld satsar for godtgjering
dokumentasjon om pensjonsordningar
avtaler med folkevalde
dokumentasjon som gjeld tilhøve som er har noko å seie for pensjonsrettane til dei folkevalde
dokumentasjon som gjeld fritak eller suspensjon frå verv.
§ 35. Planlegging, byggesak og oppmåling
Følgjande dokumentasjon om planlegging, byggesak og oppmåling skal takast vare på for ettertida:
regionale og kommunale planstrategiar, regionale planar, kommuneplanar, områdeplanar og reguleringsplanar og annan dokumentasjon som gjeld kommunal og regional planlegging
byggesaker
saker som gjeld bruksendring, omregulering og dispensasjon frå tekniske krav og vedtekne planar
kommunen sine planar for tilsyn, kontroll og oppfølging av ulovlege handlingar
enkeltsaker og klagesaker som gjeld oppfølging av ulovlege handlingar
saker som gjeld grensepåvising, grensejustering, arealoverføring, deling og samanføying av grunneigedom og annan dokumentasjon som gjeld oppmålingsforretningar.
§ 36. Samarbeid og samordning av tenester knytt til opplæring og oppvekst
Dokumentasjon om samarbeid og samordning av tilbodet om tenester som gjeld opplæring og oppvekst, skal takast vare på for ettertida.
§ 37. Barnehage
Følgjande dokumentasjon om barnehagar skal takast vare på for ettertida:
planar for etablering, drift og tilsyn
retningsliner for godkjenning og etablering av barnehagar, retningsliner for tildeling av tilskot til barnehagar og retningsliner for inntak og opphald i barnehagar
saker som gjeld godkjenning av barnehagar, oppfølging av avvik som har noko å seie for godkjenninga og dispensasjon frå krav
årsplanar, årsmeldingar og dokumentasjon som gjeld avviksrapportering og kriseberedskap.
§ 38. Barn i barnehagar
Følgjande dokumentasjon om barn i barnehagar skal takast vare på for ettertida:
register over barnehagebarn
skademeldingar.
§ 39. Grunnskoleopplæring
Følgjande dokumentasjon om grunnskoleopplæring skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld innhaldet i og organiseringa av grunnskoleopplæringa i kommunen
kommunen og skolen sine retningsliner, prosedyrar, planar og evalueringar
verksemdsplanane og tilstandsrapportane til kommunen
dokumentasjon som gjeld tilsyn med heimeundervisning
oppgåvetekst til lokale eksamenar og dokumentasjon som gjeld nasjonale prøver
saker som er handsama i det øvste samarbeidsorganet til skolen
dokumentasjon som gjeld grunnskoleopplæring i barnevernsinstitusjonar, helseinstitusjonar og fengsel.
§ 40. Elevar i grunnskoleopplæringa
Følgjande dokumentasjon om elevar i grunnskoleopplæringa skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon om kva elevar som har gått på kva skolar
dokumentasjon av fråvær
undervegsvurdering inkludert halvårsvurdering med karakter
sluttvurdering med standpunktkarakter og eksamenskarakter
dokumentasjon av opplæringa når det er gitt fritak frå vurdering med karakter
saker som gjeld rettar og plikter knytt til innhaldet i og organiseringa av opplæringa
utgreiing, enkeltvedtak og individuell opplæringsplan med vurdering og annan dokumentasjon som gjeld individuelt tilrettelagd opplæring
dokumentasjon om saker som gjeld fysiske og psykososiale skolemiljøet
skademeldingar.
§ 41. Vidaregåande opplæring
Følgjande dokumentasjon om vidaregåande opplæring skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som viser opplæringstilbodet i fylkeskommunen, og korleis opplæringa er organisert
fylkeskommunen og skolen sine retningsliner og prosedyrar, planar og evalueringar, verksemdsplanar og tilstandsrapportar
dokumentasjon som gjeld godkjenning av lærebedrifter
dokumentasjon som gjeld tilsyn med heimeundervisning
dokumentasjon som gjeld kriterium for organiseringa av og innhaldet i opplæringa
dokumentasjon som gjeld lokale læreplanar og oppgåvetekstar til lokale eksamenar
saker som er handsama i det øvste samarbeidsorgan til skolen
dokumentasjon som gjeld vidaregåande opplæring i barnevernsinstitusjonar, helseinstitusjonar og fengsel.
§ 42. Elevar i vidaregåande opplæring
Følgjande dokumentasjon om elevar i vidaregåande opplæring skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon om kva elevar som har gått på kva skolar
dokumentasjon som gjeld fråvær
undervegsvurdering inkludert halvårsvurdering med karakter
sluttvurdering med standpunktkarakter og eksamenskarakter, karakter til fagprøve, sveineprøve og kompetanseprøve
dokumentasjon av opplæringa når det er gitt fritak frå vurdering med karakter
lærekontrakt og opplæringskontrakt
saker som gjeld rettar og plikter knytt til innhald og organisering av opplæringa
utgreiing, enkeltvedtak og individuell opplæringsplan med vurdering og annan dokumentasjon som gjeld individuelt tilrettelagd opplæring
dokumentasjon som gjeld saker om det fysiske og psykososiale skolemiljøet
skademeldingar.
§ 43. Skolefritidsordning
Følgjande dokumentasjon om skolefritidsordning skal takast vare på for ettertida:
vedtektene og planane til kommunen, meldingar og rapportar
dokumentasjon som gjeld lokale planar, tilbod og satsingsområde
skademeldingar.
§ 44. Kulturskolen
Følgjande dokumentasjon om kulturskolen skal takast vare på for ettertida:
planane til kommunen, meldingar og rapportar
oversikt over tilbod.
§ 45. Pedagogisk-psykologisk teneste
Følgjande dokumentasjon om pedagogisk-psykologiske teneste skal takast vare på for ettertida:
årsplanar og årsmeldingar
dokumentasjon som gjeld systemarbeid, testverktøy, metodar og malar
utgreiingar og sakkunnige vurderingar som trengst for at kommunen, fylkeskommunen eller skolen kan gjere vedtak etter opplæringslova.
§ 46. Oppfølgingstenesta for dei som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid
Følgjande dokumentasjon om oppfølgingstenesta skal takast vare på for ettertida:
årsplanar og årsmeldingar
dokumentasjon som gjeld oppfølging og status for enkeltpersonar medrekna melding om avbrot.
§ 47. Fagskolar
Følgjande dokumentasjon om fagskolar skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som viser kva slags fagskoletilbod fylkeskommunen har, og korleis fagskolane er organisert
fylkeskommunen og skolen sine retningsliner og prosedyrar, planar og evalueringar, verksemdsplanar og tilstandsrapportar
dokumentasjon som gjeld tenestetilbod, planar, rutinar, rapportar, evalueringar og samarbeid mellom einingane
kriterium for organiseringa av og innhaldet i opplæringa
lokale læreplanar og oppgåvetekst til lokale eksamenar
saker som er handsama i det øvste samarbeidsorganet til skolen
dokumentasjon som gjeld opplæring i barnevernsinstitusjonar, helseinstitusjonar og fengsel.
§ 48. Studentar på fagskolar
Følgjande dokumentasjon om studentar på fagskolar skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon om kva studentar som har gått på kva skolar
dokumentasjon som gjeld fråvær, avbrot og årsaker til avbrota
sluttvurdering med standpunktkarakter og eksamenskarakter
terminvurdering og karakterar dersom utdanninga ikkje blir fullført
dokumentasjon om tiltak som gjeld det fysiske og psykososiale skolemiljøet
saker om rettar og plikter knytt til innhald og organisering av opplæringa
dokumentasjon om saker som gjeld det fysiske og psykososiale skolemiljøet
skademeldingar
dokumentasjon som gjeld særleg tilpassing av undervisninga eller eksamenssituasjonen på grunn av sjukdom, redusert funksjonsevne eller andre tilhøve som har noko å seie for opplæringssituasjonen og vitnemålet.
§ 49. Folkehøgskolar
Følgjande dokumentasjon om folkehøgskolar skal takast vare på for ettertida:
fylkeskommunen og folkehøgskolane sine retningsliner og prosedyrar, planar og evalueringar, verksemdsplanar og tilstandsrapportar
kriterium for innhaldet i og organiseringa av opplæringa ved folkehøgskolen
dokumentasjon som gjeld opplæringstilbodet og arbeidet med etablering av tilbod, liner, kurs og seminar
dokumentasjon om innhald i og opplegg for lange og korte kurs
dokumentasjon som gjeld andre faglege opplegg
dokumentasjon om saker i regi av folkehøgskolen med stønad til prosjekt og arrangement som har noko å seie for utvikling av kunst- og kulturlivet i fylkeskommunen eller regionen
dokumentasjon om folkehøgskolen si kunst- og kulturformidling, oversikter over kunst- og kulturarrangement i regi av folkehøgskolen heilt eller delvis og program og anna relevant informasjon om arrangementa
saker som er handsama i skolen sitt øvste samarbeidsorgan.
§ 50. Elevar på folkehøgskolar
Følgjande dokumentasjon om elevar på folkehøgskolar skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon om kva elevar som har gått på skolen
dokumentasjon som gjeld fråvær, avbrot og årsaker til avbrota
vitnemålsdokumentasjon og annan dokumentasjon om kva kurs og opplegg eleven har gjennomført
dokumentasjon på eventuelt internatopphald med tidsrom
dokumentasjon om saker som gjeld det fysiske og psykososiale skolemiljøet
skademeldingar.
§ 51. Barnevern
Følgjande dokumentasjon om barnevernstenesta skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld prosedyrar, rutinar og sakshandsamingsprosessar for barneverntenesta og handtering av bekymringsmeldingar
dokumentasjon som gjeld retningsliner og rutinar for det førebyggjande arbeidet i kommunen
dokumentasjon som gjeld samarbeid med andre sektorar og forvaltningsnivå
dokumentasjon om oppgåver som gjeld omplassering, etablering og drift av fosterheimar og opplæring og rettleiing av fosterheimar.
§ 52. Barn i saker som barnevernstenesta handterer
Følgjande dokumentasjon om det enkelte barn i saker som barnevernstenesta handterer, skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld bekymringsmeldingar hos barnevernstenesta anten meldingane har ført til sak eller ikkje
saker som gjeld førebyggande verksemd
dokumentasjon som gjeld samarbeid med andre delar av forvaltninga, individuelle planar og rapportar som er grunnlag for avgjerder om eit visst barn
dokumentasjon som gjeld særlege tiltak etter barnevernsloven, undersøkingar av bekymringsmeldingar, utgreiingar, sakshandsaming, tiltak og oppfølging av tiltak
dokumentasjon om tilsynssaker der kommunen har medansvar.
§ 53. Folkehelse, friskliv, helsestasjonsteneste og tannhelseteneste
Følgjande dokumentasjon om arbeid med folkehelse, frisklivssentralar, svangerskaps- og barselomsorgstenester, helsestasjonsteneste, skolehelseteneste og tannhelseteneste skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld fylkeskommunens og kommunens planlegging, organisering og evaluering av folkehelsearbeid, frisklivssentralar, svangerskaps- og barselomsorgsteneste, helsestasjon for barn, skolehelseteneste og tannhelseteneste
dokumentasjon som gjeld samarbeid mellom og beredskap for tenestene
dokumentasjon som gjeld kartleggingar av helsetilstand og folkehelseutfordringar
dokumentasjon som gjeld miljøretta helsevern og smittevern
dokumentasjon som gjeld førebyggjande barne- og ungdomsarbeid
dokumentasjon som gjeld planlegging, gjennomføring og evaluering av prosjekt
dokumentasjon som gjeld tilsyn med eigne tenestestader, pålegg og godkjenning
dokumentasjon som gjeld årsrapportering frå tenestestadene
§ 54. Pasientar i helsestasjonsteneste, skolehelseteneste og tannhelseteneste
Dokumentasjon med pasient- og journalopplysningar om pasientar i helsestasjonsteneste, skolehelseteneste og tannhelseteneste skal takast vare på for ettertida. Bevaringsplikta omfattar ikkje dokumentasjon om vaksinar som er melde til Nasjonalt vaksinasjonsregister (SYSVAK).Fotografi av tanntekniske gipsmodellar kan erstatte originalen i journal.Endra ved forskrift 7 jan 2026 nr. 10 (tidlegare § 55).
§ 55. Allmennmedisinske tenester
Følgjande dokumentasjon om allmennmedisinske tenester skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld planlegging, organisering og evaluering av fastlegeordninga, fengselshelseteneste og flyktninghelseteneste
avtaler med privatpraktiserande helsepersonell
dokumentasjon som gjeld årsplanlegging og årsrapportering frå tenestestadene.
§ 56. Akuttmedisinske tenester
Følgjande dokumentasjon om akuttmedisinske tenester skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld planlegging, organisering og evaluering av ordning for legevakt, kommunal akutt døgneining, overgrepsmottak og psykososial beredskap
dokumentasjon som gjeld rutinar og prosedyrar for prioritering mellom pasientar og oppfølging av pasientar med ulike skadar og sjukdommar
dokumentasjon som gjeld rutinar og prosedyrar for samhandling og kommunikasjon mellom dei akuttmedisinske tenestene, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral, legevaktsentral og sjukehus
dokumentasjon som gjeld rutinar og prosedyrar for medisinsk naudmeldeteneste.
§ 57. Helse- og omsorgstenester i heimen og på institusjon
Følgjande dokumentasjon om helse- og omsorgstenester i heimen og på institusjon skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld internt og eksternt samarbeid, kompetansekrav og stillingsinstrukser, dokumentasjonsrutinar, tilsyns- og evalueringsaktivitetar, avtaler med eksterne aktørar, helseberedskap og annan dokumentasjon som gjeld organisering og planlegging av tenestene
dokumentasjon som gjeld planlegging, gjennomføring og evaluering av faglege prosjekt
dokumentasjon som gjeld planlegging og årsrapporteringar, lokale forskrifter og rutinebeskrivingar ved tenestestadene.
§ 58. Enkeltpersonar i helse- og omsorgstenester i heimen og på institusjon
Pasient- og journalopplysningar om enkeltpersonar innanfor rusomsorg og psykososial omsorg skal takast vare på for ettertida.
§ 59. Krisesenter
Dokumentasjon som gjeld kommunens organisering av krisesenter, skal takast vare på for ettertida.
§ 60. Skjenkjeløyve
Følgjande dokumentasjon om skjenkjeløyve skal takast vare på for ettertida:
rusmiddelpolitiske handlingsplanar
lokale forskrifter og retningsliner for skjenkjeløyve og løyve for sal av alkohol
dokumentasjon som gjeld rutinar for kontroll med skjenkje- og serveringsstader og inndraging av skjenkjeløyve.
§ 61. Sosiale tenester
Følgjande dokumentasjon om sosiale tenester skal takast vare på for ettertida:
sosialberedskapsplan og annan dokumentasjon som gjeld planar og prosjekt for sosial- og velferdstenestene
årsplanar, årsmeldingar, lokale forskrifter og rutinar
samarbeidsavtala med staten om oppgåvefordelinga
dokumentasjon om satsar for utbetaling av økonomisk stønad.
§ 62. Enkeltpersonar som mottek sosiale tenester
Følgjande dokumentasjon om enkeltpersonar som mottek sosiale tenester skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon om saker som involverer umyndige barn av sosialhjelpsmottakarar.
§ 63. Arbeid med integrering av flyktningar og innvandrarar
Følgjande dokumentasjon om kommunen sitt arbeid med flyktningar og innvandrarar skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld verksemdsplanar, rutinar og årsmeldingar og dokumentasjon av metodar og testverktøy
driftsavtaler, dokumentasjon om handtering av retningsliner frå Utlendingsdirektoratet og annan dokumentasjon som gjeld asylmottak.
§ 64. Enkeltpersonar i integreringsarbeidet
Følgjande dokumentasjon om kvar enkelt flyktning og innvandrar skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld etablering, kvalifisering og arbeid
kursbevis og annan dokumentasjon som gjeld rettar og plikter etter integreringsloven.
§ 65. Arbeid med tilskot til bustad
Følgjande dokumentasjon om tilskot til bustad skal takast vare på for ettertida:
saker om bustønad til enkeltpersonar for kvar femte årgang, det vil seie saker som er ferdigstilte i årstal som endar på 0 eller 5
saker om startlån, tilskot og grunnlån og tilhøyrande grunnlagsmateriale som klagesaker og tilbakekravssaker, for kvar femte årgang, det vil seie saker som er ferdigstilte i årstal som endar på 0 eller 5.ferdigstil
§ 66. Landbruk og skogbruk
Følgjande dokumentasjon om landbruk og skogbruk skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld landbruks- og skogbruksstrategiane til kommunen og fylkeskommunen
dokumentasjon som gjeld kommunen si registrering i Miljøregistreringar i skog (MiS)
dokumentasjon som gjeld strategiar og retningsliner for bruk av midlar til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket, og fylkeskommunen sine eigne prosjekt og tiltak
saker om løyve til nydyrking, omdisponering av dyrka og dyrkbar mark, deling av landbrukseigedom, bu- og driveplikt og annan dokumentasjon som gjeld konsesjon eller endra bruk av landbrukseigedom
saker som gjeld bygging av landbruksveg og skogsbilveg
saker som gjeld hogst i verneskogar.
§ 67. Akvakultur, marinforvaltning, fiskeforvaltning og viltforvaltning
Følgjande dokumentasjon om akvakultur, marin forvaltning, fiskeforvaltning og viltforvaltning skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld kommunen eller fylkeskommunen sine overordna planar, prioriteringar og tiltak
dokumentasjon som gjeld eigeninitierte prosjekt innanfor marinforvaltning, fiskeforvaltning og viltforvaltning
dokumentasjon som gjeld kartlegging av bestandane
dokumentasjon om avtaler for samarbeid og referat frå møte mellom partane i tilfelle der kommunen har overlate delar av administrasjonen av fiskeforvaltninga til ein organisasjon
saker som gjeld regulering, utbygging eller anna verksemd med heimel i plan- og bygningsloven, der kommunen eller fylkeskommunen har gitt fråsegn om omsynet til fiskeinteressene og leveområda til fisken eller viltinteressene og leveområda til viltet
dokumentasjon som gjeld fastsetjing av vald, fellingsløyve og bestandsplanar.
§ 68. Naturforvaltning, miljø og forureining
Følgjande dokumentasjon om naturforvaltning, miljø og forureining skal takast vare på for ettertida:
forvaltningsplanar og annan dokumentasjon som gjeld planar for naturforvaltning, miljø og forureining
dokumentasjon som gjeld lokale forskrifter, rutinar og retningsliner for utslippsløyver for kloakk, testing og handtering av lekkasjar frå forureina avfallsdeponi, skjøtsel og ferdsel i naturvernområde og løyve til motorferdsel i utmark og vassdrag
saker som gjeld handsaming av tilhøvet mellom natur, miljø og næringsinteresser
saker som etter naturmangfoldloven skal registrerast i Miljøvedtaksregisteret
dokumentasjon som gjeld handtering av forureina grunn og påviste lekkasjar, opplysningar om forureina grunn i matrikkelen og pålegg om opprydding og oppfølging av pålegg.
§ 69. Nærings- og samfunnsutvikling og internasjonalt samarbeid
Følgjande dokumentasjon om nærings- og samfunnsutvikling og internasjonalt samarbeid skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld handlingsprogram, regionale planar, handlingsplanar og strategiar for lokal og regional utvikling, næringsutvikling, samfunnsutvikling og reiselivsutvikling og annan dokumentasjon som gjeld dei overordna planane til kommunen eller fylkeskommunen
dokumentasjon som gjeld retningsliner for korleis regionråd og andre samarbeidsorgan skal bruke midlane dei får tildelt
dokumentasjon om korleis fylkeskommunen forvaltar regionale utviklingsmidlar
dokumentasjon som gjeld kommunen eller fylkeskommunen sine eigne prosjekt og samarbeidsprosjekt og EU-finansierte prosjekt som dei deltek i.
§ 70. Kulturminnevern
Følgjande dokumentasjon om kulturminnevern skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld saker der fylkeskommunen gjer vedtak eller gir fråsegn med heimel i kulturminneloven
dokumentasjon som gjeld saker der fylkeskommunen eller kommunen med heimel i plan- og bygningsloven gjer vedtak eller gir fråsegn som vedkjem kulturminnevern
dokumentasjon som gjeld kommunen eller fylkeskommunen sine planar for kulturminnevern og museum
dokumentasjon om retningsliner og prioriteringar for tildeling av tilskot til freda bygningar, anlegg, andre kulturminneformål og museum
dokumentasjon om kommunen eller fylkeskommunen sine eigne prosjekt som har til formål å vareta, synleggjere og informere om fornminne, kulturminne frå nyare tid, freda og verna bygg og anlegg, gamle vegar og vegfar og kulturmiljø i kulturlandskapet.
§ 71. Kunst- og kulturformidling
Følgjande dokumentasjon om kunst- og kulturformidling skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon om korleis fylkeskommunen koordinerer, administrerer og bidrar til ordninga Den kulturelle skolesekken
dokumentasjon som gjeld kommunen sine retningsliner og prioriteringar for bruken av midla frå ordninga Den kulturelle skolesekken og turnéprogram for grunnskolen i kvart enkelt fylke
dokumentasjon som gjeld retningsliner og prioriteringar for tildeling av tilskot til kulturbygg (spelemidlar) frå fylkeskommunen
dokumentasjon som gjeld vedtak frå kommunen om etablering av kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur
dokumentasjon som gjeld prioriteringar og retningsliner for tildeling av tilskot, prisar og stipend frå kommunen eller fylkeskommunen
dokumentasjon om kven som har motteke prisar og stipend
dokumentasjon om kva foreiningar og organisasjonar som har fått tildelt stønad gjennom tilskotsordningane til kommunen eller fylkeskommunen
dokumentasjon om stønad til prosjekt og arrangement som har noko å seie for utviklinga av kunst- og kulturlivet i kommunen eller regionen
dokumentasjon som gjeld kunst- og kulturarrangement heilt eller delvis i regi av kommunen, program og annan relevant informasjon om arrangementa og annan dokumentasjon som gjeld kommunen si eiga kunst- og kulturformidlinga
dokumentasjon om kva prioriteringar kommunen har gjort ved innkjøp av kunst, og korleis kommunen forvalta kunstsamlinga.
§ 72. Bibliotek
Følgjande dokumentasjon om bibliotek skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld kommunen og fylkeskommunen sine reglement for folkebibliotek og fylkesbibliotek
dokumentasjon som gjeld årsplanar, langtidsplanar og årsmeldingar for kvart enkelt bibliotek
dokumentasjon om prosjekt og anna formalisert samarbeid som har til formål å fremje opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling.
§ 73. Idrett og friluftsliv
Følgjande dokumentasjon om idrett og friluftsliv skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld overordna planlegging innanfor idrett og friluftsliv i kommunen eller fylkeskommunen
dokumentasjon som gjeld retningsliner og prioriteringar for tildeling av tilskot frå kommunen eller fylkeskommunen til idrettsanlegg, idrettsforeiningar og idrettstiltak
dokumentasjon som gjeld retningsliner og prioriteringar for tildeling av midlar frå kommunen eller fylkeskommunen til fysisk tilrettelegging, vedlikehald og skjøtsel av friluftsområde og friluftstiltak
dokumentasjon om kva foreiningar og organisasjonar som har fått tildelt stønad gjennom tilskotsordningane til kommunen eller fylkeskommunen
dokumentasjon om kven som har motteke prisar og stipend
dokumentasjon om stønad til prosjekt og arrangement som har noko å seie for utviklinga av idretts- og friluftslivet i kommunen eller regionen
dokumentasjon som gjeld kommunen eller fylkeskommunen sine eigne prosjekt innanfor idrett og friluftsliv.
§ 74. Den norske kyrkja og andre trudoms- og livssynssamfunn
Følgjande dokumentasjon om Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon om korleis kommunen har handsama budsjettframlegg frå kyrkja
dokumentasjon om berekningsnøkkelen som kommunen har brukt ved tildeling av tilskot til andre trus- og livssynssamfunn før 2021.
§ 75. Kino og ungdomsklubbar
Dokumentasjon som gjeld planar og retningsliner for drift av kino og ungdomsklubbar, skal takast vare på for ettertida.
§ 76. Bygg- og eigedomsforvaltning
Følgjande dokumentasjon om eigendomsforvaltning skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld rutinar for sal, kjøp, feste og utleige av eigedom
dokumentasjon om saker som gjeld bygging, drift og forvaltning av kommunal eller fylkeskommunal eigedom, og som ikkje blir teke vare på som del av byggesaker etter § 35
dokumentasjon om saker som gjeld eigedomstransaksjonar og eigedomspolitikk.
§ 77. Vatn og avløp
Følgjande dokumentasjon om vatn og avløp skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon om rutinar og kontroll med leidningsnett, beredskapsplanar og saker som gjeld handtering av avvik og utslepp
dokumentasjon som gjeld utgreiings- og prosjekteringsarbeid
dokumentasjon som gjeld planar for vedlikehald av leidningsnettet
dokumentasjon om leidningsnettet, medrekna årsversjonar, tekniske teikningar og kart
dokumentasjon som gjeld private vassleidningar og tilkopling til leidningsnettet på kvar enkelt eigedom.
§ 78. Renovasjon og avfall
Følgjande dokumentasjon om renovasjon og avfallshandtering skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld oppretting eller endring av ordningar for renovasjon og avfallshandtering og fastsetjing av avgifter
dokumentasjon som gjeld oppretting av kommunale avfallsdeponi.
Følgjande dokumentasjon om hamnevesen skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld planar, prosedyrar og rutinar for tilsyn med kaianlegg og sjøområde, og beredskapsplanar
dokumentasjon som gjeld vassleidningar og kloakkrøyr som går ut i sjø, og kaianlegg
dokumentasjon som gjeld fastsetjing av hamneavgift og hamnevederlag.
§ 80. Samferdsel
Følgjande dokumentasjon om samferdsel skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld overordna planar og strategiar for samferdsel, trafikktryggleik og transportberedskap i kommunen eller fylkeskommunen
dokumentasjon om saker som gjeld utbygging, omgjering, nedlegging eller omdisponering av fylkesvegar eller kommunale vegar, eller overføring av vedlikehaldsansvaret for fylkesveg og kommunal veg
dokumentasjon om saker som gjeld nedlegging av byggeforbod i område for planlagd veg, forlenging av byggeforbod eller råderettsavgrensingar for grunn innafor byggegrensa
dokumentasjon om saker som gjeld eigedomsinngrep mot vederlag etter skjøn (ekspropriasjon)
dokumentasjon som gjeld økonomiske rammer for kollektivtilbod og sakshandsaminga ved fastsetjing av rutenettet
retningsliner for skoleskyssordninga, dispensasjonssøknader og klagesaker
retningsliner for transportordning for personar med nedsett funksjonsevne, og klagesaker
dokumentasjon som gjeld tildeling av behovsprøvde løyve og retningsliner for alle typar løyve.
§ 81. Brann- og redningsvesen
Følgjande dokumentasjon om brann- og redningsvesen skal takast vare på for ettertida:
dokumentasjon som gjeld organiseringa av brann- og redningstenesta i kommunen
dokumentasjon som gjeld planar, prosedyrar og arbeidsinstruksar for tilsyn og handtering av naudoppkall
risikoanalysar og beredskapsplanar
dokumentasjon som gjeld planar for evaluering av interne øvingar og fellesøvingar
dokumentasjon som gjeld eigenutvikla brannførebyggjande prosjekt og opplæringsopplegg
dokumentasjon som gjeld tilsynsrapportar for særskilte brannobjekt
dokumentasjon som gjeld statistikk over talet på utrykkingar og ulike typar utrykkingar, og rapportar og evalueringar frå brann- og redningsaksjonar som ikkje blir generte automatisk frå logg.
Kapittel 4. Avsluttande reglar
§ 82. Søknad om å få bruke eldre reglar på eldre materiale
For arkiv som er skapte før 1. februar 2014 kan fylkeskommunen eller kommunen søke Nasjonalarkivet om å få bruke reglane om arkivavgrensing og kassasjon som gjaldt før 1. februar 2014 i forskrift 1. desember 1999 nr. 1566 kapittel IV og V. Det er ein føresetnad at dokumentasjon som gjeld rettar for enkeltpersonar, blir teken vare på for alle personar og ikkje berre for eit utval.